Sidan veret er svært så vindfullt, vått og grått, så har eg det rett triveleg i godstolen i selskap med Dehlis vakreste hender av Mikael Bergstrand. Morsomt!
Kanskje ikkje av det største litterært, men jammen er det godt å berre la seg underhalde innimellom. :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Veit ikkje om eg kan kalle det ein kuriositet, men fekk lyst til å sitere nokre få linjer frå romanen Usynlig av Paul Auster som eg nettopp har lese, forøvrig ei svært sterk litterær oppleving, ein roman eg heilt sikkert kjem til å lese meir enn ein gong. På s 94 står:

Hun rangerer Middlemarch høyere enn alle andre romaner, og når du innrømmer at du aldri har kommet lenger enn til side femti, presser hun deg til å gjøre et nytt forsøk, hvilket du gjør, og enda en gang gir du opp før du kommer til side femti.

Heldigvis gav ikkje eg/ vi opp.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sidan eg har litt ( faktisk litt mykje) å lese til dei lesesirklane eg er med i, må eg kanskje vere passiv tilskodar denne gongen.
Men, eg kjem til å følgje med, og som kjent: Ein skal aldri sei aldri!
Lukke til, og godt val iallfall! :-)

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Oppfinnsomt og spesielt, det er eg einig i! Forteljarstilen er svært munnleg, og synest han får godt fram "bygdedyret" som vi veit finst i små samfunn. I starten fekk eg assosiasjonar til stilar som bror min brukte å skrive...morsomt.
Sjølv om eg er nynorskbrukar og har litt greie på dialekter, så strevde eg litt med ordbruken. Ein del av orda er gammalmodige og lite brukte no til dags, iallfall i vår del av landet. Originalt språk av ein såpass ung forfattar?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fugletribunalet vart for meg så spesiell at eg vart heilt oppslukt! Fekk gjort svært lite anna enn å lese denne søndagen!
Synest Ravatn greier å få fram den mystiske, creepy stemninga gjennom heile boka. Skildringa av Allis som nesten prøver å gjere seg usynleg, som gjer alt ho evnar for at den snåle, tause Sigurd Bagge skal vere fornøgd med henne - slik at ho får vere hos han på den bortgjømde staden er brilliant.
På ein forunderleg måte greier ho å få fram mistrua og frykta like mykje gjennom det usagte, som gjennom dei få, og ofte tvetydige replikkane som vert hengande i lufta.
Forstår godt at denne vart publikumsvinnar av P2 sin romanpris.
Eg gir terningkast 5

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Veit du, Jostein, eg er imponert
av nokre av innlegga du har levert!
I tillegg til "ukentlig" helgelyrikk,
så trår du til med rabattstatistikk!
:-D
God lesehelg, iallfall!

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Kvinnestemmer....

Oppover åsen plukker jeg urter
nedover møter jeg min tidligere mann
Knelende spør jeg min tidligere mann
..Din nye, hvordan er hun?
..Min nye er god, tror jeg nok
men den gamle var vakrere enda
Ansikt og uttrykk kan likne mye
men hender er ganske forskjellige
Min nye går inn gjennom porten
min gamle gikk ut rommet bak
Min nye er dyktig med fin-vev
min gamle var grov-vevens mester
Den fine gir en rull om dagen
den grove gav mere enda
Ser du fin-veven mot den grove
kan den ikke liknes med den.

Hadde absolutt ingen forventningar til denne, og kinesisk poesi veit eg svært lite om.
Då er det ei positiv overrasking å oppdage at dikt som er skrivne av kvinner? for meir enn 2000 år sidan er eit trivelig møte. Harald Bøckman er mannen bak boka som vert karakterisert slik (sitat): "Denne antologien er derfor en unik utgivelse. Noe tilsvarende er aldri blitt publisert i Vesten, og knapt i Kina".

Harefar kjennes på hoppende fot
haremor synes litt vag
Men hvem kan vel vite hvem som er hvem
når de begge løper i lag.

