Gamle, romantiske klassikarar som Stolthet og fordom, Overtalelse og Jane Eyre er bøker eg stadig plukkar fram igjen frå bokhylla. I tillegg har eg nokre favorittar frå barndommen som eg framleis likar å lese. Serien om Anne fra Bjørkely og ei bok som heiter En liten sang om kjærlighet er nokre døme. Av nyare bøker er det ikkje nokon spesielle eg kjem på, men dersom eg har likt ei bok gjer det meg ikkje noko å lese den om igjen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Einig med deg, dette var verkeleg dårleg. Ein studie i usannsynlige hendingar og overdriven vold og bestialtitet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har lese 39 eller 40 av bøkene på lista.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Boka om Knus, Riv og Ødelegg heiter «Moro å være snill», originaltittel er «Manners can be fun», og er skriven av Munro Leaf. Mi utgåve er frå 1947, og vart gjeven ut av J. W. Cappelen forlag. Boka omhandlar først og fremst korleis ein skal oppføre seg, og så kjem døma på korleis ein ikkje skal oppføre seg, illustrert av mellom anna karakterane Sippeguri, Bråkelars, Nysgjerrigper og dei tre favorittane Knus, Riv og Ødelegg.
Så morro at andre også har barndomsminner knytt til denne boka. Eg plukka den alltid fram frå bokhylla til bestemor når eg var der på besøk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Denne helga har eg lese Simon Stranger si "Leksikon om lys og mørke". Ei sterk bok, som fortel om historia til Stanger sin jødiske svigerfamilie, og om Henry Rinnan og hans samarbeid med nazistane under andre verdskrig.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg har nettopp fullført "En av oss" av Åsne Seierstad. Ei svært sterk oppleving, og eg åtte ta fleire lesepausar undervegs. Kva eg skal ta fatt på no er eg litt usikker på, men sidan eg plutseleg bestemte meg for å vaske oppå kjøkkenskapa mine kan det vere like greit at eg ikkje har nokon umiddelbare freistingar i bokhylla...

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Vi har lese mykje til ungane. Eldstemann på 12 har lese sjølv dei siste 2-3 åra, og kosar seg med det. Minste på 9 vil framleis helst bli lesen for. I det siste har ho lese Dustedagbøkene, og desse har vore populære. Ellers likte ho godt Tonje Glimmerdal, og Roald Dahl sine bøker. Jørn Lier Horst sin detektivserie har også vore populær. Til eldstemann bar det vel dei to første Harry Potter-bøkene vi las sist, før han pløyde gjennom resten sv serien på eigahand.
Eg er veldig glad for at eg har fått leseglede ungar, og kanskje særleg for at han på 12 kosar seg med bøker, sidan eg i lærarjobben min ofte ser at gutar meiner lesing er kjedeleg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Billie av Anna Gavalda
Eleanor & Park av Rainbow Rowell
Stoner av John Williams
Will Grayson, Will Grayson av John Green

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Etter ei lang lesetørke fekk eg endeleg ånden over meg i påska, så her vart det lese fire bøker. "Gyllen sol" var godt under middels, og ikkje ei bok eg vil anbefale. "Skam" av Mina Bai var heilt OK, men ikkje så mykje meir. "Huswt ved innsjøen" av Kate Morton leverte grei underhaldningslitteratur som ikkje kjem til å bli hugsa særleg lenge, medan Agnes Ravatn og "Fugletribunalet" gav meg ei god lesestund, om enn noko mørk og dyster.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Boka som gjorde djupast inntrykk på meg i 2016 var Marte Michelet si bok "Den største forbrytelsen". Eg les sjeldan dokumentariske bøker, men denne om skjeben til norske jødar under andre verdskrig var svært sterk.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg las mykje som barn, og hadde mange favorittar. Gulltopp, Bobsey-barna og Nancy Drew var blant dei første seriane eg las. Ellers vart det mykje Astrid Lindgren, Anne- Cath Vestlie, Egner, Mummitrollet. Som litt eldre barn likte eg veldig godt Anne fra Bjørkely og Emily-bøkene av samme forfattar. Andre bøker i nokonlunde samme sjanger som desse var Den hemmelige hagen, lille lord Fauntleroy og Frendelaus. I tillegg slukte eg alle bøkene til Roald Dahl, der favorittane var Heksene, Matilda og SVK.
Av nyare barne- og ungdomsbøker er eg veldig glad i Tonje Glimmerdal av Maria Parr, og sjølvsagt Harry Potter.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er blitt ein del seriar i det siste. Eg mellom anna pløyd gjennom heile Game of thrones dei siste vekene. I tillegg har eg sett House of cards, Mad men, True blood og The americans det siste året.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Leseåret 2016 er knapt starta, men "Den største forbrytelsen" kjem til å sitje i meg lenge. Eg kan nok med handa på hjartet seie at dette kjem til å bli årets leseoppleving. Absolutt ikkje ei god oppleving, derimot kjenner eg nærast på eit fysisk ubehag. Dette er eit viktig tema, og Marte Michelet formidlar godt.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Balansekunst av Rohinton Mistry, kanskje? Handling frå India. Ei veldig god bok, men ikkje akkurat så lystig.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg held på med "Den største forbrytelsen" av Marte Michelet, så det blir nok litt meir lesing i denne i løpet av helga. I tillegg har eg mange barne- og ungdomsbøker på leselista for tida, grunna norskstudie, så eg les kanskje noko frå denne lista i tillegg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Til jul fekk han den siste pondus-boka av ungane. Tidlegare i desember kjøpte eg bok nr 3 i Jon Michelet sin serie "En sjøens helt".

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I dag har eg halde meg til ungdomsbøker, og har lese "Happy" av Linn T. Sunne og "Faen ta skjebnen" av John Green.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg treng berre leselyst og ei bok som freistar.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Denne helga har eg lese Sophie Kinsella si "En shopoholiker i Hollywood" og Arto Paasilinna si "Herre min hatt". No har eg nett begynt på "Stoner" av John Williams. Sommaren er utmerka til å pløye gjennom litt bøker. Særleg i kombinasjon med strandliv i sydlegare strok, denne gongen på ei strand i Kroatia.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Heilt einig! Dette blei for søtt og oppstylta. Alle dameroman-klisjeane samla i ei bok. Eg hadde ikkje andre forventningar enn å bli underholdt, men boka innfridde ikkje på det området heller.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Anniken RøilFriskusenAliceInsaneMetteellinoronillePernille GrimelandGro Anita MyrvangEster STonjePirellisveinKikkan HaugenIngeborgMarit MogstadHanne Kvernmo RyeKaramasov11HeidiMarenConnieFarfalleHilde H HelsethCarine OlsrødRufsetufsaJohn LarsenGrete AastorpHelena ELinnKirsten LundNorahMarieVegardsomniferumMarit HåverstadAnne Berit GrønbechAnn ChristinAlice NordliToveTorKjell PEli Hagelund