Klikk på en bok for å skrive en omtale.

Viser 1 til 20 av 196 bokomtaler

Tja... Eg forventa meir av denne boka, mykje grunna positiv omtale,prisar og høge terningkast. Heilt ok krim som aldri fenga. Sjølve historia er interessant nok, men eg blei aldri engasjert. Trur det skyldes at eg ikkje blei godt nok kjent med karakterane, dei blei liksom annonyme pappfigurar som eg ikkje kom under huden på. Eg syntest også at språket trekker litt ned - det er egentlig godt skrive, men litt for ofte er det overtydelig, gjentakande... Vi som lesarar blir fora med teskje. Ting som kunne blitt sagt enkelt med ein setning får ofte eit heilt avsnitt.

På syttitalet forsvinn ein gutunge brått og uventa og blir aldri funnen. Tjue år seinare mottar morfaren ein pakke i posten med ein sandal, kliss lik den guten hadde på seg. Kvifor no? Kven har sendt sandalen til han?Han kontakter dottera si og dei to forsøker å løyse den gamle forsvinningssaka.Som sagt likte eg sjølve utgangspunktet for historia, men klarte altså ikkje å engasjere meg og kjenne på spenninga som ein forventer å kjenne på når ein leser ein thriller.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kort sagt ei bok om folka i ei lita bygd på Island. Ingen klar hovudperson, men ein rekke små historiar om dei ulike menneska i bygda, og ting som skjer med dei, om relasjonar, om utvikling. Denne boka vil eg beskrive som vakker! Rett og slett; vakker – språket, innhaldet, oppsettet. På elegant vis får vi innblikk i dei ulike karakteranes liv – om draumane dei har, ønska, tankar, anger, håp. Dette er ein usedvanleg fin skildring av heilt vanlege menneske liv. Humor og alvor leikar fint side om side og maler fram flotte bilete av menneske og natur på Island.

Denne boka er original, ekte, sår, og fin og morosam. Ein skikkleg godtpose av ein roman! Ei bok som fortener merksemd. Ei bok du skal nyte med god tid og låge skuldre. Endå ei slik bok eg kjem til å lese igjen. Og igjen.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Denne boka her altså … å som eg koste meg!
Aldri, aldri aldri aldri hadde eg trudd at ei bok med stavkyrkjer, prest og bondepike skulle interessere meg i så stor grad.

Medan eg las opplevde eg ein herleg slags spenning; eg kunne liksom kjenne naturkreftane på kroppen, dei djupe dalane, skuggane, vatnet, lukta av skog og mose… Eg tenker tilbake på denne boka som fylt av dramatikk, forventing, spenning – ei kjensler av at noko skal skje: ein overordna kjensle av mystikk.

HANDLING:
Boka startar med å fortelle historia/sagnet om korleis dei to klokkane i stavkyrkja blei laga. Så hopper vi litt fram i tid til der historia utspeler seg på sluten av 1800-talet.
Vi følgjer i hovudsak tre karakterar:
1.) bondejenta Astrid – som er i slekt med klokke-makaren og dermed knyta til sagnet om dei to klokkane.
2.) Bygdas nye prest – han kjem for å ta over kyrkjedrifta. I forsøk på å redde meiningheita (mtp drift og økonomi) veljar presten å selje stavkyrkja som står der og bygge ei ny kyrke. Den gamle skal rivast og fraktast til utlandet kor ho skal byggast opp igjen. I den anledning kjem karakter 3 til bygda:
3) Ein ung arkitekt frå Dresden kjem til bygda for å utføre teikningar som gjer det mogleg å bygge opp kyrka igjen.

Her er trekant-drama, kjærleik, sorg, glede, dramatikk. Og gjennom det heile er spor av folketru, mytar, overtru og historie. Språket i boka er fantastisk og formidlar både bilete og ein atmosfære av mystikk. Språket flyter fint og lagar bilete utan at eg opplevde at skildringane blei lange og treige. Dette er ei bok eg kjem til å lese igjen. Og igjen! Mytting har verkeleg gjort grundig research og klart å skape ein høgst underhaldande og unik roman.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Umiddelbare tankar om den første boka i trilogien: ”Innsirkling” – av Carl Frode Tiller

Litt om ”konseptet” og plottet:
- David har mista hukommelsen etter ei ulykke, og i den forbindelse blir folka rundt han oppmuntra til å skrive brev til han, for å stimulere minnene, for å gje han eit bilete av kven han er. I boka følger vi tre menneske som har kjent David – ungdomsvenene Jon og Silje, og stefaren Arvid.
- Boka er delt i tre – og vil følgjer desse tre bekjente i kvar sin del av boka. Vi følger dei her og no (juni/juli 2006) - og får dermed sjå korleis dei har det, kva dei driv med, kva liva deirar handlar om osv… og denne ”no-tida” blir broten av med jamne mellomrom av utdrag av brevet dei har skrive til David – brev med tankar og minne om David.

