Jean Racines Fedra hadde premiere ved det franske hoffet i 1677. Det er ein tragedie som byggjer på ein gamal hellensk myte og går føre seg i Troitsén, ein by på Peloponnes. Den tragiske hovudpersonen er Fedra som er gift med kong Tesevs. Tesevs er sakna, og når det kjem bod om at han er død, fortel Fedra til amma si, Oinone, om sin umogelege kjærleik til stesonen Hippolytos. Det er Venus som har lagd denne lagnaden på Fedra for synder forfedrane hennar har gjort seg skuldige i. Ikkje berre er kjærleiken eit svik mot Tesevs, eit forhold til ein steson blir rekna som blodskam. Fedra avslører sin kjærleik til Hippolytos, men blir avvist. Han elskar Aricia, også eit umogeleg forhold fordi Aricias ætt er fiendar av Tesevs’ ætt. Når det så viser seg at Tesevs ikkje er død, og dukkar opp igjen ved hoffet, er det klart for tragediens kulminasjon.

Tragedien er eit skoleeksempel på fransk klassisistisk dramateori som krev mellom anna at stykket skal halde seg til dei tre einingane i tid, stad og handling. Denne dramateorien bygger på Aristoteles’ prinsipp for tragediar der målet er å vekke redsle og medkjensle hos sjåaren/lesaren.

Kjære Bokven, heng du med enno? Kvifor i all verda skal du blåse støv av dette stykket og lese det?

I Fedra har Racine begått ei djuptgåande analyse av kvinnesjela. Fedra er oppeten av lidenskap, ho er klar over sitt moralske forfall men ho er ikkje i stand til å endre kurs. Ho er ein slave av instinkta sine, feig og full av forakt for seg sjølv. Ho er knust av anger og ser på lidenskapen sin som eit brot. Lagnaden har eit grep om henne som er sterkare enn hennar frie vilje, likevel klarer ho å sjå seg sjølv klart og analysere seg sjølv.

Stykket er omsett av Halldis Moren Vesaas, og i føreordet skriv ho:

[Fedra] er framfor oss heile tida, i fullt lys, levande i kvar trevl, utan atterhald viser ho oss sitt hjarte, slik det er når det har nådd si ytste evne til å elske og lide. Vi ser det og kjennest ved det, for det er òg ditt og mitt hjarte, Menneskehjartet, det som i alle tider er det same.

Eg leste Fedra første gongen for snart tjue år sidan, og ho er ei av dei kvinneskikkelsene som eg aldri har gløymt, og som er med meg som eit referansepunkt i lesinga mi enno.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Viser 4 svar.

For meg var det Proust som gjorde at jeg ble gjort oppmerksom på dette dramaet. Fantastisk lesning i bind to "På sporet av den tapte tid" om hans teaterbesøk og følelser rundt skuespillerinnen og dette stykket. Og nå skal jeg jammen lese oversettelsen til Haldis Moren Vesås. Utrolig hvor litteraturen bringer meg......

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ja, også så lett verseføtene til gjendiktaren spring gjennom teksta!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, Fedras skjebne og sjølvtukt kan gå inn på ein kvar! Takka vere Shakespeare-prosjektet no i haust, har eg òg fått lest dette fantastiske stykket. Det er nettopp dette som er så fint å oppleve når ein les; inspirasjon til å søke enno vidare inn i litteraturens verd!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Så bra du har skrevet en omtale som kan friste oss andre til å finne fram til denne klassikeren, Karamella! Sånne påminnelser trenger i alle fall jeg, for ellers er det så altfor lett å "glemme" alt som fortsatt er ulest. Og du leverer jo et vektig argument for hvorfor Fedra ikke bør forbli ulest...

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Stig TMads Leonard HolvikSynnøve H HoelHarald KIreneleserTove Obrestad WøienFindusHanne Kvernmo RyeBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenPiippokattaIngeborg GKjerstiEllen E. MartolIngvild SritaolineLailaRufsetufsaEvaHilde H HelsethConnieKaramasov11mgeJarmo LarsenSissel ElisabethAnniken LDolly DuckEli HagelundDemeterFride LindsethBjørg L.Egil StangelandBeathe SolbergVannflaskeIngunn STatiana WesserlingJulie StensethKirsten Lund