Klikk på en bok for å skrive en omtale.

Viser 1 til 20 av 41 bokomtaler

Ragde har eit lett, sprudlande og skravlete språk. Ho vekslar ganske så elegant mellom Erlend og Krumme sitt småbarnsfar- og luksusliv, Torunn og Margido sine gravferdsoppgåver og Tormod sine gammalmannsproblem og tilbakeblikk. Men altså - for meg vert det for mykje skravling. Såpass mykje at eg må ta lange pausar for å orka å lesa vidare. For mange ord, for mykje mas og for mange ting. For mange handlerundar og for mange oppramsingar. For mykje matprat og for mange uinteressante detaljar.

Liebhaberne vart ei høgst varierande leseoppleving. Enkelte hendingar er skildra på ein veldig fin og varm måte, medan andre deler av boka er irriterande og unødvendige. Det låg lenge an til eit terningkast 3 - men avslutninga gjer at eg puttar på enno ein prikk.

Slutten gjev oss ei påminning om at sjølv om døden kan ramma brått og brutalt, livet gå vidare. Gjennom tårene kan ein skimta både håp og framtidstru.

Meir på bloggen min

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein rå, mørk, hardtslåande og hjerteskjerande realistisk kriminalroman. Det vert veksla mellom nøktern informasjon, svart humor, detaljerte observasjonar, actionfylte scener og skildringar av grov vald. Det er ei bok som kallar på mange ulike kjensler.

Clinch er rett og slett ei av dei beste bøkene eg har lest i år - og enno betre; dette er fyrste del av ein trilogi. Eg ser fram til neste møte med Harry Kvist.

Les meir på bloggen

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Rød mann/Sort mann er ei forteljing basert på verkelege hendingar og personar. Det er av den type bok som vert verande i kroppen og i tankane lenge etter avslutta lesing. Her får ein vita mykje om kroppsvæsker, om stank og skitt, om overgrep og vald, om død og fordervelse. Alt det ulekre og triste er ubehageleg å lesa om, men på ein tankevekkjande måte.

Kim Leine skriv med ein råskap, eit engasjement og ei innleving på ein måte som få andre forfattarar gjer. Skildringane av menneske og miljø er levande og nære. Trass i boka sitt omfang - 600 sider - vart eg aldri lei. Om noko skal pirkast på, er det at dei religiøse og filosofiske betraktningane vert litt langtekkelege enkelte gonger. Eg har også litt "problem" med Aappaluttoq som svevar overalt og dukkar opp både her og der, men eg tykkjer likevel ikkje at dette forteljargrepet forringar leseopplevinga mi.

Boka handlar om så mangt, på mange ulike plan. Om liv og død, om kjærleik og truskap, om offer og frelse, om religiøs fanatisme, om rasisme, om galskap og om menneska sine (manglande) evner til å tilpassa seg. Boka er svært folkerik og perspektivrik. Ein får vita korleis dei som befann seg på ulike stader og livssituasjonar såg på korleis tilværet var. Synsvinklane skifter ofte, også innan same kapittel og same side. Ein skal difor vera ganske vaken og konsentrert medan ein les.

Rød mann/Sort mann er ei lærerik, velfortalt, gripande, dyster og fengande historie - som stinkar. For meg vart det ei praktfull leseoppleving. Anbefalast på det sterkaste.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Øystein Wiik har sin eigen stil, han leikar seg med krimsjangeren, skriv forbløffande lett og ledig - og med tonnevis av snert og sjarm. Enkelte scener er hysteriske og kallar på humring og gapskratt - eller på kvalme og ubehag. Andre deler av boka er så spekka med teknologiske og tekniske detaljar at ein mistar litt fokus.

Dødsrytteren har kjappe sceneskift og perspektivskift, cliffhangers og korte kapittel, noko som gjer boka tempofylt og drivande. Wiik pøser på med krimverkemiddel og krydrar det heile med usannsynlege krumspring og blod og gørr.

Hartmann og Wiik har sjarmert meg nok ein gong, men "heilt overbevist" er eg ikkje. Til det er boka for omfattande - og ho inneheld fleire handlingstrådar som er unødvendige og/eller uavklarte.

