Eg trur eg har bestemt meg for å sei "På gjensyn" til butler Stevens.
Ei bok som eg har likt svært godt, og som viser eit samfunn i endring, og ein mann som miste sitt vesle håp om sosial endring. Svært vemodig slutt.

Lillevi og Cathrine har skrive utfyllande, gode svar, så eg seier meg mykje einig med dei.
Ser fram til å få filmen i hus ( den eg hadde var skada) - mitt første gjensyn blir der.
Alt i alt: ei god bok som eg er glad for å ha!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Viser 2 svar.

I går kveld brukte vi eit par timar saman med butler Stevens og Miss Kenton. Anthony Hopkins tolka butleren godt, han fekk fram den stillfarande, pliktoppfyllande tenaren så ein trudde på han. Også Emma Thompson gjorde ein god figur....og vi likte både miljøet rundt godset og landskapet der.
Rørande avslutning i ein prisbelønt film.
Så no skal "Resten av dagen" få kvile ei stund, men trur nok at boka fortener å bli lesen ein gong til.

Elles må eg få rose Lillevi for den flotte bokomtalen ho har levert om romanen. Tommel opp for den, Lillevi!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk for hyggelig ord, Hilda og for at du foreslo boken (det var deg, ikke sant). En bok som gjorde inntrykk. Nå står jeg på venteliste for å låne filmen (som jeg heller ikke kjente til).

Ischiguro er en forfatter jeg gjerne leser mer av, men usikker på hvor jeg skal begynne. Ser det er ulike oppfatninger av bøkene hans blant oss. Noen som har gode råd å gi meg :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Aud- HelenLinda NyrudChristoffer SmedaasGrete AastorpMarianne MIngeborg GHanne Kvernmo RyeHarald KPiippokattaTherese HolmSigrid NygaardBjørg RistvedtEgil StangelandPi_MesonStig TAneSynnøve H HoelMarteLailaTine SundalTatiana WesserlingTove Obrestad WøienTor-Arne JensenMalinn HjortlandJoakimIngridLabbelineBenteTheaElisabeth SveeDinaAkima MontgomeryMads Leonard HolvikIngunn SSigrid Blytt TøsdalMarianne  SkageRandiKirsten LundTrude JensenGitte Furuseth