DET EG LIKTE GODT:
- originalt og ”nytt” konsept for ei bok; noko eg ikkje har lese liknanande av før
- ein enorm menneskeleg g psykologisk forståelse og innsikt frå forfattaraen si side; ein kjenner igjen dei menneskelege karakteristikka; dei gode, dei vonde, dei flaue, tabu-tankane, ”galne” tankar.
- Spennande og tankevekkande
- interessant å sjå korleis David blir måla fram av dei andre sine tankar og minne. Og dette får ein til å sjølv reflektere litt på kven en er – korleis andre ser ein vs korleis ein ser på seg sjølv.
- det er ikkje noko fasit eller svar her på kven David er. Lesaren får sjølv danne seg eit bilete og eg ser føre meg at ingen sit igjen med heilt det same inntrykket av mannen David.
- Nettopp dette (punktet over) gjer også at dette er ei bok eg kan få lyst til å lese igjen seinare; for eg tipper at eg ved ein ny gjennomlesing vil tillegge karakteren David endå nokre nye karaktertrekk.
-
DET EG LIKTE LITT MINDRE:
- boka tek føre seg tre svært ulike karakterar, og alle desse tre skal skrive brev; då sakna eg ein tydelegare skillnad mellom karakterane. Skrivestilen er svært lik, språket og ordvalet er også veldig likt. For meg blei det tydeleg at det var ein forfattar som har skrive breva og ikkje karakterene i boka – for, treffer ein verkeleg på tre ”tilfeldige” menneske i den store verda som skriver så bra og som formulerer seg så likt?
- Dette samme poenget– språkvalet og formuleringar – er også noko eg syntes ødela litt når det gjaldt å følgje karakterane i no-tid; også her er skrivestilen veldig lik for kvar karakter. Måten tankane deirar blir skildra på, måten kjenseler kjem fram på .. det er så likt hos alle dei tre. Det blir nok ekstra synleg fordi det er skrive i første person. Alle tre karakterane fortel frå ”eg”-perspektivet, og hos alle tre er det tatt i bruk same slags verkemiddel – mellom anna gjentakningar og repetisjon.
For min del gjorde dette at det blei vanskelegare å sjå skilandene mellom dei tre karakterane; dei framstår (for meg) som likare enn dei er. Språket gjer at dei framstår ganske like, medan innhaldet og det som kjem fram gjer at ein veit at dei overhodet ikkje er like i det heile tatt.
- over tid; nesten tre hundre sider – blei det litt slitsamt å lese dette. Lange setningar, utallige komma. Skjønner jo at dette er virkemiddel og det fungerer (for det meste) veldig fint for å visekorleis dei ulike tankane utspelar seg, korleis assossiasjonar dukkar opp osv. Men når det heile vegen er skrive slik, som eit oppgulp av tankar og kjensler, blir det rett og slett litt for mykje av det gode. I mi audmjuke meining ville det gjort seg godt om det innimellom blei brote litt opp, at vi som lesarar i blant kunne få servert nokre kortare setningar, noko litt meir presist enn ”berre” lange tankebanar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Firaren eg trillar her er svak, men likevel ein firar. Eg tek med det noko hensyn til sjanger og målar boka opp mot tilsvarande bøker innen same "stil". Ei slik feel-good bok som dette vil - i mi meining - aldri kunne måle seg mot klassikarar, djupare romaner med sterkere plott. Og eg leser begrensa av "slike" bøker som dette. Men i blant er det godt å berre la seg draume vekk, lese og kose seg.

Denne overraska meg, positivt. For eg hadde ikkje særleg til forventningar etter å ha sett terningkast tre og lunkne kommentarar. Eg las denne boka rett etter å ha dedikert halvanna veka på Dickens "Vår felles venn" - nevner dette fordi det nok har litt å seie for korleis eg opplevde boka; eg forventa ingenting som kunne komme i nærleiken av Dickens fortellerkunst, og eg tørsta etter noko heilt anna, noko lett og ukomplisert, noko underhaldande eg berre kunne lese utan å "tenke" for mykje. Ei slags "pause-bok" etter Dickens, rett og slett. Og eg fekk akkurat det eg var ute etter.

I denne boka følger vi eit lite utval av karakterar - Tess som drar heim til heimbyen etter ein konflikt med ektemannen, Rachel som framleis sørger over ei dåtter ho mista for tjueåtte år sidan og som no også står i fare for å "miste" sitt einaste barneborn fordi sonen skal flytte til New York, og Felicity som er ei travel "perfekt" hustru med tre born og ein ektemann med ein hemmelegheit. Og det er denne hemmeligheita som utløyser ei kjede av hendingar som knyter desse karakterene og liva deirar saman.

