Har leita fram mi ganske tunge utgåve frå "Verdensbiblioteket".
Det er nesten litt artig å sjå at mi bok har eit innleiiande essay av danske Kirsten Thorup som faktisk fekk Nordisk Råds Litteraturpris i går. Ein ukjent forfattar for meg.
Gler meg til å starte på "Historien"...
Denne sette seg i mellomgolvet! Den fekk fram mistru, undring, latter og nesten tårer. Om ein har eller har hatt nokon nære som slit psykisk, vert denne ekstra sterk. Romanen er utradisjonell i forma, men greier på ein framifrå måte å vise styrken i ekte kjærleik! Ei bok eg kjem til å lese meir enn ein gong!
Historien har stått lenge i bokhylla. Ser fram til å lese den i fellesskap med mange andre...det kan gi eit anna perspektiv på innhaldet. Morante er ein ukjend forfattar for meg, men ser ho har fått ganske gode kritikkar.
Når det gjeld lesetida er eg enig med Marit som meiner den kan kortast ned. 4-5 veker er ok for mitt vedkomande, men andre kan sjølvsagt ha bruk for meir tid :-)
Elles så må eg sei som eg har sagt fø: Du Kjell legg alt så godt til rette. Ei rose til deg i dag!
Takk for godt råd, Gretemor! Kika på boka no, og mi utgåve er både tjukk og tung. Blir spennande å sjå om det blir denne som skal lesast!
Mitt forslag denne gongen vert Hva nå, lille mann av Hans Fallada. Det er ei bok som eg har høyrt om lenge, som eg har kjøpt (ei nyare utgåve enn denne) og som kanskje kan vere aktuell også i dag?
Fallada si bok "Alle dør alene" var iallfall god :-)
Ja, dette var ei bok som eg kjem til å tenke på ei stund. Forfattaren skriv godt om eit kjent tema, eit slags trekantdrama, men han gjer det på ein original, og heilt spesiell måte.
Eg opplevde boka som ei som sette krav til lesaren, spesielt med referansar til både Shakespeare og anna...og til tider setningar som var uvanleg lange! Men, den gjorde inntrykk, ja!
Når det gjeld vinnaren av Nobelprisen i dag - Ishiguro- er han heilt framand for meg. Trur eg må på biblioteket...
Om det blir Marías med "Forelskelsene", så er det heilt greit for meg. Eg held på å lese den no. Men, det skal bli spennande å sjå kven som får prisen i år.
På denne nettstaden gir ein gjerne stjerner til gode omtalar, men det er også vanleg å gi ei stjerne til innlegg i ein diskusjon - for å vise at ein er enig med vedkommande. Ein kjapp titt på stjernene i denne tråden viser at du har støtte frå dei fleste. Det må vera rom for både korte og lange omtalar på bokelskere.no.
En stor, stor leseropplevelse! Denne boken krøp under huden på meg fra første side. Så intenst at jeg følte jeg var sammen med med Linn, Ingmar og Liv, så levende at jeg nesten kunne kjenne lukten av huset på Fårö, at jeg satt i samme rom som dem under deres "sittning"...føle vinden.... Nei, denne boken anbefales på det varmeste. Linn Ullmann er mesterlig!
Eg les som regel tre bøker samstundes, slik at eg har noko å variera i. Denne helga les eg
Som ebok: Rigels øyne, avslutninga av Roy Jacobsen sitt
stillferdige drama om Ingrid Barrøy
I papirformat: Beretningen om Jon Bentson av Vera Henriksen;
framhald av den meir kjende Beretningen om Bent Jonson
(Trollsteinen, Pilegrimsferd, Blåbreen, Staupet,
Skjærsild)
Er heilt enig i at dette er ei bok som kan glede både liten og stor. Eg lurte meg til å lese den før eg gav den bort til to små, leseglade i familien.
Men...er ikkje Knert-Mathilde ei lita vestlandsbygd?? Eg oppfatta ikkje at det var ei øy....