Les heile omtalen på bloggen min

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eddi Stubb er sympatisk og i motsetnad til mange andre krimheltar; tilnærma normal. Likevel vart dette ei leseoppleving under middels. Det heile er tamt og tregt - og når det endeleg byrjar å bli bittelitt spennande har ein forlengst skjønt korleis det heng saman. No er det ikkje slik at eg ha action og full gass heile vegen for å bli engasjert, men det er ein heil del som skurrar i denne historia.

Avslutninga på historia er eit antiklimaks, "poesispråket" er jålete og konklusjonen min vert difor terningkast 3 minus..

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sansom sine skildringar av London og England på 1500-talet er levande skildra og etter det eg kan forstå; historisk korrekt. Både miljø, samfunnsforhold og historiske detaljar gir inntrykk av realisme og truverdigheit. Bygningar og gater, ver og klima, matvanar og klestil - alt dette gir lesaren ei slags historisk byvandring - og i tillegg får ein spennande, finurlege og gåtefulle kriminalhistoriar. Persongalleriet er rikt og mangfoldig og svært mange av personane er verkelege historiske personar. Mange av dei hendingane det vert fortalt om har også rot i det som verkeleg skjedde, men Sansom har gjerne ein eigen vri på kva og korleis. Alt vert fortalt gjennom augene til hovudpersonen - den melankolske og lojale Shardlake.

Dramatikken tek ingen ende i denne bokserien, men for kong Henrik VIII nærmar det seg slutten. Intrigane, maktkampen og motsetningane i hoffet og geheimerådet tilspissar seg. Ingen vil vera tapande part i det som foregår; straffa er hard og brutal for dei som går imot gjeldande styre og lov. Kjetterbåla er mange og torturistane har travle dagar. Ingen kan stola på nokon, heller ikkje kongen - og slett ikkje dronninga. Enkelte sentrale maktmenneske og aktørar har bokstaveleg talt mista hovudet medan andre er sleipe (og/eller lure) og snur kappa etter vinden.

Sansom gir oss levande skildringar frå både kongelege gemakkar, fangekjellaren i Tower, daglegliv i Londongatene, samt glimt frå boktrykkar- og andre handverkarverksemder. Samstundes får ein skarpe og interessante karakteristikkar av både historiske og fiktive personar. Noko som er spesielt fascinerande er innblikket ein får i korleis tudormenneska tenkte og oppførte seg. Det enorme klasseskiljet; dei øverste på samfunnsstigen sin groteske rikdom og dei lågaste som befinn seg i desperasjon, naud og armod. Kor vidtfemnande religionen var; å vera utan gudstru var nærast utenkeleg i dåtidas samfunn. Sakføraren Shardlake, som ser kor øydeleggjande striden mellom tradisjonell og reformistisk kristendom er, prøver alt han kan å halda seg nøytral og upartisk. Det vert naturleg nok vanskeleg for han.

Heilt til slutt i denne 700 siders mursteinen gjer forfattaren greie for historiske fakta og presenterer teoriar vedkommande dei mange dramatiske og turbulente hendingane som fann stad i England i 1546-47. Eg vil tru at det kjem fleire bøker i denne serien - avslutninga tyder på det - sidan Shardlake får ein ny spennande oppdragsgjevar.

Meir om denne fascinerande serien på bloggen min.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Aslak Nore er ein dyktig forfattar som med innsikt, balanse og forteljarglede skriv om menneske som står framfor store utfordringar. Ulvefellen er ein spionthriller med handling frå krigens dagar, ei fascinerande historie og "befolka med" med ekte og interessante karakterar. Boka er velkomponert, lærerik, detaljrik og svært spennande. Det handlar om moral og umoral, svik og lojalitet, om korleis krig og konflikt grip inn i den enkelte sitt liv og om kva enkeltmenneske kan vera i stand til å gjera når situasjonen tilseier det.

Meir på bloggen min

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det som har imponert meg aller mest og som har gjort sterkast inntrykk på meg gjennom bokserien er språket og forteljarmåten. Historia vert fortalt i eit spørjande og syngjande språk. Eg veit ikkje om andre som skriv så poetisk, heilt utan jåleri og språkblomstrar. Det gjer at ho får formidla sterke historiar på ein direkte måte. Setningane leikar seg liksom nedover boksidene og kryp deretter inn i sjela di. Forteljarstemma "svevar" over alt og alle før det vert zooma inn på eit enkeltmenneske, eit dyr, ein gjenstand eller ein ting i naturen. Deretter følgjer ei kort eller ei lengre historie, før forteljarstemma flagrar avgarde igjen - til ho på nytt fokuserer ned på ei ny hending. Lesaren legg nesten ikkje merke til dette grepet, før etterpå. Historiane vert fletta inn i kvarandre, elegant og naturleg.

