Jau, Vårherre var travel i veka som gjekk
Med å spyle og vaske kvar einaste flekk
Av det kjære og vakre Nordvestlandet sitt
Så no skin det så snart vi får sol på visitt

For å få med meg godver vi kanskje kan få
Tek eg stand på altanen så mykje som råd
Og i Brooklyn der veks det eit tre, blir det sagt
Det er god-bok for lesing i haustfargeprakt

Godt sagt! (7) Varsle Svar

I denne bokklubben-utgåva er dei to siste bøkene i Bjørndal-trilogien samla. I Det blåser fra Dauingfjell dreier mykje seg om sonen til Dag, som også heiter Dag. Dei blir då Gammel-Dag og unge Dag. Unge Dag skal gifte seg med ei byfrøken, Adalheid, og det blir storslått feiring på Bjørndal. Gammel-Dag sparar ikkje på noko for å imponere gjestane frå byen. Det er reint så ein får vatn i munnen av å lese om all den gode maten det blir diska opp med. Og slik held det fram ved fleire høve, julefeiringar med mange gjestar og overdådig oppvartning. Men det gjeng opp og ned her i livet, og slik også for romanfigurane i denne boka. Tragedia råkar unge Dag, og det gjer ikkje saka betre at han finn på å klivre opp på Dauingefjell.

I Ingen vei går utenom kuliminerer mellom anna striden mellom gardane Bjørndal og Borgland. Men mykje av boka dreier seg om trekant-relasjonen Gammel-Dag, unge Dag og Adalheid. Dei to ektemakane pratar ikkje lenger saman, det er ikkje det at dei er uvenner eller noko, det har berre blitt slik at dei ikkje greier å lette hjartet sitt for einannan. Far og son har det på same måte, dei finn ikkje høve til å prate ut om ting som det burde ha vært prata ut om, det er enklast å teie. Dei einaste som har nokonlunde fornuftige samtalar er Gammel-Dag og Adalheid. Her er med andre ord mykje å løyse opp i for romanfigurane.

Det skjer sjølvsagt mykje meir enn dette i desse to bøkene. Eg nevnte temposkifte i omtalen av Og bakom synger skogene. Slik er det også i desse to siste bøkene av trilogien, det kan dvelast ved detaljar over mange sider, og så skjer det brått dramatiske omveltingar i løpet av eit avsnitt eller to. Men bøkene er gode og lettleste, miljø- og naturskildringane er knakande gode, handlinga er brukbart spanande og uforutsigbar, og viktigast av alt; eg blei sugd inn i bøkene. Takk for reisa, Gulbranssen.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

"Hvis du ikke var en androide," avbrøt Rick, "hvis jeg lovlig kunne ha giftet meg med deg, ville jeg ha gjort det."
Rachael sa: "Vi kunne jo leve i synd, bortsett fra at jeg ikke er levende."

Godt sagt! (3) Varsle Svar

"Min timeplan i dag sier seks timer selvbebreidende depresjon," sa Iran.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Skal vi sjå ... det er vel på tide å bestemme seg for eit forslag. Har tumla med mange kandidatar; Dekameronen, Glassklokken, Tistlene brenner, Mørke midt på dagen, Homo Faber ... mellom anna. Men eg landar altså på denne; Tre kamerater av Erich Maria Remarque.

Remarque er mest kjend for Intet nytt fra Vestfronten, ei skildring av korleis livet i skyttargravene under første verdskrigen var for ein ungdom. I Tre kamerater er handlinga lagt til Tyskland i mellomkrigstida, samfunnet er på veg til å kome på fote att etter krigen, men er samstundes i ferd med å spore av i og med framvoksteren av nazismen.

Boka blei forboden av nazistane og blei ikkje publisert i Tyskland før 1950, men den kom ut i Norge i 1937. Men i 1941 var det stopp også her (seier wikipedia). Bøker som var forbodne av nazistane høyrest ut som noko som bør lesast.

