Enig! Er ikkje alltid slik, dessverre!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ingen sa noe om at han skulle reise, men alle visste at den dagen ville komme. Derfor sydde mor en sekk til ham, en grov, hvit lerretssekk med flotte sømmer. Jeg tror hun sydde hjertet sitt inn i den sekken, for etter at far var reist, så vi som ble igjen aldri noe mer til hjertet hennes.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har bestemt meg for å avbryte! Både når det gjeld det språklige og innhaldsmessige- Eg er forbausa over at dette skal vere "tidenes bokfenomen.
Har lese nokre kap - men orkar ikkje å bruke meir av mi dyrebare fritid på denne - spesielt ikkje sidan eg har så mange gode bøker på vent.....

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Tante med stor T

Ein må berre gi seg over - Tante Augusta er ei fargerik, eksentrisk og i aller høgste grad ei ukonvesjonell dame! At nevøen Henrry er ein stille og fredelig pensjonert bankmann som lever tilbaktrekt saman med georginene sine- skaper ein god kontrast i historia.

Graham Greene fortel med skarp og vittig penn historia som startar med begravelsen til mor til Henry - der han møter si tante Augusta for første gong på over 50 år. Og sidan den godaste Henry stort sett lever eit stille og rolig liv, så må han erkjenne at: "Min mors begravelse gjorde meg derfor behagelig oppstemt". Alt frå starten av boka vert det poengtert at Augusta er alt anna enn ei vanleg dame: Jeg ble forbløffet over det ildrøde håret, som var satt opp i en monumental frisyre, og de to store fortennene som fikk henne til å se ut som en levende neandertaler.
Tante Augusta

Livet til Henry forandrar seg - etterkvart totalt - etter dette. Å ha ei tante som Augusta medfører nokre meir eller mindre ufrivillige møte med diverse personar; i tillegg til at georginene meir og meir vert overletne til seg sjølv når dei to hovudpersonane legg ut på den eine reisa etter den andre: Paris, Istanbul mm. Og det viser seg at ganske mykje ikkje er slik det ser ut til å vere..........

Historia om tante Augusta er ei historie fortalt med snert og humor. GG skildrar den 75-årige livsnytaren på ein meisterlig måte - ein kan ikkje la vere å sympatisere med med henne trass i alle hennar finurlige krumspring...Og illustrasjonane som Audun Hetland har ansvaret for i mi utgåve av boka er eit stort pluss. Så min konklusjon er: Ei munter historie som er godt fortalt, med mange overraskande poeng, men ein litt forutsigbar slutt gir : Kar fem

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Har berre lyst til å fortsette å bli verande i ellevilt og vittig selskap med den festglade Tante Augusta og hennar nevø, den litt kjedelige bankmannen Henry: Tante Augusta av Graham Greene. Men, sidan det ikkje er så mange sider igjen, må eg nok finne meg ei ny .....
Har liggande Fifty shades, som eg burde fullføre til lesesirkel, men har nesten bestemt for å avbryte - Sjølv om Cervantes skal ha sagt: Ingen bøker er så dårlige at det ikke kan finnes noe godt i dem

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Håper du får ein flott tur til Cuba! Var der for litt over eit år sidan- reiste med ei gruppe- og opplevde mykje. Har besøkt nokre "litterære reisemål", men synest kanskje at Havana med Hemingway er det som har gjort mest inntrykk - ikkje minst besøket på stambaren "La Floridita."

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Hennes konversasjon minnet om et amerikansk tidsskrift, hvor en historie hopper fra side tyve til side åtteognitti, og man må bla seg gjennom alle slags emner innimellom: barnekriminalitet, nye cocktail-oppskrifter, en filmstjernes kjærlighetsliv, foruten en novelle som er totalt forskjellig fra den som plutselig ble avbrutt.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Nye landskaper, nye skikker. Stadig flere minner.Et langt liv er ikke et spørsmål om antall år. Et menneske uten minner kan bli hundre år og allikevel synes at livet har vært meget kort.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Trur den må på ønskelista - hadde ein flott tur til Cuba og Havana for ikkje så veldig lenge sidan. Og nokre av GG sine bøker er berre fornøyelige!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Prøvde å opne lista di, men det gjekk ikkje??

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det finst mange bøker som er morsomme, som kan framkalle latter og godt humør. I går begynte eg å lese "Tante Augusta" av Graham Greene, og hadde ei triveleg stund saman med den eksentriske dama! Trur eg vil få eit par dagar i svært godt selskap! (Og det trass i at regnveret og influensaen absolutt er tilstade her i vest...)

Har du eit godt tips eller to, så del gjerne!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein ting er sikkert - eg er ikkje i målgruppa .........Den einaste grunnen til at eg kunne strekke meg til terningkast to er dei latinske uttrykka - og at vi nok får ein frisk diskusjon i lesesirkelen...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Takk for tips! Kan bli nyttig, den der. Kan ellers supplere med at Aschehoug forlag har ei "billigside" - med mange både nyare og eldre bøker til sterkt reduserte prisar. Greidde ikkje å halde meg i skinnet, men kjøpte 4 bøker der i går ma to av Paul Auster...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er einig i at i nokre tilfelle KAN det vere på sin plass med spoiler, spesielt om omtalen er svært detaljert eller om ein avslører for mykje av slutten i boka. Nokre tilfelle med spoiler verkar nesten unødvendige. Men ein god omtale gjer at eg blir interessert og får lyst til å lese boka.