Handlinga i Kaldere mot natten tek til ei tid etter der Slik treet faller sluttar. Me får følgja skogfinnane "våre" frå og med krigsåra og heilt fram til bortimot vår eiga tid - og med det; eit par nye generasjonar. Likevel er det ikkje vanskeleg å halda tråden: Larsen losar lesaren gjennom nye landskap, nye familiar og nye tider - og samstundes minner ho oss om tidlegare hendingar og historiar. Stødig og med overblikk dreg ho linjene gjennom heile tidsperioden - heilt frå starten av den fyrste boka Det vokser et tre i Mostamägg, då me møtte "stammora" Lina for fyrste gong.

Meir på bloggen min

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Dette er historia om Arne Murberg sitt eventyr i Berlin. Arne er ein Forrest Gump-liknande person; ein velmeinande, naiv og enkel mann. Nesser skildrar han med forståing, ømheit, kjærleik og nærleik.

Boka er underhaldande og koseleg, der humoren har ein sår undertone. Språkleg sett er det ein fryd å lesa, trass i dei gammaldagse uttrykka og dei finurlege formuleringane - men dette er no eingong eitt av Nesser sine "varemerke". Eg humra meg gjennom mange av Arne Murberg sine funderingar, gjeremål og språklege forvirringar i storbyen Berlin. Kjøpet av eit par gule sko, møtet med ei due som får namnet Evert Taube og samtalane med liksomvenen Perry Mason er fornøyeleg lesing.
Personskildringane er strålande, som alltid frå Nesser: Arne si sorg, einsemd og lengsel er skildra med innleving og varme. Skildringa av venskapet og den gryande kjærleiken mellom Arne og Beate er truverdig og inderleg.

Men -
eg hadde nok forventa meg noko meir og noko anna frå Nesser si side. Det som gjer meg mest betenkt og skeptisk er når handlinga går tilbake i tid og Nesser introduserer ein slags alternativ verden - i reinaste Murakami-stil. Eg meiner; eg kan godta at Haruki Murakami skriv om parallelle univers - men eg finn det vanskeleg når Håkan Nesser gjer det same. Eg dett av lasset, rett og slett. Eg finn heller ingen klar bodskap i denne forteljinga - men kan hende har ikkje Nesser hatt noko motiv ut over det å laga ei god forteljing - om det gode og det onde, om å skapa litt underhaldning - og litt magi?

Les heile omtalen på bloggen min.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Underhaldningskrim av den lettbeinte typen, med action, overraskingar og pussige situasjonar, - lettlest og fortlest. Historia har bra driv og er godt komponert, men med litt for mange krumspring mot slutten etter min smak.
Plottet er fiffig, men ikkje genialt. Dersom ein har lest Iréne ser ein at det heller ikkje er spesielt originalt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Av ein eller annan merkeleg grunn var det bok nummer to, Alex, som kom ut fyrst her i landet. Eg las Alex i fjor og difor kjende eg til ein av dei viktigaste poenga/plotta i denne boka - og det førte til at leseopplevinga mi ikkje vart fullt så god som den kunne ha vore. Så har du planar om å lesa denne bokserien, start for all del med Irène.

Irène er ein uhyre velskriven, skremmande og original kriminalroman med eit rikt og utspekulert plott og svært fascinerande karakterar. Det er vanskeleg å leggja boka frå seg fordi ho er så full av nerve: Spenninga stig til utrulege høgder i den thrilleraktige avslutninga. Sjølv om eg altså var klar over (noko av) det som skulle komma til å skje, vart det så nervepirrande at eg kjende det godt - i heile meg - og lenge etterpå.

Les heile omtalen på bloggen min.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Død sjel er den tredje boka om etterforskar Halvor Heming og kollegaene hans og er ei velskriven og godt oppbygd krimbok. Verkeleg ein sidevendar. Forfattaren er dyktig som porsjonerer ut akkurat passe med informasjon, slik at spenninga vert halden ved like utover i boka.

