La oss snakke om bokomtaler.

Når denne funksjonen vart lagt til i sommar, vart eg glad. Endeleg skulle ein kunne skilje dei seriøse og målretta innlegga frå kosepraten. Endeleg skulle det vere lett å finne frem til gode, konstruktive omtaler, der ein kunne drøfte observasjonar, tolkingar o.l. Diverre viste det seg raskt at den utopiske bokomtalefunksjonen som eg hadde danna meg eit bilete av, ikkje var så utopisk likevel. Den var dekadent frå første dagen. Det viste seg nemleg at det var mange bokelskarar som ynskja å nytte denne funksjonen. Det at ein ikkje hadde så mykje å seie om boka, var ikkje eit problem, det viktigaste var nemleg å skrive noko. Og slik gjekk månadane, dei gode, konstruktive omtalene vart skjult av ein konstant flod av one-linere, der ord som liker, elsker og dårlig er overrepresentert. Det er også nokre kreative sjeler som lager eit lite symbol som skal sjå ut som eit hjarte.

Det er klart at ikkje alle bokelskere ser nokon grunn til å skrive ei omtale på ca 2000 ord. Eller har kapasitet til det. Det er vel heller ingen rettningslinjer, som viser korleis desse bokomtalene, om ein kan kalle dei det, skal verte utført. Kvar brukar står fritt til å skrive det han eller ho vil, så lenge det er innan dei etiske rammene, så får eg heller gremme meg over att dei fleste omtaler er for korte.

Når det kjem til desse blogglenke er eg meir skeptisk. Eg nyttar derfor høve til å kome med litt krass kritikk. Blogging er eit svært narsissstisk og egoistisk fenomen. Vel, no skal eg ikkje kritisere litt sjølvelsk, eg hadde også ein blogg ein gong - den gongen eg var ung og dum, og såg for meg at sola, månen og mange stjerner gjekk i bane rundt Olav. Om eg ikkje har verte meir ydmyk med åra har eg i alle fall lært meg ein del naturlover.

Det var vel kanskje litt hardt å gå så sterkt ut mot blogging, eg kan skimte ein viss nytteverdi. Seinast i går oppdaga eg ei god oppskrift på pestosnurrer på ein blogg. Men då valgte eg sjølv å oppsøke denne bloggen. Missjonerande blogging, altså bloggere som på død og liv ynskjer å markedsføre seg sjølv, og spreie sin sæd utover heile nettet, desse har eg lite til overs for.

Sjølv om det ikkje er opp til kvar enkelt brukar å bestemme kva som skal vere lov, og kva som ikkje skal vere gyldig, synes eg at det bør vere einsemd om at når ein nyttar eit nettsted som bokelskere, bør det vere av usjølviske grunner. Vi deler bokomtaler på denne nettsida. Reklame for eigne nettsider høyrer ikkje heime her.

Akk, men kva kan vi gjere, vi "seriøse" bokelskere som har ein draum og ein visjon om korleis denne nettsida skal vere. Sutre? Klage? Eller skal vi verte flinkare til å nytte varslefunksjonen, for å luke vekk alle dårlege innlegg og blogglenker.

Nei fy, no høyres eg nesten litt sosialistisk ut, det skal eg ikkje ha på mi kappe. Men eit seriøt forslag til bloggere som berre poster lenke - post heile teksten på bokelskere så kan eg heller godta at det står ei lite blogglenke heilt nederst. Og kven veit, kanskje du får fleire besøk på bloggen din om du viser at du har noko fruktbart å komme med.

Godt sagt! (22) Varsle Svar

En dag spurte jeg Cruso om det fantes lover på øya hans, og hva de i så fall gikk ut på; eller foretrakk han kanskje å følge sin egen samvittighet og lite på at hans hjerte holdt ham på den rette vei?
"Lover lages bare for ett formål," svarte han, "de skal holde oss i tømme når vi blir for grådige. Så lenge våre begjær er rimelige, har vi ikke bruk for lover."

