Er enig; Flott bok!
Eg var ei stund tvilande til at dette var noko for meg, men det var det! Eg vart fascinert av sterke kvinner som ikkje gav opp, sjølv om det såg svart ut, eg likte sterke, stolte og til tider arrogante Karitas som er ulik mange av dei litterære kvinneskikkelsane eg elles les om.
Det er også godt -eller sunt - å bli mint på at det trass alt ikkje er så lenge sidan at livet kunne vere så hardt for så mange, både på Island og her....
Med nokre minus, så opplevde eg språket og skrivestilen til Baldursdóttir som god. Kjem heilt sikkert til å lese bok nr 2...håper den er av same gode kvalitet.
Boka er ein tankevekkjar, likte storparten av boka svært godt. Faktisk så godt at eg vurderte den til ein sterk 5.
Likte godt både dei to gutane, livet på taket under stjernene, og deira kjærleik til to svært så vakre, sympatiske jenter. Det var også interessant å lese om livet under Shahen, eit liv som gav god grobotn for motstand, og det av eit slag som vart minst like ille etterkvart.
Når eg likevel enda på terningkast 4, så var det siste tredelen av boka som var årsak til det.Sjølv om det kanskje var vel strengt, så miste liksom historia litt for mykje av glansen...kanskje...
Eg er heilt enig! Sjakknovelle er ei bokperle, har gledd meg lenge til den, og med god grunn. Denne skal lesast fleire gonger, utan tvil!
Jippi....til bursdagen fekk eg :
Søstrene Makioka av Jun'ichiro Tanizaki. Den var på ønskelista etter Rose-Marie sin flotte omtale. Håper den innfrir forventningane.
Så fekk eg pakke i posten i dag:
Mårbacka-trilogien av Selma Lagerløf. Gler meg til den..har besøkt Mårbacka for ei tid tilbake, og i tillegg kom
Karitas av Kristin Marja Baldursdottir. Fekk sansen for henne etter Jeg er Freyja som eg verkeleg hygga meg med.
Om der er noko Aber, så må det vere leselista........men, det er i så fall eit reint luksusproblem.
"Nød lærer naken kvinne å spinne", det var det som slo meg også! Ei lita historie om sterke kvinner som finn ein leveveg under svært vanskelege vilkår. Ein må berre beundre jentene som greier seg på tross av ein livssituasjon som kunne sette dei fleste ut av spel.
Stor litteratur er det ikkje, men likevel gjer det stort inntrykk.
Eg har slått opp litt om Taliban....greier ikkje å forstå motivet for handlingane deira. Og mennene som er i Taliban har også mødre,søstre.......Kva kan vere grunnen til deira totale kvinnehat? Det er skremande å tenke på kva følgjer indoktrinering kan få i sin ytterste konsekvens.
Denne har stått lenge ulest i mi hylle også, men sidan dagen var både god og varm vart den prioritert.
Er enig i at boka er spennande, men at det til tider går litt for langt, såpass at det blir litt for usannsynlig. Men, god underhaldning, det er det. Vart terningkast 4 her...
Har verkeleg mora meg kosteleg med denne boka. Agga framstår som ein fremmelig jentunge som stikk nasen sin i meir enn det som godt er. Medmenneskelege situasjonar er ypperlig skildra, på godt og vondt, det same er dei ulike karakterane - ikkje minst den merkelige Freyja.
Alt i alt - ei triveleg bok på ein triveleg, varm sommardag!
(Har prøvd å finne filmversjonen utan å lukkast, så om nokon kan hjelpe meg med det, er eg takksam)
Boka er så anonym at eg aldri hadde fått auge på den i ein bokhandel....Men, takk og pris, eg har den - og har hatt ei rett så triveleg stund saman med Agnes Ravatn og hennar underfundige observasjonar av situasjonar der ingenting skjer. (Har forresten signaturen hennar i boka :-))
Eg har humra meg gjennom tekstane, har lese litt høgt for gemalen innimellom, og har hatt ein rett så triveleg ettermiddag i gråveret som pregar landsdelen vår i dag.
Om eg skal trekkje fram ein tekst eller to som fenga meg ekstra, så likte eg spesielt godt Brev frå kolonien (om Syden), Kjøtkverna (om kjøpesenter) og Livet på skjener ( om ein togtur).
Ravatn skriv godt, det er lett å sjå situasjonane ho skildrar med sin særs personlege synsvinkel. Håper og trur at vi får meir lesverdig frå hennar hand.
Boka er så anonym at eg aldri hadde fått auge på den i ein bokhandel....Men, takk og pris, eg har den - og har hatt ei rett så triveleg stund saman med Agnes Ravatn og hennar underfundige observasjonar av situasjonar der ingenting skjer.
Eg har humra meg gjennom tekstane, har lese litt høgt for gemalen innimellom, og har hatt ein rett så triveleg ettermiddag i gråveret som pregar landsdelen vår i dag.
