Er glad for å vere i gang, glad for at eg no er klar for å å starte på Peter Malm....Ine Wang er nesten glad for dei grufulle drapa i Nordmarka...ho kjenner at det kan gi henne det kicket ho hadde bruk for som journalist og forfattar.
Kjærstad brukar språket godt, og han greier å flette inn ein passe dose spenning...
Denne helgen leser jeg Galgen av Yrsa Sigurdardòttir,har lest et par bøker av henne, for en tid til bake, fant ut at det var så spennende at jeg begynte på denne. Har også Judasskuddet av Jørgen Jeger liggende, så da har jeg tidsfordriv i påsken. Jeg er fremdeles på jobb,da jeg har en samfunnskritisk jobb. Men det er greit. Jeg er klar for påske og noen fridager...
Salt Lane av William Shaw vart den som fekk meg tilbake til å lese. Boka er som sagt lettlest, og har ein passe dose spenning...har brukt ein god time på den no i ettermiddag.
Kjøpte den svært billig på bokhandelen.
Viktig at vi bruker nokre kroner til å kjøpe litt i desse tider - mange butikkar får store økonomiske problem - likar ikkje!
Ekman er kanskje også ei bok det er verdt å bruke tid på? Har lese litt av henne før.
Så må eg få ønske både deg og alle andre her inne ei God påske! :-)
Heia! Beklageligvis har leselysta mi gått rett i dørken pga det som skjer rundt oss...I dag har endelig greidd å opne ei bok, ei svært lettlest krimbok. Må sjå om eg kan få lyst til å fordjupe meg i bøker igjen. Og «Berge» ligg framleis på bordet...
Vil ynskje alle ei God påske! :-)
Heia! Boka er leita fram, og eg har lese nokre få sider...Medan eg las reflekterte eg over at Kjærstad skriv godt, men kunne gjerne vere litt rausare med avsnitt?
Etter ei kort stund la eg bort boka- alt som skjer rundt meg her gjer at eg ikkje greier å samle tankane om innhaldet.
Håper at situasjonen betrar seg slik at både denne og andre bøker gir meg meir.
Likte boka sist eg las den ....og det er ikkje lenge sidan :-)
(...eg har tenkt åhalde fram...)
All ære til deg for innsatsen....Det ser ut som koronaviruset har slått ut mange her inne på Bokelskere også. Vi får stemme over dei som er og håpe på at det å fordjupe seg i ei god bok kan ta brodden av viruset!
Den som kaster maska, mister ikke ansikt, men viser ansikt.
Sjølv om eg ikkje greidde å halde meg frå å lese i nokre av dei nyinnkjøpte på årets Mammut ....(MÅTTE berre.....) så har eg no leita fram ei som har stått på vent ei stund og som har fått gode vurderingar Stormen og stillheten av Miriam Negaard.
Kan ikkje seie så mykje etter de få linjene eg har lest - men kan iallfall sei god lesehelg til alle! :-)
Eg har telt på knappane...hadde litt vanskeleg for å bestemme meg for kva bok eg skulle velje..men, trur eg går for ei som eg har lest før: Søsterklokkene av Lars Mytting...Ei god bok som kanskje litt for mange har lese då, men...
Elles så ser eg no at gruppa har vorte svært redusert. Rart, sidan medlemstalet er stadig aukande. Det er iallfall triveleg når mange deltek i diskusjonane.
Då må både du og andre ha ein god dag vidare! :-)
«Jeg har alltid forestilt meg at paradiset må være et slags bibliotek.»
Har fullført ein god roman - igjen! Boka skildrar miljøet i sørstatane godt, og også tilhøva i familien.. og det dei må takle sidan pappa Atticus må verne ein som er farga.
Ein roman som tålte gjensynet - og biblioteket vil skaffe meg filmen.
Har ca 100 sider igjen- og trivst i selskap med Jem, Scout og Atticus.
Forfattaren får godt fram både miljøet og det gode samhaldet mellom ulike personar....meiner eg. 30-åra i sørstatane var lite positive for dei farga...
Opplevde skildringa av kyrkjebesøket der dei to borna gjekk saman med si farga (nigger)hushjelp skildra godt skilnaden i samfunnet.
(Det er nesten sjarmerande at mi aldrande bok måtte teipast i går....den laga nokre lydar som talte for assistanse :-))
Har omsider leita fram mi utgåve av «Drep ikke en sangfugl»....ei bok eg kjøpte på ein bruktbutikk for nokre få år sidan. Forrige gong las eg ei lånt bok.
Denne er ei bokklubbok frå 1971...omsett av Magli Elster.
Har oppdaga nokre skrivefeil, så korrekturen har nok ikkje vore max..
Likevel, det vesle eg har lese til no har vore til glede. Atticus er ein mann med stor sans for rettferd, og med stor omtanke for dei to borna sine....
Glad for å kunne vere med på å samlese denne...
Kor flott at du tek over.....
Eg har lese boka for nokre år sidan, men blir gjerne med på felleslesinga...
Boka er god.
Leseperioden kan kanskje berre stå? ...vi brukar likevel den tida i treng i diskusjonen :-)
Sender masse god betring til deg, Kjell k, og varm takk for alt du har lagt så godt til rette i lesesirkelen! Helt framifrå!
Håper det ikkje er så lenge til du er tilbake! :-)
Huden på halsen henger i tunge folder, og de lange, oppoverbøyde hårene som vokser ut av neseborene, får Malin til å tenke på ugresset som strekker seg mot lyset i bedet utenfor huset.
Her i nordvest er det nesten «nordvest» i dag...iallfall når det gjeld temp. Ute er det surt og kaldt og sludd i lufta.
Eg har heldigvis fått lese litt i dag, og det i ei god bok som eg fekk i julegåve: Eleanor Oliphant har det helt fint.
Eg likar det eg les...Eleanor er ei samansett dame, og det er ein god del eg ikkje veit om henne...spennande!
Håper at leselysta tek seg opp, den har ikkje vore så god i det siste.
Sidan helga nærmar seg slutten, så får eg sei: God søndagskveld!
Klesvasken hang så stille som på ein teikning (22. juli 1975)
Eg har telt litt på knappane på kva for ei bok eg skulle velje som mitt forslag. Det vart litt elle-melle, men enda opp med ei bok eg har lese før, og som eg godt kan tenke meg å lese igjen, nemlig Den gode jord av Pearl S Buck.
Boka gjorde inntrykk på meg då eg las den for 5 år sidan....
Håper på fleire gode bøker å velje mellom!
PS Boka fekk Nobelpris i litteratur, og er filmatisert...