Det beste nynorske ord som finst er SVELE. ..:-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Natta tagal i tunet står,
skogane søv der ute.
Månen gyller ditt mjuke hår
gjennom den dimme rute.
Fredfullt søv du i vogga lun,
ligg som ein fugl i eit reir av dun
mjukt mot di vesle pute.

Frå VOGGESONG TIL SIRI av Jakob Sande
- og som ein hyllest til ei lita prinsesse......

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Denne gongen nøyer eg meg med å vere interessert "kikker".....har litt for mange uleste bøker som ventar og ventar, også ei av Dostojevskij. Men, vil ønske all mulig lukke til! Eit flott prosjekt!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

BAK DEI SISTE BLÅNAR

Når meiningsløysa ropar
bak dei siste blånar
i di brannsvidde sjel,
då skal du stanse og lyde,
då skal du lyde vel!
Gjev du meiningsløysa meining
og formløysa form,
då har du tenkt ein tanke,
då har du stilt ein storm.

Ragnvald Skrede

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Skjult i jorden
i mars måned,
dypt i røttene

skjer det,
langsomt,
å, langsomt.

I jord, i sten, i ett
og ett liv, under frost

og under den store
vinden skjer våren.

SIGMUND MJELVE
(Frå "Kjenn ditt hjarta falle")

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sprøtt frå vest......?

Eg innrømmer det gjerne - eg var forutinntatt - negativt. Berre tittelen på boka var ein bøyg for meg - eg som absolutt ikkje likar banning og ukvemsord i utide.

Var nesten irritert fordi den var bestemt i lesesirkelen, men tok den likevel med til legekontoret, boka kunne iallfall vere eit brukbart alternativ til velbrukte, utlesne vekeblad som brukar å ligge i venterom.
Og det kan eg sei der eg satt og nesten skamfull skjulte tittelsida frå nokre tause menn, med bleike fjes og nesten tome blikk medan dei venta på å bli ropt opp, - det vart ikkje akkurat enkelt etterkvart som historia utvikla seg. Det vart nesten umulig å skjule latteren framprovosert av teksten - og medan dei andre meir eller mindre stirra tomt ut i lufta, mora eg meg kongeleg, og måtte styre med hard sjølvdisiplin alle begynnande latterutbrot........kvelte alle tilløp, og let som om eg hosta.

Eg likte dei tre jentene, både Maria som strevde for å meistre ein krevande kvardag, den eksepsjonelt sexfikserte Alma og kona til Sebjørn som tusla rundt og ikkje gjorde det ho kanskje burde.

Nokre meiner at boka er eit døme på sprø og sær vestnorsk humor - og det kan hende det. For boka er sprø, og der er både merkelege og uventa konstruksjonar som enten får deg til å le eller ??? ...Eg vart fascinert av lengselen og ikkje minst draumane og fortvilinga hos jentene, og særleg av lengselen hos henne som ikkje ein gong hadde sitt eige namn.Ho som til slutt fann ein veg som kunne føre til noko, og det til noko viktig for fleire. Og nepene...
Eg vart kanskje så påverka så kort tid i etterkant, at eg landa på terningkast fem - og det er lite sakleg begrunna...

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dette var nok dessverre ikkje "my cup of tea"......synest boka var springande, klisjeprega og forutsigbar. Greidde ikkje å opparbeide noko engasjement. Periodevis fortalt slik at lesinga gjekk lett, men i store deler kjeda eg meg. Synd - men sånn vart mi oppleving...
(terningen landa på tre pluss...)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er ei av dei bøkene som har gjort stort inntrykk på meg, og som eg seint gløymer! Har den heldigvis i hylla! God lesing vidare! :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Men eit seriøt forslag til bloggere som berre poster lenke - post heile teksten på bokelskere så kan eg heller godta at det står ei lite blogglenke heilt nederst

Er ENIG i den, absolutt! Synest det blir meir og meir av bloggarar som kun legg inn ein link til sin eigen blogg. Til dei kan eg sei: Eg les den nesten aldri! Ikkje fordi at eg har noko imot bokblogging - langt ifrå.Eg har nokre bloggar lagt inn mellom mine favorittar. Men HER, her på denne nettstaden vil eg aller helst lese bokomtaler "in natura"... Ha ein fin dag, då! (Helsing frå kvitkledde vestlandsfjell bada i vintersol)

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Lyriske perler

på nynorsk...

Sidan 2013 er jubileumsår for Ivar Aasen, kan denne diktsamlinga – redigert av Henrik Skorven vere verdt å bruke litt tid på......
Skorven presenterer ei rekkje høgdepunkt av nynorske diktarar – 25 i alt..
Kvar sekvens vert innleia av ein kort biografi der diktaren og hans interesser vert presentert. Dikta er skrivne i den målforma som rådde då dei vart publiserte – og er derfor kanskje ikkje alltid like lette å forstå... Skorven påpeikar elles i føreordet at boka kan brukast til meir enn diktoppleving: Vi kan gjerne sjå på innhaldet som ei forteljing om utviklinga av det såkalla «landsmaalet»....

Ivar Aasen er sjølvsagt med, i tillegg til Aasmund Olavsson Vinje, Arne Garborg,Tarjei Vesaas, Jacob Sande, Olav H. Hauge med fleire.
Berre tre kvinner har fått plass; Aslaug Vaa, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Låstad Lygre som er ansvarleg for ma Vi skal ikkje sova:

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta.
Ho er for ljos til det -
Då skal vi vandra isaman ute
under dei lauvtunge tre.

