Her var det mange gode framlegg som eg gjerne kan vere med på. Derfor kjem eg ikkje med noko nytt denne gongen.
Ynskjer både deg, Gretemor og alle andre ei god helg, den siste i advent. :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Lesinga går litt "så der" for tida...Men, som kveldslektyre har eg ei spesiell bok om ei kvinne og ein hauk, nemlig H for hauk av Helen McDonald.
Så har eg bladd og lese litt i Juleroser 2016 som Herborg Kråkevik er ansvarleg for. Har iallfall likt det vesle eg har lese til no!

Ha ei fin veke og ei triveleg adventstid!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Så vakker du er
Så kvit og tyst du er
Du funklar i svevnen
Berre sov, du, sov
Eg ligg her, eg
Og ser
Og ventar

Frå "Jolekveldar i livet til Kåre K" av Kim Leine

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg er enig med deg i at boka ikkje når heilt opp. Eg likte aller best å lese om overfarten til Eilert, ei reise som var meir enn utfordrande. Det var også interessant å lese om dei ulike familiemedlemmane og korleis dei takla det å skulle etablere seg i eit nytt samfunn.
Men, likevel opplevde eg boka som middels, sånn samla sett.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hmmmm...dumt at du misser lysta til å lese av desse omtalane. Men, ser at mange andre omtalar er svært positive, så om du les dei kjem kanskje lysta tilbake? :-)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har vore så heldig at eg har fått heim ei fin utgåve av Tante Pose. Har lese nokre få sider, og synest det er fornøyelig! Å få ei Tante Pose på besøk i jula var såvisst ingen spøk, nei, og det finst kanskje fleire av hennar kaliber også i dag??

Har også starta på ei bok som har blitt skubba bakover i lange tider, nemlig Utstøytt av Heidi Hjorteland. Det er ei bok om mobbing, og derfor ikkje vidare lystelig innhald. Men, det er aktuelt no som før. Kan kanskje ikkje seiast å vere mellom det fremste innanfor litteratur, men det eg har lese til no har iallfall vore OK.

Kan elles slutte meg til dei som framhevar "Sjakknovelle". Ei god bok, faktisk ein av mine favorittar.
God helg, med eller utan ei god bok!

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Bokhandlerprisen 2016

I dag fekk Vigdis Hjorth Bokhandlerprisen for denne romanen.
Av ein eller annan grunn har eg likevel ikkje lyst til å lese den, men - det er mulig at eg bommar totalt?? Tida får vise....

PS Kanskje det er fordi eg har dårlige erfaringar med eit par av hennar tidlegare bøker??

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har nettopp avslutta ei bok som har stått i hylla lenge, Fire dager, åtte år. Jau, der var no ein god dose spenning, og eg likte godt at det var basert på ei verkeleg hending som sjokkerte mange. Men, slutten gjorde at eg kanskje er litt mellomfornøgd.
No har eg leita fram Hvitt hav som eg skal lese i ein lesesirkel eg er med i. Skal bli spennande å sjå om eg likar den like godt som forgjengaren, De usynlige.

Ha ei god helg! :-)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg er enig i omtalen din, sjølv om mi bok er ei papirutgåve. Eg hadde lagt boka på vent lenge, var ikkje så motivert til å lese om slutten av eit liv, det er så trist, liksom, sjølv om vi veit at sånn er det...
Men, boka gjorde inntrykk. Det med ombytting av roller når sjukdom og alder gjer kvardagen vanskeleg, og den omsorga sonen hadde for faren var god å lese om. Men, kampen mot byråkratiet i helsevesenet er ikkje kjekt, og det verste er at den har mange av oss møtt, og mange vil møte det i ein eller annan samanheng.
Det er ei varm bok med mykje kjærleik og fortviling, og den er aktuell for mange!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg må tilstå at eg har vore på biblioteket og lånt boka, men den ligg uopna i bokhylla. Av ein eller annan merkelig grunn freistar den lite.
Det er mulig at eg tek fullstendig feil, at den kanskje viser seg å vere ei bok som gir mykje.
Så eg får vente og sjå på vurderingane som kjem undervegs.......

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vakkert om kjærleik

Elly bur saman med ei ustrukturert mor, ein noko fråverande far og storebror Joe. Elly opplever noko ekkelt, noko ho nesten ikkje skjønar. Stor vert derfor gleda når ho på julekvelden får kaninen gud av Joe. Med gud kan ho snakke om alt, og han er så snill og trufast, kan endåtil svare henne.
Elly får ei venninne, Jenny Penny. Ho vert den einaste og beste venninna hennar. Så når far får mange pengar, og dei reiser til Cornwall for å starte eit pensjonat, er Elly alt anna enn glad. Ho gjer alt ho kan for å halde kontakten med Jenny...

I del to er Elly vaksen, og møter både menneske og hendingar som skal prege henne i ulik grad.
Twin Towers 9/11 i New York får store konsekvensar for både henne og dei andre i familien. Kjærleik og omtanke vert viktigare enn alt!