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det lure eg også på, dei siste dagane har eg ikkje klart å laste opp alle bileta eg ynskjer. Nettsida vert berre ståande å laste utan at noko skjer. Likevel vart den eine av dei to omslagsbileta eg lasta opp registrert og lagt inn. Men det skjedde først nokre timar seinare.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg må innrømme at min kunnskap om Les Mis, baserer seg på radioteateret si innsnevra tolking, ein del artiklar samt at eg i ei årrekke har lytta til musikalen (og følgande kan alle sangane på rams =P). Eg veit derfor ikkje om den Javert som eg har laga meg eit bilete av, er den same som Hugo malar i boka. Eg er litt ueinig i Karin si karakterisering av Javert som nidkjær (kva tyder eigentleg det ordet - at ein er oppteken av eigen ære? at ein er ambisøs?), eg trur ikkje Javert er nidkjær. Eg trur heller at han som eit resultat av foreldrene sine synder (var ikkje faren straffange?), ynskjer å frelse si sjel ved å dedikere livet til å gjere godt, på den måten at han kjempar mot alt som etter han sitt syn er vondt. Javert har altså eit svart/kvitt bilete på verda, og utfører arbeidet sitt med ein nærast religiøs fanatisme. At ein person kan gjere godt ved "vonde" (straffbare) handlingar er noko han ikkje kan forstå etter sitt einspora verdssyn. Javet er vel også tru mot dette verdssynet sitt heilt frem til slutten då det kan virke som om eit lys går opp for han; Valjean, den største badassen i Javert sitt univers, er eigentleg ein sympatisk og koseleg kar. Dette er ei openbaring Javert ikkje kan leve med, derfor må han ta livet av seg.

Eg synes likevel at det er litt rart at Javert skal få denne openbaringa - kan ein lære ein gamal hund nye triks? Og kan Javert med dette svart/kvitt synet faktisk klare å skimte gråtonar. Om dette er saken trur eg kanskje ikkje at sjølvmordet berre er eit resultat av Javerts feiltolking av Valjean, men også av alle andre han nådelaust har jakta på. Verda er med eit verte mykje meir komplisert for Javert, det kan han ikkje leve med.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Eg synes det er litt vanskeleg å vite kva bøker eg skal båse til YA kategorien, sidan eg har ein tendens til å tenkje på slike bøker som bøker med forholdsvis stor skrift og lite omfang, men dette er kanskje ein litt snever tanke.

La meg likevel prøve å kome med nokre eksempel på gode bøker som kanskje kan gå under denne kategorien.

Neil Gaimans Coraline og The Graveyard Book er gode eksempel på bøker som passar for lesarar i alle aldrar, og to av mine personlige favorittar. Odd and the Frost Giants av same forfattar var også ei god bok, men svakare enn dei andre.

Terry Pratchetts Discworldbøker er (stort sett) alltid ein vinnar. Heksene sin storyline er vel den som passar best for unge lesarar. Eg vil særleg trekke frem Maskerade. Bøkene om Tiffany Aching er vel klassifisert som YA, men dei har eg ikkje lese.

Lene Kaaberbøl har to gode ungdomsseriar: Skammarserien og Katriona-serien. Den første serien høyrte eg på lydbok, med Mari Maurstad som opplesar, og det var ein opplevelse (vi elskar nynorsk!).

Eg har lese to ungdomsseriar som eg har funne underhaldande; The saga of Darren Shan av Darren Shan, og The Wardstone Chronicles av Joseph Delaney.

Sirkelen av Mats Strandberg og Sara B. Elfgren synes eg var ein lovande start på ein ungdomsserie, men må nesten lese oppfølgjaren før eg kan gjere meg opp ei endeleg meining. Den var litt gjennomsiktig.