Eg likar godt at synsvinkelen vekslar mellom dei ulike karakterane, og eg følte eg blei godt kjende med dei tre hovudaktørane i tillegg til den mindre karakterane. Likar også at språket flyter lett og formidlar historia på ein enkel måte - det blir aldri rotete eller uvoersikteleg. Likar også at det er ei undertone av alvor heile vegen utan at boka blir nitrist og mørk - humor finnst her; både ispråket/formidlinga og også i handlinga.

Ser at ein del "klagar" over språket i boka - då lurar eg på om det er den oversatte utgåva det er snakk om, for eg fann ikkje mykje å klage over då eg las denne på engelsk. Det er ikke noko utprega fenomenalt ved språkbruken i boka, men det er slettes ikkje ille, ikkje noko eg merka meg med, og det gjer eg ofte (mellom anna mislikar er sterkt "adjektiv-helvete" som ofte preger lettlesne "damebøker").

Eg likte altså denne boka godt! MEN - det har nok mykje å gjere med "mindsettet" eg hadde då eg las; at eg var på jakt etter nettopp ei slik bok, at eg ville lese noko enkelt og ukomplisert. Så - les denne når du er i humør til det. Ikkje les denne når du er ute etter fart, action, spenning, noko tankevekkande, noko djupt. Les denne for å draume deg vekk, for å kjenne på kjenslar, for å refelektere litt kring kjærleik.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er bok ein av ørten i Virgin River-serien.

Kort oppsummert: Småbygd-drama, romantikk, kliss-kass, feel-good, lettlest,

Litt lengre:
Sjukepleierska Mel har sagt opp sin kaotiske jobb på sentralsjukehuset i storbyen for å ta det rolegare, for å få ein ny start, for å leve ein stad kor ingen kjenner til det som plagar ho. Ho har nemleg mista ektemannen sin og klarar ikkje kome seg vidare fordi alle kring ho veit om det som hendte, alle er så fulle av sympati og medkjensle; ho får dermed stadig påminning om det som har skjedd og kjenner seg fanga i rolla som "stakkars enke". Ho takkar dermed ja til ein eitårskontrakt som sjukepleier i den vesla bygda Virgin River. Men - trøbbelet for Mel viser seg alt før ho rekker å starte i jobben din. Biltrøbbel, bustad og arbeid som ikkje stemmer med dei ho blei lova ... ho er på nippen til å snu alt etter ein dag, men så skjer det noko som får henne til å bli eit par dagar. Og etter desse "par dagane" blir det vanskelegare og vanskelegare å venda nasa heim. Gradvis blir ho glad i den vesle bygda og menneska der. Og - gradvis kan ho også finne mot til å gå vidare og til å bearbeide sorgen. Vi følger hovudsakeleg Mel, men får også innblikk i liva til ein rekke andre karakterar.

Eg vil nok (unnskuld til dei tærne som føler seg tråkka på) kalle dette for ein slags "guilty pleasure" for min del - det er ikkje denne "typen" litteratur eg pleier lese. Men av ymse grunner har desse bøkene til Robyn Carr verkeleg falt i smak - akkurat no. Mykje fordi:
- Therese Plummer gjer ein heilt fenomenal jobb som forteller/opplesar av lydboka
- eg har lytta til ganske mange middelmålege psykologiske thrillarar som har skuffa noko heilt enormt
- eg har vore sjuk med bihulebetennelse og ikkje vore særleg skjerpa; å lytte til noko enkelt på tur o.l har dermed vore veildig godt selskap
- Eg trengte noko ENKELT for å kunne strikke samstundes som eg lytta - kompliserte plott, fleire tidslinjar, ørten trillionar karakterar osv er dermed ikkje ideelt.
- Ved sida av lydboka har eg lese meir komplekse og kompliserte bøker (Dickens, mellom anna) og ville dermed ha noko lett ved sida av (som for å nullstille intelligensen eg byggjer opp via klassikarne eg les... :-P ....!)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Så langt den beste i Joseph O'Loughlin - serien! Velskriven, truverdig, originalt trass i at sjølve idéen (forsvinningssak /kidnapping) er velbrukt og utslitt innenfor krimsjangeren. Stort pluss for språk og skrivestil, Robotham skriver som ei tenåring i eit augenblink og som ein vaksen mann det neste - og dette gjer at karakterane blir veldig ekte. Også stort pluss for perfekt lengde - handlinga rullar ut i bolker, i små doser, utan at boka blir treig og langdryg. Spenning, drama, kjensler. Herleg gjensyn med fleire av karakterane frå dei andre bøkene i serien. Vil til slutt nemne at boka fint kn lesast utan å ha lese dei andre bøkene i serien. Ekstra gøy å ha kjennskap til karakterar frå før av, men absolutt ikkje nødvendig for å lese denne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne blir samenlikna med The Handmaid´s Tale - ei bok eg elska! Fallhøgda var dermed ganske stor, og eg må dessverre seie at boka ikkje berre fell; ho stupte. Starta bra, spennande utgangspunkt, interessant tema. Vi befinner oss omlag tusen år fram i tida. Forfattarinna av boka, Naomi, mottar eit manus, ein historisk roman, frå ein forfattarkollega - og det er dette manuset vi leser. Han tek føre seg fortida - då dette fenomenet "kraften" oppsto. Kraften som dukka opp i alle ho-kjønna i verda og endra verdsbilete. Så det vi leser er ein slags analyse og filosofering av korleis krafta oppsto, korleis ting moglengens var før krafta oppsto og korleis heila verda blei enda då krafta kom

