Interessant for oss som driv med religion i Sør-Amerika: Slavane tok kulturen sin frå Afrika med til den nye verda, og enno lever mytane og ritane i Amerika ...
Eg klarte ikkje heilt å få sansen for denne. Kanskje min feil?
nesten ei favorittbok, dette - spansk, kristen mystikk. Flott utgåve med spansk og norsk tekst og kommentarar.
Eg kjente boka ut og inn før eg tok lydboka som dessert i 2007 (men vil nok nyte rettane fleire gonger i åra som kjem). Radioteaterversjonen skal NRK ha all ære av, særleg Tor Stokke i rolla som Watson. Verdas beste kriminal - kanskje reiser eg tilbake til Dartmoor ein gong for å oppleve stemninga på ny ...
Eg sluttar meg til alle korte og konsise reaksjonane på "Jenny", som for meg er Roma-romanen framfor nokon. Å gå i Roma og komme ut på Corsoen, som Helge, det er stort. Roma og Kristiania, om krav til seg sjølv og til kjærleiken.
Grei som innføring, som knaggrekkje.
Fascinerande. Djuptloddande. Spennande.
Ja. Godt å høyre! Østbye er god (eg bruker Vandvik ved sida av den greske teksta med engelsk prosaomsetjing). Gyldendal skreiv ein gong at Østbyes omsetjing av Odysséen er betre enn originalen, og det er vel å ta litt hardt i ...
Eg liker som regel godt å lese Pollestad, men koplinga hans til Horats var vel ikkje heilt vellykka? Enkelte gonger kan ein likevel føle at her har dei to dialog. Pollestad er vittig og elegant, både der eg deler synspunkta hans og elles.
Ja. Forfattaren får sagt mykje om samfunnet han er ein del av, anten han vil det eller ikkje. Men tenk for ein kreativitet det er å utstyre hovudpersonen med sjukeleg beundring for Harlem Brundtland - og med utsikt til det "paradiset" som sosialdemokratar av ulik politisk farge har skapt! Han er ikkje direkte fornøgd med utviklinga, Ambjørnsen, men noko alternativ set han ikkje opp ...
Ja, utviklinga måtte ta ei anna retning. Ikkje akkurat lysteleg, nei,
Ja. Og det spesielle, det som er så godt gjennomført, er perspektivet: eg-forteljaren som ser verda frå sin ståstad. Då ser ein at det er noko gale med verda.
Dagens populære spørjekonkurransar burde hente spørsmål frå denne boka her - som t.d. "Kants etikk er en pliktetikk i motsetning til Humes etikk. Betyr dette at Kant slutter fra 'er' og til bør'? Begrunn svaret!"
Problematiserer. Bra stimulering til tenking!
Bokelskarar bruker vel "Bokelskere.no" ulikt - her hadde eg lagt inn ei bok under "Skal lese" med den tanken eg hadde akkurat der og då. Det vil ta tid før eg får lese boka. Når eg får lese boka, sender eg svar til meg sjølv med liten omtale. Så slik er det.
Koste meg kraftig med lydboka i bilen. Så lurt - å la oss oppleve samfunnet, med sine verste utskot, som Fugledansen, gjennom sinnet til denne Elling! Ambjørnsen tek denne typen medborgarar på kornet; dette er Ellings perspektiv på verda, heilt naturleg framstilt! Og då kjem ikkje verda så godt ut av det, nei.
Ja, også så lett verseføtene til gjendiktaren spring gjennom teksta!
med utgangspunkt i ein gresk myte og ein tagedie av Euripides skapar Racine ei dramatisk ramme for ei kvinnes kamp for å elske.
Kjedeleg - ville vel mange unge seie i dag. Men når ein veit at Undset skreiv denne vesle boka i USA under krigen fordi Eleanor Roosevelt oppfordra forfattarar i eksil til å skrive slike bøker for barn i USA, kjem boka i eit anna lys: Undset fortel om ein trygg heim der kvardagsaktivitetane strukturer livet og gir det meining. Ho viser oss den trygge verda som barn skal ha, for barn skal ikkje oppleve krig. For meg var det godt å høyre på denne lydboka.
Ja, dette er eit stykke som rører ved oss. Det er jo sjølve eksistensen som det handlar om. Legg merke til korleis Mario Benedetti utnyttar dette motivet i "La Tregua" - å handle eller ikke handle, det er spørsmålet.