Spennande prosjekt som det var kjekt å lese om. Ser at eg har/ har lese ni av bøkene dei har valt ut. Har likt dei fleste...
I går kveld brukte vi eit par timar saman med butler Stevens og Miss Kenton. Anthony Hopkins tolka butleren godt, han fekk fram den stillfarande, pliktoppfyllande tenaren så ein trudde på han. Også Emma Thompson gjorde ein god figur....og vi likte både miljøet rundt godset og landskapet der.
Rørande avslutning i ein prisbelønt film.
Så no skal "Resten av dagen" få kvile ei stund, men trur nok at boka fortener å bli lesen ein gong til.
Elles må eg få rose Lillevi for den flotte bokomtalen ho har levert om romanen. Tommel opp for den, Lillevi!
Eg trur eg har bestemt meg for å sei "På gjensyn" til butler Stevens.
Ei bok som eg har likt svært godt, og som viser eit samfunn i endring, og ein mann som miste sitt vesle håp om sosial endring. Svært vemodig slutt.
Lillevi og Cathrine har skrive utfyllande, gode svar, så eg seier meg mykje einig med dei.
Ser fram til å få filmen i hus ( den eg hadde var skada) - mitt første gjensyn blir der.
Alt i alt: ei god bok som eg er glad for å ha!
Så har eg vore saman med butler Stevens nokre sider til. Opplevingane hans på vegen er trivelege, og han møter positive menneske som gir han både hjelp og gode tips til opplevingar i ein flott, engelsk natur.
Han ser mykje tilbake på hendingar på godset, og ikkje alt er like positivt der. Vert litt lei meg over å lese om forholdet han har til faren, lurer nesten på kva som kan vere årsaka til at dei var så fjerne for kvarandre? Lurer også på kva som kan vere motivet for å ikkje innrømme at han har vore tilsett hos lorden før Farraday overtok godset? Merkeleg.
Han framstår heile tida som ein mann som har vore ekstremt oppteken av å vere ein mann av ære i si stilling hos adelen. Kanskje har han vore meir lojal enn det som godt var.
Eg likar framleis godt det eg les, og i går skaffa eg meg filmen. Skal sjå den når boka er fullført.
Vi holder livet
Vi holder livet i en knyttet hånd
Vårt hjerte må bestandig ha det sånn.
Det tåler gjerne spott og overlast
når bare det får holde noe fast.
En mann, et barn, en drøm skal være vår
og evigheten måles ut i år.
For i vår gåtefulle, blinde angst
blir alle ting erobring eller fangst.
Vi bærer skrekken med oss natt og dag,
den bleke skrekk for hjertets nederlag.
Forfatter: Inger Hagerup
Fra diktsamlingen; Den syvende natt fra 1947
Då er eg eit lite stykke på veg inne i butler Stevens si verd. Stillferdige Stevens som har fått oppleve ei total omvelting i tilveret- med ein amerikanar som ny godseigar og med eit personale som har blitt minimal.
Så ulikt hans vanlege liv at han får ta nokre dagar på tur i ein Ford i eit landskap som er så vakkert. Skildringa av utsynet oppe på berget var visuell og god. Også skildringa av opphaldet på pensjonatet, rom og utstyr.
Det tok nokre sider før eg vente meg til det konservative språket med "nu" og "efter", men trur kanskje det passar godt til det konservative, britiske miljøet vi får bli kjende med.
Det er forresten veldig kjekt at fleire vil vere med på felleslesinga. Mange innspel er positivt og kan gi fleire ulike vinklingar på innhaldet!
"Sakprosa er "virkelighetens tekster", tekster, illustrasjoner, bilder og annen informasjon som beskriver tilsynelatende og erkjentlig virkelighet og fakta."
Det kommer vel an på vilken sakprosa det er snakk om. Gamle fag sakprosa er nok utdaterte, derfor makulerer Høgskoler & Universiteter "gamle bøker" (trenger bare være noen få år gamle) for å gjøre rom for oppdaterte bøker. Men bøkene kan og leve videre i Antikvariater. Jeg ville nok ikke kjøpe disse bøkene med mindre de er av historisk interesse.
Men for all del gamle biografier kan være av interesse. Man leser gjennom med datidens øyner. Det kan også være at en eldre biografi er kun tilgjengelig om en person og ingen senere. Slike kommer man bare over ved en tilfeldighet.
Morn!
