Døden kommer til Pemberley av P.D. James og Katalysatormordet av Hans Olav Lahlum vert "med meg" denne helga.
God helg til alle :-))
”Skyggerom” er ei bra krimbok. Eg ser fram til fleire framtidige romanar med Anton Brekke i hovudrolla.
Jan-Erik Fjell vart tildelt Bokhandlerprisen for debutboka Tysteren som kom i 2010, – og no er oppfølgjaren her. Etter mitt syn er denne boka mykje betre enn debutboka. No kan Fjell nesten nemnast i same andedrag som Nesbø og Horst. Boka er spennande frå starten av, og dei 500 sidene går unna i ein fei. Du forstår frå starten av at noko ligg og ulmar. Noko mørkt, noko feil, - slik at du liksom må skunde deg å lese vidare.
I ”Skyggerom” vert kriminaletterforskar Anton Brekke dregen inn i ei sak der oppklaringa av eit drap i Østfold har samanheng med internasjonal kriminalitet. Det handlar om kynisk menneskesmugling, groteske overgrep og drap på uskuldige. Ein litauer skal levere ei last for den russiske mafiaen i Noreg, - og noko går gale. Ein lærar, som syner seg å vera kontaktmann for litaueren, vert brutalt drepen. Ein seksåring, autist og sjakkgeni, er eit viktig vitne. Ein narkoman millionær og ein geskjeftig psykolog vert etter kvart sett i søkelyset.
Anton Brekke frå Kripos vert sett på ei drapssak, saman med Magnus Torp, politistudenten han (og me) vart kjend med i ”Tysteren”, samt ein annan litt sliten politimann, Ole Kval. Dette vesle teamet skal så ta seg av saka som viser seg å ha fleire forgreiningar, m.a. til utlandet, der dei mektige og farlege bakmennene rår.
Eg tykte ikkje noko særleg om hovudpersonen Brekke i den fyrste boka, men i oppfølgjaren er han blitt meir ”levande”. Han vert framstilt som ein tørrvittig og halvgretten person, ikkje heilt ulik Jussi Adler-Olsen sin hovudperson Carl Mørck i bøkene om Avdeling Q. Brekke har sine eigne ”demonar”, pokerspeling og eks-kona sitt nye forhold med ein ny mann opptek han nesten like mykje som drapsetterforskinga. Fleire av bipersonane i boka vert litt "vage" og lite truverdige for meg, men forteljinga er likevel truverdig.
Boka byr på fleire parallelle historiar, slik som ein god krim skal. På ein litt innfløkt og overraskande måte vert trådane nøsta opp til slutt.
Konklusjon: Ein svak femmar på terningen. Fjell har stadig litt å gå på, men for all del; boka anbefalast.
snøen som falt ifjor
er ikke lenger hva den var
juletrærne når ikke til taket
og alle pakkene er bløte
det er tredje dag
og alle kakene er allerede tørre
jeg rydder i korker og papir
og jeg spør meg selv
for det er ingen andre å spørre:
når var det det slutta
når var det egentlig det slutta
hvor er det blitt av alle gutta
hvor er Pål som stod i gål
og redda på streken
hvor er Nils som drakk pils
med sugerør og hadde teken
hvor er Jonny som sang money
med hockeykølla som mikk
hvor er Joker som spilte poker
og alltid tok siste stikk
hvor er Tobben som fikk jobben
som sjokoladetrekk på Ringen
hvor er Kaj som sjekka Mai
og hoppa av i svingen
når var det egentlig at båndene ble kutta
hvor er det blitt av alle gutta
våren er akutt
og sommeren er en lengre lidelse
det er høl i bademadrassene
morellene er sure
vannet er for kaldt
og gatene for ensomme
det er ikke lenger gøy på landet
kleggen blir større og større
det er for mye sand på strendene
og filmene er gørre
snart er det første skoledag igjen
jeg har rydda i pennalet
og pakket ranselen
og jeg spør meg selv
for det er ingen andre å spørre:
hvor var det det butta
hvor var det egentlig det butta
hvor er det blitt av alle gutta
hvor er Jens som slo lens
og tryna i hekken
hvor er Max som fiska laks
i Gaustadbekken
hvor er Jo som hadde sko
med femtiøring og jernbeslag
hvor er Lathans som sovna sankthans
og våkna tredje juledag
hvor er Elling som tok telling
da han stupte fra tiern
hvor er Finn som drakk gin
og sneik seg inn på niern
når var det det slutta
når var det egentlig det slutta
hvor er det blitt av alle gutta
gutta sover nå
gutta sover nå
med lyset på
- Lars Saabye Christensen
Saabye Christensen les diktet for lakk og lær-folket i San Francisco:
http://www.dagbladet.no/2012/09/24/kultur/litteratur/ler/pisk/poesi/23555330/
Etter mi meining har Engelens spill fått mange ufortente lunkne anmeldelsar. ”Alle” hylla Vindens skygge og stemninga og magien der; eg tykkjer Engelens spill har mykje av det same: Dette er ei spenningsbok, ei eventyrforteljing, eit magisk drama med eit frodig persongalleri. Her er mystiske personar, skumle hus og gater, romantikk og begjær, hat og hevn, drap og død.
