Som eg skreiv under bokomtalen til Turid:
Historia KUNNE ha vore god - svært dårlege levevilkår i institusjonar er noko vi treng å bli minte om. Det kunne ha skjedd (og har skjedd) også her i vårt land.
Likevel, der er litt vel mykje som skurrar og som gjer at eg må seie meg einig både med Bente og bokogkaffe litt lenger nede her.
Årsaka til at eg finn historia lite truverdig, er inkonsekvens i framstillinga av dei to hovudpersonane - i eine avsnittet blir dei framstilte som svært enkle og hjelpetrengande, medan dei i andre deler resonnerer like relevant som einkvar oppegåande person kunne ha gjort. Det blir ulogisk. Ma reagerte eg på at Homan ikkje var i stand til å kommunisere/lære på noko vis, nesten - for så å kaste seg inn i ein lastebil og køyre utan dei store problema??

Synest også at skrivestilen til tider er noko banal, men enda likevel på ein svak 4 i sympati med dei som har måtta tåle umenneskelg behandling opp gjennom tidene.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er enig i at svært mykje er lite truverdig...Historia KUNNE ha vore god, med dei to frå institusjonen som aldri greier å gløyme kvarandre, og det vesle barnet som får gode levevilkår hos gamle Martha...
Det mest positive er korleis forfattaren viser oss dei dårlege forholda som kunne vere på institusjonar for born og svakstilte for ikkje så svært lenge sidan. Slike forhold var heller ikkje uvanlege her i vårt land, dessverre.....

Men - der er nokre viktige situasjonar etc som vert litt for lettvint behandla (etter mi meining) - og synest også at språket og komposisjonen ikkje yter historia det optimale.
Vurderte ei stund kar 3 - men landa (under tvil) på ein svært svak 4....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Nydelig sagt om alt det vakre i det triste! :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg sluttar meg til din omtale av boka. Synest at forfattaren viser både gjennom innhald og språk at han har evna til å sette seg inn i det mest ufattelege ein kan oppleve som foreldre, at å leve vidare med sorga får svært så ulike konsekvensar, og at han viser oss tydelig barnet som veks opp i ein heim der sorga er ein så styrande del av livet.
Boka har gjort inntrykk!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Språkåret 2013 lakkar mot slutten, men eit nydelig dikt av Jakob Sande bør få vere med...

Gjentesmil

Eg vandra på gatone, frosen og stur,
for frakken var fillet og dagen var sur,
og alt gjekk meg liksom på tverke.
Men brått vart eg rørd av ei høgare makt,
eg gløymde mi armod og alt som var skakt,
og tralla so glad som ei lerke.

For best som eg gjekk der, ein folkestygg fant,
då kom der ei gjente frå motsett kant,
og sveisa kring husnova svinga.
Og nett då på farten framum meg ho gjekk,
ein tindrande smil i mi armod eg fekk,
som vermde meg langt inn i bringa.

Det var som ei sol over sjela mi rann,
eg takka min skapar og signa kvar mann
som kom meg til møtes på gata.
Eg gjekk der og ynskte min fiendsmann vel,
og steinane song under sundtrakka hæl,
og ingen i verda eg hata.

Ho smilte til meg, til ein sturande tufs,
ein regnpjusket sporv under Herreguds ufs,
min bustad i stormnæter svarte.
Ho såg eg leid vondt og ho kjende kje meg,
men strødde si sol på min skoddegrå veg,
fordi ho var god i sitt hjarte.

Gud signe den gjenta kvar helst som ho går,
Gud signe på ny hennar brusande hår,
og munnen og augo og kinnet!
Og gjev at ho stødt må få rikeleg løn,
fordi at ho høyrde mi tagale bøn
um kjærleik og solskin i sinnet.

Henta frå "Under bergfall" Mine kjæraste dikt ved Ragnhild S Fjørtoft
Har elles boka av Ove Eide: Jakob Sande Liv Dikting på vent....

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Hm...kanskje eg ikkje akkurat hadde det rette humøret til denne akkurat no. Men, boka står i hylla, så om eg gir den ein ny sjanse seinare får tida vise :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takk for å ta fram Aukrust igjen! Eg skal jammen leite fram bøker til juleferien, har nokre av han. Men - dei kan berre lesast i feriar, sidan latterkuler seint om natta ikkje er optimalt for folk som skal tidleg opp. :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Drøymaren Halim

Ein ung forfattar, son av svensk mor og tunisisk far, er ansvarleg for denne som kom ut i 2003, mi norske utgåve er frå 2005. Eg trur kanskje at hans relasjonar til innvandrarmiljø gjer at innhaldet verkar ekte.

Boka handlar om Halim, gut i ungdomsskulealder, som strevar med å finne sin eigen identitet. Det er ikkje så uvanleg i denne alderen, men kanskje endå meir utfordrande sidan ein står med ein fot i to ulike kulturar.

« Å vokse opp med en forelder fra et annet land gjør også at man hele
barndommen igjennom blir minnet på at man er annerledes, selv om man
ikke avviker særlig mye fra sine nærmeste omgivelser.»