Aldri hadde han sett skjønnhet og natur bli bedratt på denne måten.
Ragde har eit lett, sprudlande og skravlete språk. Ho vekslar ganske så elegant mellom Erlend og Krumme sitt småbarnsfar- og luksusliv, Torunn og Margido sine gravferdsoppgåver og Tormod sine gammalmannsproblem og tilbakeblikk. Men altså - for meg vert det for mykje skravling. Såpass mykje at eg må ta lange pausar for å orka å lesa vidare. For mange ord, for mykje mas og for mange ting. For mange handlerundar og for mange oppramsingar. For mykje matprat og for mange uinteressante detaljar.
Liebhaberne vart ei høgst varierande leseoppleving. Enkelte hendingar er skildra på ein veldig fin og varm måte, medan andre deler av boka er irriterande og unødvendige. Det låg lenge an til eit terningkast 3 - men avslutninga gjer at eg puttar på enno ein prikk.
Slutten gjev oss ei påminning om at sjølv om døden kan ramma brått og brutalt, må livet gå vidare. Gjennom tårene kan ein skimta både håp og framtidstru.
Øystein Wiik har sin eigen stil, han leikar seg med krimsjangeren, skriv forbløffande lett og ledig - og med tonnevis av snert og sjarm. Enkelte scener er hysteriske og kallar på humring og gapskratt - eller på kvalme og ubehag. Andre deler av boka er så spekka med teknologiske og tekniske detaljar at ein mistar litt fokus.
Dødsrytteren har kjappe sceneskift og perspektivskift, cliffhangers og korte kapittel, noko som gjer boka tempofylt og drivande. Wiik pøser på med krimverkemiddel og krydrar det heile med usannsynlege krumspring og blod og gørr.
Hartmann og Wiik har sjarmert meg nok ein gong, men "heilt overbevist" er eg ikkje. Til det er boka for omfattande - og ho inneheld fleire handlingstrådar som er unødvendige og/eller uavklarte.
Veit ikkje om eg er "ute av drift" eller kva...men, eg er kanskje for fokusert på personen Barbara til å samanlikne med Leine og Stefansson.
Barbara framstår meir og meir som ein tvetydig person for meg (har lese ca 100 s). Ho er så blid i alle settingar, sjølv når ho nesten "druknar" i regnveret. Ho smiler og er blid og fornøgd, også når ho merkar at presten Poul er så ulukkeleg forelska i henne.
Og, det er nesten utruleg kor mange menn som gjerne vil ha henne, også dei med ein viss status....Gabriel, Johan Hendrik, Samuel...
Sjølv ikkje hennar lause moral i møte med fransk admiral gjorde noko med deira lengt etter henne.
Men, Jacobsen fengar med si skildring av eit samfunn og ei tid som ligg langt tilbake.
Kap VERDEN hadde ei litt sår avslutning:
Saa far da, far vel, du skalt nu ej længer bedrage min Sjæl....
Eg sit med ei gul og sliten utgåve frå 97, lånt på biblioteket. Har lese eit kap for eit par dagar sidan, og merksemda mi har hengt seg opp ved språket. Der er så mange ord eg ikkje forstår: s 7 ..han delte ut korn, kandis , snus og skoser
Og kva er ei ullklokke? s 14
Så eg får sjå...eg skal no prøve og kome meg litt vidare. Har forresten sett at det også finst ei nynorsk utgåve. Kanskje den er enklare språkleg?
Eddi Stubb er sympatisk og i motsetnad til mange andre krimheltar; tilnærma normal. Likevel vart dette ei leseoppleving under middels. Det heile er tamt og tregt - og når det endeleg byrjar å bli bittelitt spennande har ein forlengst skjønt korleis det heng saman. No er det ikkje slik at eg må ha action og full gass heile vegen for å bli engasjert, men det er ein heil del som skurrar i denne historia.
