To himmelske bøker på tapetet. Himmel over London av Håkan Nesser som lydbok og Himmelens fange av Carlos Ruiz Zafon som papirbok.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg ha lydar rundt meg, likar ikkje å ha det stille, - heller ikkje når eg les. Er vant til at mine familiemedlemer lagar masse lyd. Dersom eg ein sjelden gong er åleine heime, slår eg på både radio og TV - og slenger meg i godstolen med ei bok!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Jeg vet hvem du er av Yrsa Sigurdardóttir ligg på nattbordet. Ifølge omtalane skal denne vera grøssande og spennande, og det passar meg fint.
Har nettopp lytta ferdig Gutten i kofferten av Kaaberbøl & Friis, OK dansk krim. Den neste lydboka no vert den nye Håkan Nesser-boka Himmel over London, som eg har store forventningar til.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har heller ikkje lese Stolthet og fordom, slikt gammalt romantisk drama fristar ikkje. Derimot har eg lese dei aller fleste av P.D. James sine krimromanar, samt sett fleire av TV-filmane basert på bøkene hennar. Sidan eg er ein stor P.D. James-fan, var forventningane ganske store til denne boka, men eg vart skuffa. Handlinga er for omstendeleg, plottet er tynt, og det er lite spenning.

Når ein er blitt såpass vaksen som P.D. James er, må ho få lov til å skriva akkurat det ho vil. Men dessverre; dette var kjedeleg.

Dessutan er boka prega av dårleg språk og elendig korrekturlesing. Det siste er forlaget sitt ansvar, her virkar det som om det har vore hastverk med å få gje ut boka.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg går ut med søppelposen

Eg går ut med søppelposen i handa
Utelyset er slått av og stjernehimmelen

er mørk som dyrepels og stjernene
skin så sterkt at eg stoppar opp

Heile livet mitt har eg samla vinterkveldar
i denne kvite kroppen

Nå har eg kome fram til i kveld
og står her med søppel i neven

og stjernene sin vedunderlege familie
over hovudet

- Helge Torvund

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Det går fortsatt i Døden kommer til Pemberley her, er kommen til side 208. Og eg må sei at det no er på tide at boka blir spennande! Hittil har eg kjeda meg litt, men kanskje det blir ei flott avslutning?
Høyrer dessutan på lydbok; Skygge av Karin Alvtegen. Bra bok, men opplesaren er vel teatralsk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dette er bok nummer tre i retrokrim-serien om etterforskar Kolbjørn Kristiansen - K2 - og den hemmelege assistenten hans, Patricia Louise I. E. Borchman. I dei to fyrste, Menneskefluene og Satelittmenneskene, handla det om "lukka rom". I Katalysator-mordet er me i eit meir "ope landskap". Boka er mørkare og har meir action enn dei føregåande. Handlinga går føre seg i Oslo og i Valdres i 1970. Her er eit visst historisk sus; både statsminister Per Borten, partiformann Trygve Bratteli og etterretningssjef Asbjørn Bryn dukkar opp som bipersonar, - lett namnekamuflerte, men gjenkjennelege.

Boka startar dramatisk med at K2 vert vitne til at ei ung kvinne desperat kjempar for å nå trikken. Neste dag blir ho funnen skoten og drepen, midt i trikkesporet. Det syner seg at denne hendinga heng saman med ei forsvinning i Valdres to år tidlegare. Etter kvart handlar det om både venstreradikale og nazistiske grupper, etterretnings-tenester og terrortruslar.

Hans Olav Lahlum har skapt sin eigen stil. For å understreka tida det handlar om, brukar han eit konservativt og stivt språk. Språket er snirklete og dialogane formelle, - det vert såleis unaturleg og lett komisk. Rett nok er det ei stund sidan 1970, men folk snakka då ikkje slik den gongen? Både K2 og Patricia er lite truverdige personar for meg, det same gjeld forholdet mellom dei.

Likevel - det er underhaldande og nyttig å lesa at politietterforsking før i tida skjedde utan hjelp av epost, mobiltelefonar og internett.
Terningkast 4.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Oi, er det helg no igjen?!
Eg les framleis Døden kommer til Pemberley, - det går litt tregt med meg og baronessa. I tillegg lyttar eg til Hud av Mo Hayder.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Mo Hayder - Hud - digikort lånt på biblioteket. Ei ekkel og spennande bok.
Trond Peter Stamsø Munch er opplesar med passe stor innleving.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Heart of Gold

I want to live,
I want to give
I've been a miner
for a heart of gold.
It's these expressions
I never give
That keep me searching
for a heart of gold
And I'm getting old.
Keeps me searching
for a heart of gold
And I'm getting old.

I've been to Hollywood
I've been to Redwood
I crossed the ocean
for a heart of gold

I've been in my mind,
it's such a fine line
That keeps me searching
for a heart of gold
And I'm getting old.
Keeps me searching
for a heart of gold
And I'm getting old.

Keep me searching
for a heart of gold
You keep me searching
for a heart of gold
And I'm getting old.
I've been a miner
for a heart of gold.

- Neil Young

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg har kjøpt bøker på Ordflyt, det funkar fint. Ordflyt-app'en er kjekk, det er praktisk å høyre lydbok på mobilen.

Sjølve bokkjøpet må gjerast via Ordflyt-programmet på PC/Mac'en. Boka du kjøper dukkar deretter opp i app'en, lastast ned medan mobilen er tilkobla eit trådlaust nettverk, slik at du då kan lytta i fråkobla modus. Alle gratisbøkene på Ordflyt får du òg tilgang til.

Alt er enkelt forklart på spørsmål og svar-sida.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Menyen var god, men det vart "for mykje" friluftsliv og sosialt samkvem denne helga. No er det alt søndag kveld, og eg har berre lese 6 sider i papirboka (Pemberley) og ikkje høyrt eit einaste sekund av lydboka (Katalysatormordet).

Og det gjer ingenting. Bøkene ventar alltid på lesaren.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Døden kommer til Pemberley av P.D. James og Katalysatormordet av Hans Olav Lahlum vert "med meg" denne helga.

God helg til alle :-))

Godt sagt! (1) Varsle Svar

”Skyggerom” er ei bra krimbok. Eg ser fram til fleire framtidige romanar med Anton Brekke i hovudrolla.

Jan-Erik Fjell vart tildelt Bokhandlerprisen for debutboka Tysteren som kom i 2010, – og no er oppfølgjaren her. Etter mitt syn er denne boka mykje betre enn debutboka. No kan Fjell nesten nemnast i same andedrag som Nesbø og Horst. Boka er spennande frå starten av, og dei 500 sidene går unna i ein fei. Du forstår frå starten av at noko ligg og ulmar. Noko mørkt, noko feil, - slik at du liksom må skunde deg å lese vidare.

I ”Skyggerom” vert kriminaletterforskar Anton Brekke dregen inn i ei sak der oppklaringa av eit drap i Østfold har samanheng med internasjonal kriminalitet. Det handlar om kynisk menneskesmugling, groteske overgrep og drap på uskuldige. Ein litauer skal levere ei last for den russiske mafiaen i Noreg, - og noko går gale. Ein lærar, som syner seg å vera kontaktmann for litaueren, vert brutalt drepen. Ein seksåring, autist og sjakkgeni, er eit viktig vitne. Ein narkoman millionær og ein geskjeftig psykolog vert etter kvart sett i søkelyset.

Anton Brekke frå Kripos vert sett på ei drapssak, saman med Magnus Torp, politistudenten han (og me) vart kjend med i ”Tysteren”, samt ein annan litt sliten politimann, Ole Kval. Dette vesle teamet skal så ta seg av saka som viser seg å ha fleire forgreiningar, m.a. til utlandet, der dei mektige og farlege bakmennene rår.

Eg tykte ikkje noko særleg om hovudpersonen Brekke i den fyrste boka, men i oppfølgjaren er han blitt meir ”levande”. Han vert framstilt som ein tørrvittig og halvgretten person, ikkje heilt ulik Jussi Adler-Olsen sin hovudperson Carl Mørck i bøkene om Avdeling Q. Brekke har sine eigne ”demonar”, pokerspeling og eks-kona sitt nye forhold med ein ny mann opptek han nesten like mykje som drapsetterforskinga. Fleire av bipersonane i boka vert litt "vage" og lite truverdige for meg, men forteljinga er likevel truverdig.

Boka byr på fleire parallelle historiar, slik som ein god krim skal. På ein litt innfløkt og overraskande måte vert trådane nøsta opp til slutt.