Samlinga inneheld mange nynorske, lyriske godbitar – og har i tillegg ei vinkling som burde interessere om ein er oppteken av språkutvikling. Då får ein berre prøve å oversjå at layouten ikkje er optimal.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Uvanleg - sært - gripande

Ei spesiell, og nesten meir enn spesiell bokoppleving. Miljøet er både frå nyare tid, og frå tida rundt 2. verdskrigen. Vi er i fleire europeiske land, men kanskje mest i Wales og Praha.

Eg-personen i boka møter Austerlitz tilfeldig på ein jernbanestasjon, og dei kjem i snakk - om arkitektur. Kanskje ikkje så rart sidan Austerlitz er arkitekturhistorikar. Dei møtest fleire gonger, og litt etter litt får vi kjennskap til historia om den vesle guten som blir sendt åleine til England, hans oppvekst hos kjenslekalde fosterforeldre i Wales, og etterkvart hans kvilelause leiting etter fortid og røter.

Jeg minnes bare at idet jeg så gutten sitte på benken, ble jeg meg bevisst, tvers gjennom den sløve forvirringen jeg følte, den ødeleggelsen som det faktum at jeg var forlatt, hadde forårsaket i meg gjennom alle de årene som var gått, .....

Innleiingsvis forstod eg nesten ikkje kva dette handla om, sidan arkitekturhistorie fekk så stor plass. Men, er glad eg ikkje gav opp.
Eg opplevde boka som sær, krevande og givande - og: alle svar fekk eg ikkje!
Ikkje minst er boka uvanleg i regi/ komposisjon - den er nesten utan unntak fri for avsnitt og kapittel - med lange, lange setningar, uvanleg mange innskot og oppramsingar. Dei tettpakka sidene blir avbrotne av fotografi, ein god del, som illustrerer det hovudpersonen er oppteken av: Arkitektur, jernbanestasjonar og gravplassar ma....i tillegg til personar som kan bety noko.
Stilen fekk meg til å tenkje på ein ivrig, munnleg forteljar som nesten ikkje tek pauser. Eg opplevde også ein uvanleg god språkleg symbolsk bildebruk - nokre setningar gav uventa assosiasjonar.

Denne boka blir ein kanskje ikkje så fort ferdig med, og trur nok at det er ei bok som kan gi nye, gode opplevingar ved gjenlesing. Ei favorittbok vart det hos meg, Kar: seks

Godt sagt! (4) Varsle Svar

VEIT DU EI KJELDE

Veit du ei kjelde i frosne skogen,
veit du eit hjarta som i einsemdi
vaker og flør?
Der du kan kvila og drikka deg utyrst,
spegla di armod og pussa
di pjuskne fjør?

Olav H Hauge

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Vi er litt over halvvegs i denne no, og det er trivelig,ja! Vi gler oss til kvar ettermiddag med nytrekt kaffe og godt selskap av K2 og Nils Nordberg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tja...synes utvalet er ok, kanskje, men prisane er ikkje dei aller beste......Eg måtte berre trå til og bestille, sidan eg har ein tilgodelapp med dato på. Så då vart det eit par bøker frå ønskelista, og eit par bøker som såg ok ut....vi får sjå. Eg har forresten vore så flink etter jul, har nesten!! Ikkje kjøpt ei einaste bok...:-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ingen kan nøyaktig forklare hva som skjer i oss når døren som skjuler barndommens skrekk, rives opp.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Er enig i at Nils Nordberg er med på å heve opplevinga av "Menneskefluene".... Vi har kosa oss med den litt gammalmodige strukturen, og nesten mora oss over ein del konservativ språkbruk. På slutten drog det litt for mykje ut i langdrag..... Ikkje alt var like relevant, kanskje....Synest også at K2 vart litt tafatt i forhold til sin overkloke rådgivar, Patricia,...henne greidde vi ikkje å finne heilt truverdig. Derfor vart det kar: 4

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kritikkverdig uttale burde vere eit minimalt hinder for å sjå ein god film!
Helsing ei som har vore medriven av Les Miserables meir enn ein gong!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

....Og generalen drakk fort ut glasset. For hva skal en fornuftig mann gripe til når han ikke kan stole på sin fornuft lenger? Det er bedre å være full enn gal.

Frå Babettes gjestebud

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Da Martine og Philippa var unge piker, hadde de vært helt usedvanlig vakre. Deres skjønnhet var av den samme lysende, nesten overjordiske art som de blomstrende frukttrærne og den evige snøen.

Frå Babettes gjestebud

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I tillegg til triveleg lytting til "Menneskefluene" av Lahlum, så er eg såvidt i gang med "Victoria" av Knut Hamsun. Vi skal ha diskusjon i lesesirkel om den før filmen kjem på kino - ser fram til både boka, diskusjonen og filmen! Ha ei god lesehelg! :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg Marit TinholtKirsten LundSolPiippokattaNicolai Alexander StyveKarina HillestadAnneWangIngvild STorill RevheimRandiAJakob SæthreKarin BergEirin EftevandMarenmarithcEster SIreneleserHedvigBeathe SolbergGro-Anita RoenHelge-Mikal HartvedtMarianne  SkageVibekeAndré NesseVariosaSiv ÅrdalIngebjørgHarald KSigrid Blytt TøsdalSissel ElisabethHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikEllen E. MartolBirkaGroSynnøve H HoelLinda RastenAnne-Stine Ruud HusevågTanteMamieEirik Røkkum