Eg verken kan eller vil klassifisere særinteressene mine som problem. Nerdete - ja. Overdrivne - kanskje. Tidstjuvar - definitivt. Men samstundes står dei for noko som nærast kan samanliknast med sjelefred.
Eg har funne strategiar, ingen som kjennest heilt trygge, men som i det minste skjuler korleis eg vaklar. Favoritten min er å gå inn i rolla som lyttar, å vri lyskastaren mot nokon andre, vekk frå meg sjølv. Det er som regel ei takknemleg rolle, ikkje berre fordi eg sjølv slepp å styre skuta, men ogå fordi det er utruleg mange som likar å prate, særleg når vi dei merkar at nokon verkeleg høyrer etter. Og det gjer eg godt, så lenge det ikkje blir kravd at eg skal kome med stadige kommentarar og eigne vurderingar.
På ein måte har eg blitt meir tilbaketrekt. Eg tillet meg å vere det. Men ettersom det gjer at eg samstundes har det så utruleg mykje betre, opplever mange at eg har blitt lettare tilgjengeleg og utåtvend.
"Eg tenkte at du kunne trenge det. Du må lære deg å nyte livet litt også. Eg veit at det kan vere jævlig av og til, men det treng ikkje vere berre det", seier han med ein lått, like varsamt som raslinga i grusen då han nærma seg ved elva.
Eigedom er ein felles fiende ein gjer lurt i å halde kjeft om.
Me rodde ut ei nått
for åtte år sidan,
båtane bar oss høgtideleg over fjorden.
Tante har fortald at ho
bann båtane etter oss,
dei vart bål på stråndi
som kunne sjåast frå fastlandet,
fyrverkeri av flammur som varte
i mangetimar, før sprakinga til slutt stilna og
ei tynn strime av røyk vart det siste sporet:
Ei helleristing på himmelen,
forteljande om eit folk som fór.
"Pakk!" vert dei kalla, familien som bur inst i dalen på den austerrikske landsbygda. Far Josef og mor Maria, og det som til slutt blir i alt sju barn. Det eine av dei, den femte i rekkja, Margrete eller bare Grete, vert seinare mor til eg-personen i romanen. Eg-personen er forteljaren som fortel om desse ni, dei som mange i bygda såg ned på.
Forteljingane er mange og går i krumspring ut og inn i tid og anekdotar, og rett som det er smett forteljarstemma inn midt i forteljinga om noko anna for gje ein tilleggsopplysning eller liknande. Dette er korkje forvirrande eller irriterande, snarare fornøyeleg, tykkjer eg. Trass breidda i tid og anekdotar, som blant anna tek for seg korleis det går vidare i livet med alle dei sju søskena, er det i tida då Josef var i hæren under den første verdskrigen hovudhandlinga går føre seg.
Romanen er handlingsmetta og godt skriven, i god omsetjing av Ute Neumann, og trass i at han ikkje er inndelt i kapittel, bare avsnitt som varer nokre sider i slengen, var ikkje dette ei bok eg hadde lyst til å leggje frå meg. Forlaget skriv at "Pakk er en rørende fortelling om samhold og svik, om tvil og fortvilelse, med direkte linjer til forfatterens egen slektshistorie", og det er eg samd i. I tillegg handlar romanen blant anna om sjalusi, kjærleik og relasjonar menneske imellom.
Skal du lese bare ein roman i februar , anbefaler eg at det blir denne. Den er overkommeleg for dei fleste med sine 155 sider.
Alltid når jeg skulle være glad måtte jeg glemme mor og far. Be hjertet om å roe seg bak ribbeina, ikke vri deg sånn, hjerte!
I Lucy Bartons memoarer skrev Lucy at folk alltid prøver å føle seg overlegne andre, og Patty tenkte at dette var sant.
Du er klok for å vere ei jente på berre 12 år, seier bibliotekaren vennleg.
Klara trekkjer på skuldrene.
- Alle menneske oppfører seg som idiotar minst fem minutt kvar dag, seier ho veslevakse. - Å vere klok vil seie at ein ikkje overskrid den grensa.
Så du meiner at kjærleiken er noko drit? oppsummerer Halldis.
- Noko slikt, seier Klara og snufsar litt.
Halldis pustar tungt.
- Av og til, seier ho, - er kjærleik ein heilt håplaus ting.
Klara tygg sakte på ein havrekjeks.
- Men det er også den eine tingen som knyter oss saman, seier Halldis. - Utan kjærleik går ikkje jorda rundt.
Kjenslene mine er for det meste ein stor floke. Først må eg greie å begripe kva det er som skjer inne i meg. Eg kjenner jo at eg kjenner noko, og eg kan for det meste avgjere om eg har det ein slags bra eller ein slags kjipt, men å avgjere om det å ha det kjipt handlar om å vere trøytt, om angst, om stress, om sinne eller om det er noko anna i ein-slags-kjipt-avdelinga, er slett ikkje like lett.
Det autistiske operativsystemet inneheld ofte også noko som ein pleier å kalle for manglar i dei eksekutive funksjonane. [...] Her inngår mellom anna evna til å planlegge og organisere, å ordne handlingane sine for å nå ulike mål, og å tilpasse åtferda til situasjonen. Manglar i dei eksekutive funksjonane kan for eksempel innebere at ein har vanskar med å kome i gang med ting og/eller å strukturere dei - å ro eit prosjekt i land frå start til mål. Det kan handle om alt frå småting, som å smørje eit smørbrød eller vaske toalettet, til større ting, som å arrangere ein fest eller ei reise.
For mange med autisme medfører det også problem med å automatisere - å gjere ting utan å behøve å tenke på kva ein gjer - og å generalisere - å overføre det ein har lært seg i ein situasjon, til andre samanhengar.
Generelt klarer eg forandringar betre om eg får ein sjanse til å innstille meg på det som ventar. Helst vil eg vite så mykje som mogeleg på førehand: Kva kjem til å skje? Kven kjem til å vere der? Kva slags forventningar blir stilte til meg? Det er som om hjernen min i ro og fred må få sjansen til å førebu seg. Veksle, byte spor, som eit tungt, prustande gammalt damplokomotiv.
langt her inne
mor
var han
du ikkje visste
eg var
no
når du ikkje lenger ser
tør eg vere
han eg er
eg leitar og leitar
har visst gløymt
at eg fann deg
for lenge sidan