Dei fyrste sidene av forteljinga inneheld mykje interessant stoff. Ikkje så rart; vi er jo «nel quartiere di San Lorenzo», med all si historie. Og forteljaren opptrer som ein kronikør, slik den fyrste delen av boka, den med oversynet over den politiske og økonomiske utviklinga, legg opp til. Av og til blir brottstykke av lyriske tekster siterte; eg har ikkje klart å finne ut kvar dei stammar frå, om dei er henta frå verk i italiensk litteratur. Men det mest interessante for meg er at det som står om jødane, trekker trådar til ein av favorittfilmane mine, La vita è bella, av og med Roberto Benigni. Jo, boka er verd ein gjenvisitt!
Eg les opp att ei utgåve eg kjøpte i Roma i 2002; eg skulle som vanleg ha dagens utgåve av La Repubblica, og den gongen var det ein kiosk midt på Piazza della Rotonda. Eit reklameskilt sa at dersom ein kjøpte dagens La Repubblica, ville ein, ved å betale eit par euro ekstra, få La Storia i serien «La Biblioteca di Repubblica» på kjøpet.
Som lese, så kjøpt.
Romanen kom i 1974, da den kalde krigen begynte å gå mot slutten. Handlinga er eit «innsmett» i historia, mellom på den eine sida «l'inizio del secolo atomico» og ut 1940, og, på den andre sida, frå 1948 til militærkuppet i Hellas i 1967. Også sitat frå kjende litterære verk er med på å ramme inn både krønika og handlinga:
Aller fyrst møter vi eit sitat frå ein overlevande frå bombeangrepet mot Hiroshima, den mest katastrofale følgja av atomalderen:
Non c'è parola, in nessun linguaggio umano, capace di consolare le
cavie che non sanno il perché della loro morte
.
Under står eit sitat frå Luk 10,21:
[I same stunda jubla han i Den heilage ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi] du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. [Ja, Far,] for dette var din gode vilje.
Den nye norske versjonen (2011) er ikkje heilt i samsvar med den italienske Bibelen som låg til grunn for Morante sitt arbeid; her står
... perchè così a te piacque
I 1938-utgåva las nordmenn «for soleis tykte du det best», og da nærmar vi oss (gresken – «ὅτι οὕτωςεὐδοκία ἐγένετο ἔμπροσθέν σου» – kan vi omsette på mange måtar). Uansett viser dette, saman med epitafet på neste side, kva klasseperspektiv Morante har for skrivinga si: Ho siterer, går det fram av notane heilt til slutt, frå eit dikt av César Vallejo, i original, på spansk –
Por el analfabeto a quien escribo.
Dette er henta frå diktet «Himno a los voluntarios de la República». Tilfeldigvis las eg tidlegare i år Pablo Nerudas Canto general: den chilenske diktaren skriv – i «La gran alegría» – nesten det same som kollegaen frå Perú:
Escribo para el pueblo, aunque no pueda leer mi poesía con sus ojos rurales.
Altså: Det er dei nedste i samfunnet, dei fornedra og krenka, for å seie det med Dostojevskij, som dei skriv om og for, noko som blir dobbelt understreka ved at mottakarane ikkje kan lese. Eit paradoks? Nei, ikkje i eit historisk framtidsperspektiv …
Endeleg kjem eit sitat frå Lettere Siberiane;
«le novità del gran mondo»
når ikkje fram, ikkje til Sibir, ikkje til dei som skapar Historia. Kva dette Lettere Siberiane er for slags verk, veit eg ikkje, kanskje ei samling brev frå (tyske?) fangar i Sibir?
Etter at Morante med stikkord har presentert den fyrste delen av 1900-talet med opprusting, verdskrigar, Oktoberrevolusjonen, stalinisme, fascisme, borgarkrig og det eine med det andre, kan vi lese om kva som skjedde ein januardag i 1941, som kap. I opnar med:
Un giorno di gennaio dell'anno 1941, …
Iussit Amor: contra quis ferat arma deos?
Olve hadde gitt Gunnar eit godt sverd. Gunnar drog no sverdet utan å ha sett på seg hjelmen, hoppa straks over i framrommet på skipet til Vandil og gav ein mann banehogg med det same. Karl la til på andre sida med sitt skip og kasta eit spyd på tvers over skipet mot midja på Gunnar. Gunnar såg dette og snudde så raskt at eit auga ikkje rakk å festa seg ved det, tok spydet med venstre hand og kasta det mot skipet til Karl slik at den som kom i vegen for det, fekk bane.