Det handlar om hjernevask, terrorisme og ekstrem miljøaktivisme; dei mest eksklusive klebutikkane i landet vert arena for terroråtak og blodige drap. Tittelen "Død sjel" viser truleg til desse hjernevaska/omprogrammerte personane som både er offer og forbrytarar.

Sidan eg ikkje har lese dei to fyrste bøkene i serien, vart persongalleriet litt framand. Privatlivet til Halvor, Kristine og Hans Petter vart for meg litt forstyrrande for handlinga i boka, men truleg meir interessant for dei som har lese bøkene kronologisk. Førstebetjent Halvor Heming er ein av desse nye krimheltane i norsk krimlitteratur, politisk korrekt med kvardagslege problem og utan særleg trong til alkohol eller utagerande liv. At han har "noko" erotisk på gang med kollega Kristine gjer han kanskje enno meir normal?

Plottet er svært originalt, - faktisk vil eg påstå at det vert for originalt, så for meg vert oppklaringa av det heile også for originalt og difor litt lite truverdig. Den beste delen av boka er etter mi meining parallellhistoria, sekvensane med Sofi. Der får ein verkeleg kjenne på fortvilinga, forvirringa og klaustrofobien hennar.

Handlingane i boka går føre seg i heile landet; i Oslo, Bergen, Trondheim og Tromsø, - og dessutan med avstikkarar til Tyskland, Sverige, Danmark og Finland. Og akkurat geografien sette meg litt ut midt ute i boka: Den eine terroristen flyktar frå Bergen med buss til Lærdal og flyktar vidare - på ski! - til dei inste og villaste delane av Jotunheimen. Det heng ikkje på greip, - men er trass alt ikkje avgjerande for handlinga i boka. For meg som lesar vart dette "grepet" irriterande, men for ein forfattar er det sjølvsagt muleg å laga sitt eige landskap. Baug skriv òg i etterordet at han er usikker på om det finst isbrear i Finland...

Handlinga er actionprega og heseblesande gjennom heile boka; Birger Baug kan skriva krim, men har framleis ein del å gå på. Eg kjem heilt sikkert til å lesa neste bok i serien. Før den tid skal eg òg lese dei to fyrste; Straff og Paradis tapt.

Død sjel er rett og slett ei heilt grei krimbok. Terningkast 4.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Fjorårets nest mest oppskrytte bok. (Den mest oppskrytte var for meg Et helt halvt år)
Dette er egentleg ei fin og spennande historie, men ho vert dessverre skjemd av mange trege skildringar og eit meiningslaust melodrama.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette er ein klassisk og stemningsfull, men litt stilleståande krimroman. Boka egnar seg ikkje for dei som ikkje kjenner til serien om Lynley og Havers frå før. Du bør ha ein viss bakgrunnskunnskap og kjennskap til gjennomgangsfigurane i serien for å ha utbytte av Denne dødens kropp.

Dette er ikkje ei bok du rasar gjennom. Elizabeth George byr som vanleg på heile pakka: Eit par mord, eit svært stort persongalleri, fleire perspektiv, psykologi og sosialt engasjement, geografiske og historiske forhold og grundige skildringar av eit møysommeleg politi-/etterforskingsarbeid. Handlinga sneglar seg avgarde - puslespelbit for puslespelbit - og det vert sanneleg både intenst og spennande - etter kvart. Innimellom får lesaren også glimt frå ein psykolograpport om tre barn som har drept eit barn og som tilsynelatande ikkje har noko med dei øvrige handlingane å gjera. Men som lesaren skjønnar: Denne delen er vesentleg. Viktig for handlinga, samanhengen og oppklaringa.

Denne dødens kropp er velkomponert, fengande og lesverdig. Ho har gode skildringar og ei puslespelaktig handling. Eg likte i grunnen boka veldig godt, - ein tjukk kriminalroman som ein verkeleg kan synke ned i godstolen saman med er berre herleg, - men det er særleg to ting som trekker ned i mi vurdering:
For det fyrste: Boka er altfor lang, altfor omstendeleg og detaljert. Eg likar godt at ei bok kan ha fleire forteljarstemmer, mange ulike perspektiv og ei omfattande handling, men vel 800 sider er i overkant. Det går rett og slett for sakte.
For det andre: Språket, oversetjinga og korrekturlesinga. I store deler av boka flyt språket rett nok greitt, men eg har funne setningar som har vore heilt ubegripelege, - og det tyder på dårleg oversetjararbeid. Det finst også fleire skriveleifar og rettskrivingsfeil.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skyggedød er femte og siste bok i Inger Johanne Vik-serien. Tidlegare bøker i serien er Det som er mitt, Det som aldri skjer, Presidentens valg og Pengemannen.