men så ... interessen dabba av. Eg trur det skuldast at eg ikkje kjente noko for karakterene. Dei var liksom berre der som nokre pappfigurar som sa ditten og gjorde datten. Eg kom meg ikkje inn under huden på dei, dei blei ikkje "tredimensjonale" nok. Syntes og handlinga tidvis blei litt for overfladisk. Sakna meir kjensle, mer menneskeligheit. Tenkte fleire gonger undervegs at denne boka ville gjort seg betre som film eller TV-serier enn som roman (og - det viser seg jo gså at boka skal bli til TV-serie...)

Absolutt underhaldande og tankevekkande. Men ingen høydare. Boka hadde stort potensiale, som eg føler at blei ødsla bort, dessverre. Kunne blitt så bra dette, men nei, noko eg ikkje klarar å sette fingeren på gjorde at boka ikkje blei det meisterverket ho kunne blitt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette er ei fin bok om familie og relasjonar - og ikkje minst om sjukdommen Alzheimers; spesifikt "early onset alzheimers" som har ramma den så vidt førti år gamle tobarnsmora, Claire, i denne familien.

Vi følgjer handlinga her og no - Claire si siste dag på jobb før ho må trekke seg ut av arbeidslivet fordi ho ikkje er frisk nok lenger, eldste-dottera som kjem heim frå universitetet på ferie og som har sitt å stri med, Claires ektemann som er den hukommelsen og kjenslene kjappast gløymer, yngstedottera på tre som ikkje skjønner kva som skjer, og sist men ikkje minst - Claire si eiga mor som alt har pleid sin ektemann for same sjukdom heilt til han dauda; no må ho pleie si eiga dotter for samme sjukdom.

Vi følger mest av alt Claire, inn og ut av klarheit og får sjå korleis sjukdommen påverker ho og dei rundt henne. Vi får også innblikk i fortidas minner via ei notatbok - "The Memory Book" - som alle i familien bidrar med å fylle opp av minner.

Författarinna klarar effektivt å veksle mellom dei ulike karakterane, og mellom fortid og notid utan at det blir tilgjort eller kunstig. Likar godt språket også - det er ganske rett fram og heldigvis utan ein unødig mengde adjektiv og langdryge skildringar. Truverdige plott, ekte karakterar med dybde, humor blant alvoret, gode dialogar.

Må også nevne at skuld-kjensla kjem godt fram i denne boka. Utan at ho noko sinne blir direkte nemnt, kan ein likevel sjå korleis absolutt alle (kanskje utanom den uvitne og lykkelege minstemann på berre tre år...) i boka kjenner ein slags skuldkjensle over ikkje å strekke til, ha manglande tålmod, over å være sjuk ...

Har med tida lese ein god del bøker kor Alzheimers og/eller demens er eit tema, og då eg etter ei lita stund oppdaga at det var tema også her blei eg faktisk litt skuffa og tenkte med eit sukk at; årgh... endå ei alzheimers-bok. MEN MEN MEN - eg er verkeleg glad for at eg las boka ferdig, for det handla om så utruleg mykje meir enn det. Altså blant dei bedre "alzheimersbøkene" er har lese, sannsynlegvis fordi vi i boka får følgje fleire karakterar, og fordi det fins ein fin balanse her mellom tårevåte episodar og humor. Denne boka her gjorde større inntrykk på meg enn kva er forventa - for no, ei veke etter å ha lese boka, hugsar eg alt eg las og kan lett leve meg inn i handlinga igjen. ´

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette er den sjette boka i serien "om" Joeseph O´loughlin. Sjette, i hermeteikn, fordi Joe kun har ei lita birolle i denne boka, litt som i bok nr to i same serie: her er det politimannen Ruiz som står for det meste av "spot-light"-et. Viktig å påpeike at denne boka fint kan lesast utan å ha lese dei andre bøkene i serien. Handling og karakterane krever ikkje noko meir tidligare kunnskap.

