Veldg enig med deg i din beskrivelse av boken, og synes forfatteren på en god måte får til vekslingen mellom om hva det som skjer nå og hva som har skjedd tidligere.
I perioder velger jeg bøker fra et bestemt geografisk område, både bevisst og ubevisst. All omtale i media om forholdene i Afganistan de siste 10 årene gjorde at jeg valgte bøker som Dragløperen, Tusen Strålende soler, Svalen i Kabul. Er nyhetsbilde med på å løfte fram forfattere og bøker fra et bestemt geografisk område ?
Det er gledeleg å sjå at nynorsk vert nytta innan krimsjangeren. Nynorsk kan faktisk brukast til det meste, - ikkje berre poesi og høgprosa.
Forfattarane skriv lett og greitt, og er gode på miljøskildringane. Når det gjeld person-skildringane derimot, har forfattarane ein del å gå på. Her er ingen djupe psykologiske analysar, - og det kan heller ikkje forventast. Men personane er for enkle og trauste, nesten karikerte, samstundes som persongalleriet er lite oversiktleg.
For røynde krimlesarar er nok boka for enkel og for langsam. Handlinga manglar ein del driv og spenninga er berre tidvis til stades. Likevel vil eg anbefala boka om du er ute etter ei lettlest og grei krimbok.
Heile omtalen kan lesast på bloggen min.
Stolpesnø er ein krimroman med strek under roman. Eg vart positivt overraska over denne boka, som er Marit Reiersgård sin debut som krim- og vaksenbokforfatter. Tidlegare har ho gitt ut to barne- og ungdomsbøker.
Boka er spennande og velskriven, stillferdig og langsam.
Fem år gamle Oda vert sporlaust vekke medan ho leikar rett utanfor heimen. På ein annan stad i bygda finn unge Raimo ei kvinne valdteken og drepen. Etterforskarduoen Bitte Røed og Verner Jacobsen prøver å finna ut av kva som har skjedd. Det viser seg at i eit heilt kvardagsleg lokalsamfunn med heilt vanlege menneske, finst det fleire som har noko å skjula. Kvifor har ingen sett noko? Kva er det som ikkje blir sagt? Kva er det som skjular seg i snøføyka og vinterkulden?
Snøen lavar ned frå fyrste til siste side i boka. Dette er stemningsfullt, - snøen lagar eit ekstra trist og dystert teppe over hendingane som vert fortalde. Forfattaren har gode og truverdige person- og miljøskildringar, spesielt skildrar ho godt mor til Oda si redsel og fortviling.
Heile omtalen kan lesast på bloggen min.
Boka er alle tiders; spennande, nervepirrande og eksotisk. Her er villmark, barske jegrar, hundar, bjørnar og ulvar.
Skildringane frå gruvesamfunnet i Kiruna og dei harde kåra menneska hadde der for 100 år sidan, gjer boka ekstra leseverdig.
I palmehelga skal eg lesa Et offer til Molok av Åsa Larsson, - den har eg gleda meg til lenge. Lyttar til Trond Peter Stamsø Munch som les Borte av Mo Hayder.
Assad serverer stadig parfyrmert te og kamelhistoriar. Rose er like fandenivoldsk som tidlegare. Carl Mørck er sarkastisk, ironisk og hissig som før, men me får òg oppleva ei anna og svakare side av han. Femte bok i serien om Avdeling Q gir oss eit gledeleg gjensyn med den pussige vesle politiavdelinga som held til i kjellaren under Politigården i København.
Men fyrst og fremst handlar Marco-effekten om Marco. Den statslause og papirlause Marco. Den intelligente og snarrådige Marco. Den einsame og venelause Marco.
Marco sin lagnad er rystande lesing og gjer eit djupt inntrykk, - men ein kan kanskje innvenda at Marco er for god til å vera sann, for reflektert og moden til å vera 15 år - og dermed ein for lite truverdig person.
Marco-effekten er litt for lang, men likevel lettlest. Det er egentleg eit must å lesa bøkene i kronologisk rekkefølge, elles får ein ikkje med seg samanhengen og dei raude trådane.
Eg hadde store forventningar til boka. Det er difor gledeleg å få stadfesta at Jussi har levert varene denne gongen også.
Les heile omtalen på bloggen min.
