Klikk på en bok for å skrive en omtale.

Viser 21 til 40 av 44 bokomtaler

Eg har ikkje så god kjemi med William Wisting og er ikkje særleg imponert over Hulemannen.
Utgangspunktet i historia er snedig og fantasifull, men eg tykkjer ikkje Horst gjer nok ut av krimforteljinga. Mønsteret kjenner me att frå tidlegare Wisting-bøker: Pappa Wisting som etterforskar eit brotsverk og nysgjerrig journalistdotter som nærmar seg den same saka frå eit anna utgangspunkt. Det vert farleg for dotter, pappa'n reddar henne.

Hulemannen er lettlest, har eit bedageleg tempo og er godt komponert. Men ikkje ein einaste gong følte eg at pulsen steig medan eg las denne boka. Det er rett nok tilløp til litt spenning på slutten, men på langt nær nok. For eg er kresen og vil gjerne ha litt ekstra når eg les krim, i alle fall ei krimbok frå ein så kjend og anerkjend forfattar som Jørn Lier Horst. Han er uhyre dyktig og har levert ei solid krimhistorie som heng saman, full av etterforskingsdetaljar og autensitet. Men eg vert ikkje sjokkert av og er ikkje interessert i detaljerte skildringar av rotne og oppløyste lik, eg vil heller bli utfordra reint litterært. Eg ønskjer meg eit meir innvikla plott og ein meir spennande forteljarmåte.

Lydboka er godt opplest av Ivar Nergaard.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sidan dette skulle vera ein kriminalroman, forventa eg litt spenning - noko eg ikkje fekk. For sjølv om ei krimbok har ein langsam og dvelande i stil, bør ho vera fengande og spennande for lesaren. Eg tykkjer Konrad Sejer er ein lite spennande hovudperson, - han er så skikkeleg (og stakkarsleg, på ein måte) så han vert kjedeleg. Det same kan ein sei om kollega Skarre - han er ein person utan karakter. Eg føler at eg vert betre kjend med den nye hunden til Sejer, Frank. Og nettopp Frank kjem til å spela ei viss rolle i oppklaringa av saka. Ei oppklaring og ei løysing som eg tykkjer er ganske søkt og lite truverdig.

Karin Fossum brukar eit enkelt og presist språk, utan jåleri, og har vakre skildringar av stemningar og kjensler. Carmen Zita og døden er ei bok med ei trist stemning og eit sørgeleg tema. Ikkje på høgde med dei beste frå Fossum, men heller ikkje dårleg.
Les heile omtalen på bloggen min.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg har hatt ei ut-av-meg-sjølv-oppleving medan eg har lest denne boka. Ei svært positiv leseoppleving - men eg skjønnar ikkje heilt kvifor. Lesaren vert dregen inn i noko magisk og mystisk og boka inneheld elles mykje rart. Her er spenning, humor, kvardagslege detaljar, absurde situasjonar, metaforar, symbol, erotikk, kjærleik og venskap. Skildringa av venskapet mellom Nakata og Hoshima og mellom Kafka og Oshima er veldig fine. Boka byr på mange gode og morosame dialogar. Mykje av det som vert fortalt er "verkeleg" og andre hendingar er draumar og fantasiar - eller finn stad i ei slags alternativ verkelegheit. Det er vel dette som kan kallast "Murakami sitt univers". Alt vert fortalt i eit heller langsamt tempo - og med mengder av digresjonar.
Kafka på stranden kan sikkert analyserast i det uendelege og tolkast på tallause måtar. Sjølv er eg for mykje av ein realist til verkeleg å forstå heile historia og endar opp med å gje boka terningkast 5.
Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dette er rein underhaldningskrim - ei herleg forteljing av "den ville og gale" sorten - langt frå dei realistiske politikrimromanane som krimbok-marknaden er (over)fylt av for tida.

Eg vil hevda at Casanovasyndromet er ei av dei mest underhaldande bøkene eg har lest - nokon gong. Anbefalast alle som har sans for spenning, komiske situasjonar og spekulative brotsverk. Her får lesaren servert bestialske drap og groteske torturmetodar, moderne og utspekulert teknologi, men òg rikeleg med humor, spenning og opplevingar.

Og obs! Øystein Wiik sine bøker bør høyrast - lydbøkene lest av forfattaren sjølv gir ei fantastisk leseoppleving.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Det skjer absolutt ingenting i Kumla. Ikkje før sommaren 1967, som handlinga i boka er lagt til. Og Piccadilly Circus ligger ikke i Kumla er ei fengslande og fornøyeleg bok, full av humor og ironi. Og eit øksemord.