Phillip Pullmans trilogi His Dark Material, hugsa eg var ein vinnar i ungdomstida. Særleg den første boka.

Ja også må eg ikkje gløyme Garth Nix. The Old Kingdom serien også kjent som Abhorsen trilogien, hadde stort potensial, men akk og ve, den vart for kort. Uansett er den verdt å få med seg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Etter denne omskjæringen blir din sønn enda mer strålende
For flammen fra lyset vokser når veken blir klippet.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg synes i bunn og grunn leselister er noko tull sidan eg til ein kvar tid berre leser det eg føler for å lese. Dette kan likevel vere problematisk sidan ein del bøker krever og fortene ein viss dedikasjon. For å få til ei litt meir strukturert lesing i tida fremover er derfor lesesirkel eit konstruktivt tiltak. I lesesirkelen har vi etter mykje innspel frå meg og lite innspelt frå den andre, verte einige i kva for nokre bøker som skal lesast. Desse bøkene er ei god blanding av litteratur av forfattarar frå heile verda, som vi trur vert koselege å lese.

Etter litt krangling vart vi einige i at det berre er dei 15 første bøkene som må lesast i år.


Godt sagt! (6) Varsle Svar

Trur ikkje det du tenkjer på lar seg gjennomføre her på bokelskere, i alle fall ikkje slik at alt vert samla i ei liste. Ei veninne av meg har laga ei slik liste i exel der ho har boktittel, forfattar og "lese" (lese = grønt/ ikkje lese = raudt), og sidetal, sidetal lese og sidetal gjenstår, samt ei utrekning nederst over kor mange sider ho samla har lese, kor mange som gjenstår, prosent osv... eg fekk malen ein gong, og nyttar ei liknande når eg studerar. Problemet med exel-lista er at ein ikkje får sjå bokframsidene. Eit anna problem er at når det er snakk om 1001 bøker så vert listene ganske uoversiktelege uansett korleis du gjer det =)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

For eit par dagar sidan vart eg ferdig med Memory of light, den siste boka i Robert Jordans (og Brandon Sandersons) fantastiske fantasyserie "the Wheel of Time". Dette var den første store bokromansen min, og eg har vore bergteken sidan eg plukka med meg den første boka "Flukten frå Emondsmark" for 12 - 13 år sidan, berre fordi framsideillustrasjonen var stilig. Opp gjennom åra har dette truleg vore dei bøkene eg har lese oppatt flest gongar, og dei har vore drøfta og analysert, utallige timar i godt selskap.

No er eventyret over. Og ein sitter igjen med ein vemodig følelse av tomleik. Var dette alt? Ein kan vel likevel ikkje klage på lengda på serien, for med 14 bøker på til saman 12000 sider dette ein av dei største fantasyseriane som er skrive. At bokserien i det heile vart fullført etter Jordans død i 2007 er noko dei fleste av Wheel of Time tilhengarane setter stor pris på.

At Brandon Sanderson tok over roret etter Jordan har både gode og mindre gode sider ved seg. Av dei mindre gode sidene kan det nemnast at det ikkje er alle karakterane han klarer å fremstille autentisk. Tidvis får ein inntrykk av at karakterane oppfører seg som dei gjorde i starten av serien, uten tanke på den utvikklinga dei har gått igjennom. Dette vert illustrert gjennom fordommar og haldningar som ikkje er truverdige.

Eit anna problem er farten på boka. Jordan skreiv omstendeleg, og det er mange som hevdar at han på eit visst punkt i serien (rundt bok 7 eller 8) gjekk seg vill i sin eigen verden - at plottet nesten ikkje gjekk fremover. Andre meinte at det kanskje vart vel mykje skildringar av dei politiske intrigene og stridane og ikkje minst kniplingar. Likevel føler eg at dette er viktige trekk ved Jordan si skriving, og ein av grunnane til at nettopp denne serien framleis står så sterkt hos meg. Jordan var ein utrulig dyktig verdensbyggar, og få om nokon har klart å gjere det same. Sanderson har dratt proppen ut av badekaret. Han har som mål å fullføre bøkene, og dette går ein del på bekostning av fortellinga. Det er også ein del raude tråder som vert vekke eller ikkje nøsta opp i alt hastverket.

