Sjølv om eg synest Drageløperen er ei bok som er godt skriven, meiner eg også at ho har noko kommersielt over seg. Plottet har, til tross for Kahled Housseini sin etnisitet, eit preg av at ein ser på "dei stakkarane nedi Afghanistan" med eit vestlege og kulturimperialistisk blikk. Og dette er i utgangspunktet kommersielt. Dette er eit utgangspunkt som sel, fordi vi i vesten er veldig glad i å lese historier om "dei stakkarane nedi der". Vi er glad i å lese om folk som lid under frammande levesett og kulturar, og ikkje minst er vi glad i å lese om kor vondt kvinner som er undertrykka av fæle religionar har det. Dette er historier som vi karakteriserer som rørande, og som sel godt fordi dei er med på å stadfeste det vestlege egoet.

Eg vil gjerne lese om midtausten, Afghanistan og Asia. Men eg liker langt betre å lese bøker som for eksempel Aravind Aidiga si White Tiger og Mellom attentatene, kor perspektivet på forteljinga kjem innanfrå. I desse bøkene er forteljarane ikkje ein forståsegpåar som har reist til Vesten og lært kva som eigentleg er viktig her i livet. I desse bøkene er forteljaren den indiske gategutten eller tenaren som må kjempe for å overleve. Og forteljaren fortel om kva som er viktig i livet, frå denne sitt perspektiv. Dette blir meir autentisk.

Det kostar meg ingenting å kalle bøker med som har som utgangspunkt at vi frå vesten veit best og har funne dei einaste sanne svara på korleis vi skal leve fredeleg saman, for kommersielle. Og eg begrunnar det med at dette er eit perspektiv som sel godt (sjå bare i avisene og vekeblada). Og sidan mi lesetid er begrensa, prioriterer eg heller bøker som gir eit meir autentisk innblikk i frammande kulturar, frå innsida. Og eg har personleg ei oppleving av at eg har større utbytte av dette.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg synest ikkje det er eit anstrengt forsøk på å skrive humor, men det er vel kanskje det som gjer det så vanskeleg å skrive humor - at ein les slikt på ulike måtar. Eg synest snarare Selma Lønning Aarø kjem med eit svært viktig innlegg i diskusjonen om forholdet mellom fiksjon og fakta. Spørsmåla knytta til dette, er blitt langt meir aktuelle i tida etter at boka blei gitt ut, ikkje minst med Knausgård og også med Heivoll sin siste roman. Aarø problematiserer hukommelsen som noko subjektivt, og reiser ei rekke av dei spørsmåla som Knausgård sine bøker er blitt møtt med, gjennom måten ho vel å fortelje om si oppvekst på.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg er veldig einig, både i at boka held spenninga ganske lenge og at slutten er eit antiklimaks. Eit stort antiklimaks, som nesten øydelegg heile boka, for min del. Lee byggjer opp eit spennande persongalleri, med spennande konfliktar, også lar ho det gå opp i flammar på denne måten? For meg verkar det nesten som om ho bare avslutter boka, for å bli ferdig.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg er einig i at Lillegraven skriv fint om menneska som burde stå kvarandre nær og alle hemmelegheitane mellom dei. Men eg synest boka klappar litt saman mot slutten. Det er som om vilja til forsoning mellom folka er litt for stor, og etterkvart som fleire og fleire av korta blir lagt på bordet, blir denne spenninga (som er så veldig god), gradvis mindre.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei spennande bok om mellommenneskelege relasjonar og det som ikkje blir snakka om, som likevel er "mellom oss". Godt over halvvegs i boka bygger ho opp ei svært god spenning, men ho faller litt mot slutten.

Meir i bloggen

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ei god og annleis kjærleikshistorie, om eit svært kontrastfyllt par. Og kanskje er det kontrastane mellom hovudpersonane som gjer denne boka så god.

Meir om boka i bloggen min.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, det var jo kanskje en idé å forklare dette nærmere.

Når du klikker lenken blir du bedt om å åpne eller lagre en fil. Denne fila inneholder en kommaseparart liste over informasjon fra boksamlingen din.

