Omtale fra forlaget
Dette er den fengslande historia om to kvinner, den briljante, boklærde Elena og den lidenskaplege, ubereknelege Lila. Begge slost ein gong for å komme seg vekk frå strøket der dei vaks opp - eit nabolag prega av vald og ufridom.
Elena har gifta seg, flytta til Firenze, stifta familie og gitt ut fleire kritikarroste bøker. Men no har ho komme tilbake til Napoli for å vere saman med mannen ho alltid har elska. Lila, derimot, har aldri lykkast med å frigjere seg frå Napoli. Ho har blitt ein suksessrik bedriftseigar, men nærkontakten med den verda ho alltid har teke avstand frå, set ho på prøve. Men Lila er ustoppeleg, uregjerleg, uforgløymeleg!
Med Napoli som bakteppe, ein by like forførande som han er farleg, i ei verd i dramatisk endring, er historia om eit livslangt vennskap fortald djupt ærleg og med ein briljans som saknar sidestykke.
Frå italiensk ved Kristin Sørsdal.
«Ein av dei aller beste romanforfattarane i vår tid.»
The New York Times Book Review
«Elena Ferrante vil ta pusten frå deg.»
Alice Sebold, forfattar av Alle mine kjære
«Et moderne storverk ... Lesningen av romanene ender opp som en besettelse.»
Aftenposten
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2016
Format E-bok
ISBN13 9788252188837
EAN 9788252188837
Serie Napoli-kvartetten (4)
Omtalt tid 1960-1969
Språk Nynorsk
Sider 572
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Kritikerprisen for beste oversettelse 2016
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Akkurat ferdig med bok 4, skulle ønsket det var mange flere bøker i denne serien. Fantastisk lesing.
Siste bok i Elena Ferrantes kvartett fra Napoli er fullendt, gjennom Historia om det tapte barnet. Her er mye dramatikk både på det personlige og det relasjonelle plan. Les gjerne mer i bloggenher
"Av yrke må eg lime éi hending til ei anna med ord, og til slutt må alt framstå som samanhengande, endå det ikkje er det."
"Men viss samanhengen ikkje finst, kvifor late som?"
"For å skape ein orden."
Og dessutan finst det svært få ekte intellektuelle. Størsteparten bruker heile livet på sløve kommentarar til andres tankar.
Var det mogleg at mens eg sat og laga litteratur, var dei [døtrene] i ferd med å gå seg vill?
Åh, for ein by, sa tante Lina til dottera mi, for ein strålande og betydningsfull by: Her har ein snakka alle språk, Imma, her har ein bygd alt mogleg, her har ein slått sund alt mogleg, her har folk ingen tillit til sladder og gjer ikkje anna enn å sladre, her har du Vesuv som kvar dag minner deg på at alle bragder utført av mektige menn, dei mest storslåtte verk, kan elden, jordskjelvet, oska og havet gjere til ingenting på få sekund.
Dette er de bøkene jeg har lest i 2017. Boktitler blir lagt inn etterhvert som de er lest.
Her er en oversikt over bøker jeg har lest i 2016. Bøkene legges kronologisk inn etter lesedato.
Skjønnlitteratur satt i historiske omgivelser. Fra romaner satt til eldre historiske omgivelser (f.eks. Jan Guillous trilogi om Arn Magnusson satt til Middelalderen), til nyere historiske omgivelser (f.eks. Anne Karin Elstads slektskrønike "Folket på Innhaug" satt til 1800-tallet, og Erling Pedersens slektskrønike om Anna og Johan satt til 1900-tallet).