Nesser skildrar både miljø og karakterar med varme, ømheit og humor. Han gir eit sorgmuntert og sjarmerande tidsbilete av korleis det var å vera ungdom og å verta vaksen i ein liten svensk by på 1960-talet. Lesaren får òg ei ganske så spennande krimhistorie med ein overraskande slutt.

Les heile omtalen på bloggen min.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Mannen som heiter Ove er 59 år, køyrer Saab og ser med mistru på alle som har andre biltypar - japanske, franske og tyske. Særleg Audi, sjølvsagt. Han har velfylt verktøykasse og er hysterisk oppteken av orden og rutinar. Han er sur og sær, - langsint, snarsint og furten - ein Narvestad-type som sjekkar alt alltid og passar på at alle reglar vert haldne. Han har mange naboar i burettslaget der han bur, men ingen vener. Ingen barn. Ikkje har han jobb lenger heller, han er "rasjonalisert vekk" - og kona Sonja er nyleg død, - så Ove tenkjer at det er like greitt å avslutta det heile.

Han har altså bestemt seg for at han skal ta livet av seg, men det viser seg at det er vanskeleg å få til - han vert stadig "forstyrra". Han får ikkje fred for dei nyinnflytta naboane; ein koloss av ein klossete mann som ikkje kan rygge med tilhengar og kona hans som er høggravid og utlending. Dessutan dukkar det opp ein skamfert katt, eit blondt mehe med ein hund liknar på ein beksømstøvel...og mange fleire. Alle saman legg dei beslag på Ove si tid og planane hans.

Det er sjølvsagt ein grunn til at Ove er blitt som han er blitt, og etter kvart som forfattaren avslører fortida hans, blir ein meir og meir glad i hovudpersonen. Under det harde, usympatiske og uforsonlege skalet sitt er Ove både sjarmerande og snill. Egentleg.

En mann ved navn Ove er ei lett, tragikomisk og underhaldande kosebok. Det er ikkje noko overraskande at ein person som ser gretten og avvisande ut, viser seg å vera grei og hyggeleg når ein blir kjend med vedkommande, - så eg vil hevda at verken historia eller handlinga er spesielt original, men som sagt: Ei søt og vittig bok.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kurt Wallander er ein krimhelt eg er veldig glad i og eg tykkjer Henning Mankell er ein eminent forteljar.
Hånden er eit triveleg og uventa gjensyn med Wallander, - og passar nok best for alle dei som har lest heile serien (10 bøker) tidlegare. Lydboka er på kun omlag tre timar og eg høyrde heile boka samanhengande medan eg gjekk tur ein kveld.
I denne korte romanen (som er meir som ei lang novelle) snublar Wallander bokstaveleg tala over ei sak. Han snublar i noko han trur er ei rot eller ei gammal rive, men det viser seg å vera skjelettet av ei hand. Liket har vore nedgravd lenge, truleg i fleire tiår - og etter ei stund finn etterforskarane enno eit lik. Kven var desse menneska? Kvifor har ingen meldt dei sakna? Det vert ei vanskeleg oppgåve for Wallander og kollegaene hans når dei lyt grava i fortida for å finna svar på mysteriet.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er ein underhaldningsroman som samstundes handlar om alvorlege, motbydelege og triste ting. Handlinga er lagt til Kirót Avenue - Smertens Aveny - i Angeles City, Filippinene.

Språket i boka kler handlinga; røft og tøft. Tidvis, i action-scenene, brukar forfattaren korthogne setningar, medan det vert brukt lange utbroderande setningar når han skildrar ulike miljø og omgjevnader. Dette driv handlinga framover, men i eit skiftande tempo.

Sørensen viser i denne boka at problema med menneskehandel og prostitusjon er samansett og at det neppe kan løysast med lover, reglar og forbod. Fattigdom og korrupsjon er rota til mykje av elendigheita og tragediane. Forfattaren er busett på Filippinene og har god kjennskap til samfunnet der, på godt og vondt. Miljøskildringane er glimrande, - det same er personskildringane. Karakterane og miljøet rundt vert så tydelege at dei vert nesten filmatiske: Lesaren føler gatelivet; me høyrer støyen og musikken og kjenner varmen og stanken.

Boka ber altså preg av autensitet og truverdigheit. Ein skulle jo gjerne ønska at alt det motbydelege som det vert fortalt om i Smertens Aveny (trafficking, prostitusjon, korrupsjon og fyrst og fremst: fattigdom) ikkje var sant, - men dessverre er det all grunn til å tru at det faktisk er slik. Dette innblikket i all jævelskapen gjer Smertens Aveny til noko meir enn ei krimbok.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den siste gode mann er ei fengande, tankevekkjande og underhaldande bok, der forfattarane snur fullstendig opp/ned på kriminalsjangeren ved at det vert jakta på det gode i staden for det onde. Fyrste del av boka var forvirrande med veldig, veldig! mange lause trådar. Dernest vert det meir oppklarande og actionfylt, og mot slutten skifter boka stil og vert meir langsam – men spenningen er tilstades heilt til siste scene.

Les heile omtalen på bloggen min

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ein "skikkeleg" romanspion (tenk på James Bond) skal vera litt for god, litt for pen og litt for smart til å vera sann. Peter Wessel er òg ein slik figur, men han har noko alvorleg, melankolsk og tenksamt ved seg i tillegg.
Språket i En norsk spion flyt lett trass i at handlinga er noko kompleks. Boka kan oppfattast som "macho" og full av testosteron, som om ho fyrst og fremst skriven for menn, med alle dei militære omgrepa og detaljerte skildringane av våpen og militært utstyr. Samstundes er boka "feminin" på den måten at ho er så full av kjensler; venskap, kjærleik, sorg, skuldkjensle, moral, forvirring, fortviling.
Miljø-, natur- og kulturskildringane er levande og er prega av at forfattaren er kunnskapsrik og har brukt mykje tid på research. Boka er både underhaldande, tankevekkjande og opplysande, - den einaste innvendinga eg har er at det kanskje vert for flinkt, for belærande, for ambisiøst. Kan hende hadde boka vore enno betre med litt stripping; om noko av dei mange detaljane hadde vore kutta ut.

Hendingane og personane i boka virkar å vera truverdige og stilen er tidvis dokumentarisk. Spenningsnivået er stigande utover i boka - akkurat slik som ein spionroman skal vera.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dei tre unge mennene Tarjei, Trygve og Kristian kjem frå den same bygda og vervar seg samstundes til teneste i Afghanistan. Ingen av dei kjem tilbake i live.

Boka fortel historia til dei tre som vert rivne vekk, om familiane deira og om heimbygda deira. Om oppvekst og kvardagsliv. Om samkjensle, venskap og kjærleik. Om håp og forventningar. Om sorg, tap og frustrasjonar. Alt vert fortalt gjennom fire ulike forteljarstemmer; Tarjei, Jon Olav (nabo), Karin (mor til Tarjei) og Trygve. Vekslinga mellom personane er fin, og forfattaren brukar både bokmål og nynorsk for å streka under dei ulike synsvinklane.

Eg likte veldig godt lydbokversjonen. Det fungerer supert med fire ulike opplesarar for dei forskjellige forteljar-stemmene.

Bli hvis du kan. Reis hvis du må er ei lita perle av ei bok og anbefalast på det varmaste. Dette er terningkast fem pluss!

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Nok ein gong har Jo Nesbø levert varene; ein fantastisk spennande kriminalroman der dei ulike historiane vert vikla saman - og nøsta opp - på ein smidig og snedig måte.

Eg har prøvd å lesa så sakte som muleg, fordi eg så gjerne ville nyta leseopplevinga, - men Nesbø skriv på ein slik måte at bøkene hans må slukast. Sidevendarfaktoren er nemleg ekstemt høg. Politi har vore med meg overalt. Eg har hatt ho med på jobb slik at eg kunne lesa i lunsjpausen og på bussen til og frå jobb. Ho har vore med meg til sengs, på terrassen, på do, ved kjøkkendisken og i hagen. Når ei bok er så fengslande og fengande at du tek ho med deg overalt og nesten ikkje kan halda ut betyr det full score; terningkast seks.

Handlingane i Politi startar omlag der Gjenferd sluttar, og tek opp att trådane frå den boka. Så om du ikkje har lese absolutt alle Harry Hole-bøkene tidlegare, bør du i alle fall ha lese den føregåande, - rett og slett for å forstå meir av innhaldet.

Innan sjangeren politikrim/spenning er det få, kanskje ingen, som kan måla seg med Jo Nesbø. Dersom du berre skal lesa ei krimbok i sommar; les Politi. Den er perfekt.