Man kan bruke denne funksjonen for å "ta med" seg bøker fra bokelskere.no og til programmer eller nettjenester som lar deg importere bøker fra en slik fil.

På samme måte kan brukere fra nettsteder som Anobii, Shelfari, Goodreads eller Librarything eksportere sine bøker derfra og deretter importere dem hit via http://bokelskere.no/bokimport/.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg har lese boka på engelsk, og er svært begeistra over språket. Eg synest Franzen har eit veldig presist og godt språkleg uttrykk, kor han skildrar både personar og fenomener, samt politiske uttrykk på ein treffande måte.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Gjennom dei mange, svært gode skildringane og det presise språket malar Franzen eit stort episk portrett av ei gruppe amerikanske gjennomsnittsmenneske som har fridom til å gjere det dei vil. Samtidig problematiserer han måten dei forvaltar denne fridommen på, både i eit globalt perspektiv og på eit mellommenneskeleg nivå. Freedom er ei stor lesaroppleving, sjølv om ho i periodar nesten fekk meg til å miste trua på mennesket

Meir på bloggen http://boklesebloggen.blogspot.com/2011/03/fri-men-til-kva.html

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg synest Kafka på stranden er ei av dei sterkaste Murakamibøkene, saman med Trekkoppfuglen. Og det at det er så mange lause trådar, er vel heller ei av styrkene til Murakami. Det er som Tor Jones skriv, livet samlar ikkje trådar. Det som gjer desse bøkene spennande, er alt det dei kan seie om mennesket, både på godt og vondt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Spennende! Eg setter av kvelden, og ser om eg får til å komme. Så kjekt å finne ut at det er eit kulturhus i nærmiljøet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hm, den var ikke klar, gitt. Den hadde gått i glemmeboka.

Men med litt overtidsarbeid en søndags kveld kan jeg presentere http://bokelskere.no/bokeksport/.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

husker at jeg takket nei til gratis leseeksemplar på den norske utgaven da jeg jobbet i bokhandel. fikk litt pepper for det av de andre på jobben. da sa jeg at enten så leser man den på svensk eller så dropper man det. har ellers et godt øye til Heinesen forlag. historien er fantastisk, men en gjendiktning er viktig for at man skal sitte igjen med samme følelse som da man leste den originale teksten. tror at den svenske teksten er å få tak i på biblioteket. hilsen "dumrian"

Godt sagt! (2) Varsle Svar

entreen hørtes rart ut. husker ikke på stående fot hva det stod i den svenske utgaven.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Joda, det har jeg. La inn den svenske utgaven av "hundraåringen som klev ut genom....", jeg er den eneste som har den boken, trodde jeg. Oppdaget at den samme utgaven var lagt inn av også andre, men de har ikke brukt det samme ISBN nummeret som meg, (det er jo to), og derfor står jeg fortsatt som den eneste som har boken på svensk.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Flere bøker lagt inn på listen, den består nå av over 40 bøker.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

det finnes ingen offentlig liste.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne siden er egentlig mest for meg, men kanskje andre synes den er morsom.

Den viser hvor mange bokelskere som er kommet til i det siste, og hvor mange bøker vi har lagt til i boksamlinger:

http://bokelskere.no/tall/

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Dette må være noe av det mest triste jeg noensinne har lest, men samtidig noe av det vakreste. Jeg gråt svære tårer...

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Da jeg gikk på videregående, hadde vi en så "grei" lærer som rett og slett valgte både tema og 2 av 4 bøker for oss... Sånn kan det også gjøres... Tema: Oppvekst.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

VibekeAliceInsaneVegard Nordin LøvåJakob SæthreHanne Kvernmo RyeMarianneHarald KJørgen NThomas KihlmanCathrine PedersenJarmo LarsenNora FjelliIngvild SNina J.B.Trude JensenHeidi HoltanINA TORNESKirsten LundGroTine SundalPiippokattaAud- HelenHilde Merete GjessingGrete AastorpDaffy EnglundEivind  VaksvikEllen E. MartolDemeterBeate KristinReidun SvenslikntschjrldChristofferJoannBeathe SolbergTalmagretemorLars MæhlumTore HalsaLisbeth Marie Uvaagedgeofaword