For den som likte filmen Hjortejegeren frå 1978 med Robert de Niro i hovudrolla så kan det også vere interessant å vite at filmen skal vere lauseleg basert på denne boka. For min eigen del er eg veldig spent på å finne ut av om ein kan kjenne att noko av filmen ved å lese boka. Og eit artig bonus-tema for diskusjon dersom det blir denne vi les saman.

Eg trur boka skal vere lett å få tak i. Eg ser den til sals (pocket, rett nok) på bokklubben og på Ark sin nettbutikk, På antikvariat.net er der to innbundne eksemplar, og det skulle overraske meg stort om ein ikkje finn den i andre brukthandlar på nett også. For ikkje å snakke om på biblioteket.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Det blir vekslande ver no i helga som kjem
Så eg satsar på lesing av bøker igjen
På papir; Jeg er Zlatan, ein biografi
Og i bil; David Copperfield når eg har tid

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Har nettopp lest ut Gjøkeredet av Ken Kesey. Her dukkar uttrykket om at "den som gjeng i utakt høyrer ei anna tromme" opp to gangar, først i munnen på ein turnuskandidat som prøver å glatte over ei ukonform meiningsytring (side 163), og seinare i tankane til Bromden i etterdønningane av elektrosjokk-behandling (side 294)
Det virkar nærmast som om dette er eit gjengs uttrykk over there. Men var det Thoreau som fann på det? Har prøvd å google litt, men utan hell så langt.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sjølvknusande POTte, kanskje?
Ja ja, uansett har han skrive ei god bok, det skal han ha.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Vi er sinnssyke fra galehuset lenger borte i veien - psykokeramikere, menneskehetens knuste krukker.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg var ei stund redd for at eg hadde tenk ein sjølvstendig tanke. Men nei, når eg ser på ein eldre diskusjon om Dvergen, som det også er lenka til eit par andre stadar i denne tråden, så ser eg at fleire har nevnt det same. Eg veit at eg har vært inne og lest i denne tråden for nokre år sidan, så her har nok undermedvitet lagra desse synspunkta. Takk og lov, det skulle tatt seg ut om ein dreiv og tenkte ut noko heilt nytt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

"Billy, kan du huske første gang du fikk talevanskeligheter? Da du begynte å stamme, kan du huske det?"
Jeg er ikke sikker på om han ler eller ikke.
"B-b-begynte å ess-ess-sstamme? Første stamme? Det f-f-første ordet jeg stammet var m-m-ma-mm-mm-a."

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Etter å ha tenkt litt på det, så tykkjer eg ikkje det er så udemokratisk likevel. Alle vil jo etter tur få førstevalget sitt. Det er jo berre å setje opp ei ordna liste over kven som vil vere forslagsstillarar. I tidlegare runder så har vi vel vært mellom 5 og 10 som har kome med forslag. Sidan det var mitt forslag som blei valt i førre runde ser eg det som naturleg at eg blir satt opp på sisteplass dersom ein vel å gjennomføre ei slik ordning.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har haustferie-vitjing av dott’ra om da’n
Som gjeng folkehøgskule langt borte ein sta’n
Men eg les då ei stund innimellom, trass alt,
I Ken Kesey sin bok om ein sinnssjuk-anstalt.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

-- Skal du dø du da, farfar? sa han spent. Det gikk en stramning over Gammel-Dags ansikt, men han reiste hodet og så fast på gutten.
-- Å har du hørt det henne? sa han.
-- På kjøkkenet. - - Hvorfor skal du dø da?
-- Alt som lever skal dø.
-- Jeg også?
-- Ja - du også - en gang.
-- Men det er lenge til?
-- Å - ja, slik tenker alle.


Ingen vei går utenom

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Som mannevilja er økse-eggen;
når skåra telgjes i furuleggen,
den feller kring seg og hogger vei -
som mannevilja på all sin lei.

Som økse-eggen er mannevilja;
når foten tramper på dansetilja,
da rår en kar over jenters skokk
og feller hardt i de venes flokk.

Med mannevilja og økse-eggen
det hender at de blir satt i veggen:
av kjerringkjeft kan en kar bli døv,
og økse-eggen kan slites sløv.


Ingen vei går utenom

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Lykken er en ustadig gjest i menneskers liv. Ingen vet når den kommer - og ingen vet når den går.


