Klikk på en bok for å skrive en omtale.

Viser 41 til 43 av 43 bokomtaler

Dette er bok nummer tre i retrokrim-serien om etterforskar Kolbjørn Kristiansen - K2 - og den hemmelege assistenten hans, Patricia Louise I. E. Borchman. I dei to fyrste, Menneskefluene og Satelittmenneskene, handla det om "lukka rom". I Katalysator-mordet er me i eit meir "ope landskap". Boka er mørkare og har meir action enn dei føregåande. Handlinga går føre seg i Oslo og i Valdres i 1970. Her er eit visst historisk sus; både statsminister Per Borten, partiformann Trygve Bratteli og etterretningssjef Asbjørn Bryn dukkar opp som bipersonar, - lett namnekamuflerte, men gjenkjennelege.

Boka startar dramatisk med at K2 vert vitne til at ei ung kvinne desperat kjempar for å nå trikken. Neste dag blir ho funnen skoten og drepen, midt i trikkesporet. Det syner seg at denne hendinga heng saman med ei forsvinning i Valdres to år tidlegare. Etter kvart handlar det om både venstreradikale og nazistiske grupper, etterretnings-tenester og terrortruslar.

Hans Olav Lahlum har skapt sin eigen stil. For å understreka tida det handlar om, brukar han eit konservativt og stivt språk. Språket er snirklete og dialogane formelle, - det vert såleis unaturleg og lett komisk. Rett nok er det ei stund sidan 1970, men folk snakka då ikkje slik den gongen? Både K2 og Patricia er lite truverdige personar for meg, det same gjeld forholdet mellom dei.

Likevel - det er underhaldande og nyttig å lesa at politietterforsking før i tida skjedde utan hjelp av epost, mobiltelefonar og internett.
Terningkast 4.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

”Skyggerom” er ei bra krimbok. Eg ser fram til fleire framtidige romanar med Anton Brekke i hovudrolla.

Jan-Erik Fjell vart tildelt Bokhandlerprisen for debutboka Tysteren som kom i 2010, – og no er oppfølgjaren her. Etter mitt syn er denne boka mykje betre enn debutboka. No kan Fjell nesten nemnast i same andedrag som Nesbø og Horst. Boka er spennande frå starten av, og dei 500 sidene går unna i ein fei. Du forstår frå starten av at noko ligg og ulmar. Noko mørkt, noko feil, - slik at du liksom må skunde deg å lese vidare.

I ”Skyggerom” vert kriminaletterforskar Anton Brekke dregen inn i ei sak der oppklaringa av eit drap i Østfold har samanheng med internasjonal kriminalitet. Det handlar om kynisk menneskesmugling, groteske overgrep og drap på uskuldige. Ein litauer skal levere ei last for den russiske mafiaen i Noreg, - og noko går gale. Ein lærar, som syner seg å vera kontaktmann for litaueren, vert brutalt drepen. Ein seksåring, autist og sjakkgeni, er eit viktig vitne. Ein narkoman millionær og ein geskjeftig psykolog vert etter kvart sett i søkelyset.

Anton Brekke frå Kripos vert sett på ei drapssak, saman med Magnus Torp, politistudenten han (og me) vart kjend med i ”Tysteren”, samt ein annan litt sliten politimann, Ole Kval. Dette vesle teamet skal så ta seg av saka som viser seg å ha fleire forgreiningar, m.a. til utlandet, der dei mektige og farlege bakmennene rår.

Eg tykte ikkje noko særleg om hovudpersonen Brekke i den fyrste boka, men i oppfølgjaren er han blitt meir ”levande”. Han vert framstilt som ein tørrvittig og halvgretten person, ikkje heilt ulik Jussi Adler-Olsen sin hovudperson Carl Mørck i bøkene om Avdeling Q. Brekke har sine eigne ”demonar”, pokerspeling og eks-kona sitt nye forhold med ein ny mann opptek han nesten like mykje som drapsetterforskinga. Fleire av bipersonane i boka vert litt "vage" og lite truverdige for meg, men forteljinga er likevel truverdig.

Boka byr på fleire parallelle historiar, slik som ein god krim skal. På ein litt innfløkt og overraskande måte vert trådane nøsta opp til slutt.

