Gratulerer så mye med den store dagen.
Denne helgen har jeg begynt å lese C.JTudor, Brennende jenter. ellers blir det rydding i kjeller,har dessverre alt for mye.
Så har eg fullført romanen….og er nesten ikkje lei meg. Første delen likte eg svært, svært godt, medan eg nesten småkjeda meg no mot slutten. Både språket og innhaldet vart lite engasjerande - kanskje det hadde noko med temaet å gjere også….eller leseforma mi?
Uansett - alt i alt er det ei bok eg er glad for å ha lese….
Heia!
Eg har endeleg fått sett meg ned i lesestolen, med Og bakom synger skogene.
Det er jammen ei bok som er verdt å bruke tid på- ikkje minst språkleg. Ganske mange gongar har eg sitert- eller lest- avsnitt for gemalen her.
Har lest godt og vel halvparten av romanen, og om eg er like fornøgd med siste delen, så vurderer eg å kjøpe boka- til ei overfylt bokhylle!
Ei god helg vidare, både til deg og til dei andre brukarane her!
Eg har hatt nokre dagar med ufrivillig lesepause- men har brukt litt tid no i ettermiddag. Rett så fornøyelig har det vore å lese om juleførebuingar og gamle tradisjonar på garden Bjørndal. Nyankomne Therese har fått litt av kvart å «bryne seg» på - ikkje minst det stålgrå blikket til Ane Hammarrbø som held seg til det som gir makt på garden.
Å lese denne gir god trivsel i vår moderne heim, trass i at regnet silar ned ute!
Eg har nettopp fått boka i hus. Den ser ut til å ha vore lese i av mange før meg- og det er vel eit godt teikn?
Reknar med at eg får starta ein av dei første dagane neste veke!
Ser fram til god litteratur og god diskusjon!
Denne ser freistande ut, men vart litt skeptisk då eg såg at boka er nærmare 900 sider….eller er det det samansett av fleire bøker ?
Eg greier ikkje å kome på noke nytt, så eg berre kopierer eit framlegg eg har hatt før - for eit par år sidan, nemlig Allis sønn av Magnhild Haalke.
Det er ei god bok som fortener å kome «frem fra glemselen» - mykje positivt har kome fram om boka, og som iallfall eg gjerne les ein gong til.
Har omsider manna meg opp til å lese ferdig Skyggedanseren av Sara Omar. Ei skrekkelig historie som eg har lese ein gong før- men sidan den skal diskuterast i lesesirkel måtte eg lese den igjen. Har brukt lang tid sidan den gjorde så vondt at eg måtte legge den bort nokre perioder.
No har eg leita fram ei «vanleg» krim bok som så mange andre i påska: Skjebnesteinen av Svein Peter Næss. Håper å få ei bra stund saman med den.
Har elles ein haug med gode, ulesne bøker som ventar på meg i bokhylla.
Håper leselysta mi kjem tilbake!
Ei god påske vidare til dokke alle! 🐣
Heidundrende krim.Spenning fra begynnelse til slutt.
Eg har lest ca halvparten av boka, og trur eg må sei at akkurat kjenner eg meg nesten uvel.
Oates skriv godt, likte svært godt første delen, der skildringa av Violet og pappa fekk mykje rom- der var mykje varme kjensler trass i det vonde som låg under overflata.
Men- i den delen der Violet vart så knytta til læraren, Mr. Sandman, vart det vonde litt for dominerande…..trass i gode skildringar….veit nesten ikkje om eg meistrar å fullføre..
Då er eg glad for å ha denne liggande på vent….vart kjøpt på impuls no under Mammut, og ante ikkje noko om kva eg fekk i hus. Kjekt å ha noko å gle seg til !
Snøen faller fra den mørke himmelen og legger seg som frossen englegråt på skuldrene og hodet hennes.
Heia!
Trur eg satsar på å prøve meg igjen…
Gjer det enkelt for meg sjølv og mitt forslag blir då: skriv lenkebeskrivelse her «Amerikansk jord» av Jeanine Cummins.
Ei bok som har fått mange gode kritikkar- Skal vere både intenst drivande og medrivande -ei gripande bok med godt språk.
Eg har nettopp fått boka i hus og ser fram til å lese den -enten åleine eller helst saman med fleire.
«Amerikansk jord er en intenst gripende roman om en mor og et barn på flukt - om sorgen over de som er borte, og om hvor langt vi er villige til å gå for å redde dem vi er glad i. Og samtidig er den en ulidelig spennende katt-og-mus-fortelling som ikke slipper taket i deg.»
Sven Øen lyste opp da han fikk øye på Bjørk, som knapt rakk å introdusere seg før 120 kilo bygd på potetgull, koffeindrikker og endeløse netter med sjakk og gaming spratt opp fra kontorstolen.
God bedring, håper du blir bedre snart. Godt å kose seg med en god bok,noe av det jeg liker best.
Det er miss Lemon som har ansvaret for den undervisningen, en kvinne som er så vertikal at jeg er overbevist om at hun aldri har duppet av i hele sitt liv!
I foajeen ventet en yngre mann. En gammelhipster i trettiårene, tenkte Maria. Over støvlene hans svevde et par jeans med de største oppbrettene hun hadde sett, og dertil kom skjorte, svarte bukseseler og et rødt tørkle i halsen. På nesa bar mannen et par hornbriller med så tjukke glass at øynene fikk et overdimensjonert utseende. Maria syntes han liknet en karikatur av en chihuahua.
Denne helgen leser jeg Stefan Ahnhem,Siste Spiker. Har akkurat kommet i gang, her er det mye spenning.
Eg held meg litt i bakgrunnen for tida- det er ein del som skjer rundt meg og mine som gjer det vanskeleg å foreslå neste bok. Eg måtte dessverre lever tilbake forrige bok, nesten ulest.
Eg håper likevel at eg kan få vere med, og om situasjonen vår skulle betre seg, så vil eg gjerne vere med framover!
Lukke til- dei gode bøkene og diskusjonane er verdt å få med seg! :)
Eg har endeleg fått boka i hus- biblioteket har skaffa meg ei eldre utgåve frå nasjonalbiblioteket. Håper eg får energi til å lese romanen som skal vere ein verdssuksess (kan eg lese bake på omslaget)…Eg har heldigvis god tid på meg, og boka er ikkje så lang..