Frihet??

- eller kanskje tvert imot?

Har fullført boka for andre gong, dvs enkelte korte parti har vor skumleste, medan andre deler har eg lese meir grundig – og heretter skal den få stå pent til pynt i bokhylla.(Er nok dessverre ikkje så positiv som mange andre)

Boka er sær, svært sær etter mi meining. Ja, ikkje akkurat når det gjeld tema: «Den dysfunksjonelle familien" som prøver å tilpasse seg det som blir forventa av dei - samtidig som ein del av dei tek lite omsyn til menneska rundt seg.
Dei viktigaste personane er: Patty, eldste jente i ein familie som ikkje veit å verdsette henne, sjenerte Walter som ho giftar seg med og borna deira - Jessica og Joey. Joey forelskar seg i nabojenta Connie...og flyttar like godt over til hennar familie som svært ung. Lite populært, for å seie det mildt.I tillegg spelar vennen og rundbrennaren Richard ei viktig rolle.

Det er lite normalt i boka (sett med mine auge), hverken når det gjeld familieforhold i dei ulike familiane vi møter, eller i komposisjon. Synsvinkelen skiftar både hit og dit, og enkelte innspel i teksten verkar til tider noko innfallsprega!
Og så asurparulaen, då – fuglen som får enormt med merksemd gjennom store deler av boka, kva med den?

skriv bildebeskrivelse her

Det positive er etter mi meining:
Franzen er ein kløppar i å skildre forhold mellom menneske, kvardagslege situasjonar tek han på kornet. Nokre sekvensar er fornøyelege å lese, og han greier på finurleg vis å skildre det nedrige, eller smålige i den menneskelege naturen. Språkleg - mellom det beste, kanskje?

Bortsett frå det så håper eg verkeleg at dette ikkje er eit korrekt bilde av den amerikanske familien, sidan alle familiane vi møter har problem med å forholde seg til kvarandre, at dei derimot gjer alt dei kan for å unngå barn/ foreldre.

Eg gav i si tid kar 4, og den skal få stå, trur eg..

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er no ca 150 sider inne i Frihet..som eg les for andre gong pga komande lesesirkeldiskusjon. Ein ting er sikkert: Den optimale julelektyre er det ikkje.
Forrige gong las eg boka litt overfladisk trur eg, no må det grundigere innsats til. Det som slår meg er alle dei tragiske familierelasjonane! Ikkje kjekt å tenkje på når vi no er inne i den høgtida der familiane skal ha det hyggelig saman?
Sjølv om eg ikkje akkurat kosar meg (nei!!), så er det fascinerande å sjå korleis Frantzen tek smålege menneskeleg kjensler heilt på kornet.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det var pussig. Han hadde aldri innsett det tidligere. Alle hadde en mor. Hvert eneste menneske i verden hadde en mor.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Regn. Som faller. Og vind som blåser, og trær som vokser, og fargen på ting, og gatene der jeg har hørt fugler synge. Skjønner du nå? Jeg vil leve. Skjønner du?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Lita bok - stort innhald

Tsotsi - ein ung gut, gjengleiar og ranar i Soweto i Johannesburg. Han framstår som kald, bereknande, livet er prega av brutalitet og kamp for å overleve..
Ei mørk natt får han uventa ei lita pappeske i fanget. I den ligg ein liten, nyfødd gut. Han vert rådvill, veit ikkje kva han skal gjere med den vesle, men det skal vise seg at gutebarnet får store konsekvensar for Tsotsi og livet hans.

Vi møter også krøplingen Morris Tshabalala og den unge åleinemora Miriam Ngidi. Saman med den vesle, nyfødde guten i skoøskja medverkar desse til at Tsotsi må erkjenne at livet er ikkje så kjenslekaldt som han likar å tru. Han reflekterer – og han minnast....

Den sør-afrikanske dramatikaren Athol Fugard greier å bygge opp spenninga på finurleg sett: Kva no, Tsotsi?

Historia er sterk, med ein einsam, brutal gut som gjennomgår endringar både på det ytre og det indre plan, mot alle odds som det står bake på coveret.

Personleg vart eg både provosert og medriven. Enkelte avsnitt er nesten filosofiske, komponerte slik at ein som lesar må dvele ved dei, lese dei ein gong til for å kunne greie å ta innhaldet innover seg.

Boka vart filmatisert i 2005, og vårt velvillige bibliotek vil skaffe filmen!
Kar: 5

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tek med eit juledikt for å sette punktum for det nynorske språkåret 2013. Og med dei versa vil eg ynskje alle Bokelskere ei verkeleg God og fredfull JUL!

Joleklokker over jorda,
ring no høgt frå tårn og tind,
ring no ut dei sæle orda:
Fred frå Gud i alle sinn!
Klokker vidt om verda kime
mildt til alle hjarto ned.
I vår Frelsars fødselstime,
arme jord, ha jolefred!

Fader, send din fred til alle
dei som sit i sorg og sut,
ljose himmelklokker kalle
dei frå lidingsnatta ut!
Vis: På jorda alle stader
bur ei ætt av same blod,
kløpt til born av same Fader,
sysken, eitt i hug og mod.