Sanderson er også ein tilhengar av deus ex machina, noko som ikkje heilt står i tråd med WoT universets strukturelle og avgrensa magisystem. Når alt ser som svartast ut, så går det likevel bra, sjølv om vi lesarar kanskje føler at dette vert for lettvint, vi veit nemleg kva som er mogeleg ;)

Sanderson står sterkt når det kjem til sekundære hovudpersonar som Jordan ikkje har nytta mykje tid på. Eg er også i stuss om Robert Jordan kunne klart å ta livet av ein einaste av sine elskede hovudpersonar. Ja også har vi jo fått ei avrunding på heile eventyret =)

Vel, kva kan ein seie om Memory of light. Dei to føregåande bøkene har tydeleg bygd opp mot Tarmon Gai'don - den siste striden mellom det vonde og det gode - og her kjem den. Alt frå starten av boka brakar det laus. Trollokar og Mørkefrender angriper hardt. Dei gode er sjølvsagt underlegne, alt anna ville vel vore urealistisk og ikkje i tråd med rettningslinjene for episk fantasy. Likevel har dei gode ein del ess i ermet. Det som er fasinerande er at dei vonde også har sine ess, noko som tidlegare ikkje har vore heilt tilfelle (ein har ofte snakka om "stupid evil"), noko som gjer spenninga meir intens enn tidlegare.

Krig og herjing går føre seg stort sett gjennom heile boka, og vi vert drivne til å lese vidare, for håpet om ein lukkeleg slutt er heile tida til stades sjølv om det stadig ser mørkare ut. Spørsmålet om kva som er ein lukkeleg slutt er også eit viktig aspekt som dukkar opp i boka, og vi får fleire ulike visjonar om kva som kan skje. Vil verda verte ein betra stad om dei gode sigrar? og er det berre vald og elende som er i vente om dei vonde sigrar?

Sjølv om dette er ei mykje dystrare bok enn dei føregåande, finner vi også ein del av den samme lune humoren som alltid har vore til stades i serien. Særleg gjelder dette kjønnsrollemønsteret. Den generelle interaksjonen mellom menn og kvinner er like naiv som alltid og ein kan ikkje anna enn å more seg over den. At det i det heile vert født barn i WoT universet er eit under, eg misstenkjer at dei kjem med storken. Interaksjonen mellom ein del av karakterane er også svært lattervekkande.
Ein finner også ein del rørande augeblikk i boka, og eg må ærleg innrømme at eg fleire stader satt med ein klump i halsen.

Kva kan eg seie om slutten utan å røpe for mykje. Vel, etter mitt syn er den ikkje tilstrekkeleg. Dei siste 100 sidene av boka gjekk for fort unna, og det vart nytta nokre enkle løysingar. Fleire underplot vart ikkje konkludert, og ein vart sittande igjen med ein del spørsmål og ein del irritasjon. Memory of light burde hatt ein epilog på eit par hundre sider.

Men dette er vel eit problem som går igjen i dei fleste bokserier i genren episk fantasy. Både J.R.R. Tolkiens Ringenes Herre og Brandon Sandersons eigen serie, Mistborn, har noko uferdig over seg. Slutten vert ikkje tilfredsstillande for lesaren. Likevel må vi vel tenkje oss at det ikkje er korleis fortellinga ender som i bunn og grunn er det viktig for serien, men vegen frem mot slutten. Om ein ser Wheel of Time i eit slikt lys kan eg ikkje anna enn å seie at det har vore ei fantastisk lesing, og ei reise eg gjerne tek ein annan gong.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Eg er imponert over at du klarte å kome deg igjennom den. Eg prøvde å høyre den på lydbok, ei tid tilbake, men måtte bryte av fordi boka vart for... vulgær. Dette var litt skuffande for eg synes Zona Frigida (også Ragde) var ei dugande bok. Det kan hende at det hadde gått betre om eg ikkje hadde hatt ein småkåt opplesar pesande i øret.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Om du berre ynskjer å lese den, ligger den ute på nasjonalbiblioteket sine sider her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

