Eg har fleire bøker som kanskje kunne vere aktuelle til ein god debatt, men eg trur eg bestemmer meg for Kveldens ubehag av M L Rijneveld.
Romanen er kanskje ikkje så svært lysteleg, men er ei bok som har vunne prisar og som har fått god omtale.
Det skal vere ein roman som peikar på kor viktig det er med omsorg og kjærleik.
Det å prate saman er viktig…..og kanskje det er ei bok som kan gi ein god diskusjon?

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Gjett om eg er glad for å ha fått denne i gåve no nyleg! Den er er velskreven og svært spennande- las den ut på to dagar.
Det gjorde nesten fysisk vondt å lese om den infame Aidan- ein mann som utad er respektert og veletablert - og som greier å halde «Rachel» fanga under svært elendige tilhøve i mange år.
Sjølv om eg reagerte på at der var nokre sekvenser som nesten verka utrulege, så var det ei bok som greidde å halde på meg som lesar til siste slutt.
Ein kan trygt sei at dette er ein psykologisk krim som skildrar ein kamp på liv og død. Trur dette er den mest spennande romanen eg har lese på lange tider….

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Så har også eg fått starta på ein roman som har stått ei god stund i ventehylla.
Eg likar å lese om Brita Caisa som er på vandring i eit hardbarka miljø oppe i nord. Ho ber med seg hendingar som ho skammer seg over - og ho ventar på at ein sympatisk make skal kome i hennar veg.
Eg likar språket, det barske miljøet dei levde i - i 1859 - i nær kontakt med naturen og menneska rundt seg.
Eg har nesten lese 100 sider, så eg har ein god del igjen av boka som skildrar eit liv som er langt, langt unna det livet me lever i dag.
Ser fram til å sjå korleis det går med Brita Caisa og familien hennar…..

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Herlig at sommeren har kommet,deilig. Har tatt årets første bad,17 grader. Har akkurat begynt på "Siste stykket hjem",av Ørjan Karlsson.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Drivende god krim.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har omsider leita fram Northanger Abbey - og sit og kjenner meg litt snytt….det verkar ikkje som boka fenger meg. Hittil har det vore litt for mykje kjolar,vakre stoff, jenter og ball ….og leiting etter ein mann som kan vere av det rette slaget.
Trur eg skal gi romanen litt meir tid, men eg må nesten ta meg sammen for å lese her eg sit i solveggen i mai…

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då har eg omsider leita fram mi lånte utgåve av Nothanger Abbey.
Av ulike årsaker ville eg avslutte ei krimbok eg hadde begynt på- trass i at den ikkje er mellom det beste eg har lest.
No skal eg sjå kor langt eg kjem meg i veg i selskap med Jane Austen….skal bli spennande å sjå om eg greier å fullføre på den tida eg har til rådvelde….no, når det er så mange vårlige syslar som eg også vil bruke tid på!
Må elles ynskje alle lukke til med 17. mai🇳🇴

Godt sagt! (3) Varsle Svar

No har eg fått lese ca 1/3 av romanen Mordet på Henrik Ibsen.
Boka er eit av mine impulskjøp, og forventningane var berre sånn passe- det var tjukkelsen på romanen som gjorde at den vart med meg heim.
Men- eg las litt i går, og det tok ikkje lang tid før eg måtte le…høgt! Dette var komisk….og det var godt å få le litt i dette sure, kalde vinterveret vi har i vår del av landet. Så- dei få kronene eg brukte på denne var vel anvende kroner.
No gler eg meg til å lese resten, og håper å få meg ein god latter i dag med!

God helg til deg og alle andre som kosar seg med noko lesbart!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Drivende god fra begynnelse til slutt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er ikke noe å si på spenningsnivået, men den ble litt for grotesk for meg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne helgen leser jeg "Lykkejeger",av Jan -Erik Fjell. Veldig spennende og god krim. Lenge siden jeg har lest noe av Fjell,så på tide å dra det frem igjen.Hagearbeid står for tur,deilig å holde på ute i fint vær.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Spennende, men datt litt av mot slutten og måtte bla litt tilbake, derfor ikke full pott.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Spennende og drivende god. Kan anbefales.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er jammen bra at det er litt ekstra tid, ja! Mi bok er ei svært gammal utgåve frå 1954 - som kom ut i 1976…..Med eit svært stivt bokmål.
Eg har lese ei side, og ser at eg treng tid på å tyde enkelte ord og setningar. Berre etter nokre få setningar kom ordet veivspillet som stod på ein stake og spelte….For meg er det heilt ukjent.
Men- eg skal prøve å vere med- har vore glad i å lese Hamsun før, så,eg håper å få det til…

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Jau, viljestyrken blir svak når det gjeld Mammut- så det vart nok eit par bøker på meg og. Gemalen kom også heim med ei. Bøkene som vart innkjøpte er: «304 dager» av Simon Stranger, og «Kveldens ubehag» av Rijneveld. Ein forfattar som er heilt framand for meg, men eg las eit par positive omtalar, så då….

No les eg: «Arsenikktårnet» av Anne B Ragde….ei bok eg har lese for mange år sidan, men skal diskuterast mellom nokre damer neste veke.
God helg!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Heia!
Eg har leita litt i hyllene mine og synest det er vanskeleg å velje….
Men- trur eg landar på kilden av gabriel scott
eg kan ikkje sjå at den har vore diskutert før, men det er iallfall ei bok som gjorde Scott velkjend som forfattar.
Den handlar om fiskaren Markus som lever eit stille, roleg liv i selskap med havet og fiskeutstyret sitt.
Eg har lese den. Inst to gongar før, men den toler godt eit gjensyn- ei vakker bok med gode skildringar.

(Om vi har hatt den før, så kan eg finne noko anna)

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Eg var så heldig at De kaller meg ulven av Zeshan Shakar var ein av pakkane som låg under juletreet sist jul. Har lese i den eit par dagar, og likar den godt. Forfattaren skriv godt og får fram
konflikten som kjem fram når to ulike kulturar skal leve saman. Det er ikkje alltid lett- hverken i heimen eller ute mellom vener og kjende.
Boka fortener mange lesarar!

Vil ynskje både deg og alle andre leseglade ei god helg!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Ei svært sterk bok som gjer inntrykk! Har lese den meir enn ein gong….

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne helgen har jeg fått startet på "Forræderen", av Jørn Lier Horst,denne virker veldig spennende. Ellers må jeg prøve å bli ferdig med en tale til et 50 års lag.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hei!
Eg håper å få tilbake leselysta, og jammen ser det ut til at eg skal få nokre trivelege timar i selskap med Havets kirkegård av Aslak Nore.
Har ikkje fått lese så svært mange sider, men det vesle eg har lese har eg likt godt….trass i den lite positive tittelen på boka….

Har også leita fram igjen Årene av Annie Ernaux.
Har lese den før, men sidan eg skal diskutere den i ein lokal lesesirkel, så må eg repetere….huskar ikkje alt så godt.

Ynskjer deg og andre bokelskere ei god helg, med ei god leseoppleving!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MBjørg Marit TinholtJarmo Larsen