Ikkje alle dikta gav meg som lesar like mykje, men likevel opplevde eg denne vesle boka som så trivelig at enda med å gi terningkast 5

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Merkelig bok om eit døgn der hovudpersonen svevar mellom liv og død..
Dette er forteljinga om Charley (Chick) Benettos liv...inndelt som sekvensar i døgnet :Midnatt, Morgen osv.. etter at han var nær ved å døy etter ei bilulukke.
Han går inn i ein tilstand der han møter den døde mor si, og gjenopplever gjennom henne det som førte til at han enda opp som så ulukkeleg og ynkeleg.

Opplevde at det først og fremst var ei framstilling av forholdet mellom mor og son, der mora er framstilt som tilnærma den ideelle mor. Og dei finst jo!
Boka er lettlesen, ikkje akkurat stor litteratur, men heilt grei. Enda på kar 4, under tvil.

Ser elles at forfattaren har ei overvekt av bøker som omhandlar død, og nær døden opplevelsar. Spesielt, kanskje?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Verdilause jenter...

Dette er ikkje fiksjon, dessverre!
Dette er den sterke historia om vesle Satwant som til faren sitt store raseri ikkje vart gut! Han ville at ho skulle døy, men dei fekk henne bort frå familien eit par veker, og ho berga dermed livet. Ho fekk ingen identitet, sidan ho likevel berre skulle vere slave....
Berre tre år gammal vart ho gitt bort til ei tante, i bytte mot ein gut som fekk vere med foreldra og dei andre søstrene til Norge! Ho måtte arbeide hardt, vart mishandla og utnytta seksuelt på det grovaste!
16 år gammal kom ho til Norge - der mishandlinga heldt fram. Ute var det norske lover og reglar som var gjeldande, men ikkje innanfor husets fire veggar! Utad var det ÆRA -izzat- som stod over alt, koste kva det koste ville.

Sarita Skagnes heiter ho i dag, denne jenta/kvinna som framstår som uvanleg sterk sidan ho har greidd seg på tross av alt ho har gjennomgått! Ho lever i dag med norsk mann, og har brote all kontakt med foreldra sine. På siste sida seier ho:

I stille stunder kan jeg fortsatt kjenne savnet. Savnet etter en mor og en far som vil ha meg og elsker meg for den jeg er.

Var inne på nettet og las om modige Sarita som fortener all honnør for å sette søkelyset på enkelte jenter sin situasjon. Og ho seier klart ifrå om at ho ikkje er ute etter å skape rasisme, men ho vil gi andre jenter mot og styrke til å gjere opprør.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg bestilte også "Pølsefabrikken" i tillegg til
"Lenins kyss" av Lianke Yan
"Skyggeferden" av Sara Azmeh Rasmussen og til slutt
"Wilfred Price" av av Wendy Jones
.. så - så mange vart det ikkje! Dermed er eg kanskje sikra at iallfall eit par av dei kan vere verdt dei få kronene eg skal legge ut!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det er snart ei veke sidan eg avslutta Bok 7 og 8. Eg valde å ikkje skrive noko då, ville ikkje avsløre så mykje! Er litt usikker på den "godeste" Rosamond...Kanskje Lillevi har rett i si tolking?
Eg trur eg kan seie utan å røpe for mykje at ein del av handlinga kanskje kan karakteriserast som noko forutsigbar, utan at det forringar innhaldet i nokon særlig grad. Uansett, takk til alle deltakande!
Det har vore triveleg å vere med på denne felleslesinga!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Berre sjelden kjem eg over bøker som eg opplever så sterkt! Dette må ha kosta forfattaren mykje...Så personleg, så gripande...eg finn nesten ikkje ord! Også språkleg er dette av ypperste klasse! Store deler er prega av korte, avhogne setningar- men med SÅ mykje innhald!

