Lita bok - stort innhald

Tsotsi - ein ung gut, gjengleiar og ranar i Soweto i Johannesburg. Han framstår som kald, bereknande, livet er prega av brutalitet og kamp for å overleve..
Ei mørk natt får han uventa ei lita pappeske i fanget. I den ligg ein liten, nyfødd gut. Han vert rådvill, veit ikkje kva han skal gjere med den vesle, men det skal vise seg at gutebarnet får store konsekvensar for Tsotsi og livet hans.

Vi møter også krøplingen Morris Tshabalala og den unge åleinemora Miriam Ngidi. Saman med den vesle, nyfødde guten i skoøskja medverkar desse til at Tsotsi må erkjenne at livet er ikkje så kjenslekaldt som han likar å tru. Han reflekterer – og han minnast....

Den sør-afrikanske dramatikaren Athol Fugard greier å bygge opp spenninga på finurleg sett: Kva no, Tsotsi?

Historia er sterk, med ein einsam, brutal gut som gjennomgår endringar både på det ytre og det indre plan, mot alle odds som det står bake på coveret.

Personleg vart eg både provosert og medriven. Enkelte avsnitt er nesten filosofiske, komponerte slik at ein som lesar må dvele ved dei, lese dei ein gong til for å kunne greie å ta innhaldet innover seg.

Boka vart filmatisert i 2005, og vårt velvillige bibliotek vil skaffe filmen!
Kar: 5

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Viser 1 svar.

Er glad for også å ha sett filmen. Trass i at historia ikkje er heilt identisk med boka, er bodskapen den same. Synest også at filmen fokuserer godt på den endringa som Tsotsi (= gangster) går gjennom.
Må nesten ta med eit sitat som står på framsida av coveret:

Vi velger ikke vårt livs begynnelse og slutt. Men i øyeblikket imellom kan vi velge hvem vi skal være.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Violeta JakobsenHarald KsomniferumPiippokattaStig TKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibekeAvaCarine OlsrødReidun Anette AugustinGladleserTove Obrestad WøienNinaMaiken