2 av 3 vers
Forfattar: Anders Hovden, 1923
Frå Nynorsk Kultursentrum

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Takka vere uvanleg hektiske dagar både på jobb og i heimen, har det vore svært lite tid til bøkene dei siste dagane......Har såvidt vore innom Tsotsie og håper å kunne fordjupe meg i den no som juleferien er ein realitet.
Om eg får meir tid innimellom tradisjonelle juleførebuingar, så skal eg verkeleg gå i gang med Frihet av Jonathan Franzen som skal diskuterast i lesesirkel tidleg på nyåret. For meg blir det repetisjon, men er ok det, for ikkje å seie heilt nødvendig! :-)
Ellers så ser eg virkelig fram til å starte på å lese Middlemarch saman med fleire her inne.

Vil ynskje både deg og alle andre Bokelskere ei God Jul!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Veit du Kjell, eg synest sirkelen skal heite etter deg- sidan du har tatt initiativet, meiner eg... Så,mitt forslag er:

CirKel K :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

....og mi stemme går til Middlemarch!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Er enig! En liten gylden sko var fornøyelig, medan dei andre historiene ikkje greidde å engasjere meg noko særleg.....Synest storparten av fortellingane var radikale både innhaldsmessig og språkleg - mistenkjer at ein del av dei kan vere sjølvopplevde?
Og eg likar eigentleg Ambjørnsen, har fleire av bøkene hans...

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ser at denne meldinga ligg her- nesten heile tida. Håper admin kan få det bort....

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Om det ikkje er for seint å melde si interesse, så kunne eg gjerne tenkje meg å vere med?
(Så sant eg ikkje får det for hektisk, sidan eg er med i to lesesirklar..Har vore med på nokre svært givande felleslesingar her inne! :-)

Kan då i så fall foreslå:
- Middlemarch av Eliot
- Mrs Dalloway av Virginina Woolf
- De besatte av Dostojevskij

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Papa stirret kaldt på oss, som om vi hadde forrådt ham, men gradvis ble hardheten i ansiktet oppløst, og det var noe mirakuløst, som å betrakte en frossen klump gåsefett smelte i en varm panne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kortreist kokk
-men om maten var smaksrik, så var boka heller tynn...

Indiske Hassan Haji veks opp i Mumbai. Faren driv restaurant der, og dyktig er han. Mora døyr på tragisk vis, og løysinga for Papa og resten av familien er å forlate India for å begynne heilt på nytt.
Dei er innom fleire land, før dei tilslutt slår seg ned i den franske byen Lumiére.
Dei opnar sin indiske restaurant tvers over gata for ein svært så ekslusiv fransk restaurant; Le Saule Pleureur, driven av den sofistikerte, snobbete Madame Mallory.

Mallory er alt anna enn glad for å få konkurranse, så ho kjempar med alle midlar for å få Papa og restauranten bort. Ho oppdagar også til sin store skrekk at unge Hassan er eit naturtalent innan kokekunst, eit talent ho berre MÅ få til sin restaurant- koste kva det koste vil!

Første delen av boka opplevde eg som triveleg, lettlest og greit i ei travel førjulstid. Også Starten av deira opphald i Lumiére kosa eg meg med....Men, så vart det for monotont og gjentakande etter min smak. Dei siste 70-80 sidene vart delvis skumleste for at eg i det heile skulle fullføre. Derfor: Terningkast 3

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det har du heilt rett i! Eg for min del har bestilt boka hos vår lokale bokhandel i dag- det er ei bok til ettertanke, og som kan lesast igjen og igjen, så derfor vil eg ha den i bokhylla :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Må berre bli imponert av slike haldningar! Nesten noko Mandela over det?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Reine litterære skattkammeret, med andre ord!
Eg trur eg må kjøpe Drep ikke en sangfugl, har berre hatt bibliotekutgåver før....det er ei bok som gir mykje!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sidan det er tildels hektisk førjulstid så les eg En trettimeters reise av Richard C Morais - ikkje akkurat stor litteratur, men trivelig og lettlest.
Begynte på den også for ei stund sidan, då opplevde eg det som så lite givande at eg la den bort...så kanskje det er ei bok som er litt situasjonsbetinga?
Gler meg ellers til å lese Dickens og En julefortelling men den skal eg spare til jul - tradisjonen tru.
Ha ei trivelig adventhelg i ny bustad! :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

I min barndom var dette den historia eg høyrde omigjen og omigjen...mor mi fortalde og eg gret, og likevel var det fantastisk. Historia er vakker og til ettertanke! :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er absolutt enig i at dette er krevande....den svært så spesielle stilen gjer ikkje akkurat stoffet lett tilgjengelig. Likevel var dette ei bok som gav mykje. (Faktisk ein av mine favorittar..)
Er svært glad for at eg ikkje gav opp - det var nære på i starten.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Julie StensethBerit RBertyEllen E. MartolAnniken LMarianne  SkageEgil StangelandAmanda AKirsten LundNabodamaPer LundMarit HøvdePiippokattaTerje MathisenBjørn SturødBård StøreIreneleserEivind  VaksvikKaramasov11JoakimMorten BolstadKjell F Tislevollingar hHeidi LBjørg L.Linda NyrudAnneWangLilleviAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterOdd HebækAnn-ElinHelena EAnniken RøilAvaChristofferBenedikteTralteMorten MüllerEva