Konklusjon: Ein svak femmar på terningen. Fjell har stadig litt å gå på, men for all del; boka anbefalast.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Gutta

snøen som falt ifjor
er ikke lenger hva den var
juletrærne når ikke til taket
og alle pakkene er bløte
det er tredje dag
og alle kakene er allerede tørre
jeg rydder i korker og papir
og jeg spør meg selv
for det er ingen andre å spørre:
når var det det slutta
når var det egentlig det slutta
hvor er det blitt av alle gutta

hvor er Pål som stod i gål
og redda på streken
hvor er Nils som drakk pils
med sugerør og hadde teken
hvor er Jonny som sang money
med hockeykølla som mikk
hvor er Joker som spilte poker
og alltid tok siste stikk
hvor er Tobben som fikk jobben
som sjokoladetrekk på Ringen
hvor er Kaj som sjekka Mai
og hoppa av i svingen
når var det egentlig at båndene ble kutta
hvor er det blitt av alle gutta

våren er akutt
og sommeren er en lengre lidelse
det er høl i bademadrassene
morellene er sure
vannet er for kaldt
og gatene for ensomme
det er ikke lenger gøy på landet
kleggen blir større og større
det er for mye sand på strendene
og filmene er gørre
snart er det første skoledag igjen
jeg har rydda i pennalet
og pakket ranselen
og jeg spør meg selv
for det er ingen andre å spørre:
hvor var det det butta
hvor var det egentlig det butta
hvor er det blitt av alle gutta

hvor er Jens som slo lens
og tryna i hekken
hvor er Max som fiska laks
i Gaustadbekken
hvor er Jo som hadde sko
med femtiøring og jernbeslag
hvor er Lathans som sovna sankthans
og våkna tredje juledag
hvor er Elling som tok telling
da han stupte fra tiern
hvor er Finn som drakk gin
og sneik seg inn på niern
når var det det slutta
når var det egentlig det slutta
hvor er det blitt av alle gutta

gutta sover nå
gutta sover nå
med lyset på

- Lars Saabye Christensen

Saabye Christensen les diktet for lakk og lær-folket i San Francisco:
http://www.dagbladet.no/2012/09/24/kultur/litteratur/ler/pisk/poesi/23555330/

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Dette var en interessant bok. "Kvinner i hvitt" har jeg hørt om i forbindelse med at de ble nominert til Fredsprisen for 2012. De består av ektefeller og familiemedlemmer til 75 opposisjonelle på Cuba som ble fengslet av Castros regime fordi de stilte spørsmål om regimet. Kvinnene gikk til messe hver søndag iført hvite klær som symboliserte uskyld. De ville fortsette med dette til de fikk løssatt sine familiemedlemmer (de siste ble løslatt i 2011). Denne boken beskriver Cuba før og etter revolusjonen. Et Cuba hvor det ble forbudt å ha egen meninger, lese bøker, ha tilgang til mat, spise på restauranter.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Etter mi meining har Engelens spill fått mange ufortente lunkne anmeldelsar. ”Alle” hylla Vindens skygge og stemninga og magien der; eg tykkjer Engelens spill har mykje av det same: Dette er ei spenningsbok, ei eventyrforteljing, eit magisk drama med eit frodig persongalleri. Her er mystiske personar, skumle hus og gater, romantikk og begjær, hat og hevn, drap og død.

Zafon sin stil, det levande språket og leiken med ord og setningar er til å humre av i begge bøkene.

Lydbokversjonen av Engelens spill er svært bra. Ivar Nørve gjer ein fantastisk innsats som opplesar, - nesten like fantastisk som Kai Remlov som les Vindens skygge.

Terningkast 5 frå meg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Takkar og bukkar for tips, eg er enig i at prisnivået på bøker her i landet er urimeleg høgt. Det er ein av grunnane til at eg er ein flittig brukar av biblioteket.

Og nei, eg har faktisk aldri lese ei einaste bok på svensk. Ikkje har eg sett noko særleg på svensk TV heller, - så eg trur det er lurast for meg å vente til dei norske utgåvene kjem.
Den siste Barbarotti-boka er eg også veldig spent på!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hver bok har en sjel, sjelen til den som skrev den, og sjelen til dem som leste den og opplevde den.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Denne helga skal eg leseSkyggerom av Jan-Erik Fjell og lytte tilEngelens spill av Carlos Ruiz Zafón.

Det går godt an å lese to bøker samstundes. Men for at eg då ikkje skal surre det til for meg sjølv, prøver eg å passe på at bøkene er ulike; særleg i stil, men òg helst i sjanger.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

LilleviPiippokattaLabbelineTherese HolmHarald KKirsten LundIngunn SKjell F TislevollJørgen NHilde H HelsethcupcakeMads Leonard HolvikSigrid NygaardVegardTone HGrete AastorpLinda NyrudKjerstiHarald AndersenJohn GulfjelletKetilStig TTor Arne DahlLailaSigrid Blytt TøsdalAgathe MolvikReadninggirl30alpakkaRisRosOgKlagingTheaTorill RevheimEivind  VaksvikBjørg Marit TinholtNina M. Haugan FinnsonStine SevilhaugAnniken RøilRoger MartinsenTine VictoriaAnn EkerhovdNina