Denne boka tar føre seg økonomisk svindel og kvitvasking av pengar, og handlinga utspeler seg internasjonalt - vi følgjer karakterar i Washington, USA: London, UK: Afghanistan, og Irak. Konflikten med Saddam står sentralt her, og det heile er både lærerikt og realistisk.

At forfattaren har bakgrunn som etterforskende journalist, kjem klart fram i denne boka, og han har gjort ein fantastisk jobb med å komponere denne thrilleren som er vanvittig spennande reint litterært, men samstundes høgst aktuell og realistisk. (Han skriver eit lite notat sist i boka om at stoffet er basert på research). Forfattaren har også erfaring innen fagfeltet psykologi - noko som kan sjåast i alle bøkene hans på måten har klarar å formidle karaktertrekk og menneskeleg natur på

I London er ein bankarbeidar forsvunnen, og kona og kollegene leiter. Holly og kjærasten får hjula til å gå rundt ved å stele og bedra seg til det dei treng av pengar. I Afghaninstan bedriver jurnalisten Luca etterforskningarbeid etter at endå eit bankran oppstår og fleire av dei involverte er drepne. I Washington sit det ein bekymra mann som vil utslette alle spor ...
Vi følgjer i denne boka ein rekke karakterar, mellom anna: ein journalist i Irak, eks-politimannen Ruiz i London, den nittenårige ungjenta Holly, bankarbeidarens gravide kone, terroristar, bankeigarar, innvestorar m.f

Trass i det store persongalleriet følte eg at eg blei godt kjend med personligheitene, at dei fekk nok "plass" til å utvikle karaktertrekk som gjorde at eg blei kjend med dei. Robotham vekslar elegant mellom dei ulike landa og karakterane og klarar å formidle eit ganske komplisert og samansatt plott på ein ryddig måte.

Denne boka anbefalest sterk til alle som vil lese ein høgst realstisk, aktuell og lærerik kriminalroman. Ikkje minst byr boka på spenning til siste side. Dette er ei bok som fortener eit større publikum.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fire glitrande stjerner!
Denne boka blei berre betre og betre. Det er ingen sterk spenningsbok dette. Det er ei roleg bok fullstappa av kjensler. Handlinga foregår relativt sakte, men eg blei likevel oppslukt av boka og las ho fort ut.

Ei gatekatt blir tatt inn i hus av ein katteelskande ungkar. Nokre år seinare må katta få ny bustad då ting endrar seg i livssituasjonen til denne mannen. Mens han leiter etter ein ny og eigna plass for katta reiser dei to i lag til desse aktuelle stadene - som sjølvsagt ikkje er gode nok for den fantastiske katta hans. Undervegs i reisa, via menneskene han oppsøker, får vi innblikk i fortida og oppveksten. Samstundes fortsetter handlinga her og no fram til den endelege staden der katta skal fortsette å bu

Ei bok for alle!
Særleg er dette ein "must read" for alle dyreelskarar. Men ein treng ikkje vere katteeigar for å like denne boka (eg har ikkje katt!).

Fordattarinna vekslar elegant mellom å fortelle i tredjeperson og å la katta fortelle mykje av historia frå si stemme i førsteperson.

Boka er kjenslerik utan å bli sentimental, situasjonar og kjensler er gjenkjenbare, karakterane er truverdige, språket er godt - mykje blir fortalt på desse 250-isj sidene, det er ikkje noko overflatisk og unødig, ingen overdrevene lange skildringar og dialogane fluter også godt.

Les les les!!!!

Feel good (og litt feel sad) på sitt beste

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette er den første svenske klassikaren eg les, og også den første av denne forfattarinna. Eg blei i utgangspunktet nyfiken pga tittelen, deretter fordi eg leste at Selma Lagerlof var den første kvinna som vann Nobelsprisen i litteratur.

SUPERKORT SKILDRING AV BOKA:
Ei relativt spinkel og mager bok, med ein relativt stor fortelling inni.

HANDLING:
Hovudpersonen i boka er Jan og vi får i denne boka sjå korleis han opplever å for første gong kjenne og erfare kjensla av kjærleik. Denne kjærleiken vaknar i han då dottera (som han i utgangspunktet ikkje er særleg begeistra for å skulle få...) blir født. Og så - då ho omsider forlét heimen som syttenåring går denne kjærleiken over i noko anna, til noko vondt og altoppsluknade som driv han frå vettet.
I boka følger vi Jan, Kattrina, dottera, og tidvis ein del andre mindre karakterar. På sine knappe to hundre (+) sider får forattaren formidla ein stor fortelling og nokre "små", fattige menneske i Sverige.

