Å ja, det er akkurat slik det er! Boka er så godt skreven, eg kjenner lukta og kulda og trekkast inn, men må legge den ned for å puste - vil ikkje forsvinne heilt inn i stanken. Så dykker eg inn igjen, må jo vete korleis det held fram, kor trasig det enn er å vere på Grønland på seint 1700-tal...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei fin bok med nokre overraskingar undervegs og fine skildringar av ulike former for kjarleik og skilnaden på å kjenne nokon og berre tru ein kjenner dei. Ekstra pluss for korte kapitler, dette er ei perfekt bok for transportetappar på buss, tog eller fly!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei kjempefin bok. Eg pleier ikkje lese svensk, men gjorde eit unntak då eg høyrde denne omtala i bok i P2.
Med skarpt språk veksler forfattaren mellom historien og analysen, nøyaktige analysar av sosiale og intime relasjonar.
Tilrådast på det varmaste!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sumaren er ei tid for å ligge i sola med nasen i ei bok, for så å snu seg og bruke boka til å skugge mot sola og lese vidare.
Eg likte begge bøkene om Hildegard godt, dei kan like godt lesast innandørs om hausten eller vinteren, men eg måtte lese dei ganske raskt, syns språket flaut godt. Fascinerande med sterke kvinner, og kanskje enda meir korleis Hildegard som ei sterk kvinne likevel ser seg som underordna mannen.
Får lyst til å lære meir om denne kvinneskikkelsen, men trur eg kjem til å nøye meg med at Marstrand-Jørgensen nok har gjort grundigare reserach enn eg kom til å finne tid til.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Å ja! No vart eg glad, "Vi på Saltkråkan" er det lenge sidan eg har tenkt lese. Trur nesten eg må hente den med meg når eg er heime hos mor neste gong. Ellers er den ultimate sommerboka tjukk og lang og velskreven, så ein får vere lenge saman med karakterane og riktig leve seg inn i ei anna verd, berre avbroten av litt bading og solkrem.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hm, interessant å lese kva andre tenkjer. Vi las denne i lesesirkelen, må innrømme at eg aldri hadde fullført bok 1 (Hundedagane) om eg ikkje skulle diskutere den. Gjengen var samstemte i at språket var ein bøyg (ekstremt mykje banning), men òg at karakterane vart like, glei over i kvarandre og rett og slett ikkje var særskilt interessante.
Starta av ein eller anna grunn på bok nr 2 (Grisekoret) som eg likte mykje betre, ein hovudperson eg fekk sympati for. I tillegg hjalp det nok å ikkje måtte filtrere vekk to "faen" og ein "pikk" i kvar setning for å sjå innhaldet. Har no starta på bok nummer tre og er spent på korleis det går.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Morsomt, eg plukka opp nett denne boka på biblioteket idag, og satte ho attende. Etter å ha lese bokmeldinga di veit eg kva eg skal plukke med meg neste gong eg er der.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette var nærast sløsing med gode historier.
Kvinnene i boka er spanande, fascinerande og interessante. Eg skulle gjerne visst meir om dei.
Diverre er språket alt for munnleg for min smak, det er for mykje detaljar om korleis forfatteren leiter etter informasjon, kva ho et, kva veg ho svinger og kva klokkeslett ho tek flyet. Når det på toppen kjem slurvefeil som at det yngste bornet vert det eldste vart det ei under middels leseoppleving.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hehe, eg hadde veldig låge ventnader, og vart positivt overraska;) Eg gav den ein femmer, men veit det er farga av den positive overraskinga, lesing i sommerferien med generelt god stemning. Moro korleis bøker vert farga av tid og stad for lesing!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg forsøkte for mange år sidan, og slutta etter nokre kapittel. No forsøkte eg meg på lydbok, og det kokte ut, kom litt lengre. Er så mange som har tilrådd den, kanskje det berre er å vente på rett stad og tid?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har fleire år på rad berre lest lettvekterar. Ikkje noko gale med det, sjølvsagt, men kva tid skal eg då lese alle dei bøkene eg gjerne vil lese, men som krev litt innsats, iallefall å kome inn i ? No er fyrste feriedag over og eg er nett ferdig med fyrste bind av "Parallelle historier" av Peter Nádas. Gler meg til den held fram, om eg finn den på biblioteket då... Ellers forsøker eg å friske opp språkkunskapen med å lese td krim på fransk. To floger, eller noko i den gata. Sommerlesing blir det iallefall!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er klar over at dette berre er fyrste bind, men det er sjeldan eg er så uviss på kva eg meiner om ei bok. Då er det nok ein god ting, ei bok som får deg til å tenkje, held deg på tåspissane for å følgje tid og stad og person. Gler meg til neste bind.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har ikkje lese bøkene om damenes detektivbyrå, men "Baking cakes in Kigali" var kjekk den. Lettlest, ein vert litt glad i Angel, og får tenkt litt (men berre litt) på vår nære historie.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har ikkje Nesbø sagt han ikkje vil selje rettane til filmatisering før serien er over? Og Scorsese skal jo lage "Snømannen". Trur dette er slutten gitt, diverre!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hm, må sei eg likte den betre enn "what I loved", mogeleg eg berre vil ha noko lett kveldslektyre; engasjerande nok til å halde tråden, men ikkje så spanande at eg ikkje klarer legge boka frå meg om kvelden...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Heilt einig, skjønner ikkje korleis eg klarte å køyre langt tidlegare utan lydbok. Noko som minner meg om at det er påskeutfart imorgo, og at eg ikkje har skaffa bok :(

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fantastisk bok! Fekk den anbefalt frå ei venninne, trudde eg kom til å ergre meg over den "illiterære" engelsken, men boka berre flaug forbi, eg vart sugd inn i den grusomme verda - der det likevel var så mykje von. Anbefalast på det sterkaste!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vil kanskje ikke si at boka er "dritdårlig", men pretensiøs iallefall. Egentlig var Paloma den beste karakteren - aldri er man vel så voksen (i egne øyne) som når man er 12 år!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Litt som Hedda M skriver over her, de detaljerte og lange beskrivelsene - kanskje det gav meg assossiasjoner tilbake til Balzac på videregående og at jeg ikke tolererte det fra en moderne forfatter? Er noen år siden jeg leste den, men hadde fått anbefalt den fra 2 venninner; en hadde lest den på engelsk, den andre er en der vi enten mener det samme eller det diametralt motsatte om en bok. Husker bare den intense irritasjonen over en forfatter som i mine øyne prøvde for hardt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

AleksanderToveAnniken RøilBeathe SolbergDemeterElin FjellheimPer LundAkima MontgomerySigrid NygaardJørgen NTorill RevheimAndreas HesselbergPiippokattaLene AndresenIreneleserEli HagelundReadninggirl30Kirsten LundEvaTine SundalBård StøreHanneStig TVannflaskeVibekeGodemineGro-Anita RoenBjørg L.Jane Foss HaugenAnne Berit GrønbechMartinNorahAstrid Terese Bjorland SkjeggerudRuneGro Anita MyrvangHilde H HelsethEllen E. MartolRoger MartinsengretemorAnne-Stine Ruud Husevåg