Zafon sin stil, det levande språket og leiken med ord og setningar er til å humre av i begge bøkene.
Lydbokversjonen av Engelens spill er svært bra. Ivar Nørve gjer ein fantastisk innsats som opplesar, - nesten like fantastisk som Kai Remlov som les Vindens skygge.
Terningkast 5 frå meg.
Takkar og bukkar for tips, eg er enig i at prisnivået på bøker her i landet er urimeleg høgt. Det er ein av grunnane til at eg er ein flittig brukar av biblioteket.
Og nei, eg har faktisk aldri lese ei einaste bok på svensk. Ikkje har eg sett noko særleg på svensk TV heller, - så eg trur det er lurast for meg å vente til dei norske utgåvene kjem.
Den siste Barbarotti-boka er eg også veldig spent på!
Hver bok har en sjel, sjelen til den som skrev den, og sjelen til dem som leste den og opplevde den.
Denne helga skal eg leseSkyggerom av Jan-Erik Fjell og lytte tilEngelens spill av Carlos Ruiz Zafón.
Det går godt an å lese to bøker samstundes. Men for at eg då ikkje skal surre det til for meg sjølv, prøver eg å passe på at bøkene er ulike; særleg i stil, men òg helst i sjanger.
Eg ser fram til den nye boka til Håkan Nesser, Himmel over London
Det är en spionhistoria, eller kanske en kärlekshistoria, eller kanske
någonting helt annat, och det mesta utspelar sig i London, den eviga
staden.Om en döende mångmiljonär och hans tänkbara arvingar handlar det. Och
om böcker: varför det inte går att vara utan dem.
Sitat henta frå www.nesser.se
Ifølge forlaget kjem boka for sal den 18. oktober.
Datteren min vokser ut av hendene mine og inn i
armkroken. Ut av armkroken og opp på skulderen.
Du må ikke vokse så fort, sier jeg. Datteren min
vokser ut av fanget mitt og fram på gulvet. Den skitne
ullgenseren. Det flokete håret. Opp fra gulvet og ut av
døren. Da tar jeg henne hardt i armen. Nei, sier jeg.
- Gro Dahle
Bokbyen er vel verd eit besøk! Det er stemningsfullt og morosamt å vandra mellom alle dei utallige bokhyllene.
Eg ser du er heimehøyrande i Sogn og Fjordane, - har du prøvd Bokbyen i Fjærland? Der har dei "4 kilometer bøker til sals", så det skulle vera muleg å finna sakna bøker der. For moro skuld søkte eg på dei bøkene du er ute etter i nettbutikken til Bokbyen, utan å lukkast. Men langt frå alle bøkene er registrerte der, så eg rår deg til å ta direkte kontakt.
En dinosaurus går på jorden
en liten en på fire tonn.
Den strever med å følge moren
hvorfor må hun løpe sånn?
Den går i vannet og forsvinner
månen ser den før den dør.
Og kloden faller mens den spinner
tiden trekker for sitt slør.
To hundre millioner år,
bevare meg som tiden går.
Men månen er den samme
selv om raketter drar opp dit
og tar med litt tilbake hit.
Månen er den samme,
og noen kommer dit og andre ei.
Men ikke syns jeg at jeg har det travelt med
å dra dit,
spør du meg.
Den dinosauren som vi kjenner,
blir forvandlet jevnt og trutt
i jordens dyp helt til den ender
opp som olje helt til slutt.
