Du har heilt rett i at boka har spenning på fleire plan. Det å skulle vere innestengde og vite at pesten er der saman med dei og kan slå til kva tid som helst er ei psykisk påkjenning som merkast.
Eg lurer elles litt på det om metfor og allegori er det same, eller meir eksakt: Kva er skilnaden? Las ein stad at romanen kan sjåast på som ein allegori....
Har fått lese nokre få sider i dag, og innhaldet har gitt mange tankar..
I kyrkja har pater Paneloux kasta ut påstandar om at pesten er Guds straffedom over byen, ei straff for ein ukjend forbrytelse.
Mange kjende seg fanga innanfor murane, mellom anna journalisten Rambert. Både han og mange andre venta på at pesten skulle gi seg, men med vakker sommar i kontrast til uhyggen, så auka dødstala i varmen.
Det er i ulykkene tid en venner seg til sannheten, det vil si til taushet. S 106
Det gjer inntrykk å lese om kva som skjer i eit kriseramma samfunn. - det fører tankane både til historiske kriser - og ulike situasjonar i verda i dag.
Håper at vidare lesing gir både "gode" opplevingar og nokre svar....
Lagt til:
Men mener De som Paneloux at pesten har sine gode virkninger, at den åpner øynene til folk og tvinger dem til å tenke? S 116
Fekk lyst til å ta med dette sitatet, sidan boka er ein allegori.....
Jeg syntes den ble klissete. Et ynkelig forsøk på å få den til å virke erotisk, men det var noe som manglet hele veien.
Synes denne var litt oppskrytt, ærlig talt.
Havner langt nede på mine lister over gode bøker. Kommer nok også til å glemme den fort.
Pesten vert styrande, for ein heil by. Det er skremmande!
Eg har lese eit stykke inn i del to, og det er spesielt å lese om korleis eit samfunn opplever det å bli stengt ute frå omverda. For manga verka heile situasjonen uverkeleg, medan det å ha nok mat og anna blir viktig. Religion og Gudstru får større meining når døden vert så nær dei.
Eg har bestemt meg for at boka skal få kvile no, iallfall til over helga. Eg høyrer på lydbok for tida, Magnetisørens femte vinter av Per Olov Enquist, der er det også sjukdom i fokus. Trur eg må ha noko anna eit par dagar!
Ha ein god ferie, både med "Pesten", og kanskje litt sol og varme?
Då har eg leita fram mi utgåve av "Pesten", bokklubb-bok frå 1971 - inndelt i fem deler og med illustrasjonar.
Det første som skjedde var at boka var så porøs i permen at eg måtte fram med teipen.
Når eg starta på lesinga vart eg nesten heilt "satt ut"! Byen Oran framstod som så stygg og utriveleg at ein nesten ikkje kan tru det finst folk der. Når så hovudpersonen, lege Bernard Rieux, oppdagar først ei rotte, og så ei til, og så endå fleire .......kom uhyggen verkeleg krypande!
Rottene er eit frampeik på pesten som dukkar opp i all si gru. ( Har lese til s 36)
Eg opplevde skrivestilen som spesiell, konservativt språk i mi utgåve, og med setningar som skildrar direkte og utan omsvøp. Ser også at forfattaren går inn i romanen, som allvitande: Før beretteren går i detaljer i de nye begivenhetene, tror han det kan være nyttig å gjengi et annet vitnes oppfatning.....
Skal prøve å ikkje lese boka for fort, vi har god tid på oss. Og, skal iallfall lese resten av del 1 på dagtid!
Det har vore vanleg at bøkene som ikkje vert selde i sjølve Mammutperioden vert ytterlegare prisreduserte etterpå, men då er det ikkje sikkert du får dei du har lyst på. Ser elles at du har bestilt nokre gode bøker, du har noko å sjå fram til der! :-)
Eg sjølv vart noko skuffa over Mammutsalget i år. Mange av bøkene har lagt til redusert prisar ganske lenge. Likevel vart det bestilt nokre bøker til mine overfylte bokhyller i år også:
Snø fra Brasil
Sannheten om Harry Quebertsaken
Forelskelsene
Brødrene Vega
Om det er gode kjøp, veit eg ikkje. Men, litt å gle seg til er det kanskje.
Hadde verkeleg store leseplanar for helga, men pga hendingar i familien, positive ja, så vart det mindre enn tenkt. Har likevel ei svært triveleg bok som kveldslektyre, nemlig Grønn var min barndoms dal av Richard Llewellyn. Ei bok som eg verkeleg kosar meg med, mykje betre enn eg hadde forventa. Skal sjå filmen om eg får fatt i den.
Og sidan vi må reise litt fram- og tilbake ei stund, har eg fått fatt i ei lydbok, Magnetisørens femte vinter av Per Olov Enquist. Ei spesiell bok verkar det som, etter det vesle vi har høyrt. Men, at Enquist kan skrive er det ingen tvil i!