Halim bur åleine saman med faren sin, mora døydde for ei tid tilbake. Han får ekstra støtte på skulen slik at han skal greie seg fagleg. Han prøver å takle det som ser ut til å vere eit forhold mellom faren og ei svensk dame, og han prøver å å meistre kjenslene han får for ei svensk jente.
Han er ein drøymar og ein filosof som brukar mange timar dagleg til å skrive ned det han tenkjer om alt som skjer rundt han – han skriv og skriv,fordi:

For det er som jeg alltid har sagt; teksten er evig, men minnet
forandres.

«Et øye rødt» er ei varm og humoristisk historie, og set søkelyset på kor vanskeleg det kan vere å bli integrert – ein vil gjerne bli ein del av det samfunnet ein kjenner, samtidig som ein ikkje vil gi slepp på den kulturen ein opphaveleg har ei sterk tilknyting til.
Har også ein liten mistanke om at forfattaren har skrive seg sjølv litt inn i historia?
Språkleg var det ei lita utfordring, spesielt i starten, å lese det som har fått tilnamnet «kebabnorsk», men – med unntak av nokre ord som ligg noko fjærnt frå meg, så var dette alt i alt ei fornøyeleg oppleving.
Kar: 4

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har utstyrt meg med pledd, stearinlys og varm kakao og Et øye rødt av Jonas H Khemiri - -Sidan veret utanfor er så utrivelig, må vi ha det trivelig inne! ( uhyggelig er det her i nordvest)
Og om eg skulle bli ferdig med denne i dag, så ligg Og været skiftet og det ble sommer og så videre klar, den har eg gledd meg til lenge......
Ha ei god helg! - (og all lukke til med flyttinga!)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Håper virkelig at den ligg under juletreet i år......
Den står øvst på ønskelista! :-)

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Har lese bøkene fleire gonger, (rett nok for ganske lenge sidan, )så eg har eigentleg tenkt at eg må heller ha nokre trivelege novemberkveldar i selskap med nokre av bøkene som ligg på vent...
Men, eg kjem til å følgje med på diskusjonen. Dette er bøker som gjorde sterkt inntrykk på meg, så eg ynskjer all mulig lukke til :-)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Topp underhaldning

Sjølv om ein neppe kan karakterisere dette som stor litteratur, opplevde eg boka som spennande,fantasifull og humoristisk. Skildringane av Venezia er i seg sjølv ein god grunn til å lese boka, iallfall fekk eg lyst til å reise til denne eksotiske og særegne byen nok ein gong. Wiik må ha eit hjarte for byen - det verkar som han kjenner den godt.
Historia er fantasifull med innslag av droner, musikk, erotikk og dei mest hasardiøse hendingar - sjølv om ein anar - som i dei fleste fantastiske forteljingar - korleis det vil ende......
Så- om boka til tider kan framstå både som lite truverdig, og med tildels svulstige formuleringar her og der, så likte vi den svært godt her i huset. Nokre fornøyelege timar hadde vi med Wiik som opplesar.
Var nesten lei oss då den var slutt.
Topp underhaldning! :-) - og vi gav boka kar 4

(innlegget er kraftig redigert, men meininga mi er den same)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg sluttar meg til din omtale,Rose-Marie! Har hatt nokre svært fornøyelige timar i selskap med Øystein Wiik og Casnovasyndromet. Han les godt! :-D

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Så er den avslutta, og eg sit att med ein del ubesvarte spørsmål. Trur at eg denne gongen ikkje fekk med meg bodskapen, slik den kanskje var tenkt?
Når eg trudde eg hadde fått med kven Ethan var, og korleis han var som menneske, så kom der sekvensar som snudde opp-ned på alt. Merkelig!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Smarte Ethan...

Eller er han det?

Dette er boka om diskenspringar Ethan Hawley, kona hans Mary og dei to barna Allen og Mary Ellen som saman lever eit lykkelig familieliv i heller enkle lår. Deira motsetning ser ut til å vere ein god del meir eller mindre suspekte butikkeigarar, bankfolk og andre finansfolk med lyssky hensikter.

Ethan er ein svært ærleg og tillitsvekkande kar, ein som dei fleste har full tillit til. Den italienske butikkeigaren Marullo stolar på han fullt og fast, sidan han ikkje går i einaste av fellene han legg ut for han.
Andre sentrale personar er ma Margie Young, som er venn av familien, ei merkelig, einsleg dame med med eit noko hekseaktig preg. Banksjefen Mr. Baker spelar også ei viktig rolle i plotet, og det utan at han er heilt klar over det, eller? Alle desse medverkar i ei historie som får store økonomiske følgjer for mange.

Eg opplevde boka som meir merkeleg enn alt anna eg har lese av Steinbeck. Nokre sekvensar var velskrivne som forventa, medan eg i andre parti lurte på kva er dette??
Eg forstår ma ikkje kvifor synsvinkelen skifta ein god del ( kanskje nokon andre har svaret på det??)
I nokre kapittel var der tilsynelatande mykje uinteressant, uvesentlig småprat (for meg), medan andre deler hadde skildringar, hendingar med spenning av kjent, god kvalitet.

