Ingen hylle
Ingen lesedato
Ingen favoritt
Ingen omtale
Omtale fra forlaget
Ei kvinne har vore gjennom ein lang adopsjonsprosess. I postkassa ligg eit brev som skal endre livet hennar.
Ei kvinne går gjennom gatene med ein trillekoffert. Ho skal ta hemn. Ho skal slå tilbake mot Staten. I kofferten ligg ein død katt.
Ei kvinne går lange turar langs havet med hunden sin. Når ho ikkje jobbar med å ringmerke fuglar, held ho seg mest for seg sjølv.
Dei tre historiene flettar seg saman til ei sterk forteljing om raseri, galskap og flukt frå fortida. I «Tre vegar til havet» skildrar Brit Bildøen avmakt i møte med byråkratiet og kva desperasjon kan gjere med eit menneske. Samstundes teiknar ho eit urovekkjande bilde av ei tid der fugleartar forsvinn i rasande fart, og der menneske kjenner seg åleine blant sine eigne.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2018
Format Innbundet
ISBN13 9788252197501
EAN 9788252197501
Språk Nynorsk
Sider 155
Utgave 1
Tildelt litteraturpris Nynorsk litteraturpris 2018
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
En veldig velskrevet bok. Jeg likte at den var delt i tre forskjellige perspektiver. Den hadde en sårhet over seg.
«Det er ikkje ein menneskerett å få barn, men alle har rett til å ønskje seg det. Vi får halde dei i armane ei stund, og så vil dei bort, vrir seg laus. Dei vrir seg, vi må sleppe taket, dei forsvinn ut i mørket, inn i det mørket som er framtida. Dei tar med seg en del av oss, og blir noko heilt anna enn oss.»
Kvinnen i Brit Bildøens roman Tre vegar til havet, utgitt i 2018, ønsker seg barn, men kan ikke få egne barn. Jeg synes det er en utrolig god roman, en av de beste norske romanene jeg har lest utgitt i 2018. Jeg har hørt forfatteren fortelle om romanen på radio. At handlingen er delvis selvopplevd, den delen som handler om å få avslag på å adoptere. Resten er fiksjon. En bok med elementer av en god spenningsroman.
Vi møter kvinnen i nåtid der hun jobber med å registrere og ringmerke trekkfugler på en fuglestasjon. I tillegg oversetter hun bøker. En bekjent kommer med en bunke brev som hun har skrevet til han – dette fortelles i jeg-form:
«Breva knitrar. Det er det dei gjer. Bunken med brev som ligg på kommoden lagar ei knitrande spenning i huset. Olov sa ingenting da han kom med dei, berre rekte meg dei og trampa inn utan å høyre om det passa. Gode Olov. Han stikk av og til innom, sjølv om han veit at eg ikkje likar å ha besøk. Han må også vite at eg ikkje har lyst til å lese brev som eg skreiv til han for fleire år sidan. Eg har vore fullstendig klar på det. Eg vil ikkje tenke på det som har vore. Likevel ligg denne bunken med brev her. Kvite, rektangulære konvoluttar. Olov har knytt eit grønt silkeband rundt. Sløyfa er flatklemd, som om breva har lege i press. Det betyr kanskje at han ikkje har lese dei på ny for han kom med dei. Det er eg glad for.
Kva kan eg ha skrive til han på den tida? Veker og månader som er som eit svart hol i minnet. Ei tid da eg var ei anna, ei slettare utgave av meg sjølv.»
Kvinnen har brutt med sitt tidligere liv i Oslo. Når hun forteller om livskrisen hun var i, brukes «ho» og «kvinna»:
«Korleis begynne? Korleis skildre det som skjedde denne dagen? Skildre det utan å bli melodramatisk. Skildre det utan at det blir for privat. Kanskje begynne heilt nøkternt med kva dato det var? At det var ein vårdag? Dostojevskij opnar Forbrytelse og straff slik, heilt nøytralt og udramatisk: «Det var i begynnelsen av juli og ualminnelig varmt i været.» Ei setning som varslar alt og ingenting.
Verandadora stod oppe, og naboguten som leika i hagen, ville få høyre gråten hennar når ho opna brevet og las det. Ansiktet hans der han stod, liksom fastfrosen på plenen i nabohagen, ville bli det ho hugsa best fra denne dagen. Ho kunne ikkje seie noko til han, berre lukke døra stilt, håpe at han ikkje hadde blitt for redd. For skrika hennar hadde vore slik dei blir skildra i bøker. Dyriske. Ville. Håse brøl.»