Konklusjon: Ein svak femmar på terningen. Fjell har stadig litt å gå på, men for all del; boka anbefalast.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

I nedtrekkslista under ”Finn bøker” finn ein lenke til ”Høy favorittprosent” dvs. dei bøkene som oftast er markerte som favorittar av brukarar av denne nettstaden. På toppen finn ein Dødslekene av Suzanne Collins. Dette gjorde meg litt nysgjerrig, så eg måtte googla litt for å få greie på meir om denne boka og forfattaren. Dystopisk ungdomslitteratur var ein sjanger som var heilt framand for meg. Gjennomsnittsalderen for bokelskere som har denne i hylla si, er nok låg. Kunne denne boka vera noko for meg, med mine 50 +?

Dødslekene er den fyrste boka i ein trilogi. Eg lånte digikortet med dei to fyrste bøkene på biblioteket, den nemnde Dødslekene og Opp i flammer. I skrivande stund er eg godt i gang med bok nummer to. Ulrikke Hansen Døvigen gjer ein grei jobb som opplesar av lydbokversjonen.

Handlinga i bøkene går føre seg i ei framtid der det samfunnet me i dag kjenner ikkje lenger eksisterer. Nasjonen «Panem» er eit totalitært samfunn som undertrykker befolkninga på alle tenkjelege måtar. I den høgteknologiske hovudstaden Capitol bur dei rike og dekadente herskarane av nasjonen, i dei kringliggjande fattige 12 distrikta lever befolkninga i naud og fattigdom. For å slå ned på eventuelle opprør i landet, arrangerer styresmaktene Dødslekene. I desse leikane vert 24 deltakarar valde ut, 2 ungdommar i alderen 12 – 18 frå kvart distrikt. Ungdommane skal delta i eit grotesk realityprogram; på ein gigantisk arena skal dei kjempe mot kvarandre og omgivnadene. Dei skal rett og slett drepe dei andre deltakarane og overleve sjølv. Den siste overlevande vinn, - og både vinnaren og distriktet vedkommande kjem frå, vert belønna. I drapsshowet kan arrangørane laga andre utfordringar og straffa eller belønna deltakarane. Alt går ”live” på TV og befolkninga pliktar å følgje med.

Hovudpersonen er 16-årige Katniss frå Distrikt 12, og handlinga vert fortald i presens eg-form. All drepinga og alt det forferdelege ungdommane må gjennomgå, vert fortalt gjennom Katniss. Eg grua meg til å lese den delen av boka som handlar om drepinga og nedslaktinga, men faktisk vert det fortalt på ein såpass nøktern måte slik at det ikkje vert så ubehageleg som frykta. Både Katniss og hennar ven frå Distrikt 12, Peeta, er moralske og ansvarsbevisste personar i eit samfunn som er heilt utan sympatiske trekk. Katniss og Peeta kjempar mot utspekulerte konkurrentar, mot sorg og smerte, mot svolt og kulde, - og må takle kjenslene dei får for kvarandre.

Boka kan samanliknast med Harry Potter-bøkene, sidan det her også handlar om det gode sin kamp mot det onde. Collins er ein god forteljar, slik som J. K. Rawlins er. Anbefalast for alle som er interesserte i ei god forteljing, i ungdomslitteratur og ungdomskultur. Her får du både samfunnssatire, spenning, mediakritikk og opprør, samt ein dose romantikk og trekantdrama.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

Kay NilsenHauk1Torill Elisabeth RevheimLibraritas vHarald KDiddiAstrid MartetuhamreLinn Charlotte EdstrømAlice NordliHilde Merete GjessingTina EilertsenMarit HøvdeIngunn SWencheCarine OlsrødJan Erik  OlsenGodemineSissel Karlsen FjeldetThina NordtveitErikiJosefineIrene StrømlandIdaLama Diehl-DahlKaramasov11Dolly DuckFrank Rosendahl SlettebakkenJulie StensethCaroline H HeitmannMartin AasbrennMarit Ilstaderlend kongsvollStine SevilhaugAgnete M. HafskjoldDaffy EnglundagoodtravellerelmeMarianne MKarin Berg