Det blåser fra Dauingfjell

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Omsider kom majoren til ro. - I får unnskylde, justisråd, sa han, - at jeg må le ut, men når jeg tenker på den forlorne tittelen proprietær i forbindelse med min tilkommende svigersønn, da får jeg vondt. Han er rett og slett bonde og skogsmann - jeger, kriger, mannfolk - alt hva I vil - bare ikke proprietær.


Det blåser fra Dauingfjell

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg oppfattar dvergen som ei lekamleggjering av det onde i mennesket. Han nemner vel sjølv ganske tidleg i boka at menneska har dvergesjel inne i seg som kjem til syne av og til, medan han sjølv er uforfalska og reinhekla dverg. Her er det altså ondskapen inne i oss som talar til oss gjennom boksidene. Ser ein bort frå det smått krenkande ved å henge denne bjella på dvergar, så er det et veldig tiltalande litterært grep. Dvergen legg ikkje fingrane imellom, men veltar fram alt grums som kan gøyme seg i eit menneskesinn.

Forøvrig vil eg legge til at eg storkosar meg med boka. Den er betre enn eg hadde våga å håpe på.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Klassisk røvarhistorie heilt etter min smak. Året er 1866, og det kjem rapportar frå fleire kantar av verda om at flere skip har blitt senka av eit mystisk sjøuhyre. Slikt kan ein ikkje ha noko av, så den amerikanske marinen sender ut fregatten Abraham Lincoln for å spore opp og bli kvitt dette uhyret. Den franske forskaren professor Pierre Aronnax, som tilfeldigvis er i New York når fregatten skal ut på denne ferda, blir invitert med på turen i og med at han er ein anerkjend vitskapsmann. Det er Aronnax som er forteljar i boka, i første person.

Dei finn uhyret, som viser seg å vere ein ubåt. Etter dramatiske hendingar lagar det seg slik at Arronax og eit par andre som var om bord i Abraham Lincoln blir berga om bord i ubåten. Og no startar eventyret for alvor, dette er eit maraton-cruise til alle kantar av verdshava, der dei opplever dei mest fantastiske ting. Guiden på turen er den mystiske kapteinen som kallar seg Nemo, og som ber på ein mørk løyndom.

Verne verkar å ha vært grundig informert om vitskap og teknologi i samtida. Det er naturleg å tru at skildringa av sjølve ubåten er inspirert av den franske Plongeur, sjøsatt i 1863 og den første ubåten i verda med mekansik framdrift. I likheit med Nautilus hadde denne også eit baugspyd som skulle kunne nyttast til å senke andre båtar. Men der Plongeur blir driven av trykkluft så er det elektrisitet som er drivkrafta i Nautilus, her var Verne 20 år forut for si tid. Minst, for det er ikkje ende på kva visjonar han har for kva elektrisiteten kan nyttast til. Berre noko så enkelt som elektrisk belysning var også noko som kom over 20 år seinare enn boka. I tilleg til teknologiske visjonar så gjer Verne også grundig greie for eit utal av livsformer i sjøen. Alt i alt ei spanande og innhaldsrik bok. Eg høyrde den som gratis lydbok på Loyalbooks, der opplesaren gjorde ein god jobb.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Usually what gamblers regret the most isn't the loss of their money so much as the loss of their insane hopes.


'Second part, Chapter 8

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Annonsér hos bokelskere.no


Sist sett

Martine GulbrandsenAnne ÅmoDun AenghusTonjeToveEivind  VaksvikNina J.B.Ketilkriraerlend kongsvollMarius Theodor Yttri FjørtoftTone SundlandJohn LarsenDaffy Englundingar hNorahAkima Montgomerykjell kPilarisKjerstiIvar SandMarit HåverstadVilde Gran JohansenEli HagelundRune U. FurbergBerit RPaeoniaJan Erik  OlsenHelene FagerhusLisbeth Kingsrud KvistenMargretheOle Jacob OddenesBjørg Marit TinholtSigrid NygaardGeir SundetIdaMariarAnne Wang-AndersenHelen SkogLillevimoira