EI LITT MEIR UTDYPA SKILDRING AV MITT MØTE MED BOKA:
Eg frykta at boka skulle vere "seig" og treig, at hennar alder skulle gjere språket framande og komplisert. Heldigvis var ikkje dette tilfelle. Dette er ei lettlesen lita bok som gjer ein mogleheiten til enten å "berre lese" og følge plottet, eller ein kan velgje å dvele litt ved enkelte parti - for det står mykje mellom linjane her. Mykje kan tolkast, mykje kan ansjåast som frampeik og hint. Og det finsst og ein god del symbolikk her. Men dette kan ein også velgje å "ignorere" og likevel få ein fullgod lese-oppleving.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Omslaget gjer at ein forventer å flire seg gjennom boka, og omslaget bidrar derfor, dessverre, til å auke lesarens forventingar alt før boka blir opna - og dette gjer at dei fleste nok blir litt skuffa. For jo da, boka ER morosam, det finst ein del komiske scenar, ein del tankar man kjenner seg att i osv, men hysterisk er ho ikkje.

Boka tek føre seg Ingrid Winters liv i ei relativt kort periode kor ein del ting skjer - huskjøp, hussalg, små-konfliktar i foreldre-rådet på skulen, nokre episodar i barnehagen, utfordringar på jobben. Det heile toppar seg då ho blir sendt til Russland for å lage ein samarbeidsavtale med universitetet der, noko som viser seg å bli ein hendelesrik og utfordrande affære.

Eg likte boka ganske godt, heilt til denne Russlands-reisa kom inn i bilete omtrent halvvegs i boka: då syntes eg det blei litt for mykje, litt for morosamt, litt for dramatisk ... det blei ikkje truverdig, eg klarte ikkje tru på Ingrid Winter som karakter.

Eg likar små-vittige, sarkastiske bøker. Men denne traff meg ikkje. Eg føretrekk då heller bøkene til Marit Eikemo - som skriv litt i same stil, men med betre utvikla karakterar, meir realtistiske situasjonar og med ein humor som verker meir naturleg/mindre tvungen.

Alt i alt er dette ei heilt ok bok - lettlesen, småvittig, koseleg - men den er ikkje noko meir enn det. Dessverre er det ei slik bok eg "gløymer" så snart siste sida er lesen ut, ei bok eg neppe kjem til å tenke på eller ønskje å lese igjen. Men - ho fekk då laurdagen til å gå, om ikkje anna.

Les om du er i humør for noko veldig lettlesen som ikkje krever særleg konsentrasjon, les når du vil lese ei bok på ein dag eller ila ei helg, les når du berre vil slappe av og ikkje tenke. Ikkje les om du ser føre deg at eit lattarbrøl skal frakte deg gjennom sidene - det skjer ikkje. Og; ikkje tru på alt du høyrer (=bok-omslagets lovord)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nei - kva skal ein seie?
Dette var ... stusseleg, det var overdrevent-overdramatisk, lite truverdig, hysterisk: såpass "over the top" at det tidvis blei komisk. Likevel fullførte eg - noko som nok skuldest at eg lytta til lydboka og at ho som las gjorde ein god jobb slik at dei blei solid underhaldning av det. Hadde eg derimot lese boka sjølv, trur eg neppe eg ville komt halvvegs utan å bryte av. Grunne karakterar utan særleg personligheit, tidvis veldig forutseigbart... nei... dette er det siste eg les av denne forfattarinna

Vi følger eit ektepar her, kor han er ein psykopat som har gifta seg utelukkande for penganes og livsstilens skuld. Konfliktene startar alt før boka er i gong, vil eg tru, men spissat seg til då ho oppsøker fertilitetsklinikk for å få hjelp til å bli gravid. Ho veit ikkje at han har sterilisert seg. Ho veit heller ikkje at han sjekker damer på si, og lever eit parallelt liv kor han utgjer seg for å vere ein annan mann. Då ho oppsøker klinikken, vil dei også undersøke mannens sperma -Korleis skal han hindre henne i å finne ut at han er steril? Korleis skal han leve vidare på løgnen? Han legger ein plan for å kome seg ut av knipa, ein plan som må vere slik at han ikkje mister tilgongen/rettigheiten til formuen hennar. Og ho? let ho seg lure? Kven fortel den siste løgnen?

Om du trenger eit krimplott å le av - og ikkje fordi det med vilje er morosamt ... - ja då er dette er kjempetips!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette er tredje bok i serien om psykolog/professor Joeseph O´loughin, og det er - i min ydmyke mening - så langt den beste boka i serien.