To hundre millioner år,
bevare meg som tiden går.
Men månen er den samme,
raketten setter dit sin kos
og brenner oljen til eksos.
Månen er den samme,
rakettens motor drives av vår venn.
Som takk for hjelpen kommer dinosauren
opp til himmelen.
- Gustav Lorentzen
Kelkoo.no er super. Her er et eksempel hvor jeg søkte på Dona Maria:
http://shopping.kelkoo.no/ss-dona-maria.html
(Du skriver bare inn navn på boken og trykker "finn det". Bruker denne til alle slags varer.)
Da jeg ble født var jeg svart
Når jeg fryser er jeg svart
Når jeg er varm er jeg svart
Når jeg er syk er jeg svart
Når jeg er redd er jeg svart
Når jeg dør er jeg svart
Da du ble født var du rosa
Når du fryser er du blå
Når du er varm er du rød
Når du er syk er du grønn
Når du er redd er du hvit
Når du dør er du lilla
Og du kaller meg farget!
- Ukjent -
Fint!
T
e
s
t
:
D
e
t
f
u
n
k
a
r
!
S
m
i
l
e
f
j
e
s
!
Dette er ikke et dikt
det er en sofa.
Du kan godt sette deg ned
hvis du vil
og rette ut beina.
Og hvis du vil,
kan du hvile øynene dine litt
og tenke på denne sofaen,
hva slags farge den har, for eksempel,
hva slags stoff,
om den er hard eller myk.
For dette er en sofa
hvor du kan godt bli sittende en stund,
hvis du vil det.
Det fleste små dikt har en slik sofa stående,
i tilfelle noen skulle ønske å sette seg ned litt,
og ikke gå videre til kjelleren med en gang.
Kjellere kan alltid vente,
det er ingen hast,
for de har ingen steder å gå.
- Gro Dahle
Det er krig og dritt,
krangling og fa’n,
i verda og på det personlege plan.
Det er skyting og valdtekt,
blod og drap,
dolking i ryggen og berre tap.
Det er skit i verda me lyt bli kvitt.
Kjære mor, kan du støvsuga litt?
Det renn stygge ord
frå kjeften min,
som iltert fossar frå iltert sinn.
Det var fryktelege ting,
det eg nett sa,
eg høyrde sjølv, det var langt ifrå bra.
Eg har tunge tankar eg lyt bli kvitt.
Kjære mor, kan du støvsuga litt?
No sit eg i rommet,
eg og ho,
eg har tunge tankar, eg finn ikkje ro.
Eg får ikkje pusta,
sjølv om eg vil,
så kjære mor, hjelp no til.
Eg har møtt eit vesen
eg lyt bli kvitt,
flytt deg, mor, la meg støvsuga litt.
- Jon Hjørnevik
På nattbordet ligg Skyld av Karin Alvtegen. Grei svensk krim.
Eg har også nett starta opp med Engelens spill av Carlos Ruiz Zafon som lydbok. Det er Ivar Nørve som er opplesar, så langt høyrest det bra ut. I fjor hadde eg ei stor leseoppleving då eg lytta til Kai Remlov som las Vindens skygge. Zafon sine bøker er fulle av spenning, mystikk, filosofi og litteratur og er utruleg fascinerande.
Ei bok eg ikkje hadde planlagt å lese, men som vart med heim frå biblioteket likevel. Boka var heilt grei; interessant, vemodig, lettlest, stemningsfull og passe lang.
Eg har ikkje lese noko særleg av Stephen King. Den einaste boka eg eig er "Noe for enhver"(Needful Things), og den likte eg berre sånn passe. Boka er filma, men den har eg ikkje sett. Trur at eg i mine yngre dagar las fleire bøker av King, men eg hugsar ikkje titlane, - og dei er såleis ikkje registrerte på denne nettstaden.
Eg har ikkje lese boka "The Shining", men filmen som byggjer på boka er ein av dei beste skrekkfilmane som er laga nokon gong. The Shining, Ondskapens hotell, har ein skummel og ekkel stemning, bra musikk og fantastiske skodespelarprestasjonar. Filmen er blitt ein kultklassikar, takka vere regissør Stanley Kubrick og skodespelar Jack Nicholson. Og Stephen King sjølvsagt.