Det er nesten flautt å seie det, sogning som eg er; men eg har ikkje lese noko av Brekke - enno. Det bør eg gjera noko med!
Fokuset er meir retta mot Tippeligastarten her i huset..!
Men noko lesing vert det nok tid til; Europa Blues av Arne Dahl som papirbok og Kronprinsen av Alexandra Beverfjord som lydbok.
Jøss. Kor gammal er du? 14?
Du kan ikkje vera særleg moden når du gjev uttrykk for slike haldningar.
Akkurat i dag er det "bringebær"
Hvilken sjanger tenker du på?
Vi fikk uforventet nedetid i dag, fordi datasenteret vi holder til i startet uplanlagt arbeid.
Nå er vi oppe igjen! :-)
Eg skal på skitur og tek med meg lydbokversjonen av Marco-effekten av Jussi Adler-Olsen som selskap. På hytta ligg òg ei pocketbok som skal lesast ferdig; Skam av Karin Alvtegen.
Enig. Jakthundene er ei heilt grei krimbok, og Horst er ein flink forfattar. Kanskje det er det som gjer at eg ikkje kan gje toppkarakter; at både Horst og Wisting er forflinke..?
Eg vil gjerne ha noko ekstra i ei krimbok, ei overrasking, ein liten twist, ein tankevekkar. Her manglar dette. Eg landar på terningkast 4.
Hovudpersonen Stingo kunne vore ein ukjend fetter av Harry Hole. Når me møter Stein Inge Olsen, altså Stingo, i starten av boka, er han i ein elendig forfatning. Han har flytta til Filippinene etter at både ekteskap og politikarriere har havarert.
Dette er ei actionfylt forteljing med snert i. Tempoet er høgt heile vegen, og det fører til at boka vert både lettlest og fortlest. Miljøet er uvant, interessant og eksotisk. Sørensen flettar inn skildringar av det filippinske samfunnet som virkar autentiske. Det handlar om korrupte politikarar og politifolk, kinesisk mafia, agentar og dobbeltagentar, fattigdom og narkotikahandel, slum og jungel.
Magellans kors er ei underhaldande, spennande og samfunnskritisk bok, men eg tykkjer det er for mange personar, bipersonar og framande stadnamn å halda styr på. Stingo er ein anti-helt som likevel er sjarmerande og sympatisk. Han er modig og smart som MacGyver og heldig og ironisk som James Bond. Og like alkoholisert og velmeinande som "fetter" Harry Hole.
Språket i boka er barskt og kler hovudpersonen. Sjølv om handlinga ikkje er særleg truverdig (ein norsk suicidal ekspolitimann i kamp mot eit heilt korrupt samfunn..!?!) er det mykje realisme og aktuell tematikk i boka. Og - må ei bok vera truverdig for å vera god? Eg meiner nei.
Plottet er innfløkt og overraskande, men forfattaren samlar dei fleste lause trådane saman til slutt.
Heile omtalen kan lesast på bloggen min.
TV-sport, lesing og lytting heile helga, ei fin helg med andre ord. Les Svart frost av Asbjørn Jaklin og lyttar til Duc Mai The som les 1Q84 bok 1 av Haruki Marukami.
Eg er i Tokyo i 1984. Trur eg.
1Q84 bok 1 - Haruki Murakami
Veldig veldig enig.
Eg er både enig og ikkje enig.
For det fyrste er det stadig nye folk på denne nettstaden, og nybyrjarar har vanskeleg for å sjå skilnaden på omtalar og diskusjonar. Det er vanskeleg nok for oss som er bra røynde, - og det er ei utfordring for utviklarane av bokelskere.no. Går det an å gjere ting klarare og enklare for folk? Ikkje alle brukarane/lesarane er aktive i diskusjonstrådane, kva tykkjer dei om dette "rotet", tru? Er det så viktig med dette skiljet?
Når det gjeld reklamering og lenkjing til eigen bokblogg, må dette vera akseptabelt. Eg har funne fleire fine bokbloggar her. Dei som ikkje bryr seg om bokbloggar, får la vere å klikke på lenkene.
Eg pleier å skrive ganske fyldige omtalar på bloggen min - og ofte ein kortare versjon som eg publiserer her på bokelskere.no - og med lenke til bloggen.
Det kjem eg til å halda fram med.
Blunkesmilefjes.