Les heile omtalen (som ikkje er heilt spoilerfri) på bloggen min.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mørke rom er ei bok full av dyster stemning, tragiske hendingar og mørke sinn.

Libby Day er forteljarstemme og hovudperson i boka. Som 7-åring var Libby vitne og einaste overlevande i ein dramatisk familietragedie. Mor og to søstre vart myrda i noko som såg ut som satanistisk motiverte drap. Libby sjølv klarar å rømme frå gjerningspersonen. Seinare vitnar ho i retten mot sin eigen bror Ben, den gongen 15 år gammal.

Tjuefem år etter er Libby blakk, einsam og forsatt prega av hendingane frå den gongen, både psykisk og fysisk. Ho møter ei gruppe kalla "Kill Club" som meiner broren er uskuldig dømd. Omsider prøver Libby no å finna ut meir om kva som verkeleg skjedde den gongen familien hennar vart myrda. Finst det andre vitne? Andre mistenkte? Kva var det ho sjølv såg og høyrde den skrekkelege natta?

Dette er ein veldig god thriller med interessante og spesielle karakterar, - og med ei svært gripande og overraskande avslutning.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

En usynlig er ei langsam og lågmælt bok. Sidetalet (571) kan virka avskrekkande, men boka er svært lettlest - med korte kapittel og mykje "luft".

Ljunghill har lukkast med å skapa ei annleis krimbok, men mykje kan ein likevel kjenna att frå den klassiske kriminallitteraturen: Den mørke og dystre stemninga, det tidkrevjande og detaljerte etterforskingsarbeidet, den smarte mordaren som ligg eit steg framfor politiet og den hardtarbeidande og einsame etterforskaren som aldri gir opp.

Eg likte boka ganske godt. Medan eg las tykte eg at handlinga gjekk for tregt, men i ettertid ser eg at det nettopp er det omstendelege og ettertenksame som gjer boka så lesverdig.
Konklusjon: Ein sterk firar.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Agnes er flyvertinne, 32 år og dumpa av kjæresten etter eit langt forhold. Knust av kjærleikssorg flyttar ho mellombels til ein leilegheit som far hennar eig. Ho ligg i senga, ser på TV, er deprimert og føler at livet er utan meining. Og det er stort sett kva det handlar om i boka, irriterande nok. Dei beste partia i boka er når forfattaren let Agnes sjå attende på opplevingane i barne- og ungdomstida si. Kan hende er det ikkje så rart at Agnes er blitt den ho er blitt?

Agnes i senga er ei morosam bok, har eg lese i fleire omtalar. Eg ristar berre litt oppgitt på hovudet. Ei vaksen kvinne som oppfører seg som ein 14-åring er patetisk. Eg kjende eg vart irritert av å lesa om den sjølvopptekne og barnslege Agnes-karakteren som legg seg i senga og sørgar over den tåpelege eks-kjæresten sin. Boka hadde vore meir interessant om me òg kunne fått sett Agnes og hennar liv frå ein annan person sin synsvinkel. Heldigvis tyder slutten av boka på at Agnes byrjar å bli klar for Eit liv utanfor senga.

Heidi Linde skriv lett; språkflyt og dialogar er fine. Ho prøver å vera småironisk og humoristisk og ser med skråblikk på den situasjonen Agnes er i. Men historia vert for tynn og dum. Det beste eg kan sei om boka er at ho òg er ganske tynn.

Heile omtalen på bloggen min

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Stolpesnø er ein krimroman med strek under roman. Eg vart positivt overraska over denne boka, som er Marit Reiersgård sin debut som krim- og vaksenbokforfatter. Tidlegare har ho gitt ut to barne- og ungdomsbøker.

Boka er spennande og velskriven, stillferdig og langsam.

Fem år gamle Oda vert sporlaust vekke medan ho leikar rett utanfor heimen. På ein annan stad i bygda finn unge Raimo ei kvinne valdteken og drepen. Etterforskarduoen Bitte Røed og Verner Jacobsen prøver å finna ut av kva som har skjedd. Det viser seg at i eit heilt kvardagsleg lokalsamfunn med heilt vanlege menneske, finst det fleire som har noko å skjula. Kvifor har ingen sett noko? Kva er det som ikkje blir sagt? Kva er det som skjular seg i snøføyka og vinterkulden?

