Omtale fra forlaget
Heime gjer Isak alt for at mora skal halde ut. For mora treng kvile. Ho er avhengig av han, og tvingar han til å skulke skulen. På andre sida av skogen ligg nabogarden, og ein framand mann har flytta inn. Gradvis utviklar mannen og guten eit slags taust vennskap. Mannen gir guten tyggis eller kjeks. Naboen har også ein kjærast med langt, lyst hår. Og dei inviterer Isak med på grilling og bading. Kan dei bli ein ny familie for Isak? Vil dei det? Kvar dag skal vi vere så modige handlar om dei som har det vanskeleg, om dei vi overser. Men også om dei som plutseleg bryr seg. VINNAR AV P2-LYTTARANES ROMANPRIS!
Forlag Cappelen Damm
Utgivelsesår 2022
Format Heftet
ISBN13 9788202760458
EAN 9788202760458
Språk Nynorsk
Sider 172
Utgave 1
Tildelt litteraturpris P2-lyttaranes romanpris 2021 Lytternes romanpris 2021
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Jeg skal forsøke å lese så mange som mulig av romanene som er nominert til prisen jeg omtalte i dette innlegget før juryen begynner å diskutere: P2 lytternes romanpris 2021, de seks nominerte
Den første romanen jeg har lest som er nominert er Kvar dag skal vi vere så modige av Brynjulf Jung Tjønn. Ikke mange sider, 173, men den inneholder en sterk historie. Den handler om Isak på 10 år som opplever omsorgssvikt, og historien er fortalt ut fra Isaks synsvinkel:
«For ikkje så lenge sidan var det ei dame som ringde på, og mamma kviskra at det var Jehovas vitne. Vi huka oss ned under kjøkenvindauga, og eg var så redd for å røpe oss at eg heldt pusten. Eg hadde sett bilen hennar stanse ute på tunet. Det var ein gammal bil som bråka mykje, og eg fekk eit glimt av henne før ho kom bort til ytterdøra vår. Håret hennar var lyst og krøllete, det var noko kjent med henne, men mamma drog meg bort frå vindauga, kviskra at det var Jehovas vitne. Etter kvart høyrde vi stega hennar utanfor, og plutseleg kvapp vi til då ho banka på vindauga. Hadde ho sett oss? Ho ropte også eit eller anna, og eg tenkte at dette hadde ikkje Jehovas vitne gjort før. Etter ei stund gjekk ho, og eg såg ho sette seg i bilen. Det var så vidt eg torde å kike ut gjennom den vesle sprekken i gardinene i stuevindauget. Ho køyrde den raude bilen ut av tunet, men då ho svinga ut på vegen, stoppa bilen. Som om ho stod der og såg bort på huset vårt. Eg dukka ned igjen og heldt pusten, sjølv om ho var eit stykke unna, sjølv om ho sat i bilen. Har ho køyrt? spurde mamma.
Eg rista på hovudet. Mamma sat framleis på kjøkenet, på den same plassen. Så ringde telefonen og vi kvapp igjen. Mamma såg mot telefonen, men Iét han berre ringe.
Kven er det som ringer? kviskra eg.
Ingen, svara mamma. Eg kika ut igjen gjennom glipa i gardina og bilen stod der framleis. Og eg fekk plutseleg ei kjensle av at det var dama i bilen som ringde. At ho stod der borte på vegen og såg bort på huset vårt og ringde. Kva var det med Jehovas vitne? tenkte eg. Dei hadde kome så ofte hit den siste tida.»"
Moren til Isak vet selvsagt at det er barnevernet som ønsker å komme i kontakt med henne, mest sannsynlig på grunn av bekymringsmeldinger barnevernet har mottatt. Moren ligger mesteparten av dagen i senga på soverommet bak lukkede gardiner. Når hun kommer ned på kjøkkenet ber hun Isak gå ut fordi hun trenger tid alene:
«Eg går ut av huset, lukkar døra roleg. Mamma likar ikkje at det bråkar, ho får så vondt i musklane av det. Og viss ho får vondt i musklane, så kan ho få hovudpine. Og viss ho får hovudpine, må ho gå på rommet sitt og trekke gardinene for og ligge der i mørket i fleire dagar. Då må det vere heilt stille. Eg må sitte i stua og sjå på tv utan lyd. Men av og til kan det vere greitt at lyden er av. Spesielt når det er skyting og slåsting. Å sjå på skyting og slåsting utan lyd går fint. Det gjer meg ingenting. Heller ikkje at det er mykje blod.»
Noen dager krever moren at han er hjemme fra skolen:
«Eg pakkar skulesekken. Men så høyrer eg steg i trappa. Eg blir ståande ved kjøkenbordet og lytte. Skritta til mamma kjem nærare og nærare, og snart opnar døra inn til kjøkenet seg.
Du må bli heime i dag, seier mamma. Eg føler meg ikkje så bra. Er det greitt, guten min?
Eg slepper taket i sekken og nikkar.
Så fint, guten min. Kan du finne litt mat til meg?
Eg nikkar igjen. Eg hentar fram ein tallerken og går inn på spiskammerset, hentar fram pålegg og mjølk. Mamma set seg ved bordet.
Set deg, du Og, Isak.
Eg gjer det, sjølv om eg allereie har ete.
Mamma smører brødskiva og et utan pålegg. Det glinsar smør av leppene hennar.
Veit du korleis eg helst vil døy? spør mamma plutseleg.
Eg ser på henne og ristar på hovudet.
Aller helst vil eg berre slokne, seier mamma og tygg.
Slokne? spør eg.»
Utenom en klassekamerat, Yardan, Harald på butikken som lar Isak handle mat på krita, og den tause og tilsynelatende ensomme naboen, er det ingen som ser Isak:
«Han kom til bygda for omtrent eit år sidan, då eg gjekk i fjerde klasse, og kvar gong eg ser han, så er han aleine. Han er nesten slik som eg. Eg er også mykje aleine. For mamma vil ikkje ha besøk. Ho vil at det skal vere henne og meg. Det er best slik, seier ho.»
Når læreren spør Isak hvorfor han ikke kom på skolen, svarer han at han måtte hjelpe moren. Læreren sier at hun har forsøkt å ringe moren, men at hun ikke tar telefonen. Hun ber Isak ringe henne.
Kan Line, kjæresten til naboen som dukker opp, utgjøre en forandring for Isak?
Boka er nominert til P2-lytternes romankonkurranse. Det er ei fin, lita bok med sers godt språk og med mykje tankestoff mellom linene. Personane er truverdig skildra og sjølv om temaet er tungt, omsorgssvikt, og barn som er overlaten til seg sjølv med ei psykisk sjuk mor, blir det aldri traurig eller for mørkt. Lys finst, menneske med empati finst. Absolutt lesverdig.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket118 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket