Avstøtning er veldig bra så langt!

Godt sagt! (1) Varsle

Eg har lest ferdig «jeg kan ikke se mor noe sted», som eg måtte jobbe meg gjennom. Har starta på «avstøtning» av Ingrid Brækken Melve, og så langt er den vanskeleg å legge frå seg - hurra!

Godt sagt! (3) Varsle

Hm. Eg jobba med denne. Masse vakre avsnitt og poetisk språk, men klarte aldri å få flyt i lesinga.

Godt sagt! (1) Varsle

Uvêr er perfekt for lesehelg… Eg kjem litt etter litt tilbake til meir lesing, og gler meg over det. Denne helga les eg «Jeg kan ikke se mor noe sted» av Miriam Stendal Boulos, og « confronting torture », ein essaysamling.
Essaysamlinga er veldig bra, sjølv om temaet er bekmørkt. Romanen er i lesesirkelen, det er fantastisk å lese bøker ein ellers aldri adde høyrt om eingong!
Håper alle har straum og ev nok ved til å komme seg gjennom Amy.

Godt sagt! (6) Varsle

Leselystliste! For eit fint ord!

Godt sagt! (5) Varsle

Oi! Kven les? Eg er dårleg på lydbøker, men vil gjerne lese meir, så då prøver eg om det kan være ein måte. Har diverre fleire gonger «lagt frå meg» boka i lydversjon, og slukt den i tekst…

Godt sagt! (1) Varsle

Parissyndromet av Heidi Furre las eg for nokre år sidan og kjente sterk trong til å reise til
Paris

Godt sagt! (2) Varsle

Har ikkje lest Pariseren, men «gjenferdet inn» av Isabella Hamad viser apartheidsituasjonen godt. Kan godt med på lista - og tilrår den varmt!

Godt sagt! (2) Varsle

Så kult! Eg har tall-mål sjølv for lesing, av samme grunn som du nemner: glede meg over litteratur. Og då hjelper det iallefall meg med det vesle dyttet det er å ha eit mål å nå, og å ikkje la lesinga forsvinnne heilt i travle periodar. Det er litt som ein muskel, konsentrasjonen og lesegleden.

Godt sagt! (1) Varsle

Helga går til Underworld. Har gått til den aller enklaste metoden: delt sidetalet på kor mange dagar det er til «umulig lesesirkel» på Sølvberget. Då skulle eg lese ca ti sider om dagen. Er på side 124 etter fire dagers lesing, så har godt håp. Men kan nok hende den følger meg både neste lesehelg og den deretter…

Godt sagt! (9) Varsle

Interessant om vinterbading. Mogleg oversettelsen er dårleg, men syns boka kunne vore mykje kortare. I tillegg har sjølv områda der ho viser til dei små studiane som fins anekdotisk preg.

Godt sagt! (0) Varsle

Målet for 2024 var 24 bøker. Kan framleis klare det, leser alltid mange bøker parallelt. Noko til kvart bruk rett og slett. Ellers har eg starta (om igjen) på «underworld» av Don Delillo. Den skal opp i «umulig lesesirkel» på Sølvberget i Stavanger, så nytta høvet til å slenge meg med. Det blir ikkje heile denne helga, men har godt håp om å lese heile.
Målet for 2025 blir heilt enkelt 25 bøker. Så ser eg kvar leselysten (og lesesirkelen) fører meg.

Godt sagt! (7) Varsle

Denne skal jo opp i umulig lesesirkel i mars, så tenkte eg skulle ta fatt 😂

Godt sagt! (0) Varsle

Imponerande med 250 bøker!!
Og interessant at ein ser så ulikt på bøker - det er jo det spanande med å diskutere dei:)

Godt sagt! (2) Varsle

På overflata er dette historia om Sonia som kjem til
Haifa og Vestbredden og blir med i ei oppsetting av Hamlet. Så er det sjølvsagt òg ei historie om Palestina og palestinerne og undertrykking og rasisme. Og så er det alle gjenferd som vi alle har i liva våre, og korleis dei verkar på oss.
Boka er ikkje veldig lettlest, men eg er samd med meldaren i The
Guardian
i at det er verdt det å bygge historia på den måten ho gjer.

Verkeleg ei glimrande bok, tilrår denne på det varmaste. Las den på engelsk, men den har fått gode meldingar på den norske omsetjinga, så trur nok historia står seg.

Godt sagt! (4) Varsle

Interessant det der korleis bøker kan være rett til rett tid! Eg likte òg koke bjørn då eg las den.

Godt sagt! (1) Varsle

Har opna «etter ghost» (Gjenferdet inn) av Isabella Hammad. Spent, og gler meg over å møte ein for meg heilt ny forfatter.

Godt sagt! (4) Varsle

Ja! Denne var skikkelig fin! Eg måtte bli vaksen før eg begynte å gå på tur igjen, men for ei gåve å kunne gå seg sliten og støl med sekken på ryggen og bikkja som einaste selskap. Sove på dei fantastiske DNT-hyttene, vakne utan dekning og gjere det samme neste dag. Målet er kvart år lengre sesong og fleire turar, og jammen går det ikkje i år!

Godt sagt! (4) Varsle

Nydelig bok!
Las denne på engelsk, og storkoste meg. Eg er nokre få år yngre enn hovudpersonane, men kjenner godt igjen mykje av utviklinga. Blei glad i folka, og var oppriktig lei meg når dei ikkje er på talefot og ting skjer.
Denne boka løyser ingen verdsproblem, men gav veldig kjekke timar i ymse sommervêr.

Godt sagt! (1) Varsle

Veldig veldig viktig tema!!! Syns nok boka var litt tunglest, men bra at ting formidles på ulike måter.

Godt sagt! (2) Varsle

Sist sett

JannaCecilie EllefsenMads Leonard HolvikCarine OlsrødSolveigEllen E. MartolMarianne  SkageAnniken RøilAnne-Stine Ruud HusevågJakob SæthreLars MæhlumPia Lise SelnesSverreAlice NordliEivind  VaksvikOle Jacob OddenesTralteAvaBertymarvikkisOda Marie HEli HagelundIreneleserJulie StensethTore HalsaDemeterJoannAnette SLasse MoerHarald KHelena EChristofferPiippokattaPilarisKjerstiKirstenMarianneKjell F TislevollLaddenBeathe SolbergHilde Vrangsagen