Snøen lavar ned frå fyrste til siste side i boka. Dette er stemningsfullt, - snøen lagar eit ekstra trist og dystert teppe over hendingane som vert fortalde. Forfattaren har gode og truverdige person- og miljøskildringar, spesielt skildrar ho godt mor til Oda si redsel og fortviling.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Assad serverer stadig parfyrmert te og kamelhistoriar. Rose er like fandenivoldsk som tidlegare. Carl Mørck er sarkastisk, ironisk og hissig som før, men me får òg oppleva ei anna og svakare side av han. Femte bok i serien om Avdeling Q gir oss eit gledeleg gjensyn med den pussige vesle politiavdelinga som held til i kjellaren under Politigården i København.
Men fyrst og fremst handlar Marco-effekten om Marco. Den statslause og papirlause Marco. Den intelligente og snarrådige Marco. Den einsame og venelause Marco.
Marco sin lagnad er rystande lesing og gjer eit djupt inntrykk, - men ein kan kanskje innvenda at Marco er for god til å vera sann, for reflektert og moden til å vera 15 år - og dermed ein for lite truverdig person.
Marco-effekten er litt for lang, men likevel lettlest. Det er egentleg eit must å lesa bøkene i kronologisk rekkefølge, elles får ein ikkje med seg samanhengen og dei raude trådane.
Eg hadde store forventningar til boka. Det er difor gledeleg å få stadfesta at Jussi har levert varene denne gongen også.

Les heile omtalen på bloggen min.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Hovudpersonen Stingo kunne vore ein ukjend fetter av Harry Hole. Når me møter Stein Inge Olsen, altså Stingo, i starten av boka, er han i ein elendig forfatning. Han har flytta til Filippinene etter at både ekteskap og politikarriere har havarert.

Dette er ei actionfylt forteljing med snert i. Tempoet er høgt heile vegen, og det fører til at boka vert både lettlest og fortlest. Miljøet er uvant, interessant og eksotisk. Sørensen flettar inn skildringar av det filippinske samfunnet som virkar autentiske. Det handlar om korrupte politikarar og politifolk, kinesisk mafia, agentar og dobbeltagentar, fattigdom og narkotikahandel, slum og jungel.

Magellans kors er ei underhaldande, spennande og samfunnskritisk bok, men eg tykkjer det er for mange personar, bipersonar og framande stadnamn å halda styr på. Stingo er ein anti-helt som likevel er sjarmerande og sympatisk. Han er modig og smart som MacGyver og heldig og ironisk som James Bond. Og like alkoholisert og velmeinande som "fetter" Harry Hole.

Språket i boka er barskt og kler hovudpersonen. Sjølv om handlinga ikkje er særleg truverdig (ein norsk suicidal ekspolitimann i kamp mot eit heilt korrupt samfunn..!?!) er det mykje realisme og aktuell tematikk i boka. Og - må ei bok vera truverdig for å vera god? Eg meiner nei.

Plottet er innfløkt og overraskande, men forfattaren samlar dei fleste lause trådane saman til slutt.

Heile omtalen kan lesast på bloggen min.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det var med stor forventning eg lasta ned lydfila med den nye og avsluttande boka i Barbarotti-serien. Ein forventar alltid ei stor leseoppleving når ein startar på ei ny Håkan Nesser-bok. Nesser skriv betre enn dei fleste, han skildrar både folk og kjensler på ein spesielt innlevande og truverdig måte.
Dei fyrste sidene i Håkan Nessers nye kriminalroman De sørgende skildrar den morgonen då alt vert endra for politiinspektør Gunnar Barbarotti. Han vaknar attmed si kjære Marianne, som ligg der - kald, stille og død. Barbarotti vert slått ut av sorg. Samstundes har han ansvaret for dei fem borna deira, - og han veit at livet trass alt må gå vidare. Den djupe sorga og sorgarbeidet går som ein raud tråd gjennom boka. Handlinga er meir filosofisk og melankolsk enn dei føregåande bøkene i serien.
Når Barbarotti vender tilbake til arbeidet sitt, vert han tildelt ei gammal sak, ei cold case. Barbarotti ser på saka meir som arbeidsutprøving enn skikkeleg politiarbeid, men saka viser seg å vera utfordrande - og samstundes opplever han at han er på rett veg m.o.t. den personlege sorga han lever med.
I likskap med den forrige boka i serien, De ensomme, er De sørgende ei lågmælt krimbok. Språket er sirlig, med ein del gamaldagse ord og uttrykk, - eg reknar med at dette ikkje er oversetjaren sitt språk, men forfattaren sitt. Boka er elles lettlest og skriven i eit "godmodig" tonefall og den milde ironien og humoren er (som alltid i Nessers bøker) til stades. Personane i boka er livfulle og truverdige. Det gjeld alle, også bipersonane. Samtalane mellom dei ulike karakterane kjennest difor òg ekte.
I vid forstand handlar boka om rett og feil, moral og umoral, men fyrst og fremst er De sørgende ei fantastisk bra bok om sorg. Om korleis leva vidare i sorg og med sorg. Om korleis leva vidare gjennom sorga og trass i sorga. Det er òg ei gripande bok om venskap og kjærleik.

