Skyggedød er femte og siste bok i Inger Johanne Vik-serien. Tidlegare bøker i serien er Det som er mitt, Det som aldri skjer, Presidentens valg og Pengemannen.

Me hugsar alle kvar me var på ettermiddagen og kvelden den 22. juli 2011. Me hugsar kjensla av det uverkelege i dagane som følgde. Anne Holt har lagt handlinga i den nye boka si til desse spesielle dagane. Skyggedød er ei god, viktig og svært lettlest bok. Ikkje superspennande, men likevel ein sidevendar.

Handlinga startar altså fredag den 22. juli, Inger Johanne Vik skal hjelpa si gamle gymnasveninne Ellen med førebuingane til kveldens selskap. Men når Inger Johanne kjem til det herskapelege huset, har det skjedd ei tragisk hending. Sander, den 8 år gamle sonen til Ellen og Jon Mohr, har dotte ned frå ei gardintrapp. Han er død. Alt tyder på ei heimeulukke. Foreldra er utrøstelege.

Kriminalpsykologen Inger Johanne prøver å ta leiiing i kaoset, ringjer naudnummeret til politiet gong på gong og skjønar ikkje kvifor ho ikkje kjem gjennom. Samstundes ser ho ei stor røyksky over Oslo sentrum. Omsider kjem ein politimann, den heilt nyutdanna og sosialt evneveike Henrik Holmen.

Ganske tidleg får me innblikk i at det er noko som ikkje stemmer under den perfekte fasaden til ekteparet Mohr. Både mor, far, farmor og husvenen Joachim har ting dei prøver å skjule. Holmen skjønnar instinktivt at noko er svært mistenkeleg, men etterforskinga hans er amatørmessig og klossete. Inger Johanne har sine eigne private bekymringar, og klarar ikkje heilt å ta inn over seg at noko er gale i den vellukka familien Mohr.

Plottet er ganske forutseieleg, men ein viss spenning finst gjennom heile boka. Temaet barnemishandling er så hjarteskjerande at sjølve plottet ikkje vert så viktig. Anne Holt handterer det vonde temaet på ein enkel måte, med eit enkelt språk. Ho set fokus på korleis omgjevnadene snur seg vekk, at folk ikkje torer å melde frå om mistanke om mishandling av barn. Det handlar òg om institusjonar som skule og helsevesen som burde ha teke ansvar for det som skjedde. Boka er god fordi temaet er så opprørande, ikkje fordi det er ein spesielt spennande eller godt oppkonstruert krimroman.

I etterordet skriv forfattaren at utgangspunktet for romanen er den såkalla Christoffer-saka. Hendingane i Regjeringskvartalet og på Utøya er kun eit bakteppe for historia i Skyggedød. Forfattaren viser oss ein familietragedie i skuggen av ein nasjonal tragedie.

Skyggedød er på mange måtar ei bok til ettertanke. Anbefalast!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Så forskjellig kan man se det! Synes boka har et godt språk. Ellers opplever jeg handlingen som langsom og omstendelig med både den uerfarne politimannen og hovedpersonen som" etterforskere". Linken mot 22.7 blir bare rart i historien, selv om jeg forstår at dette påvirket andre jobber. Det gjør ikke romanen bedre. Og slutten- viser enda en gang det urettferdige og meningsløse. Uten at det dette gjør boka god for me

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

AjiniakraTine SundalKay NilsenHauk1Torill Elisabeth RevheimLibraritas vHarald KDiddiAstrid MartetuhamreLinn Charlotte EdstrømAlice NordliHilde Merete GjessingTina EilertsenMarit HøvdeIngunn SWencheCarine OlsrødJan Erik  OlsenGodemineSissel Karlsen FjeldetThina NordtveitErikiJosefineIrene StrømlandIdaLama Diehl-DahlKaramasov11Dolly DuckFrank Rosendahl SlettebakkenJulie StensethCaroline H HeitmannMartin AasbrennMarit Ilstaderlend kongsvollStine SevilhaugAgnete M. HafskjoldDaffy Englundagoodtravellerelme