Ferie hjemme,herlig med sol,sommer,og badevær. Og gode bøker på stranda.
Denne helgen leser jeg Aldri tilgi av Trude Teige.
Det er sikkert greit for dei fleste, og kan kanskje også vere aktuelt ei veke før?
Eg innrettar meg etter det som blir bestemt. Du er flink å legge til rette!
…og forresten, er det nyare verdslitteratur som er neste bokgruppe?
Ha ein god sommar!
Amerika-brevet som ble funnet på bunnen av ei gammel rosemalt kiste på Ytterbø, en husmannsplass i Telemark. Det er starten på en reise for finne svar på de mange spørsmål som dukker opp underveis.
En spennende og velskrevet fortelling om familiemedlemmer som reiste og ville prøve lykken i Amerika, noen med hell, andre ikke.
"Han sa bare at han elsket familien sin i Norge, men at han aldri ville hjem. Aldri.
Hva og hvorfor gjorde at han sa det?
Les denne interessante boka i tekst og bilder av Jon Magnus. Boka om noen få blandt de tusenvis av norske borgere som hvert år emigrerte til det landet der det" fløt gull i gatene"
Eg reagerte også på innlegga- og kom på at for nokre veker sidan var det noko liknande som vart gjort om ein roman som heiter Dr. Stravinsky. Alle gav terningkast seks!
Opplever desse omtalane svært negativt, og veit med meg sjølv at desse bøkene skal eg iallfall ikkje kjøpe/lese!
Hei! Her er det lite tid til lesing no om dagen- mykje familie på besøk, og då vert dei i fokus! Kjekt å få sjå folk igjen som har vore unna lenge pga Corona….
Men - har fått i gåve ma eit par bøker om Olive Kitterdge - og ser no at bøkene har vore filmatiserte. Skal prøve å skaffe meg filmen om det er råd…Det vesle eg har lese til no likar eg godt.
Eg har fleire bøker av Jonas Lie i bokhylla, men det er lenge sidan eg har lese noko av han.
Eg har nettopp fullført del 2 - der Helmi er i fokus!
Ho verka først lei av både arbeid og heimetilhøve- alt er rutiner, ho et- kler på seg det ho finn- går på arbeid- går heim til si vesle, gode Saara. Nesten litt apatisk, synest eg- sorga over han ho har mist er tung å bere.
Eg kvapp nesten fysisk då Helmi kom heim og fann kransen som Jussi hadde bunde- det vart sterkt, symbolsk- peika på at noko vondt kom til å hende….
Trur eg må fullføre resten av romanen i dag…..må sjå om eg finn nokre fleire svar.
Ps- då har eg fullført romanen! Nokre svar fekk eg- men ein del av det som eg oppfattar som symbolikk? det fattar eg ikkje. Er det kanskje eit råd å lese siste sidene opptatt?
Den sakna faren kom litt meir fram i lyset, men eg ser ikkje heilt klart kva lagnad han fekk- heilt fortent….
Skal vente eit par dagar med å levere boka tilbake til biblioteket.
Har nettopp lest ferdig delen med Jussi!
Må sei at eg kjenner meg nesten litt sorgfull. Jussi er for meg ein gut/ kar som er heilt ute i margen av det sosiale selskapet rundt seg. Han har naturkjensler og observerer luktar og lydar i alt rundt seg, nesten på eit nivå med dyr?
Eg får lyst til å hente han og gi han ein klem…
Kinnunen set ord på stemningar og kjensler på ein svært god måte, nesten til den minste detalj! Det vert både godt og vondt å lese.
Håper resten er like bra!
Denne gjorde nesten vondt å lese- kjende meg nesten utsliten etter å ha fullført! Men- som spenningslektyre gir den maksimalt…etter mi meining.
Likevel- ei bok som viser at det gode i mennesket gir reslultat!
Eg har Jordmora i bokhylla- ei bok eg likte godt. Har også fått Skår i hus- bibliotekutgåve! Skal bli spennande å lese!
Denne helgen har jeg startet på "Kameleonene" av Jørgen Jæger.
En krimforfatter som er en favoritt hos meg.
"En velskrevet og spennende bok,her går det så det suser...
Har lest mye den siste tiden,greit tidsfordriv innimellom jobb og andre hobbyer.
Hei!
Leseåret har vore nesten som vanleg…det har vore ein god del leseaktivitet med alle restriksjonane som har vore i landet vårt. No ser det heldigvis ut til å gå rette vegen!
Eg skal halde fram med Det åttende livet (til Brilka) som eg framleis likar svært godt. Men den er så tjukk at eg tek pauser for å lese andre ting.
No har eg leita fram Lord Jim av Joseph Conrad som har stått i bokhylla i årevis. Om eg no tek meg på tak og får lest den er eg litt usikker på….men, kanskje…
God helg!
Kjekt at du vil få i gang helgetråden- hyggelig å sjå kva andre kosar seg med i fritida!
Eg les ein murstein: Det åttende livet av Haratischwili- ei bok som er god på mange måtar- både innholdsmessig og språklig! Det er bra at innhaldet er oppdelt i bøker som har fått namn etter den personen som spelar hovudrolla.
Det er mange personar å halde styr på, så for meg er det nyttig å ta pauser mellom kvart «liv».
Er også i gang med Ekko av en venn av Ambjørnsen. Hyggelig å møte Elling igjen. Han er fornøyelig som alltid med sine gleder og sorger
God helg- det vesle som er att!
Zeph legger potene på knærne hans, legger hodet på skakke, et helt barnehjems bedende blikk i øynene.
Frå det store vindauget inst i rommet var det fri sikt over til Botanisk hage, der alskens tre var i gang med å røyte bladverka sine.
Denne hadde stått og støva ned i fleire år- hadde ingen forventningar - skulle berre fungere som «tidtrøyte» som me seier i vår del av landet. Men- den engasjerte- fekk meir og meir sympati for den dømte Agnes.
Og det at den er basert på verkelege hendingar gjer den endå meir engasjerande.
Interessant, ja..
Bøker som er ekstra tjukke- over 650 sider…med mykje godt lesestoff!
Spennande...og så håper eg at det kjem inn fleire gode forslag. Det er utrulig mykje godt å velje mellom.:)
Jeg prøver hardt å få tak i sinnet, men raseriet fordamper, blir en dråpe i fortvilelsens hav.
Her vart det litt elle/melle- men trur eg landar på ei bok som eg nyleg har lese; Tabita av Iben Mondrup.
Boka gjorde djupt inntrykk på meg, så sterkt at eg kjøpte den på den lokale bokhandelen etter å ha lånt den på biblioteket.
Innhaldet er frå Grønland og Danmark og handlar om små born som vert tvangsadopterte til danske adoptivforeldre. Dei vart nekta å snakke morsmålet, og fekk ikkje uttrykke at dei lengta etter si grønlandske mamma...
Forfattaren har budd på Grønland, og sjølv om dette er ein roman har liknande hendt: I 1951 vart 22 grønlandske born sendt til Danmark for å bli danna menneske...
Ei bok eg kjem til å lese igjen sjølv om den ikkje blir utvald...
Odd Rimmen betraktet det umake paret, hun lys og lett med sol i blikket, han mørk og tung som et lavtrykk.