Ivar Nergaard som opplesar av boka vart prikken over i-en som gjorde dette til ei glitrande leseoppleving. Herrane Nesser, Barbarotti og Nergaard er ein uslåeleg kombinasjon.

Les heile omtalen på bloggen min

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Dette er ei bok som må fordøyast og tenkjast gjennom. Helst bør ho vel lesast eit par gonger. På den måten kan ein få med seg detaljar som virkar uvesentlege ved fyrste gongs lesing, men som - når boka er utlesen - visar seg å vera viktige for handlinga og opplevinga.

For ei stor leseoppleving er det. Håkan Nesser er ein fantastisk forteljar. Dessutan er han modig som torer å skriva noko så spesielt som denne romanen. Boka er ein metaroman, dvs. ei bok om ei bok. Men ho er også ei bok om ei bok som kommenterer korleis boka vert til - på ein måte. Og då tek det til å bli innfløkt, - det gjeld å halda konsentrasjonen oppe. Midt inne i boka byrjar ein dessutan å lure på kva som er verkeleg og kva som er "verkeleg". Men trass i dei heller avanserte handlingane og den spesielle og kompliserte strukturen, er boka lesverdig, spennande og underhaldande.

Å referere handlinga i ein slik roman er vanskeleg, fordi det er så mange som fortel og så mange lag i boka. Forfattaren sitt mantra i boka er "Fortellingen styrer fortelleren", men kven er egentleg forfattaren?

Det meste av handlinga skjer i London. Den steinrike, aldrande og dødssjuke Leonard Vermin reiser til denne byen for å feira 70-årsdagen sin. Hit kjem også sambuar Maud og dei vaksne borna hennar, den nevrotiske Irina og den umodne Gregorius. Dessutan har Leonard invitert ein heilt ukjend person frå New York; rekneskapsføraren Milos, med røter frå Tsjekkoslovakia.

Den unge Leonard møter lesaren via "Den gule notatboken", - her får me ei fin og gripande historie om Leonard sitt forhold til den mystiske Carla. Her er me òg i London, på slutten av 60- og byrjinga av 70-talet, under "den kalde krigen". Leonard vert gjennom Carla involvert i eit spion-nettverk, men han anar ikkje kva "side" han jobbar for. Opplevingane her pregar han, forstår me etter kvart, resten av livet.

Det er altså fleire forteljarstemmer i romanen. Eit godt stykke inne i boka dukkar det opp ein ny forteljar/forfattar, ein Lars Gustav Selén fra byen K- i Sverige, som i ungdommen tapte hjartet sitt til ei jente som (også) heitte Carla. Nesser briljerer i denne delen av boka, ei fantastisk oppvekstskildring frå 40- og 50-talets Sverige.

Eg hadde store forventningar til boka, og må sei at dei vart innfridde. Ingen skriv så ironisk-elegant som Håkan Nesser. Eg kjem heilt sikkert til å høyre boka igjen ved eit seinare høve. Då skal eg skaffe meg ei papirbok i tillegg, slik at eg bla litt att og fram medan eg les. Å lytta til boka var, sidan ho var så spesielt oppbygd, litt krevjande. Men Anders Ribu er ein svært flink opplesar.

Himmel over London byr på ei fantastisk kjærleikshistorie, ei spennande spionhistorie, glimrande personskildringar og er elles ei beretning om livet og døden. Rett og slett.


Terningkast? Førebels ein femmar. Ofte må eg justere karakterfastsetjinga etter at det har gått ei tid. Somme bøker er så gode at eg vert gåande og tenkja på dei, - og terningkastet må endrast etter ei nøyare vurdering. Og dette er som sagt ei bok som må fordøyast litt.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundStig TReidun Anette AugustinAvaGladleserTove Obrestad WøienHarald KNinaMaikenbandiniJulie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekSynnøve H HoelIreneleser