Om eg skal trekkje fram ein tekst eller to som fenga meg ekstra, så likte eg spesielt godt Brev frå kolonien (om Syden), Kjøtkverna (om kjøpesenter) og Livet på skjener ( om ein togtur).
Ravatn skriv godt, det er lett å sjå situasjonane ho skildrar med sin særs personlege synsvinkel. Håper og trur at vi får meir lesverdig frå hennar hand.
NB(Eg har skrive det same svaret under eit diskusjonsinnlegg av ElinBe)
Eg kan kanskje smette inn her med ei litterær ferieoppleving?
Iallfall - lenger nede her skriv eg at eg skulle til bokbyen i Fjærland. Har no den visitten bak meg, og det var svært så hyggelig.(Anbefalar sterkt eit besøk- spesielt på ein strålande, flott sommardag!)
Tusenvis av bøker freista...men, eg greidde å levere frå meg posen min med over 20 bøker, og tok berre ein kuriositet som låg i ei kasse utanfor eit av utsala - ei tynn, gammal bok frå 1948: "Klasse roms gymna stikk.
Bake på boka står det: "kan brukes av lærerinner uten spesialutdannelse.
Innhaldet er fornøyelig lesing - sjølv om eg ikkje er gymlærar:
Hilse
Lær barna å hilse pent. Pikene fører den ene foten tilbake og neier, guttene slår helene sammen og bukker.
eller:
Tåstående små hopp på stedet et visst antall ganger.
Tilsi: Stå på tå! Alle baller spretter 10 ganger - nå! Barna kan telle sjøl. Arbeid på at de hopper så lett som mulig, kroppen loddrett, armene løse. Rekkene kan kappes om å hoppe lettest.
:-D
Sånn er det...bøkene treff oss ganske så ulikt..og det er ok. Det skaper iallfall diskusjonar med personlege synspunkt - og det opplever eg som positivt!
Så er det avgjort. Vi reiser til bokbyen i Fjærland....dei reklamerer med fire kilometer med bøker. Med i bagasjen har eg ei veske full av bøker som må forlate heimen (plassmangel), og eg har lova på tru og ære at eg ikkje skal ha med fleire heim enn dei som fer!
Spennande!
Og i bilen skal vi lytte til Om skjønnhet av Zadie Smith.... kan kanskje passe bra det i vakker Vestlandsnatur?
Sidan eg likar svært godt Murakami, likar eg også denne!
Han får så godt fram einsemda og det sære ved dei tre hovudpersonane, og bildet av dei kryssande satelittane i verdsrommet er unikt!
Synest historia er engasjerande trass i det enkle, og til tider nesten draumeaktige. Språkleg er det av vanleg, god Murakamikvalitet!
Reint personleg har eg Kafka på stranden som favoritt....
Eigentleg skulle eg begynne på ei anna bok, men sidan det var litt seint, tok eg fram denne som eg tenkte var passe kjedelig....
Ei merkeleg historie er det iallfall, det er sikkert. Det handlar om journalisten Mona som vert sendt ut for å skrive om ein engel som bur i slummen av Bogotá i Colombia. Dei som høyrer til kyrkja er lite begeistra for all merksemda denne engelen får. Engelen på si side er ein svært vakker mann, utan språk som har dukka opp - og señora Ara meiner at han er hennar son.
Det går ikkje betre enn at Mona forelskar seg i denne engelen.....
Det skjer litt av kvart, og ikkje alt er like truverdig, meir av det litt overnaturlege, merkelege slaget. Men - vi får også vite litt meir om bakgrunnen til denne umælande, mystiske mannen.
Litt spenning var det faktisk i Mona sine undersøkjingar om han.
Ikkje minst gir boka eit innblikk i fattigdommen og det folkelege i Colombia.(Fekk elles assosiasjonar til Engleskolen...)
Vurderte boka til ein stad mellom 3 og 4, men landa på 3.
I den tyske byen Ulm budde Sophie Scholl saman med familien sin, foreldra og fire søsken. I 1942, 21 år gammal, reiste ho til München for å studere. Alt som svært ung kvinne var Sophie Scholl uvanleg reflektert og oppteken av kva som var rett.
Broren Hans hadde ho svært god kontakt med, og saman med tre medstudentar og ein professor ved universitetet i München danna dei den kristne, ikkjevaldelege motstandsgruppa Den Hvite Rose. Med fare for sitt eige liv skreiv dei pamflettar som dei distribuerte rundt i fleire tyske byar.
I 1943 vart dei arresterte av Gestapo og avretta.
Forteljinga om desse unge, målmedvitne ungdommane gjer inntrykk! Dei arbeidde for noko dei trudde på, trass i farane ved det. I eit samfunn der ein ikkje kunne stole på nokon, der vald, svik og utrygge vilkår var ein del av kvardagen stod dei på for å skape motstand mot terror-regimet. Historia er basert på deira dagbøker.
