Det blir i så fall romanar som IKKJE eg skal lese! Grøss og gru!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Leo Afrikaneren var den første boka eg las av Amin Maalouf. Lika boka veldig godt, og las etterpå fleire bøker av forfattaren, - ein forfattar eg set høgt. Eg lika Leo Afrikanaren best, og har tenkt å lese boka ein gong til. Etter den gode anmeldelsen din, er eg freista til å gjere det snarleg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg hadde planlagt ei koseleg lesehelg i regnveret, men dei forferdelege hendingane i går har teke lysta og konsentrasjonen.....

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Vil seie at dette var eit uventa utsagn av ein vismann som Platon.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Berre øv i vei, du blir betre etter kvart. Ei kryssordbok vil òg hjelpe deg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg lurer på om det er mange bokelskerar som er glade i å løyse kryssord. Sjølv elskar eg kryssordoppgavene til Rolf Hansen i Dagbladet onsdag og laurdag, men løyser mange andre oppgaver også. Fin avkobling ved sida av lesinga!!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

DE SMÅ GLEDER

Smaken av heimebakt rugbrød
med duftende sprø skorpe,
nykjernet smør, saltdugget
med klipt graslauk i
tidlig en sommermorgen
når skyggen av lauv
famler over voksduken på kjøkkenbordet -

selv om du ikke hadde opplevd mer...

(Hans Børli)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Einig i at dette er ei herleg bok! Ein blir gripen frå første side. Vi får litt etter litt eit bilete av ei mor som levde for at familien hennar, - ja, andre òg -, skulle ha det godt. Men det går ikkje opp for dei før det er for seint, kor viktig ho har vore i livet deira, og nå angrar dei på korleis dei har vore mot henne. To av stemmene vi høyrer er skrivne i 2. person, ein i 3. person og mora sin stemme i 1. person. Litt forvirrande heilt i byrjinga, men det fungerte etterkvart fint. Dette er ei fin og tankevekkjande bok, som nok vil sitje i lenge. Anbefalar henne på det varmaste!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Flott anmeldelse! Har sett lesaranmeldelsar om boka på amazom.com. Der fekk ho 4 1/2 stjerner i snitt (av 5). Eg lika boka godt. Forfattaren har tydelegvis gjort grundig research. Ved sida av ei interessant historie, får vi kunnskap om kinesisk historie og samfunnsliv frå første del av det 20 århundre. Språket flyt lett og karakterane er truverdige.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg vil anbefale Garman og Worse av Alexander Kielland (beskriv bymiljø i 1870-åra) og Familien på Gilje av Jonas Lie (beskriv livet i ein embedsmannfamilie i 1840-åra). Elles har vi jo Hamsun med fleire fine bøker....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ta vare på mor av Shin Kyuns-sook
Bruno politimester av Martin Walker
Hoggerne av Roy Jacobsen

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har og denne boka. Flott bok med god lyd. Det er lettvint med fuglesongen i sjølve boka. Interessant for store og små familiemedlemmer.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Litt av ei liste! Det verkar spennande. Eg vil gjerne bli med på lesinga av ein del av bøkene. Nokre har eg lese før, men det er ein del år sidan. The Pickwick Papers er bestilt. Heile programmet kjem eg ikkje til å følgje, for det er så mange andre bøker på "skal lese"-lista mi.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har lytta til Juni Dahr si ypperlege opplesing av Lykkelige dager og har storkosa meg med det. Sigrid Undset har gitt ei fin og varm skildring av familielivet på Bjerkebekk gjennom eitt år. Vi får også passande glimt frå norsk historie og kulturliv undervegs. Er einig i at boka ikkje høver så godt for barn av i dag, men mange vaksne vil nok ha glede av å lese henne.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg las denne boka på to regnfulle dagar på hytta. Ja, her var sanneleg mykje drammatikk! Til tider "over the top". Ein del av hendingane var ikkje heilt truverdige, og karakterane noko overflatisk framstilte. Men som underhaldande, lettlesen ferielektyre kan ho nok slå an.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Las litt av Platon for ein del år sidan. Nå blir eg inspirert til å lese meir av han. Fine sitat du har!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

"Hva var det John Lennon sa?....Ja - "Livet skjer mens du er travelt opptatt med å legge andre planer." Bedre kan det ikke sies...."

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Etter å ha herja og kriga med norske kongar (Snorre 1), feirar eg nå ei roleg og koseleg jule- og nyttårshelg på Bjerkebekk saman med Sigrid Undset og familien hennar. Herleg!
Lykkelige dager av Sigrid Undset. (Happy days in Norway gitt ut i USA i 1942).

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Fortsett å kjempe for det du føler, men tenk alltid på at den eneste veien er ordets, forståelsens, aldri sverdets vei.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Å plukke ut dei fem beste bøkene eg har lese er sanneleg ikkje lett! Det er så mange utruleg gode bøker. Desse fem er iallefall blant dei eg har lika best: Jenny av Sigrid Unset, Pan av Knut Hamsun, Kilden av Gabriel Scott, Medmenneske av Olav Duun og Løvekvinnen av Erik Fosnes Hansen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundSigrid Blytt TøsdalSynnøve H HoelLene AndresenMorten JensenJarmo LarsenAnne Helene MoeSolveigLilleviKjerstiReidun SvensliPiippokattaMathiasMarenIngunn ØvrebøJulie StensethVibekeKari FredriksenTore HalsaAnne-Stine Ruud HusevågDemeterToveIngunn SBertyAkima MontgomeryFrode Øglænd  MalminAud Merete RambølSol SkipnesJoakimEli HagelundTone HFredrikEllen E. MartolKathinka HoldenFlettietteritaolineCathrine PedersenVariosaIngeborgElisabeth Svee