Joe og familien har flytta ut av London og inn i eit lita hus i utkanten av småbyen Bath, kor Joe no arbeider deltid som professor på det lokale universitetet. Han sliter framleis med "Mr. Parkinson" (sjukdommen), men verker til å innretta seg i større grad no enn i dei tidligare bøkene. Sjukdommen og dei tidligare hendingane (ref bok 1 og 2) er mykje av grunnen til at dei flytta, for at han skulle slute i arbeidet som psykolog og berre jobbe litt deltid som førelesar.

Handlinga kjem fort i gong ved at politiet dukkar opp på kampus for å hente Bruno (sjefen til Joe) - dei ønsker hans assistanse ifbm med eit potensielt sjølvmord: ei naken kvinne står på utsida av rekkverket på ei bru, i ferd med å hoppe. Dei vil ha han med for å prate henne frå det - noko Bruno har bistått med tidligare. Men nei, han kan ikkje, er midt i noko, og han får Joe til å bli med i staden for. Nokre dagar seinare skjer noko liknande med venninna til denne dama. Og Joe blir meir og meir involvert i saka.

Dette er ein spennande thriller, eg blei verkeleg opplsukt av handlinga og sleit med å legge boka vekk. Dette er ei slik bok ein kan lese fort ut - ei slukebok. Og slike likar eg godt! Dei to føre bøkene er litt "treigere" - ikkje at dei er mindre spennande altså, men eg opplevde likevel stemninga som meir dempa og at handlina utvekla seg litt saktare.

Stort pluss for eit originalt og realistisk plott som blir holdt innanfor grensene slik at det ikkje blir overdrevent dramatisk og mister truverdigheit, slik eg ofte opplever at thrillere gjer. Karakterane er velutvikla og ekte, dialogane reelle. Karaktergalleriet held seg akkurat lite nok til at ein ikkje mister oversikta. Ikkje minst trekker språket opp: Via billedlig språk får ein kjenne på stemninga og sjå føre seg det meste - dette heilt utan at det blir eit adjektiv-helvette, og utan at skildringane tek opp mykje plass og merksemd.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Boka som for alvor gjorde meg glad i lesing var Diane Setterfields bok "Den trettende fortellingen" - det er ei bok eg no har lese tre gonger, på norsk, på engelsk, og som lydbok. Og kvar gong finn eg noko nytt, ei ny samanheng, eit nytt hint, eit nytt teikn/symbol/metafor.
Så ... når eg no fann denne boka her av same forfattar var eg litt redd for å gå laus på ho, for forventningane var høge, og dermed også fallhøgda like så. Heldigvis var eg uroa utan grunn - nok ei perle av ei bok!

Boka er skriven på eit språk som gjer at eg opplever ho som eit slags eventyr for vaksne. Heile handlinga litt innpakka i ein slags mystikk og undring. Det finnst element av noko overnaturleg i boka, men eg vil likevel nøle med å seie at sjangeren "fantasy" er gjeldane. Boka er solid gjennomført både mhp språk, karakterar og plott.

Slik eg ser det, er denne boka ein slags (vellykka) kombinasjon av mysterium, mystikk, magi, dramatikk og romanse.

Kort om handlinga:
Ein haustkveld dukker ein skada mann opp på den lokale pub-en. Med seg har han ei livlaus jentunge. Mannen er hardt skadd, og segner om. Sjukepleirska blir tilkalla. Ho fastslår at jenta er daud. Men så - kort tid etter at ho har fastslått dette finner ho svak puls, og får liv i ungen igjen. Mannen blir liggande i sjukesenga nokre dagar. Då han vaknar til er minna hans vage og han veit ikkje kven jenta er. Historia om den daude jenta som vakna til liv sprer seg i området, og tre ulike personar/familiar dukkar opp for å ta til seg ungen - som dei hevder tilhøyrer dei.
Vi følger dei tre, samt menneska rundt.

Boka byr på spenning og mystikk. Samstundes finst mykje humor mellom linjane - elegant humor som ikkje blir kasta på deg, men som ligg litt skjult og uhøgtidleg spredd. Karakterane er herlege og velutvikla. Plottet henger godt i hop. Språket løfter heile boka opp - det er tidvis litt lyrisk, utan å bli for billedleg og treig. Samstundes er det flytande og enkelt å lese. Og ikkje minst er det morosamt, sjølv om humor på ingen måte står sentralt i fokus i denne boka.