Avslutninga på historia er eit antiklimaks, "poesispråket" er jålete og konklusjonen min vert difor terningkast 3 minus..
Sansom sine skildringar av London og England på 1500-talet er levande skildra og etter det eg kan forstå; historisk korrekt. Både miljø, samfunnsforhold og historiske detaljar gir inntrykk av realisme og truverdigheit. Bygningar og gater, ver og klima, matvanar og klestil - alt dette gir lesaren ei slags historisk byvandring - og i tillegg får ein spennande, finurlege og gåtefulle kriminalhistoriar. Persongalleriet er rikt og mangfoldig og svært mange av personane er verkelege historiske personar. Mange av dei hendingane det vert fortalt om har også rot i det som verkeleg skjedde, men Sansom har gjerne ein eigen vri på kva og korleis. Alt vert fortalt gjennom augene til hovudpersonen - den melankolske og lojale Shardlake.
Dramatikken tek ingen ende i denne bokserien, men for kong Henrik VIII nærmar det seg slutten. Intrigane, maktkampen og motsetningane i hoffet og geheimerådet tilspissar seg. Ingen vil vera tapande part i det som foregår; straffa er hard og brutal for dei som går imot gjeldande styre og lov. Kjetterbåla er mange og torturistane har travle dagar. Ingen kan stola på nokon, heller ikkje kongen - og slett ikkje dronninga. Enkelte sentrale maktmenneske og aktørar har bokstaveleg talt mista hovudet medan andre er sleipe (og/eller lure) og snur kappa etter vinden.
Sansom gir oss levande skildringar frå både kongelege gemakkar, fangekjellaren i Tower, daglegliv i Londongatene, samt glimt frå boktrykkar- og andre handverkarverksemder. Samstundes får ein skarpe og interessante karakteristikkar av både historiske og fiktive personar. Noko som er spesielt fascinerande er innblikket ein får i korleis tudormenneska tenkte og oppførte seg. Det enorme klasseskiljet; dei øverste på samfunnsstigen sin groteske rikdom og dei lågaste som befinn seg i desperasjon, naud og armod. Kor vidtfemnande religionen var; å vera utan gudstru var nærast utenkeleg i dåtidas samfunn. Sakføraren Shardlake, som ser kor øydeleggjande striden mellom tradisjonell og reformistisk kristendom er, prøver alt han kan å halda seg nøytral og upartisk. Det vert naturleg nok vanskeleg for han.
Heilt til slutt i denne 700 siders mursteinen gjer forfattaren greie for historiske fakta og presenterer teoriar vedkommande dei mange dramatiske og turbulente hendingane som fann stad i England i 1546-47. Eg vil tru at det kjem fleire bøker i denne serien - avslutninga tyder på det - sidan Shardlake får ein ny spennande oppdragsgjevar.
Aslak Nore er ein dyktig forfattar som med innsikt, balanse og forteljarglede skriv om menneske som står framfor store utfordringar. Ulvefellen er ein spionthriller med handling frå krigens dagar, ei fascinerande historie og "befolka med" med ekte og interessante karakterar. Boka er velkomponert, lærerik, detaljrik og svært spennande. Det handlar om moral og umoral, svik og lojalitet, om korleis krig og konflikt grip inn i den enkelte sitt liv og om kva enkeltmenneske kan vera i stand til å gjera når situasjonen tilseier det.
Må nesten fortelle ei lita solskinshistorie om boka......
For nokre månader sidan kjøpte eg del 2 av denne romanen i eit bruktbokutsal. Var ikkje klar over at romanen var delt. Eg har vore tilbake eit par gonger og sjekka om del 1 tilfeldigvis skulle vere der, men trøysta meg med at biblioteket sikkert kunne hjelpe meg...
Men, i dag ringde ei svært blid dame og kunne fortelle at ho sat med boka i hendene, og ei svært fin utgåve var det også! Så for den nette sum av 10kr kunne eg hente boka heim. Gler meg til å lese :-)