Me hugsar alle kvar me var på ettermiddagen og kvelden den 22. juli 2011. Me hugsar kjensla av det uverkelege i dagane som følgde. Anne Holt har lagt handlinga i den nye boka si til desse spesielle dagane. Skyggedød er ei god, viktig og svært lettlest bok. Ikkje superspennande, men likevel ein sidevendar.

Handlinga startar altså fredag den 22. juli, Inger Johanne Vik skal hjelpa si gamle gymnasveninne Ellen med førebuingane til kveldens selskap. Men når Inger Johanne kjem til det herskapelege huset, har det skjedd ei tragisk hending. Sander, den 8 år gamle sonen til Ellen og Jon Mohr, har dotte ned frå ei gardintrapp. Han er død. Alt tyder på ei heimeulukke. Foreldra er utrøstelege.

Kriminalpsykologen Inger Johanne prøver å ta leiiing i kaoset, ringjer naudnummeret til politiet gong på gong og skjønar ikkje kvifor ho ikkje kjem gjennom. Samstundes ser ho ei stor røyksky over Oslo sentrum. Omsider kjem ein politimann, den heilt nyutdanna og sosialt evneveike Henrik Holmen.

Ganske tidleg får me innblikk i at det er noko som ikkje stemmer under den perfekte fasaden til ekteparet Mohr. Både mor, far, farmor og husvenen Joachim har ting dei prøver å skjule. Holmen skjønnar instinktivt at noko er svært mistenkeleg, men etterforskinga hans er amatørmessig og klossete. Inger Johanne har sine eigne private bekymringar, og klarar ikkje heilt å ta inn over seg at noko er gale i den vellukka familien Mohr.

Plottet er ganske forutseieleg, men ein viss spenning finst gjennom heile boka. Temaet barnemishandling er så hjarteskjerande at sjølve plottet ikkje vert så viktig. Anne Holt handterer det vonde temaet på ein enkel måte, med eit enkelt språk. Ho set fokus på korleis omgjevnadene snur seg vekk, at folk ikkje torer å melde frå om mistanke om mishandling av barn. Det handlar òg om institusjonar som skule og helsevesen som burde ha teke ansvar for det som skjedde. Boka er god fordi temaet er så opprørande, ikkje fordi det er ein spesielt spennande eller godt oppkonstruert krimroman.

I etterordet skriv forfattaren at utgangspunktet for romanen er den såkalla Christoffer-saka. Hendingane i Regjeringskvartalet og på Utøya er kun eit bakteppe for historia i Skyggedød. Forfattaren viser oss ein familietragedie i skuggen av ein nasjonal tragedie.

Skyggedød er på mange måtar ei bok til ettertanke. Anbefalast!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Før jeg brenner ned er ei forteljing om to unge menn som strevar med å finna "meininga med livet". Pyromanen og forteljaren sine historiar kryssar kvarandre på fleire plan. Begge er som barn snille, ordentlege og flinke. Kva er det som gjer at den eine av dei "tippar over"?

Eg skulle gjerne ha likt denne boka. Eg skjønnar at Heivoll er ein dyktig forfattar, at språket hans er presist, og at historia kan vera interessant, - men ho passa ikkje for meg. Eg fann ho verken rystande eller gripande, berre irriterande trist.
Før jeg brenner ned sette meg i dårleg stemning. Boka liknar på ein thriller, men finst ikkje spennande.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er debutboka til Helge Thime-Iversen, men det skulle ein nesten ikkje tru. Språk og skrivestil er rett nok tidvis litt haltande og karakterane er noko "uferdige" - men boka har eit originalt plott og er både lesverdig og spennande. Det vert interessant å følgja forfattaren - og hovudpersonen Njaal Natland - vidare.
Boka X er litt lang, men har korte kapittel og er lettlest. Eg føler at forfattaren får litt problem når han skal nøste opp i alle trådane på slutten. Eg får ikkje alt til å gå opp, - til å henge på greip, på ein måte, - men eg ser på X som ei grei og lovande krimbok.

