Eg les boka for andre gong, las ho sist då ho nett hadde kome ut. Ei nydeleg bok, må vere eit funn for dei som i tillegg til å vere bokelskarar, og speler eit instrument. Og sidan eg ikkje hugsar slutten følgjer spenninga meg heile vegen.
I dag har bokelskere.no flyttet til et nytt datasenter, til nye og kraftigere servere.
Dette betyr at alle nå er logget ut, men utover dette burde den eneste forskjellen nå være at mange sider nå laster raskere enn før.
De nye serverene befinner seg hos AWS i Dublin for de som måtte være teknisk eller geografisk interesserte. Vi har skiftet databasemotor fra MySQL til AuroraDB, noe som ved testing har vist seg å ha store fordeler.
Webserveren har fått dobbelt så mye minne, ny linuxversjon og en saftig prosessoroppgradering. Den bruker nå en nyere versjon av nGinx og uWSGI til å servere nettsider.
IT-avdelingen er henrykte over oppgraderingene, og håper ingen uforutsette problemer oppstår.
Har nettopp avslutta boka og ho fall ikkje i smak. Kommafeil og feil i setningsoppbygging irriterte og øydela litt av opplevinga, det hadde eg kanskje ikkje lagt så godt merkje til om boka elles hadde fenga. Lindell sine skildringar av makabre og groteske torturmetodar blei i overkant, det same blei skildringane av Marian Dahle si psyke. Lite truverdig.
Bokelskere.no ble oppdatert grytidlig i dag morges.
Jeg har oppdatert rammeverket som driver nettstedet (django) samt en rekke programvarebibliotek som vi bruker.
En hel del kode har også blitt oppdatert og tilpasset disse nye versjonene.
Oppdateringen har gått forholdsvis smertefritt, og jeg krysser fingrene for at alt virker som planlagt.
Har nettopp avslutta boka, og ser nå at etterfølgjaren er komen: Blod i dans. Den skal lesast!
Eg har ikkje lese boka enda, men stussar over at du skriv bokmelding etter å ha skumlese skjønnlitteratur. Er det rettferdig overfor forfattar og boka? Vil ein klare å formidle stemninga til boka ved å skumlese på den måten, - kva med det som står mellom linjene, kva med underfundige setningar og ord, osv.
Det er ingen direkte kritikk, men eg undrar meg litt. Du skriv sjølv at du har lese raskt gjennom boka, så mi undring går ikkje på tankane dine, meir på at du har gitt boka terningkast på eit slikt grunnlag.
Ok, det var bra bøkene ikke hadde forsvunnet.
Søkefunksjonen kobler utgave sammen til verk:
f.eks har verket Ringenes Herre flere utgaver:
The lord of the Rings (9780261102309)
Ringenes Herre (9788210048654)
Hvis du søker etter lord rings er det første treffet verket med id 2626 i databasen vår.
Når vi skal presentere dette verket i søketrefflista velger vi den utgaven av verket som har flest følgere og viser den. Den mest populære utgivelsen av dette verket er norsk, så du får se denne norske utgivelsen på tross av at du søkte på engelsk.
Når du søker etter en bok du har i boksamlingen din, er det en viss sjanse for at du har valgt en mindre populær utgave av verket, og du får da opp en +Boksamling-knapp ved siden av denne utgivelsen i søkelista selv om du har en av de andre utgivelsene i boksamlingen din fra før.
Dermed kan du det virke som at en bok i samlingen din ikke er lagt til fra før - fordi utgivelsen i søketrefflista er en utgivelse du ikke har lagt til.
Tenker dette var både oppklarende og forvirrende på samme tid, kanskje mest det siste.
Har du flere detaljer rundt dette? Husker du hvilke utgivelser der er snakk om?
Ser du har fått mange gode tips, eg heng meg på med forslag om Chris Tvedt. Her kan du velje mellom bøkene om advokaten Mikael Brenne og bøkene om kriposetterforskar Edvard Matre. Nokre av bøkene har han skrive saman med kona Elisabeth Gulbrandsen.
Eg tenkjer du bør ta ein prat med læraren din og få hjelp der. Lukka til :-)
I år har eg få nyttårsforsett utover å lese faglitteratur. Og så gir eg meg lov til å slappe av med krim innimellom for å kvile topplokket litt. Men neste år derimot.... Då skal eg lese ungdomslitteratur for å kunne vere litt meir i dialog med elevane mine (sjølvsagt får dei tips frå meg om anna litteratur og).
To biografiar peikar seg ut: Mitt liv var draum - Olav H. Hauge (Knut Olav Åmås) og Menneskenes hjerter - Sigrid Undset. (Tordis Ørjasæter). Dette er bøker eg aldri gløymer og som har satt spor hos meg. Eg vil tru at du må ha eit forhold til forfattarane om bøkene skal gje deg noko, men heilt sikker er eg ikkje, så det er berre å prøve.