He could cut a Trolloc in half with a gateway at three hundred paces, and summon fire from inside Dragonmount itself, and he still wanted to carry a sword. It was, she decided, a male thing.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Lister er alltid artig å lage, og sjølv om året ikkje heilt er omme trur eg at eg allereie kan kåre nokre vinnarar. Eg er diverre ikkje så overmåte interessert i nyutgjevne bøker, så dette vert ikkje ei liste med slike bøker, men ei liste over bøker som er nye for meg.

Dei første bøkene eg vil dra frem er Steinbecks Øst for Eden og Nygårdshaugs Mengele Zoo. Begge desse bøkene er tankevekkjarar som gjev lesaren ein del utfordringar og ting å spekulere over. Carl Frode Tillers Innsirkling 2 var også ein godbit, og langt betre enn den første. Eg ventar i spenning på neste.

Brandon Sanderson sine to første bøker i Mistborn trilogien (The Final Empire og The Well of Ascension), likte eg svært godt (den siste var mykje svakare). Dette er episk fantasy som fungerer!

Anubis trilogien (Lushons plater, Anubis og Evercity) til Bjørn Andreas Bull-Hansen må også nemnast. Den er mørk og dyster, med lite håp, men med ein fantastisk hovudkarakter som ein raskt vert glad i. Språket er fantastisk, dialogen mellom karakterane er full av engelsk slang og banneord, og derfor ganske degenerert og simpelt, noko som er med på å forsterke dystopien. Om eg må kåre ein vinnar i år vert det truleg denne.

Eg må heller ikkje gløyme Sarah Kanes samlede verker, med særleg vekt på Phaedra's love og Cleansed. Kane skriver fantastisk, tekstene er på overflaten vulgære, grove og grusame, men under dette ligger det så mykje sorg og lengt, at det verkeleg river i sjela. Ein vert også melankolsk og får lyst å trøysteete pepperkaker.

Eg er svak for grafiske romanseriar og Fables (Bill Willingham) har lenge vore ein av favorittane. Diverre har denne serien lenge vore på veg nedover, så eg vart gledeleg overraska då eg kom til vol. 18 Cubs in Toyland. Ei meir rørande forteljing skal ein leite lenge etter.

Men når ein tenkjer på alle godbitane ein har fått med seg gjennom 2012, kjem ein også i hug alle dei store skuffelsane. For meg vart Johan Harstads Hässelby den verste leseopplevinga dette året, og ein stor nedtur etter ein av fjordårets vinnarar Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? Andre bøker eg var passe missnøgd med var Coelhos Valkyriene (eg må berre snart innsjå at Coehlo ikkje kan vere stimulerande for andre enn new age fanatikarar og husmødre med for mykje leduggang, som også er litt for opphengt i åndeverdenen), og Bertolt Brechts Mother Courage and Her Children (denne var ikkje dårleg, men eg forventa at den skulle verte ein favoritt, og vart vonbroten då den ikkje nådde heilt opp).

Godt sagt! (6) Varsle Svar

En elev er som et frø i en hage. Uten en dyktig gartner kan planten aldri nå sin fulle skjønnhet.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Dette er eg einig med deg i. For å illustrere kor dumt det er å utelate sitat og bokomtaler frå "dagens innlegg", kan du gå inn å sjå kva slags rølpete innlegg som vart kåra til gårsdagens beste.