Les heile omtalen på bloggen min.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har ikkje så god kjemi med William Wisting og er ikkje særleg imponert over Hulemannen.
Utgangspunktet i historia er snedig og fantasifull, men eg tykkjer ikkje Horst gjer nok ut av krimforteljinga. Mønsteret kjenner me att frå tidlegare Wisting-bøker: Pappa Wisting som etterforskar eit brotsverk og nysgjerrig journalistdotter som nærmar seg den same saka frå eit anna utgangspunkt. Det vert farleg for dotter, pappa'n reddar henne.

Hulemannen er lettlest, har eit bedageleg tempo og er godt komponert. Men ikkje ein einaste gong følte eg at pulsen steig medan eg las denne boka. Det er rett nok tilløp til litt spenning på slutten, men på langt nær nok. For eg er kresen og vil gjerne ha litt ekstra når eg les krim, i alle fall ei krimbok frå ein så kjend og anerkjend forfattar som Jørn Lier Horst. Han er uhyre dyktig og har levert ei solid krimhistorie som heng saman, full av etterforskingsdetaljar og autensitet. Men eg vert ikkje sjokkert av og er ikkje interessert i detaljerte skildringar av rotne og oppløyste lik, eg vil heller bli utfordra reint litterært. Eg ønskjer meg eit meir innvikla plott og ein meir spennande forteljarmåte.

Lydboka er godt opplest av Ivar Nergaard.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sidan dette skulle vera ein kriminalroman, forventa eg litt spenning - noko eg ikkje fekk. For sjølv om ei krimbok har ein langsam og dvelande i stil, bør ho vera fengande og spennande for lesaren. Eg tykkjer Konrad Sejer er ein lite spennande hovudperson, - han er så skikkeleg (og stakkarsleg, på ein måte) så han vert kjedeleg. Det same kan ein sei om kollega Skarre - han er ein person utan karakter. Eg føler at eg vert betre kjend med den nye hunden til Sejer, Frank. Og nettopp Frank kjem til å spela ei viss rolle i oppklaringa av saka. Ei oppklaring og ei løysing som eg tykkjer er ganske søkt og lite truverdig.

Karin Fossum brukar eit enkelt og presist språk, utan jåleri, og har vakre skildringar av stemningar og kjensler. Carmen Zita og døden er ei bok med ei trist stemning og eit sørgeleg tema. Ikkje på høgde med dei beste frå Fossum, men heller ikkje dårleg.
Les heile omtalen på bloggen min.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har hatt ei ut-av-meg-sjølv-oppleving medan eg har lest denne boka. Ei svært positiv leseoppleving - men eg skjønnar ikkje heilt kvifor. Lesaren vert dregen inn i noko magisk og mystisk og boka inneheld elles mykje rart. Her er spenning, humor, kvardagslege detaljar, absurde situasjonar, metaforar, symbol, erotikk, kjærleik og venskap. Skildringa av venskapet mellom Nakata og Hoshima og mellom Kafka og Oshima er veldig fine. Boka byr på mange gode og morosame dialogar. Mykje av det som vert fortalt er "verkeleg" og andre hendingar er draumar og fantasiar - eller finn stad i ei slags alternativ verkelegheit. Det er vel dette som kan kallast "Murakami sitt univers". Alt vert fortalt i eit heller langsamt tempo - og med mengder av digresjonar.
Kafka på stranden kan sikkert analyserast i det uendelege og tolkast på tallause måtar. Sjølv er eg for mykje av ein realist til verkeleg å forstå heile historia og endar opp med å gje boka terningkast 5.
Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

MarianneKnut HauglandBoktimmyIngunn ØvrebøJohnny OlsenJulie StensethThomas KlakeggHeidi BGVTorgeir MyklebustRisRosOgKlagingMartinenlillianerKnut T.  ReinåsHedvigBjørn SturødConniemoiraHilde StorkjørrenBjørn Erik Strand-Hanssenkjell kBerit RBrit HonningsvågGjermund  HaugeFrode Øglænd  MalminFlettietteTine SundalBirgitte Veland LarsenAnjamajaSiv ÅrdalHegeKarin  JensenWenkeIngunn SHeidi LIdaAnne-Stine Ruud HusevågBente NogvaStine Sevilhaug