Då er "Resten av dagen" leita fram frå bokhylla. Skal starte på den litt seinare i dag.
Er spent på innhaldet som har fått så mange lovord. Håper boka og samlesinga vil gi oss ei god oppleving. Gler meg...
(PS...får eg tak i filmen vil sjå den etter at boka er ferdig..)
Har berre vorte ei mammutbok på meg...til no...Den forbudte elven
av Obioma. Men, kven veit...det kan bli meir. Utvalet var no ikkje så aller verst.
Jeg fikk tak i noen godbiter idag, som lå på bordet ved siden av Mammut-bordet. Bøkene var fra butikkens eget lager. Til svært nedsatt pris - 99 kr: Sild av Thorvald Stoltenberg, Frukt- og Grønnsaksleksikon, Bønner Erter Linser.
Ellers har jeg kjøpt mange sakprosa bøker hos Ark.
Har lese ei bok av han før, spesiell, men god.
Mi bok kom hus for ikkje lenge sidan- eit sånt tilbod som var "Ta to - betal for ei."
Ser fram til diskusjonen! ...også eg vil takke deg som organiserer så godt! :-)
Folk flest klarer ingenting uten mobilene sine. Noe så enkelt som å lese et kart er blitt en glemt kunst ingen lenger behersker.
(Frå novella Jern & metall)
Jeg har kjøp bøker derfra mange ganger. Har også benyttet bookfinder.com og funnet nye/brukte bøker til en rimeligere penge enn Amazon.
En ny bok om Eilert Sundt kommer ut 2. mai då.
Eilert Sundt-tilstanden av Espen Stueland
Så har eg greidd å lese ferdig boka om Den siste jenta- og skulle ha gitt mykje for at det skulle skje; At det no snart må vere den siste jenta som opplever så mykje vondskap.
Det gjorde nesten fysisk vondt å lese om ein del ho måtte gå gjennom, og å vite at ho ikkje var/er åleine.
For oss er det vanskeleg å fatte at menneske kan vere så totalt utan medkjensle!
Som eg skriv lenger nede her- reint språkleg er det ikkje mellom dei fremste, men bodskapen veg opp for det.
Det er viktig at verda får vite.....
Nadia Murad er ei sterk dame!
Har lese ca halvparten av boka- og dette gjer inntrykk!
Stor litteratur er det ikkje, men eg lærer mykje om ei folkegruppe som var heilt ukjend for meg.
Det dei måtte gå gjennom er nesten usannsynleg...gjer så vondt å lese om.
Men, det er ei bok som fortener mange lesarar, og trur den må lesast på dagtid! Iallfall av meg!
Som vanleg har eg luksusproblemet med litt for mykje å velje mellom, men trur eg endar med å foreslå Resten av dagen av Ishiguro.
Boka vert rekna som hans litterærere gjennombrot, og er filmatisert. (Lurer nesten på om eg har sett filmen).
Ser at mange har boka, og at den har fått varierte kritikkar, mest positive verkar det som når eg ser raskt over.
Kanskje ei bok som er veleigna til diskusjon?
Hmm, har boka på vent i bokhylla. Kanskje det er ei historie eg kan sjå fram til? Den har ikkje fått prioritet til no, sidan den sterkt fargerike framsida nesten gjorde meg litt skeptisk.
Må kanskje revurdere og la den rykke fram i lesekøen? Skal bli spennande å sjå...
Hei!
Her i huset har det vore svært passivt, både med å lese og skrive.
Les på ei bok eg har spart på ei stund, Hjertet er en ensom jeger, og lurer nesten på om eg må ta den igjen seinare. Så rykkvis lesing gir ikkje fullgodt inntrykk av innhaldet, som skal vere godt.
Håper leseforma stig på same vis som sola- lysare dagar gjer godt!
Ha ein god morsdags-søndag! :-)
Også den boka eg les, eller rettare sagt har lese, er full av markeringslappar i kulørte fargar.
Dei gode tankane er mange, og der er ganske mykje som gjer inntrykk, som nesten må lesast fleire gonger. Har lese nokre av dei høgt til gemalen....
Sidan situasjonen min er som den er, så har eg nok lese boka ut i dag.
Synest innhaldet er best dei første 2/3 av boka...siste delen gav meg ikkje like mykje. Vart nesten litt trist av ei av hendingane der.
Men- ei bok eg skal minnast med glede!