Eg står på mitt - stjerneutdelinga bør verte avgrensa til områdene som omhandlar boksfæren. Eller kanskje, om nauden er stor, eit svært engasjerande innlegg. Ein kan vise god tone utan å måtte belønne kvart einaste innlegg. Det strekker vel til med eit smiletryne. =)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Einig. Boka holdt (såvidt) som lett underhaldning. Men denne bokserien er litt for innretta på ei yngre lesargruppe. Eg synes karakterane var kjedelege og plottet svakt. Mostue har ein annan serie som er betre "den siste magiker". I alle fall den første boka i den serien hadde noko lovande over seg.

Om er interessert i skandinavisk ungdomsfantasy, kan eg anbefale Sirkelen av Elfgren og Strandberg, den likte eg svært godt. Lena A Kaaberbøl har også nokre gode seriar som er verdt å kikke nærare på.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er heilt einig, kommentaren min passa i grunnen ikkje inn i denne konteksten. Og mi uvilje mot det dekadente stjernesystemet, burde ha vore lagt frem ved eit anna høve eller i ein eigen diskusjon.

Eg skjønar at "beste innlegg" kan vere nyttig i nokre samanhengar, men det er skjeldent at det er gode bokomtalar eller sitat som dukkar opp der. Det er dumt, for det er særleg desse som burde kome frem i lyset. Ikkje tøvete diskusjonar om (t.d.) kor vidt du likar å lese med lyset av eller på.

Ja ein kan undre seg over bruken av ordet "småhysteri". Eg er usikker på kva som ligger i dette omgrepet og manglar i grunnen kompetanse til i det heile å utale meg om andres hysteri, men ved nokre høver har eg likevel følt at det har vore nettopp hysteri (i små mengder) rundt dette med stjernene. Eg tenkjer her på (m.a.) dei klagemeldingane til administrasjonen, der bokelskarar har merka seg at eit par har verte vekke over natta, og ynskjer å få dei att - her er det i alle fall litt spor av hysteri (kanskje).

Uansett om nokre bokelskarar er småhysteriske eller berre over gjennomsnittleg opptekne av stjerner, så er det ikkje min sak. Men ein kan no draume om eit utopisk bokelskere med mindre stjernehysteri og meir fokus på bøker, og lange bokomtaler.

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Men har dette noko å seie då? Å sitte å telle stjerner heile vegen synes eg verker litt småhysterisk. Det er klart at det er kjekt å få positiv tilbakemeldingar på det ein skriver, men det ser ut som det kan gå til hovudet på nokon. Ein slik trang til å få positive sanksjonar, kan ikkje vere sunt (om det er ynskjeleg skal eg forklare kvifor eg meiner dette). Stjerneutdelinga er dessutan sentrert i ei lita gruppe som spyr ut stjerner på kvarandre - trur eg.

Eg synes det hadde vore føremålsteneleg at stjerneutdelinga vart avgrensa til bokomtaler, lister og sitat. Altså områder som baserer seg på litteratur og "bokelsk". Ikkje på kven som er mest "koseleg" (eller kanskje eg skal våge meg til å nytte ordet populær) =)

"Beste innlegg" er dessutan av varibel kvalitet, og derfor ikkje noko ein bør hengje seg så mykje opp i.

Godt sagt! (12) Varsle Svar

It's one thing saying you've got the best god, but sayin' it's the only real one is a bit of a cheek.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Now the Quite Reverend Oats looked at himself in the mirror. He was a bit uneasy about the mirror, to be honest. Mirrors had led to one of the Church’s innumerable schisms, one side saying that since they encouraged vanity they were bad, and the other saying that since they reflected the goodness of Om they were holy. Oats had not quite formed his own opinion, being by nature someone who tries to see something in both sides of every question, but at least the mirrors helped him get his complicated clerical collar on straight.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Pi_MesonVioleta JakobsenKirsten LundBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingIngunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendliesomniferumRune U. Furberg