Eg lyttar til Tore Renberg som les den nye boka si Angrep fra alle kanter. (Ei bok eg strevar med å få lagt inn her på bokelskere.no. Hint hint!) Ei kjempebra bok, som eg kjem til å bli ferdig med i morgon. Neste lydbok blir kanskje Klokkemakeren av Gert Nygårdshaug.
På nattbordet har eg ein britisk historisk kriminalroman; Oppløsning av C.J. Sansom - som eg også hyggar meg med.
Ynskjer alle ei god helg!
Håpar dette problemet kan fiksast så snart som råd!!
Den nye Kepler-boka skal så klart lesast. Har også forventningar til Gunnar Staalesen si nye Varg Veum-bok, samt dei kommande bøkene til Tore Renberg, Gert Nygårdshaug og Aslak Nore. Aller mest gledar eg meg til Håkan Nesser sin nye roman Levende og døde i Winsford som kjem ut i oktober.
Denne helga har eg lest ferdig Før snøen kommer - den fjerde boka i Britt Karin Larsen sin fine serie om skogfinnane. Dette er den type bøker som bør lesast sakte.
No les eg ei bok som har eit heilt anna tempo; Jan Mehlum sin thriller Lengsel etter penger. Dette er ein frittståande roman og ingen Svend Foyn-krim.
På øyret har eg Doktor Fredrikis kabinett av Jørgen Brekke.
Eg las Jonas Gardell sin trilogi Tørk aldri tårer uten hansker i juli. Desse bøkene - 1 Kjærligheten, 2 Sykdommen og 3 Døden - gjorde verkeleg inntrykk på meg.
Av andre bra bøker lest i juli kan nemnast Dukkene av Mo Hayder, Hendelser ved vann av Kerstin Ekman og Sommerboken av Tove Jansson.
Ei fin og variert liste - med mange gode boktips.
Godt spørsmål. Ved at det er så få reglar vert terskelen for å skriva omtalar og delta i diskusjonar er låg - og mange deltek. Det er positivt på mange måtar. Dersom det vert "strengare", kjem enkelte av desse til å melde seg ut av diskusjonstrådane - og det er jo dumt. Eg har ikkje konkrete tiltak å komma med - men ønskjer ein diskusjon rundt temaet.
Det var kanskje litt flåsete sagt, men det er eit snev at seriøsitet i formuleringa. Det eg meiner er at enkelte "går igjen", lagar sine eigne opplegg og brukar litt for stor plass her. Bokelskere.no vert på den måten ein lite inkluderande nettstad.
Det er vanskeleg å lage reglar for nettstaden som er forståeleg for alle. Me er så ulike: Enkelte brukarar lever omtrent "heile livet" sitt her inne, og andre er innom ein sjelden gong.
Det er muleg du har rett at eg bør oversjå dei negative reaksjonane når det gjeld lenking til eigen blogg. Kanskje eg skal legga inn omtalar og tilhøyrande lenking her likevel? Eg får tygga litt på den.
Tidlegare tykte eg at anarkien som rådde her på denne nettstaden var sjarmerande. No er eg meir i tvil. Bok"omtalar" på fem ord - og lange, grundige og gode omtalar side ved side og hulter til bulter var eit teikn på den fridomen me brukarar av nettstaden hadde fått.
Men på eit eller anna tidspunkt skjedde det noko - det vart for mange av desse "Dette er ei drittbok. Terningkast 1" og "Eg elskar denne boka. Terningkast 6" Desse altfor korte "omtalane" gjer at eg ikkje lenger giddar å klikka meg inn på omtalane på framsida. Men det hender eg klikkar meg inn via bøker som eg har lagt til.
Sjølv har eg faktisk slutta å skriva omtalar her på bokelskere.no. Tidlegare skreiv eg gjerne eit kort utdrag og lenka til bokbloggen min - slik at spesielt interesserte kunne klikka seg inn der. Dette vart av enkelte her sett på som upassande og irriterande, og difor slutta eg med det.
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? er verkeleg ei god bok. Endeleg har eg fått lest boka som eg har hatt liggjande på vent så lenge.
Har eit avslappa forhold til 17. mai. Sidan ungane er blitt vaksne, "må" eg ikkje delta i feiring lenger, heldigvis. Om det blir brukbart ver, ser eg fram til ein fjelltur i staden for flagg og barnetog.
Bøkene mine denne helga er Et helt halvt år av Jojo Moyes (eg må testa ut denne boka som "alle" har lest), 1814: Miraklenes år av Karsten Alnæs ("historieundervisning" i høve grunnlovsjubileet) - samt Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet av Johan Harstad.
Desse månadsoppsummeringane er artige å lesa, tykkjer eg. Ein påminning på kor ulike me bokelskarar er - og i tillegg kan ein plukka opp gode lesetips.
Mine topp tre i april er svært ulike, men alle har gjort inntrykk og vore gode leseopplevingar:
Som mange andre denne helga: Eg les Sønnen av Jo Nesbø.
Det vert ei kriminell helg: Eg les Gravrøys av Johan Theorin og har Djevelanger av Frode Granhus og Ridderkorset av Jørgen Jæger på vent.
Pythias anvisninger av Jerker Eriksson og Håkan Sundquist vart det desiderte høgdepunktet for meg i februar. Vart også imponert over Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen si nyaste krimbok; Den blinde guden.
Andre fine bøker var Oppdrag Mottro av Linda Eide og Ingen fridde i Jølster av Sigmund Falch, begge innkjøpt på Mammutsalet.
To lydbøker av og med Richard Herrmann må også nemnast; Brudene i badekaret og andre mord og Livet med Elizabeth - historien om Tudor-dynastiet. Begge er stor underhaldning!
Grunnlaget er like godt om ein "berre" har lytta til ei bok, meiner eg. Ein er gjerne meir konsentrert og "les" boka på ein meir intens måte når at ein får boka opplest.
Litt tidleg å uttala seg når det gjeld Fasadefall, eg er berre på side 53. Alfabethuset er ei bra bok med gripande skildringar, men ho er litt langdryg.
Her går det i svensk og dansk. Eg driv no og avsluttar lyttinga til Alfabethuset, debutboka til Jussi Adler-Olsen. På nattbordet ligg Liza Marklund si nyaste bok om Annika Bengtzon; Fasadefall.
Ha ei fin helg :-)
Eg held framleis på med Den blinde guden av Chris Tvedt og Elisabeth Gulbrandsen. Lydboka denne helga er Alfabethuset av Jussi Adler-Olsen.
Og så blir det vel litt OL og litt strikking innimellom.
God helg!