Dette er ei forteljing om ei lita familie som bur på ei lita øy på Nordlandskysten for omlag 100 år sidan. Hovudpersonen er Ingrid, ein får følge henne gjennom oppveksten frå ho blir døypt som 3-åring, og fram til ho er ei ung dame. Små og store hendingar i familien blir skildra på ein likefram måte, og ein kjem tett inn på hovudpersonane. Dialogen er knapp, det er like viktig kva som ikkje blir sagt som kva som blir sagt. Ein må også nevne at naturskildringane i boka er av god klasse.

Livet på den vesle øya er prega av hardt arbeid frå morgon til kveld. Forfattaren har lagt ned ein stor innsats i å beskrive ulike arbeidsoperasjonar, navngi reiskapar og ellers gi ei detaljert og truverdig utgreiing av levemåten på denne tida. Enkelte passasjer i boka har karakter av oppramsing av hendingar heller enn ei velkomponert historie. Ein får innimellom kjensla av at formålet med boka ikkje først og fremst er å fortelje historia om oppveksten til ei sterk, ung jente, men heller å nytte ei slik forteljing som rammeverk for å kunne formidle kystkultur og tradisjonar frå Helgeland.

Øya er berre såvidt stor nok for å brødfø ei lita familie, og den som rår over øya må vere viss på at ein prioriterer både dyrkajorda, husdyrhaldet og arbeidsinnsatsen på ein optimal måte for å sikre maksimalt matutbytte. Nesten som profittoptimalisering i ei bedrift. Dei greier årvisst å karre saman såpass med ressursar at dei kan oppnå små, stegvise framskritt på øya. Kai, brønn, møblar og etter kvart også maling til våningshuset, det blir ei råd med alt for den som er både arbeidssam og nøysam.

Den kanskje mest gripande delen av boka er korleis menneska på denne ytterste nakne øya, langt borte frå folkeskikken, viser at når det røyner på så er dei langt meir siviliserte enn bygdefolket.

Det er i tillegg mulig at der er eit ekstra lag i forteljinga som eg ikkje har fått med meg. Enkelte hint undervegs, antydningar og stemningar som ser ut for å vere skrive inn med overlegg, men som eg kanskje ikkje greier å tolke. Derfor kjem eg nok til å følge med på eventuelle diskusjonstrådar om boka framover, for å sjå om det var noko eg gjekk glipp av.

Godt sagt! (20) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Eg legg mitt innlegg her hos deg, sidan eg er einig i dine vurderingar, og slik at det ikkje blir for mange trådar...)
Fiskarbonden Hans Barrøy, kona hans Maria, og deira vesle dotter Ingrid på Barrøya – ein stad på Helgelandkysten - saman med faren Martin og den noko tilbakeståande? søstra Barbro .
Dei lever eit hardt og slitsamt liv der ute i havgapet, dei er avhengige av ver og vind og sterke armar for å overleve – og ein god lott frå Lofotfisket.

Jacobsen skildrar kvardagsstrevet usentimentalt, meir på ein måte som: «slik var det faktisk på tidleg 1900-tal i eit fattig småsamfunn i nord». Gjeremål og reiskapar får mykje plass, i tillegg til veret og kva dei kunne greie å få ut av naturen både til havs og til lands.

Måten dei samtalte på var knapp, dei sa ikkje meir enn det som var nødvendig fekk eg inntrykk av. Noko som elles er noko uvanleg for ein moderne roman, er at tragiske, personlege hendingar som fekk store konsekvensar vart knapt og konsist fortalt. Eg fekk assosiasjonar til norrøn litteratur ved fleire høve – også i dei delene av boka der det nærast var oppramsing av den eine hendinga etter den andre....

«Han spiste og gikk i svenskebrygga og fant fram søm og to hammere og
øvde seg på å klinke ambolt. Han fant tjære og hamp, varmet tjæra i et
spann på en primus og klipte til to hamplengder. Etter middag ble
Barbro med ham og lå på en rye under færingen og holdt imot mens Lars
lå inni og klinket....»

Dette er for meg ei bok som fortel om store og til dels dramatiske hendingar i eit lite samfunn – ei bok om barn som vert vaksne før tida og som taklar overgangen på glimrande vis – ei bok om samhald og samarbeid.
Personleg likte eg godt setningane med direkte tale – det minte meg om far min som kom frå same området...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethPiippokattaLisbeth Marie UvaagGrete AastorpTone HTone SundlandElla_BSol SkipnesHanneDemetersiljehusmorsomniferumMads Leonard HolvikSigrid NygaardHeidi Nicoline Ertnæsingar hBeate KristinTove Obrestad WøienRufsetufsaHanne Kvernmo RyeIngeborg Kristin LotheCecilieEllen E. MartolMarianne  SkagePi_MesonAstrid Terese Bjorland SkjeggerudHilde Merete GjessingAud Merete RambølbrekStig TSynnøve H HoelHarald KIreneleserFindusBjørg Marit TinholtgretemorAvaKnut SimonsenIngeborg GKjersti