Elles så opplever eg at no - som før - omtalane varierer frå to-tre ord til dei svært lange og omfattande......

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skal prøve å ta meg sammen så eg får lest ferdig "Kjerringer" av Helene Uri ( er ikkje glad for å ha kjøpt den,nei!) - og "Fifty shades of Grey - Fanget" (som eg heldigvis har lånt på biblioteket)....Begge er bøker vi skal ha i lesesirkel, så derfor blir det mindre lystbetont denne helga!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har nettopp avslutta storverket av Leo Tolstoj- Anna Karenina - ca 900 sider i to bind, uforkorta versjon. Det har teke tid, både fordi der var deler, sekvensar som eg måtte dvele ved, lese igjen...og fordi der var deler som eg sleit litt med.

Boka er ein samtidsroman frå Russland rundt 1870. Hovudpersonane er Anna,ei vakker gift kvinne, og den yngre offiseren Vronskij som ho forelskar seg i. Dette får skjebnesvangre følgjer både for desse to - og for familiane deira. Har nettopp lese at Anna vert samanlikna med Nora hos Ibsen - og nokre likskapar kan ein sjå.... I tillegg til Anna og Vronskij har Levin og Kitty ei framtredande rolle i romanen, saman med ein del andre personar dei er knytte til på ulike måtar.

Kjærligheten er ikke noen følelse: den er en sykdom som ikke utvikler seg litt etter litt, men plutselig er den der,rammer mennesket og lammer dets vilje. Lik rovfuglen griper den om sitt offer og fører den dit den vil, uansett hvor meget mennesket stritter imot. Og deretter begynner en "skjebnesvanger tvekamp" mellom de elskende som ubønnhørlig bringer dem begge i undergangen. *(Sitat frå føreordet i bind I)

Boka gir eit godt tidsbilde av livet til aristokratiet i Russland før revolusjonen - der omgangsformer, etikette og konvensjonar har ein framtredande plass. Det å handle på tvers av det aksepterte fører fort til utstøyting og isolasjon. Det er nok medverkande til det tragiske utfallet...

Tolstoj brukar også mykje tid på å beskrive politiske og filosofiske idear som mange var opptekne av.

Eg er glad for at eg har fullført denne - endelig - og forstår godt at boka vert rekna som eitt av storverka av Tolstoj. Det kunne til tider vere litt vanskeleg å halde konsentrasjonen der det vart diskutert politikk og filosofi, men elles så er der rikeleg å ta av når det gjeld gode formuleringar. Det som volda meg aller mest problem, var namn - same personane vart kalla ulike- ofte svært ulike - namn i ulike settingar. Men dette er forklart i etterordet... Det var også svært uvant at også ektefolk tiltulerte kvarandre med De..

Alt i alt: Ei sterk leseoppleving- kar: seks

Godt sagt! (2) Varsle Svar

En vinter på Mallorca

Etter å ha sett terningkasta som vart gitt her inne, hadde eg absolutt ingen forventningar til boka, men så feil kunne eg altså ta! Dette er ei bok som passar perfekt til min humoristiske sans - det er lenge sidan eg har mora meg så kostelig! Den einaste grunnen til at boka vart innkjøpt i det heile tatt, var eit godt tilbod + Mallorca ( som eg har besøkt nokre gonger)

Tor Åge Bringsværd har skrive eit lengre forord, der han fortel om forfattaren (som var heilt ukjent for meg). Der seier han ma: "Skal man få mer enn et flyktig utbytte, kreves det derfor at man selv unner seg et kvarters dykk med litterære svømmeføtter og en historisk snorkel". For meg var det iallfall nyttig!

George Sand, eller Amantine Aurore Lucille Dupont, var fransk,skilt, hadde to barn og var ganske kontroversiell for si tid. Ho hadde ei rekkje forhold til div menn, ma var ho saman med Fredric Chopin i ni år. Boka vart utgitt for første gong i 1855 - og på norsk i 2009.

Ho fortel om opphaldet ho hadde på Mallorca vinteren 1838-1839. Og for ei skildring! "Dette er ikke fortellingen om en reise for for forelskede turtelduer, men tvert imot en forfrossen "bad trip" hvor omtrent alt går på tverke".(TÅB)

Ho har ein del skildringar av land, fauna og flora som kan måle seg med det meste og beste, men folket på øya har ho lite til overs for: "Mallorcanerne kan ikke fete opp okser, bruke ull til noe fornuftig eller melke kyr(). De vet ikke hvordan de skal få frembrakt nok korn til at de tør å spise av det; de nedverdiger seg ikke engang til å dyrke morbærtrær og utvinne silke, og de har ikke lenger noen anelse om hvordan man utøver snekkerens yrke,..."