LES LES LES!!!!!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det er alt skrive mykje om denne boka, og å gjenta det same som alt står skriven tilfører ikkje stort av verdi. Eg vil likevel skrive nokre få ord om boka då dette er bok som fortener omtale, merksemd og fleire lesarar. Dette er ei bok som tidleg utpeika seg som favorittliste-kanditat hjå meg, og som sidan har stått på den lista, og der kjem ho til å bli ståande.

Å halde lesarens merksemd gjennom 800 kompakte sidar er ein bragd! Og forfattaren gjer nettopp det. Ikkje eit sekund sukka eg over bokas lengde eller tenkte at ho skulle vore strammare redigert (slik eg ofte elles gjer med mursteinsbøker).

Boka handlar om fire menneske sitt liv i India i perioden frå unntakstilstanden til frigjeringa. Det er altså ein realistisk og historisk roman. Verken historia/sannferdigheita eller realismen står i vegen for romanen - tvert om! Romanen er i fokus, historie-delen er eit slags bakteppe som ikkje tek over fokuset. Og eg trur det er mykje av grunnen til at denne boka fungerer såpass godt. EIn lærer mykje om INdia ´utan at ein opplever å bli skolert på noko som helst vis

Bokas plott et sterkt! Liva til desse fire karakterane blir formidla med flytande overganger mellom dei ulike karakterane, vi blir godt kjende med dei kvar for seg, og saman som gruppe. Karakteranes styrker og svakheiter gjer dei truverdige, ekte, og høgst likandes! Boka vekker kjensler hos oss som lesarar óg; sinne, sorg, frustrasjon på vegne av dei mange stakkarslege skjebnene, men også augenblink med glede, lattar og fascinasjon.

Ein ting til eg likte særs godt og som må nevnas er at "alt" i boka henger i hop på elegant vis - ei raud tråd, balansekunst, finnst gjennom heile boka. Alle små hendingar, alle karakterane, alt kan på sett og vis settast i hop til slut - akkurat som lappeteppet symboliserer. Sjakken, tigginga, kjærleiken, skadene, dødsfalla, politikken, familielivet, sjukdom, skjebne, ... dei mange tema og aspektene blir samla på elegant vis!

Dette er ei bok man verkeleg MÅ lese.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ei skikkeleg feel-good bok med skarp humor, herlege karakterar. Ikkje noko banebrytande eller nytt, men ei perfekt bok å slappe av med. Kjærasten og eg lytta til denne lydboka på veg heim frå nyttårshelga. Koste oss godt, begge to!

Vi følger livene til tre karakterar i tida fram til jul - ein smådeppa, gretten taxisjåfør; ei overarbeida, ung advokat; og bestemora til denne ungen damen. Og det er denne bestemora som er limen i historia.

Kort bok, lettlesen, humoristisk utan å bli fjasete. I år blei "En dag i desember" på sett og vis "kåra" til den store juleboka. Eg las ho. Og så las eg denne. Og slik eg ser det er dette ein mykje betre "julebok": Handlinga utspeler seg i desember - i tida fram til jul, julesteming (og mangel derav) spelar ein rolle i boka, gåver, julemat osv går igjen. Jul er eit tema, men det ikkje hovudtemaet. ("En dag i desember" derimot handlar i grunn fint lite om jul..!)

Godt sagt! (0) Varsle Svar
Denne teksten røper noe fra handlingen i en bok. Klikk for å vise teksten.
Godt sagt! (6) Varsle Svar

Fin historie, lettlest og rørende. Fort lest og nok også ganske fort glemt. Fullgod kosebok med gjenkjennelige følelser. Ikke noe som gir varig inntrykk, men ypperlig underholdning. Fin bok når en vil lese noe lett, romantisk og småklissete. Ikke nor for deg som vil utfordres intellektuelt eller som er gira på noe dypt og tankevekkande. For meg passa denne perfekt å lese som avbrekk mellom to smånifse krimbøker.

Jente ser gutt og faller pladask. Leiter etter han i ett år... Finner han omsider men da har ting Endret seg og Rt forhold er uaktuelt. I løpet av ti år spiller disse to en viktig rolle i hverandres liv, venner, uvenner, støttespillere, forbudt kjærlighet...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

Thomas KlakeggBjørg L.Ole Jacob OddenesEli HagelundHildeTine SundalInger-LiseHanneBirgitte Veland LarsenConnieMereteBjørn  BakkenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudSolGVHilde OlaussenRisRosOgKlagingArne SjønnesenMorten JensenKay NilsenHeleneVibekeMari Nordø LommelunAjiniakraEllen E. MartolKristin F. JørgensenTinaHeidiBoktimmyMcHempettLine TrulsenLibraritas vkntschjrldLailaSigrid Blytt Tøsdalellie d.John LarsenBente NogvaBjørn Erik Strand-HanssenSynnøve H Hoel