Eg veit ikkje kor boka har hamna i mine hyller, og forventningane var så som så, men dette var ei bok som gav meg mykje!
Ein oppvekstroman som eg ville skulle vare lenge, lenge - og ei katastrofe som sette spor.
Fortener mange lesarar!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Spennande....
Eg opplevde Renberg sin første nynorske roman som intens og spennande.
Jørgen og Vibeke lever eit tradisjonelt liv med syslar heime og på jobben når Steinar og familien flyttar inn i nabohuset. Det skjer noko nytt i den vesle Vestlandsbygda, og dei får nesten overraskande god kontakt med Steinar. Han vert svært så synleg!
Trass i alt det vanlege, kvardagslege, så kjem uhyggen krypande inn i forteljinga.
Måtte berre lese litt til, og litt til...må sjå kor det går....
For meg vart dessverre slutten eit lite antiklimaks, derfor landa terningen på 5.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dei siste par dagane har eg kosa meg stort med Da Gud var en kanin av Sarah Winman. Kjem til å lese del to no i helga. For meg har dette til no vore så triveleg at eg nesten ikkje vil det skal ta slutt. Ein flott oppvekstroman!
Saman med gemalen lyttar eg til Jeg skal vise dere frykten av Nikolaj Frobenius. Han skriv godt, utan tvil, det er berre det at vi har lytta litt i rykk og napp, så eg har ikkje greidd å få heilskap i historia.
Kva som blir neste prosjekt, det lurer eg på. Fekk heim fem nye bøker i går, så om det blir ei av dei, eller....
Ha ei god helg, kos deg med boka di! :-)

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det er ingen murstein når det gjeld sidetal, men for meg var det ein murstein reint innhaldsmessig! Trur eg sjeldan har vore meir mentalt berørt både under og etter lesing av ei bok!
Men, boka er god- ynskjer deg og dei andre lukke til med felleslesinga!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Denne hadde eg "spart på", sidan eg likar godt Murakami sin originale måte å skrive på. Trur ikkje eg kan sei at eg er skuffa, men det er noko annleis enn dei andre bøkene eg har lese av han.
Noko som fekk stor plass i romanen er det viktige i venskap, og kor stort tapet blir når ein misser det. Kanskje dette er ei bok som kan lesast igjen?
Vart terningkast 4 her.....

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Haha, Jostein, der lo lomma mi - sjølv om eg dessverre ikkje har ei einaste lomme i dag! :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har telt på knappane om eg skal vere med denne gongen...ikkje alltid at situasjonen er optimal. Men, prøver...
Eg trur også eg vil foreslå ein kinesisk roman, Lenins kyss av Lianke Yan. Eg trur det kan vere ei bok som kan gi godt grunnlag for diskusjon.
Boka er forboden i Kina, den har både spark til dei styrande og er satirisk, kan kalle på både latter og tårer, les eg.
Om du vil, kan du lese meir om den her.
Ser elles at det har kome fleire gode forslag :-)

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg håper at leselysta skal ta seg opp, den har nærast vore fråverande ei tid. Likar ikkje!
Har kjempa meg gjennom ei krimbok, Brødrene fra Iron Hart, og greidde ikkje å verte engasjert! Hadde gode forventningar sidan mange andre likte den....

No har eg leita fram ei bok som er heilt annleis, og som eg ser har fått gode terningkast. Håper at den kan gi ei god oppleving på lesefronten. Ensomheten i Lydia Ernemans liv
Ja, tittelen er no ikkje så oppløftande då, ser eg.....

Ha ei god helg!

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Ferielektyre kan vere så mangt, men er enig at det ikkje bør vere av det mest krevande slaget! Eg kan trygt stå inne for Manilahallen av Ruth Lillegraven som Bjørg anbefalte. Elles så kanskje Sovjetistan av Erika Fatland vere noko? Eg likte den iallfall godt. Ned til elva av Leif Enger er også lesverdig.
Håper du finn noko som fenger, og god tur!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Då har eg avslutta historia om den usympatiske Desiderius. Han var ikkje akkurat hyggelig å bli kjend med, sjølv om Haff har skrive ei god historie.
Stakkars Beatrize de Mendoza som vart skulda for å ha født eit barn som djevelen sjølv skulle vere far til......Det er ufatteleg for oss i vår tid å sjå kva som styrte samfunnet og kyrkja i mellomalderen.
Hoff skriv godt, og får fram det uhyggelige og som Gretemor seier: "Forholdet mellom skuld og skam. Såg ein stad at boka nesten kan karakteriserast som ei form for krim.

Må elles sei at også reint språkleg var dette spennande, med alle dei spesielle uttrykka frå kyrkje og klostermiljø (som ikkje er daglegtale, akkurat), og elles i ein noko konservativ stil.

Takkar for samlesinga av ei interessant bok frå ein epoke som vi vanlegvis ikkje høyrer så mykje om! :-D

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Sist sett

Per LundAndreas BokleserJarmo LarsenStig TEllen E. MartolMariannePiippokattaKarina HillestadTatiana WesserlingLailaÅsmund ÅdnøyHeleneBenedikteCecilie69Daffy EnglundLeseberta_23IngeborgTine SundalSol SkipnesTore HalsaBjørg Marit TinholtAnniken BjørnesKirsten LundNorahSynnøve H HoelMorten GranheimEvaStein R. OlsenJulie StensethBjørg L.Harald AndersenTove Obrestad WøienBente NogvaIngvild STone SundlandEli HagelundKristinAmanda AKaren RamsvikMonica Carlsen