Eg trur eg må konkludere med at boka var annleis enn det eg hadde forventa, at eg sit att med nokre ubesvarte spørsmål, og at eg faktisk fekk nokre svake assosiasjonar til Ibsen sin Hjalmar Ekdal i «Vildanden».
Trur min terning landar på ein forundra 4.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne helga skal eg fullføre mi siste Steinbeck: Vår misnøyes vinter. Lovar godt!
I tillegg lyttar vi til Casanovasyndromet av Wiik, så då kan det berre regne og blåse ute her i nordvest!
Ha ei god helg!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

På ein våt og kald november-ettermiddag/kveld har gemalen og eg hatt ei rett så god stund i selskap med den filmatiserte utgåva av "Vredens druer". Vi var einige om at det var vel anvendt tid!
Filmen er frå 1940, i svart/kvitt, og etter mi meining har filmen fanga opp nerven, eller bodskapen i boka. Ikkje rart at den vann fleire prisar.

Skal følgje godt med på om Spielberg kjem med ein ny versjon. :-)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg får kanskje ikkje eit fullgodt inntrykk av boka sidan eg måtte lese den i rekordfart ( har den på heimlån i kort tid) . Eg synest Jacobsen får fram strevet og slitet i eit lite, avsides øysamfunn på ein god måte, men vart nesten frustrert av korleis han skildra dei mest dramatiske hendingane for den vesle familien. Fokuset var mest på det praktiske, kva dei måtte gjere, medan det mentale må ein nesten berre tenkje seg til.
Men - kanskje det er meininga?
Personleg er Vidunderbarn den av bøkene hans som har gripe meg mest - faktisk så sterkt at eg kjøpte den etter å ha levert tilbake ei lånt bok. Tvilar på at eg kjem til å kjøpe denne, men, kanskje eg må lese den ein gong til for å gi den litt betre tid?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg legg mitt innlegg her hos deg, sidan eg er einig i dine vurderingar, og slik at det ikkje blir for mange trådar...)
Fiskarbonden Hans Barrøy, kona hans Maria, og deira vesle dotter Ingrid på Barrøya – ein stad på Helgelandkysten - saman med faren Martin og den noko tilbakeståande? søstra Barbro .
Dei lever eit hardt og slitsamt liv der ute i havgapet, dei er avhengige av ver og vind og sterke armar for å overleve – og ein god lott frå Lofotfisket.

Jacobsen skildrar kvardagsstrevet usentimentalt, meir på ein måte som: «slik var det faktisk på tidleg 1900-tal i eit fattig småsamfunn i nord». Gjeremål og reiskapar får mykje plass, i tillegg til veret og kva dei kunne greie å få ut av naturen både til havs og til lands.

Måten dei samtalte på var knapp, dei sa ikkje meir enn det som var nødvendig fekk eg inntrykk av. Noko som elles er noko uvanleg for ein moderne roman, er at tragiske, personlege hendingar som fekk store konsekvensar vart knapt og konsist fortalt. Eg fekk assosiasjonar til norrøn litteratur ved fleire høve – også i dei delene av boka der det nærast var oppramsing av den eine hendinga etter den andre....

«Han spiste og gikk i svenskebrygga og fant fram søm og to hammere og
øvde seg på å klinke ambolt. Han fant tjære og hamp, varmet tjæra i et
spann på en primus og klipte til to hamplengder. Etter middag ble
Barbro med ham og lå på en rye under færingen og holdt imot mens Lars
lå inni og klinket....»

Dette er for meg ei bok som fortel om store og til dels dramatiske hendingar i eit lite samfunn – ei bok om barn som vert vaksne før tida og som taklar overgangen på glimrande vis – ei bok om samhald og samarbeid.
Personleg likte eg godt setningane med direkte tale – det minte meg om far min som kom frå same området...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Er så enig!
Hadde ikkje fullført hadde det ikkje vore for at den skal diskuterast i lesesirkel. Innhaldet er springande, ustrukturert, og for meg vart det både usannsynlig og lite truverdig - faktisk så usannsynlig at eg ikkje greidde å synast det var så veldig spennande ein gong......Det vart vel mykje av det "gode". At terningkastet vart tre, er pga at språket for det meste er ok.
Nei, Kepler er ikkje noko for meg - og eg kan til tider ha det triveleg i selskap med god krim.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Elisabeth SveeBeathe SolbergMarit HåverstadTonesen81Hilde H HelsethKirsten LundGro-Anita RoenIngeborg GReidun SvensliAkima MontgomeryKjell F TislevollFarfalleSynnøve H HoelIngvild SJulie StensethBerit RBertyEllen E. MartolAnniken LMarianne  SkageEgil StangelandAmanda ANabodamaPer LundMarit HøvdePiippokattaTerje MathisenBjørn SturødBård StøreIreneleserEivind  VaksvikKaramasov11JoakimMorten Bolstadingar hHeidi LBjørg L.Linda NyrudAnneWangLillevi