Eg har ikkje fått lese så mykje som eg skulle ha ønskt, berre vel 100 sider. Men, er iallfall bekymra for Hillevi som ikkje får så mykje omtanke frå presten Edvard som ho ynskjer. Eg blir lei meg på hennar vegner....var det virkelig så lite raust på den tida...at presten ikkje kunne vise at han hadde ei som skulle bli kona hans?? Er litt skeptisk til heile presten!
Ellers så skildrar Ekman godt, både sæterliv, sommarkveldar og såre opplevingar! Skal sjå om eg ikkje får gå litt djupare inn i romanen i dag.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Det var ikkje fritt for at eg knisa litt i går også...var innom bokhandelen for å justere Mammutbestillinga mi, og medan eg gjekk der og venta på ein eg skulle møte, kika eg litt i eit par salgskasser dei har. Enda opp med to bøker ...svært rimeleg. Den eine av dei var ei hadde vurdert å bestille. No fekk eg den til ca halv pris av mammutprisen.
Så ja...eg vert litt mistenksam når det gjeld heile mammuten. Sjølv om eg skjønar at bokhandlane må få nok inntekter, så er det dumt at dei prisar opp bøker som nyleg har vore på billigdisken!
(Ho som jobba der sa at ho ikkje hadde hatt tid til å ta bort alle dei nedprisa bøkene)

Elles var det kjekt å sjå ei flott ny utgåve av En by som Alice av Nevil Shute

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sit med årets Mammutkatalog i hendene...og må nesten le. Eit par av bøkene har eg nyleg kjøpt, til berre ein tredjedel av mammutprisen!
Men- eit par bøker blir det kanskje likevel...sjølv om eg ikkje akkurat er i mangel på lesestoff!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Så har eg omsider starta på "Guds barmhjertighet" - rett nok har eg lese berre eit kapittel. Men, dette ser eg blir engasjerande!
Ekman skildrar godt, så eg formelig kjenner kulden og skrekken som møter henne på hennar lange reise mot nord - med reisetid og reisemåte som er heilt utenkjeleg for oss i våre dagar.
Hillevi ser ut til å vere ei jente med sterke kjensler, og med eit opphav som ikkje gav henne den beste framtida.
Ser på baksida av mi utgåve at det er samejenta Kristin som er forteljaren.

Språkleg godt, når eg berre greier å tolke det munnlege som for meg ser ut til å veksle mellom trøndersk og nordlending.
Trur eg kastar meg over andre kap med ein gong...dette gav meirsmak!

( Og til deg Kjell K...du har organisert samlesinga her heilt framifrå! Håper det ordnar seg slik at du kjem sterkt tilbake! )

Godt sagt! (5) Varsle Svar

...og om du vil ha litt meir makadam, så kan du no kose deg med Anna- Lena Løfgren og Lyckliga gatan:-)
Eg for min del har fått "Guds barmhjertighet" i hus, førebels ikkje opna...ho ligg berre der og freistar, ganske nær meg. Ser fram til å lese - trur det vil gi ei god oppleving!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Døden begynner lenge før den kommer. Også i dødens eget selv er det liv som må leves ut.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Det meste, bortsett fra kjærligheten, forsvinner

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Artig innlegg! Interessant å sjå andre bokelskarar sine oppsummeringar.
Her er mi sjølvmelding for 2017:

  • 104 bøker til saman
  • 59 krim/spenning, 19 andre romanar, 22 sakprosa, 3 novellesamlingar og 1 diktsamling
  • 40 lydbøker, 34 papirbøker og 30 ebøker
  • 64 bøker skrivne av norske forfattarar, elles fordelt på 9 land, alle vestlege. Her er forbetringspotensiale.
  • 37 "nye" forfattarar
  • 5 terningkast 6, 31 5'arar, 47 4'arar, 16 3'arar, 4 2'arar og 1 bok fekk terningkast 1
  • 69 av bøkene eg las var lånebøker, dvs. lånt på biblioteket, lånt privat og eBokBib. Det er eit tal eg er veldig nøgd med!
  • 74 mannlege forfattarar, 31 kvinnelege. Dei tala er eg mindre nøgd med, for å sei det slik..
Godt sagt! (2) Varsle Svar

Noko heilt anna, men, eg lurer på om det berre er slik hos meg..
Eg fekk Den som ser av Herbjørg Wasmo i julegåve. Til mi store overrasking viser det at det berre er 4 som fyl denne boka, men når eg trykker på 4-talet så viser det at 110 har denne i boksamlingen si.
Ser at fleire bøker har ulikt tal på bokelskere opplyst ...og reellt....eller er det berre hos meg?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ja, eg opplevde også Krister Larsen som ein svært samansett person, som du seier han er både redd og ikkje minst naiv og enkel i tankegangen - på same tid som han er observant og reflektert.
Eg likte boka stort sett, nokre sekvensar var ikkje like fengande, men alt i alt var det ei god leseoppleving. (Eg skrattlo høgt mange gonger! ) Boka mi er stappfull av bokmerke for mange spesielle og gode uttrykk! Ei bok eg kjem til å anbefale - iallfall til alle mine venner i skulesektoren!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hei til deg, og alle andre her inne!
Siste dagane, og helga har ikkje vore optimal for lesing av div årsaker. Har berre såvidt fått lese litt i i julegåva mi Rigels øyne.
Og som sengelektyre har eg til mi store overrasking kosa meg med
Anna, Hanna og Johanna av Marianne Fredriksson. Eg har nemlig lese eit par bøker av henne før som eg berre likte sånn passe.