Det er ikkje vanskelig å forstå at det mallorcinske folket opplevde det som ei fornærming!

Eg har valt å lese boka som eit produkt av si tid, og dermed blir det for meg morsomt! Det gjer også sitt at eg har besøkt dei stadene ho fortel om/ skildrar, sjølv om det er meir enn 150 år etterpå. Der er sikkert ein god del litterært som kan trekkje ned, men sidan eg hadde nokre svært artige timar, gir eg karakteren seks

( Og ein ting er sikkert: Boka skal med på mi neste reise til Mallorca, der er mange sekvensar + fotnotar som kan lesast igjen)

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Oscar Wao, ein søt, men katastrofalt overvektig gettonerd (sitat)- som har problem med å finne venner, som slit med forbanninga, fukú, som ligg over heile slekta hans, som prøver å finne kjærleiken...Det er han som får hovudfokus i boka, men også mykje meir.

Oscar har tilknyting både til New Yersey, der han lever saman med mora og si kjære søster Lola, og til Santo Domingo der familien har røtene sine. Oscar vil bli forfattar, han skriv mykje i si einsemd. Han lengtar etter å finne ei kvinne som likar han... Også andre personar i Oscar si nære familie spelar ei store rolle i boka, + den samtidige situasjonen i Den Dominikanske republikken under Trujillo. Og det er heftige saker.

Ein ting er heilt sikkert; Dette er ingen "dameroman"! Enkelte scener er så valdelege i all si grusomheit at eg hadde problem med å lese. Og mykje av det vert forklart med "fukú"- ein uunngåelig forbannelse.

Historia om Oscar, familien og ikkje minst samfunnet i Santo Domingo var interessant, rå og brutal! Dei mange fotnotane forklarte litt meir av kulturelle og politiske fenomen (sjølv om eg tilstår at eg hoppa over nokre). Likte spesielt språket,setningar og bildebruk, som var litt annleis enn det eg les til vanleg. Ein del spanske ord og uttrykk krydra det heile . Endåtil grov, seksuell sjargong kunne eg tolerere - pga miljøet det vart presentert i.

Det mest negative - for meg - var at eg spesielt i starten hadde problem med å få med meg kven som fortalte, kven var "jeg".Synsvinkelen skifta litt for ofte...

Historia om Oscar er absolutt verdt å få med seg, og iallfall hos meg har den vekt ei interesse for å lære meir om Den Dominikanske republikk.

Mitt terningkast: fem minus.. (boka er prisbelønt..)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er einig med deg - dette er ei bok som gjer noko med lesaren! Personane er truverdige, det er lett å identifisere seg med dei - sjølv om vi aldri har gjennomlevd så grusomme krigshandlingar som vert skildra her. Om vi berre kunne sette nok pris på at vi kan vakne utan slik frykt...........

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg sluttar meg til din gode og fyldige omtale av boka, Rose-Marie, men eg vil tilføye litt.........
I starten brukte eg litt tid på orientere meg i familien, relasjonar etc, men etterkvart vart det meste klart. Synest Orringer har greidd å fortelje ei svært fengande, medrivande historie der ho gjer det lett å identifisere seg med hovudpersonane - og dei traumene og det grufulle dei måtte ta innover seg. Det gjekk ikkje lang tid før eg opplevde at eg vart "kjend" med Andras og Klara. ..

Utover i boka vart eg opprørt over styresmaktene både i Frankrike og Ungarn ( sjølv om det no er kjent historie), eg let meg begeistre av samhaldet og solidariteten mellom familie og vener i situasjonar der dei fleste ville ha bukka under utan hjelp. Eg greier aldri å akseptere eller venne meg til at enkeltmenneske kan utføre så grusomme handlingar mot andre......sjølv om eg veit det også. Som historieinteressert var det også på tide å få eit bidrag frå Ungarn og Aust-Europa - sidan det er seierherrane som skriv historia, var det ganske begrensa frå landa i aust i mine bøker..

Det var mange sterke sekvensar her, og ja, eg er einig i at sjølv dei mest ubarmhjertige scenene vart fortalt utan sentimentalitet. Dei siste 2-300 sidene greip meg utruleg sterkt - og det var med vemod eg vende siste sida i boka.

Eg undra meg over ein del bilde/metaforbruk - spesielt i starten.Nokre av skildringane virka litt kunstige eller oppkonstruerte, så derfor landar min terning på fem pluss

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Gitte FurusethBerit RSolveigTorill RevheimTine SundalTore HalsaAnniken RøilSt. YngheadAnn ChristinKirsten LundPiippokattaTherese HolmBjørg Marit TinholtSolNicolai Alexander StyveKarina HillestadAnneWangIngvild SRandiAJakob SæthreKarin BergEirin EftevandMarenmarithcEster SIreneleserHedvigBeathe SolbergGro-Anita RoenHelge-Mikal HartvedtMarianne  SkageVibekeAndré NesseVariosaSiv ÅrdalIngebjørgHarald KSigrid Blytt TøsdalSissel ElisabethHilde Merete Gjessing