Brevet som kommer er dramatisk, det er et avslag på at ektefellene får adoptere:
«Ho las konklusjonen først og prøvde å gå tilbake for å lese heile vurderinga. Det var noko med alder, noko om å få redusert overskot med aukande alder. Men dei var jo godkjende. Den same etaten hadde vurdert dei og funne dei verdige, no trong dei berre ei forlenging av godkjenninga. I fire år hadde dei stått i kø for adopsjon av eit barn fra Kina. Fire lange år med venting, håp og meir venting. Myndigheitene kunne da ikkje ta tilbake godkjenninga, no når det berre var månader igjen for det blei deira tur til å reise og hente barnet sitt!»
Kampen mot byråkratiet for å få omgjort vedtaket starter. Men det psykiske stresset medfører at kvinnen starter sin egen hevnaksjon – kvinna forfølger saksbehandler eller Staten som han blir kalt:
«Det var ikkje eg. Det var ikkje eg som gjekk nedover gata på den måten. Den kåpekledde kvinna gjekk og sparka i lauvet og prata halvhøgt, med sint stemme. Etter henne spratt og dansa ein trillekoffert. Vitt og vissent lauv fekk hjula på den vesle kofferten til å låse seg innimellom, men det såg ikkje ut til å affisere kvinna. Ho gjekk på, i same tempo. Svært få snudde seg etter henne. Ingen visste kva som var i kofferten. Ingen ante at det i trillekofferten lag ein død katt. Det var morgon, ein morgon i oktober, det var overskya. Ei tidleg frostnatt hadde fått trea til å sleppe nesten alle blada på ein gong.
Ho hadde søkt, og funne han. Det var mannen hennar som først begynte i søke etter han på nettet. Seg imellom kalla dei han berre for Staten. Det likna på Satan. Utruleg nok hadde Staten ein profil på Facebook. Han hadde ikkje lagt ut mykje om seg sjølv der, men nok til at dei etter nokre søk fann fram til kona hans. Ho hadde same etternamn som han, og framsidebildet var av ei verandakasse med raude begoniaer. Eit uklart profilbilde viste ei kvinne med glatt, mørkt hår som snudde seg halvveges vekk. Han var altså gift. Dei hadde altså veranda. Og dei hadde katt, stor og rufsete og med mordarisk blikk. Dei hadde ledd litt av den katten. Men så hadde det dukka opp bilde av ein unge, ei lita lyshåra jente med bursdagskrone og bursdagssmil og sjokolade smurt ut over kinna, og da logga dei av. Så snakka dei ikkje meir om det.»
Romanen er på 155 sider. Jeg liker romaner med et kort sideantall. Denne kunne med fordel vært lenger fordi jeg synes den hadde så mange fine elementer i seg. Anmelderne er også begeistret.
En kvinne venter på brev fra Staten. Da det endelig kommer, endrer det livet hennes for alltid.
En kvinne er ute på hevntokt. Med seg har hun en ustabil trillekoffert som inneholder en død katt. Nå skal Staten få svi!
En kvinne går tur med hunden sin på stranden. Hun har tatt pause fra oversetterarbeidet. Nå er det ringmerking av fuglene som er i fokus.
De tre historiene blir til én sterk historie om raseri, hevn, ensomhet, galskap og flukt fra fortida. Hva kan få et tilnærmet normalt menneske til å gå helt fra konseptene?
Nja. Symes det var glimtvis bra - spesielt hevndelen, men ellers var det traust og kjedelig.
Fascinerende om ufrivillig barnløshet og fugler
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketHo la på med ei ny forståing for dei som oppsøker offentlege kontor med øks.
Frosten hadde vore innom denne natta og etterlatt seg smale blondekantar med rim på greiner og vasspyttar og fortauskantar. No dreiv sola og leita seg fram mellom bygningane og fekk byen til å glitre.
For eit drama det er i grunnen, å leve i ein kvinnekropp. (...)
Eit kvinneliv er først hysterisk å passe på at ein ikkje blir gravid, og så enda meir hysterisk å prøve å bli det.
Flørte, for eit merkeleg ord. Eg må slå opp betydninga av det, og i Det Norske Akademis ordbok står det at det kjem frå engelsk flirt, og at grunntydinga er å gi ein lett støyt eller knipse. Ok. så har han kanskje knipsa meg. Eg treng ikkje knipse tilbake.
Eg vedgår at det er lettare
å lære enn å lære på nytt
Men det aller tyngste, det er
å lære av seg
Det er ikkje ein menneskerett å få barn, men alle har rett til å ønskje seg det. Vi får halde dei i armane ei stund, og så vil dei ut, bort, vrir seg laus. Dei vrir seg, vi må sleppe taket, dei forsvinn ut i mørket, inn i det mørket som er framtida. Dei tar med seg ein del av oss, og blir noko heilt anna.