Forfattarane har gjort ein imponerande innsats for å:
-Få fram personlege trekk og korrekte hendingar hos hovudpersonane og personar rundt dei
-Forklare filosofiske tankar og idéar som vaks utanfor dei nazistiske miljøa
-Vise krigshendingar og konsekvensane dei fekk
-Dokumentere det dei skriv om
Boka er spennande, velskriven - den både opplyser og engasjerer! Svært få har denne i samlinga si - den hadde fortent fleire!
Vart filmatisert 2005
No er det ei stund sidan eg las Stalins kyr, men likevel meiner eg å hugse at den ikkje gjorde like stort inntrykk på meg som Jordmora.
Språket, eller stilen i Jordmora var ein god del annleis enn det eg har lese før, og då snakkar eg ikkje om det usminka, ukultiverte språket ang kjønn etc. - meir ordspelet som eg opplevde som originalt. Eg likte også godt kontrastane mellom det vare, vakre og den brutaliteten som vart skildra.
Men - sånn er det - "smaken er som baken".......:-D
"Heltinna" - (veit nesten ikkje om eg kan kalle henne det)- har eit avslappa, eller kanskje meir eit utradisjonelt forhold til det meste, ikkje berre arbeidsreglement og dei styrande i bedrifta.
Du må gi ei tilbakemelding når du har fått lese boka!
(Ser elles at du er i Brasil - spennande!) :-D
Grenselaus kjærleik
Dette er den elleville historia om Bella, veslesøster Lille K, ein svært egoistisk far og ei usikker, nevrotisk mor. Dei bur i ein herskapeleg villa saman med fleire andre slektningar.
Bella er glad i far sin, svært, svært glad i han. Det er berre det at far er meir oppteken av hunden sin, Farah Dibah, ein stygg og sjølvsentrert hund som ikkje akkurat er eit positivt kosedyr for andre enn far, då. Bella skjønar snart at om far skal sjå henne og vere glad i henne, må ho sjølv vere som ein hund.
Det meste som skjer i familien er heilt absurd, noko meir dysfunksjonelt skal ein leite lenge etter.
Forfattar Lisbet Hiide var heilt ukjend for meg, og eg synest at ho har fått ein svært så stor dose humor inn i denne tragiske familiehistoria. Innhaldet er lettlese, til tider måtte eg berre humre og le, medan eg andre gonger syntest at det gjekk (langt) over streken. Det vart FOR sprøtt! Derfor landa terningen til slutt på 3, sjølv om det kanskje er litt strengt.
Ja, kva skal ein seie om denne då?
I starten vart eg både irritert og provosert over det vulgære språket og banninga.Så begynte eg å lure på om forfattar Helen Guåker skriv på denne måten for å vise eit realistisk bilde av ungjenta Sølvi Holmestad - for om eg tenkjer etter så finst sikkert denne typen jenter der ute - enten eg likar det eller ei. (Forfattaren sjølv kan det vel ikkje vere, så sympatisk som ho ser ut på bildet på baksida av boka mi.)
Uansett så er boka skriven i ein svært så spesiell stil, med korte kapittel og hovudpersonen dveler lite ved ein del saker som unge damer vanlegvis er opptekne av. Det verkar nesten absurd på meg at ho i det heile hadde planar om å studere filosofi, til det var ho for mykje oppteken av sex og fyll. Likevel - ho viser også sider som gir henne eit meir positivt preg.
Nei - dette vart vanskeleg....om eg ikkje skulle ombestemme meg, så får ho iallfall i dag terningkast 3
Norsk Don Quijote på sykkeltur
Don Quijote, nei Jon Utskott var det – ein norsk miljøvernfanatikar- skal sykle Noreg på kryss i tvers, og det for 29. gong. Adam Hiorth er ein ung filmskapar som har høyrt om denne sære miljøvernaren, og vil gjerne delta på turen, vil lage dokumentarfilm om Utskott. Utskott på si side er ikkje glad for selskapet, og let han berre motvillig få vere med, på ein betingelse: Han skal også sykle!
Dei to legg i veg, og det på 17.mai. Avstanden mellom dei to er stor, både som syklistar på vegen og på deira eigne synspunkt på kva som er greit, og kva som ikkje er greit når det gjeld mat og miljø ma.
Noreg har flust med krevjande motbakkar, og når dei så kjem ut for både slosskjemper, spesielle kvinnfolk og det som verre er, så går ikkje alt slik dei hadde tenkt seg det. Avstanden mellom dei minkar, og det i så stor grad at dei begge etterkvart må innrømme ein gjensidig vennskap.
Boka er lettlesen, ganske morosam – spesielt i starten - og ein må vel kunne kalle det ei svært så målretta framstilling av ein moderne Don Quijote. Kampsakene er ikkje dei same, men som hos Cervantes har også denne «helten» utprega sans for kvinner.
Må tilstå at deler av boka ikkje fenga meg like mykje, spesielt midtpartiet, og når det så i tillegg kunne kome ein og annan språkleg klisjé, så enda eg på terningkast 4, sidan ideen var god!