Då eg første gong las noko av Linn Ullmann må eg innrømme eg var full av fordommar.... Dotterkjendis og greier, men "gu" for ein forfattar ho er! Har lese alle bøkene hennar og likte dei alle som ei.
Litt spennande å sjå kor ulik oppleving ein har av bøker, denne fall ikkje i smak hos meg. Undervegs tenkte eg at boka sikkert kunne gjort seg som tv-film. Ho har "alt": kvinneleg "profiler", mannleg og alkoholisert politimann, sjølvsagt ligg det litt romanse i lufta. Menneskehandel og unge vakre jenter som lever farleg då ein seriemordar går laus. Og som om ikkje det var nok så har hovudpersonen si syster vore offer for gruppevaldtekt, kanskje frå same gjeng som hovudpersonen Clare Hart er på jakt etter.
Så ja, plottet er heilt greitt, handlinga er lagt til Sør-Afrika, og forfattaren Margie Orford er i dag busett i same land. Vaskesetelen fortel at forfattaren er journalist og opptatt av levevilkåra til kvinner og barn, noko som og kjem fram i boka (tema: menneskehandel/prostitusjon).
Boka har fleire spenningstoppar, og ja, dei er spennande. Det meste er eigentleg "etter boka", så kvifor fengde ho meg ikkje? Mi oppleving trur eg heng saman med den norske omsetjinga. Eg stussar over litt tunge setningar og fleire stader undrar eg meg og over setningsoppbygging og val av ord. I teksten får me meir enn ein gong ei oppramsing av hendingar (refererande), og det er dette som gjer sitt til at eg trur mi oppleving har noko med omsetjinga å gjere.
Eg set Elena Ferrante og hennar Napoli-kvartett øvst på lista i år. Bøkene har eit så fint språk, og oversetjar Kristin Sørsdal har gjort ein framifrå jobb. I motsetnad til Knausgårds mursteinar av nokre bøker, der eg til slutt berre venta på at han skulle leggje inn årene, - gjekk eg med Napoli-bøkene berre å venta på neste bok. Kjenslevare skildringar av både kjærleik og krig, glede og sorg. Den siste boka Historia om det tapte barnet er kanskje og kvartettens beste.
Det er så mange gode tips her, så 10 på topp får du ikkje av meg, men Napoli-kvartetten til Elena Ferrante må du absolutt få med deg. Start med bok 1: Mi briljante venninne og ta dei føre deg etter tur, eller les fleire av boktipsa du har fått innimellom. Bøkene er nydelege i både språk og handling (nynorsk).
Boka står på ønskelista og eg er veldig spent på korleis Renberg meistrar det å skrive på nynorsk.
Der avslutta eg kvartetten om Elena og Lila, dei to venninnene frå Napoli og deira spesielle vennskap. Eg veit nesten ikkje kor eg skal begynne, men at dette er romankunst er det ingen tvil om. Her er det og på sin plass å gi honnør til oversetjaren Kristin Sørsdal som har gitt boka ei nydeleg nynorsk språkdrakt.Berre språket i bøkene er grunn god nok til å lese dei.
Dette er ein oppvekstroman som skildrar korleis det var å vekse opp og bu i Napoli, på godt og vondt. Mest det siste kanskje, i alle fall frå vår synsvinkel som innbyggjarar i eit samfunn som for dei fleste er både trygt og forutsigbart. Me følgjer jentene frå dei var små og inn i alderdommen, forelsking, giftarmål, skilsmisse og død. Vennskap og fiendskap, politiske hendingar og kvardagsliv. Og kanskje er det dette som er romanen si styrke, skildringane som gir lesaren så klare bilder frå heimane, gata, byen og landet, og ikkje minst skildringane av menneska gjennom hovudpersonen Elena sine auge.
Dei fleste som er interessert i litteratur har nok høyrd om både forfattar og romanane hennar. Er du i tvil om desse bøkene er noko for deg vil eg seie: lån den første uansett og sjå kva du synest. Sjølv meiner eg bok nummer tre er den svakaste, og nummer fire er kanskje seriens beste. Dette er ikkje "damebøker" og eg håpar inderleg at også menn vil lese desse bøkene. Det er dessverre slik at nokre menn berre les bøker av andre menn, det er det her ein god grunn til å endre på.
Og denne har eg heller ikkje sett etter å ikkje ha vore så aktiv for tida. Nå har du kanskje lese Bienes historie og ser at ja, det er ein type dystopi:-)
Ups, eg har ikkje vore aktiv her på lenge og heilt gløymt å sjekke svar til meg i "boksen". Eg tok eksamen i lese- og skriveopplæring: vidareutdanning som norsklærar. Kjempeflott studiet.
Håpar du har funne tilbake til leselysta :-) Det er lov å sutre litt innimellom ;-)