Boka har lagt klar til å lese ganske lenge...men, dessverre så var det andre bøker som lokka meir...Trur årsaka må vere at eg las denne i dystopisk lesesirkel for 5 år sidan.(Ps...eg las første kap, men det tel ikkje...)
Boka er god, ein klassikar som har vore viktig i verdslitteraturen.
Håper at resten av gruppa har fått ei positiv oppleving- trass i eit innhald som ikkje er av det mest positive!
Møtet som aldri fant sted, står hikstende igjen på hjørnet.
Akhmatova
Signe stirrer frustrert ut gjennom sidevinduet og ser på butikkene i det fasjonable strøket. Italiensk is. Dyre viner. Økologisk sengetøy som er så giftfritt at det nærmest kan spises.
Enig!
Her hos oss er det strålande vårver- mange sit ute i solveggen og kosar seg med boka si, eller noko anna....
Eg har tatt fram Drapet på kommandanten av Murakami. Kjøpte boka/bøkene på Mammut, og har greidd å spare dei til no. Murakami er ein forfattar som skriv så spesielt og nesten irrasjonelt- ein stil som eg likar veldig godt.
Tvilar på at det blir så mykje meir denne helga- må bruke litt tid på friluftsliv også.
Ha ei god helg der du er- og ein fin nasjonaldag!
I det enslige gatelyset var snøflakene som streker i luften. Nådeløst la den hvite armadaen alt under seg.
Har såvidt fått starta- har lese kap 1 med «Kaptein van Tochs merkverdigheter.»
Teksten er sterk, med heftig språkbruk og ytringar som peikar på raseskilje - både av kapteinen og mannskapet på skipet.
Dei uhyggelig skapningane lever i havet, viser det seg, og skaper redsel hos dei som skal dykke ned for å jakte på vakre perler...
Når eg blar i boka ser eg mange uvanlege kap som eg hadde gløymt...
Ser fram til god diskusjon.
Eg har fullført - og trur eg må påstå at dette skal vere noko av det mest spennande, grusomme og vonde eg nokon gong har lese!
Så mykje vondskap samla mellom to permar er heldigvis ikkje vanleg.
Boka er god- utan tvil- og skildrar det optimale av menneskeleg - eller umenneskelege handlingar mot små born.
Som eg sa- meg gjorde det fysisk vondt å lese.
Eg er likevel glad for å ha lese romanen, som heile tida hadde håpet og kjærleiken som menneskeleg styrke.
Eg måtte berre ta meg ei pause frå denne grusomme historia no i kveld.....det gjer nesten fysisk vondt å lese om så mykje vondskap der gjerningsmannen skal straffe kvinner ved å angripe uskuldige barn.
Litt uvirkelig, men svært spennande. Skal fullføre i morgon....trur eg...
Denne gjorde verkeleg inntrykk!!
Det gjorde vondt å lese om ein så dysfunksjonell familie der løgn og frykt pregar så stor del av kvardagen! Tragisk, men godt skildra!
Eg seier meg enig i din omtale av innhaldet i ein så viktig roman om emne som er lite kjent!
For nokre år sidan las eg «Salamanderkrigen» her inne på Bokelskere i den dystopiske lesesirkelen. Men..boka er ein klassikar...ei god bok som ganske sikkert toler eit gjensyn. Har funne boka i hylla. Så- sannsynlegvis vil eg delta denne gongen med...
En av vennene mine, sier sykepleieren, har fortalt meg at angst bare er nedfryst spenning. Hvis man varmer opp angsten litt, så den begynner å tine, vil det skje noe : man vil plutselig merke at det man følte seg redd for, i virkeligheten er veldig spennende.
Denne er lita, lett- men med viktig innhald! Ei god bok som eg var så heldig å få av ein god ven!
På føttene hadde hun hvite tøysko som hadde sett lysere dager.
Vi bader nakne fra svabergene og hører på David Bowie på altfor høyt volum mens dyrene i skogen ser forskrekket på.
Hei! Har leita litt i bokhylla for å finne eit godt forslag, og hadde først tenkt å foreslå «Hva nå, lille mann»- ein god roman som fortener å bli lesen i lesesirkel.
Men...medan eg leita kom eg over Midaqqsmuget av Naguib Mahfouz- første gong utgitt i 1947.
Forfattaren fekk Nobelprisen i litteratur i 1988.
Romanen skildrar det fargerike miljøet i ei gate i Kairo. Menneska han lar oss møte er alt frå stolte, vakre Hamida, Salim som er direktør for eit større agentur til Zayta som livnærer seg av å gjere fattigfolk til dyktige tiggarar mm. Boka er full av humor og ironi- eit fargerikt mangfald.
Denne påska har vore uvanleg på meir enn ein måte! Men litt lesing har det blitt. Starta med «Den stille uke» av Sven Petter Næss. Den hadde ein god dose spenning og var betre enn eg hadde frykta.
Så starta eg på Hvit død av Robert Galbraith.
Den hadde eg «spart på» skulle kose meg med ei skikkelig tjukk bok.
Det har gått litt treigt- lite action no i starten iallfall. Men, synest det begynner å ta seg litt opp no etter nesten eit par hundre sider. Håper eg skal få fullført den no dei siste dagane.....har mange bøker på vent som eg gler meg til!
Ei god påske til alle- det vesle som er att!
Det er påskestemning i heimen- trass i merkeleg coronatid. Og i påska er krim heilt sjølvsagt her i huset. Har vore på bokhandelen og kjøpt ei tilbodsbok: Den stille uke av Sven Petter Næss. Ein norsk forfattar som er heit ukjend for meg. Har såvidt starta, og det verkar ok- sjølv om språket nok kunne ha vore betre redigert..
Har også ei anna krimbok på vent: Hvit død av Robert Gailbraith. Veit ikkje stort om den, anna enn at forfattaren er ansvarleg for Harry Potter bøkene.
Og om ingen av dei fenger, så har eg nokre krimperler i bokhylla som heilt sikkert toler ei gjenlesing.
Ha ei god helg, kos deg med boka di! ..og God Påske! :-)
Glassklokken må jeg sette opp på min leselist.
Eg avslutta Musikk fra en blå brønn i dag. Det gjorde nesten vondt å lese om så mykje einsemd som pregar kvardagen for Herdis. Nedreaas skriv poetisk, godt og set fokus på det som skjer i eit barnesinn som opplever så mykje avvising.
Det vondaste var å lese om straffa som Herdis måtte ta i mot av far sin då ho nekta å ete mat som ho opplevde som motbydelig. Vel var ho sta....men......
Det gjorde også vondt å lese om ei nesten usynleg Herdis i selskapslivet...ho vart halden utanfor - bevisst eller ubevisst...einsemda vart både stor og sårande.
Eg har leita opp «Ved neste nymåne, men eg trur eg er moden for noko mindre kjenslelada- så den skal få vente litt.
Men- Svært go litteratur er det!