No håper eg at komande veke skal verte litt meir " lesevennlig" for mitt vedkomande. Ha ein god søndagskveld, og ei god veke framover. Håper ingen har hatt trøbbel med "Cora". Vi hadde budd oss godt, men slapp heldigvis unna denne gongen!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Heia- og godt nyttår!
Mitt forslag denne gongen vert Bli BjørkBli Bjørk av Mette Karlsvik. Det er ei bok frå Islandsk miljø om ein islandsk artist.
Boka er på nynorsk, og har fått gode kritikkar.

"Virkelig imponerende og et stort skritt videre i forfatterskapet. Nydelig språk med overraskende og malende assosiasjoner. Så nær du kan komme Island uten å være der." Skriv Bjørnar Naalsund om boka her inne på Bokelskere.

"Hun som «syng som om det var fjelluft (hun) drog ned i lungene». Karlsvik har, gjennom skildringen av de politisk engasjerte foreldrene, langt på vei forklart Björks internasjonale engasjement. Og hun har billedliggjort Björks elektriske utstråling gjennom faren som hele livet jobbet med elektrisitet, med kraft." - sitat frå Dagbladet

Godt sagt! (1) Varsle Svar
Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har fått lese mange gode bøker i året som snart er omme. Om eg skal framheve to som gjorde ekstra sterkt inntrykk, må det vere:
Manilahallen av Ruth Lillegraven og
Tung tids tale av Olaug Nilssen.
Begge desse rørte meg uvanleg sterkt, det var ikkje fritt for at eg fekk "..ei lita tåre i øyekroken".

Håper på mange gode leseopplevingar også i året som kjem.
Godt nytt leseår 2018!

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Også denne jula var vi så heldige å få bøker som stod på ønskelista.
Eg fekkRigels øyne av Roy Jacobsen, og Den som ser av Herbjørg Wassmo.
Gemalen var også fornøgd då han opna pakken som inneheldt Liv andre har levd av Edvard Hoem.
Vi får nok mange gode lesestunder i selskap med desse.

Så må eg berre få ønske deg og alle andre leseglade ei God julehøgtid vidare! Kos deg med nye eller gamle bøker!

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Det fantes to typer mennesker, hadde han sagt. Hvis en fange var så svak at han ikke kunne spise brødet sitt, ville den ene typen menneske stjele brødet fra den syke. Den andre typen menneske ville gi ham hjelp ved å mate ham. En slik person bevarte sin menneskelige verdighet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dødsdommen ble forkynt 8. september 2009 litt etter klokken 13. Folk i salen reiste seg og jublet. French og Moland ble funnet skyldig på alle tiltalepunkter. De to kameratene fikk ni dødsdommer til sammen.
.........

Mange var fornærmet i forbindelse med rettssaken. Også dommerne. De hadde bedt om å få 30 000 dollar i bestikkelse for å felle en mildere dom, men fikk ingenting.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg kunne sette boka tilbake i bokhylla for ein tre/ fire dagar sidan.
Kan trygt sei at det er ei bok eg er glad for å ha lese, sjølv om ikkje alle deler fenga like mykje. Spesielt beit eg meg merke i nokre kap ca midt i ...der dei grusomme handlingane til nazistane vart skildra. Må sei at det forundrar meg at mange i dag sympatiserer med nazistisk tankegang, der vondskap har så stor plass. Likar ikkje!

Så var det situasjonen til mor Ida og vesle Useppe som fenga meg aller mest. Å vere mor i eit samfunn der det å skulle få nok mat i munnen tek all fokus. For oss som lever i overflod er det vanskeleg å sette seg inn i.
Hadde ønskt ein betre lagnad for Ida!
Alt i alt - ei bok med bodskap, og som eg må få takke for å ha lese i godt fellesskap.:-)

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Har lese halve boka...og likar for det meste godt det eg har lese til no. Må sei at eg nokre gonger opplever enkelte avsnitt som vel detaljerte, og at eg ikkje heilt forstår at katten skal få så stor plass. Men Ida og Useppe sitt opphald i "huset" der dei måtte bu etter jordskjelvet er fascinerande...

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg har ramla nesten heilt av...Hadde lagt bokmerket på s 71, og var ganske fornøgd fordi eg begynte å få eit nært forhold til innhaldet.
Så skjedde det så mykje rundt meg at boka berre har lagt der som ei påminning. Men, no har det roa seg her, så no skal eg fordjupe meg i Historien, og gler meg nesten meir enn før. (Har heldigvis god tid igjen...)
Ser at fleire opplever boka positivt! Flott!
Ei god helg til alle! :-)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

RuneAnniken RøilKirsten LundYvonne JohannesenPia Lise SelnesPer LundMorten JensenAvaHilde H HelsethAlexandra Maria Gressum-KemppiTove Obrestad WøienAkima MontgomeryBeate KristinIngunnJingar hJane Foss HaugenKjell F TislevollReidun Anette Augustinanniken sandvikEllen E. MartolHilde VrangsagenMaikenGunillaGrete AastorpBjørn SturødJulie StensethMads Leonard HolvikMorten MüllerStine AskeElin FjellheimAnne Berit GrønbechAnne Helene MoeHarald KLilleviKarin  JensenMarit AamdalIngeborgBeathe SolbergMonica CarlsenMonaBL