Trass i at eg synest at boka ikkje held like høg kvalitet i nokre kortare parti, var eg ikkje i tvil om at denne fortener karakteren 6. Ein annan skreiv her inne at dette er ei viktig bok for alle som har barn, og det er eg einig i. Og iallfall er det ei viktig bok for alle som på ein eller annan måte kjem i kontakt med autistiske barn!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Blir spennande å sjå om der finst noko som kan friste. :-)
Eg har nemlig ikkje kjøpt ei einaste bok enno etter nyttår, og det er heilt unormalt til meg å vere. Det er nesten så eg lurer på om gemalen har gitt meg ei vaksine mot bok-kjøp utan at eg har merka det. Har vore innom bokhandelen eit par gonger i veka som vanleg, og har gått ut igjen like tomhendt som då eg kom inn. Merkelig!
Så, då får vi sjå om Mammut har noko å by på i år....
(ja, ikkje for det at eg treng det då, men..)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er ca halvvegs I bok V, og er heilt fortvila over Dorothea sin situasjon! Egoistiske Mr. Casaubon var ikkje verd henne!
Og opp i det heile må eg avbryte lesinga no, sidan eg har lova ein kjekk, ung mann at eg skal heie på han når han no snart skal spele handballkamp!
Men - i ettermiddag skal eg bruke ein god del tid i Middlemarch, så alt i alt får eg nok ein innhaldsrik søndag!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det som skjedde etterpå, kalte de å dø ved å elske. Hun ga seg helt over til ham, til den minste partikkel, slik blomsterstøv gir seg hen til stormen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Spesiell novellesamling, eller kanskje meir ei samling av forteljingar, frå eit område der krig og uro har sett sitt preg på menneske og samfunn.
Eg opplever at Topalovic skriv ut frå eigne? erfaringar og opplevingar - sidan han er fødd og oppvaksen i Bosnia. Spesielt novella Skriket på veggen gjorde inntrykk med sine skildringar av krigen sine øydeleggingar av Sarajevo, og som også medførte eit stort tap for den desillusjonerte Amra.

Skrivestilen er noko uvant, men boka har mange gode, og litt uvanlege språklege bilde. Så synest derfor det er synd at berre fire har denne i samlinga si.
Sidan eg opplevde dei ulike tekstane som svært ujamne når det gjeld innhald og kvalitet, var det vanskeleg å sette karakter, men det særeigne gjer at eg landar på 4 - under tvil.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Forslaget som Ester S kom med var slett ikkje dumt!
Det kan sikkert virke som aktiviteten er redusert, all den dag kommentarane vi skriv på bokomtalane ikkje kjem opp i diskusjonsfeltet.

Men - har du ein god ide så sett i gang! :-) Her er mange som kan bli engasjerte!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Jammen tok det meg litt lenger tid enn forventa ( familien tok litt meir av tida mi enn eg hadde rekna med..) - men fekk avslutta bind 1 no i kveld.
Er litt lei meg for at eg ikkje fekk lese så samanhengande som eg likar, så derfor er inntrykket eg sit att med no noko uklart. Ja, ikkje nå det gjeld kvalitet, og slett ikkje når det gjeld mi oppfatning av stakkars Dorothea og Mr Casaubon! Eg vert berre lei meg når eg "ser" kor dårleg dei har det i ekteskapet. Og det at det røyner på med dårlig helse gjer det ikkje akkurat lettare for desse to.
No har eg alt leita fram bind 2 og gler meg til å ta fatt.......

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Houm er ein ukjent forfattar for meg. Er De håpefulle ei bok du vil anbefale?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Må innrømme at dei innleiande sitata har fått ei overfladisk behandling av meg, med nokre få unntak.
Elles er eg enig i at Eliot ser med omsorgsfulle auge på ein god del av personane....medan ho framstiller nokre av dei svært "tatt på kornet". Ho har vore dyktig på å få fram mange av mindre hyggelige sider ved den menneskelege naturen, sånn som det å vere ondskapsfull (Featherstone), som det å vere grådig - når familien hans satt og forventa å verte tilgodesett av denne gamle mannen dei ikkje likte......
Eg trur kanskje Eliot satt og småhumra for seg sjølv medan ho skildra både den gamle og familien hans, eg gjorde iallfall det.
Sidan det no går mot helg og litt fri, får eg meir tid til å fullføre bind 1.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandAmanda AKirsten LundNabodamaPer LundMarit HøvdePiippokattaTerje MathisenBjørn SturødBård StøreIreneleserEivind  VaksvikKaramasov11JoakimMorten BolstadKjell F Tislevollingar hHeidi LBjørg L.Linda NyrudAnneWangJulie StensethLilleviAstrid Terese Bjorland SkjeggerudDemeterOdd HebækAnn-ElinHelena EAnniken RøilAvaChristofferBenedikteTralteMorten MüllerEvaMonica CarlsenmarvikkisMorten JensenDaffy EnglundTove