(Kan ikkje tenkje meg at Trump les noko som helst litterært, trur han har meir enn nok å gjere med å finne forklaringar på utspela sine.)
Helga har ikkje så mange timar igjen, men ha ein god kveld og ei god, komande leseveke!
No vart eg jammen overraska! Trudde Trekket mot nord skulle få mest stemmer, og hadde tenkt å finne den på biblioteket.
Mi Pestbok står i hylla, kjøpt for nokre år sidan på vår lokale bruktbutikk, saman med fleire andre. Veit ikkje kva boka vil gi, men ser iallfall fram til å dele opplevinga med fleire!
Det er noe hjelpeløst i øynene på en forelsket mann, han har lagt hjertet sitt i en pikes hender, og vet han ikke kan ta det tilbake -......
Det er rart med småfuglene, en vet ikke hvor glad en er i dem, før en må være dem foruten.
Eg kan tenke meg å delta i ei samlesing av Tistlene brenner ein gong. Las boka for mange år sidan, og historia om den vesle kjempen Magre Memed gjorde eit stort inntrykk på meg. Han gav håp til dei undertrykte!
Men, veit du eller nokon andre om det også finst ei eiga bok om Magre Memed? Eg har alltid trudd at det var ulik tittel på same roman, men no er eg ikkje sikker lenger.
Heldt jammen på å gløyme å kome med forslag til bok. Men, etter litt tenkning trur eg at Pesten av Abert Camus skal få vere med på avstemminga.
Boka kan lesast både som ein allegori over kampen mot vonde makter, ( nazismen?) og som eit bilete på det gode som finst når ein treng å stå saman.
Fann eit sitat på Wikipedia som kanskje kan seie litt?
Har ikkje lese noko av Camus, men trur han skriv godt sidan han har fått nobelprisen i litteratur.
"Et gjennomgående trekk er at mennesker som utsettes for slike prøvelser ser ut til å velge å utføre selvoppofrende handlinger til fellesskapets beste. Romanen handler i stor grad om hva menneskelig godhet egentlig består i, og hvorfor mennesker velger det som i Sartres moralfilosofi kalles det sjenerøse."
Har den liggende her og skal til å lese den. Gleder meg veldig. Har lest det meste av Varg Veum tidligere, men det begynner å bli en stund siden nå. Jeg var en av dem som ikke gadd se filemene. Det ble SÅ feil med en østlending i den rollen.
Har hatt fleire gode leseopplevingar i januar. Den desidert beste er Manilahallen av Ruth Lillegraven. Las den for andre gong, og den tåler verkeleg å bli lest oppatt!
Ei bok som var overraskande og engasjerande var Klokken på Kalvskinnet av Kristian Kristiansen. Både forfattar og innhald var heilt ukjent for meg. Boka fortener å bli lesen av mange.....
Likte også godt den som "alle" les no: To søstre av Åsne Seierstad. Såg forresten på TV i går at jentene er under oppsikt for deira eventuelle innsats for IS i Syria. :-(
Håper at februar også kan gi gode litterære opplevingar, har iallfall fleire gode bøker som ventar!
Fullførte boka seint i gårkveld! Slutten var sterk, gjorde noko med meg. Trur eg opplevde det som noko uventa, sjølv om eg fekk mine aningar.....
Miljøet er prega av tida - 50-talet, men problema mellom dei to kunne no ha vore kva tid som helst. Reint personleg hadde eg forventa eit anna innhald, veit ikkje heilt kva.....
Er enig med deg i at forfattaren får godt fram personane og dei ulike mennesketypene.
Trur eg må prøve å skaffe meg filmen, kanskje den kan gi meg nokre svar?
Og så skjedde det som vanligvis skjer: at de som har mest gir minst, og de som har mindre, deler seg imellom på en eller annen måte.
Hvorfor ikke låne Henrik Ibsens skrifter 5 + Kommentarbindet
Og vinteren ble strengere, det ble så knakende kaldt.
All vind la seg, luften døde.
Ved middagstider stod solen tindrende hvit og kald som en slipt isklump langt borte, tidlig om kvelden sank den ned i en mørk blodsjø bak skogene.
Eg må tilstå at eg har fullført boka før tida.
For meg er det ei bok med mange lag, med innhald både på historisk og personleg plan.
Det har vore sekvensar som har rysta, med vonde hendingar og handlingar, medan andre delar har glitra med realistiske handlingar - svært så godt skildra!
Mikkel har endra seg som menneske gjennom dei tre delane, fekk nesten litt vondt av han mot slutten. I første delen verka han nesten avstumpa reint kjenslemessig - kanskje han måtte vere det for å utføre dei hemnaktige handlingane han gjorde?
Kongen framstod som svært ubesluttsom, ikkje rart han miste makta si mot den maktsjuke adelen.
Alti alt - ei svært god bok som eg er glad for å ha lese, men som krevde full merksemd. Og språket, allegoriane, skildringane var kanskje det som imponerte meg mest!