Der avslutta eg kvartetten om Elena og Lila, dei to venninnene frå Napoli og deira spesielle vennskap. Eg veit nesten ikkje kor eg skal begynne, men at dette er romankunst er det ingen tvil om. Her er det og på sin plass å gi honnør til oversetjaren Kristin Sørsdal som har gitt boka ei nydeleg nynorsk språkdrakt.Berre språket i bøkene er grunn god nok til å lese dei.

Dette er ein oppvekstroman som skildrar korleis det var å vekse opp og bu i Napoli, på godt og vondt. Mest det siste kanskje, i alle fall frå vår synsvinkel som innbyggjarar i eit samfunn som for dei fleste er både trygt og forutsigbart. Me følgjer jentene frå dei var små og inn i alderdommen, forelsking, giftarmål, skilsmisse og død. Vennskap og fiendskap, politiske hendingar og kvardagsliv. Og kanskje er det dette som er romanen si styrke, skildringane som gir lesaren så klare bilder frå heimane, gata, byen og landet, og ikkje minst skildringane av menneska gjennom hovudpersonen Elena sine auge.

Dei fleste som er interessert i litteratur har nok høyrd om både forfattar og romanane hennar. Er du i tvil om desse bøkene er noko for deg vil eg seie: lån den første uansett og sjå kva du synest. Sjølv meiner eg bok nummer tre er den svakaste, og nummer fire er kanskje seriens beste. Dette er ikkje "damebøker" og eg håpar inderleg at også menn vil lese desse bøkene. Det er dessverre slik at nokre menn berre les bøker av andre menn, det er det her ein god grunn til å endre på.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Det er en stund siden jeg leste denne nå - men fikk repetert den litt da jeg la inn kladden min i bloggen nettopp.Jeg blir mer og mer klar over at dette er "romankunst" som du sier. Vakker og mystisk, men også litt rå og voldelig. Det ligger mye symbolikk i denne - og man får sannelig litt å tenke over i ettertid. Er spent på hennes neste bok som er klar for norsk lansering denne våren.
Mer om "det tapte barnet" i Reading Randi

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

kntschjrldAnne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsenHarald KsomniferumStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette Augustin