Innleia helga på best mogleg vis i går med Stand-up med Dag Sørås - knallbra! Avslutta kvelden heime i senga med regn og vind piskande mot ruta mens eg las - ognoo i morges las eg ut Little Fires Everywhere av Celeste Ng - verkeleg ei sluke-bok av den typen ein berre må lese litt til i heile tida. Likte den e godt! Forfattaren gjer ein god jobb med å fortelle frå mange karakterers perspektiv og vekslar på ein naturleg måte mellom dei ulike karakterane. Truverdig og ekte - både karakterar og plott.
No, laurdag, har eg banka sambuar i Scrabble og fått oss ei økt med klatring. No venter ein lat ettermiddag kor eg skal lese fjerde bok i Jarle Klepp - serien: Pixley Mopogo. Deretter vil eg prøve meg på Knut Hamsun si Sult som havna i postkassa mi i går
Lydbokmessig er eg på jakt etter noko krim - aktig og prøver meg på S J Bolton si serie om Lacey som starter med "now you see me"
Håper regnet varer... Ekstra digg å sitte inne med boka då... Hehe!
Og i kveld skal eg forresten sjå filmatiseringa av En man ved navn Ove, som eg las for nokre veker sia. :-)
Jeg leste dem i tilfeldig rekkefølge første gang, for mange år siden - fordi jeg rett og slett fant dem litt her og der i mine foreldres hus. Så da jeg nå leste dem i riktig rekkefølge var det en helt annen opplevelse enn da. Men - leste dem ikke rett etter hverandre - da blir jeg fort litt lei, så jeg snek inn små/korte lettleste bøker innimellom. Likevel en fantastisk krim-serie jeg ikke har funnet makan til.
Håkan Nesser sin serie om Gunnar Barbarotti, samt Torkil Damhaugs tre siste utgivelser, er vel blandt de få kriminalbøkene jeg virkelig har likt siden. (Og - selvsagt; Milleniumstrilogien..:!)
Artig å lese sinne betraktningar, har nemlig nyleg lese meg gjennom heile Harry Hole - serien sjølv. For min del var denne, Frelseren, blandt dei bøkene eg likte aller best, og Panserhjerte den eg likte minst. Spennande og fascinerande at ein får så ulike favorittar :-)
Fire litt svake stjerner for denne. Elska dei to første bøkene i serien, såpass mykje likte eg dei at dei begge to har fått plass på favorittlista. Så forventningane var kanskje noko for høge til denne tredje boka. Ho er overhodet ikkje dårleg, langt der i frå, men samenlikna med dei føre bøkene er historia tynn. Tidvis blir det òg litt for mykje av litteratur - og filosofi-t refleksjonar. Skjønner at poenget er at Jarle er djupt oppteken av dette og nærmast forelska i heile prinsippet akademia, men likevel blir det litt for mange referansar og litt mykje bla-bla-bla.
Likevel er dette ei lettlest og underhaldande roman. Charlotte Isabel er eit sjarmtroll og eit barn ein ikkje kan unnlate å kjenne seg igjen i. Persongalleriet og karakterutvikling og dialogar redder denne boka. Og som alltid formidler Renberg historia med originalt og krydra språk (sjølv om det her, tidvis, blei litt for mykje av det gode).
Kort om handling - Jarle er no tjuefem, busatt i ei lita leigenheit i Bergen kor han er i ferd med å avslutte studiane sine. Han er stolt og kry over si eiga kunnskap, anser seg sjølv som litt betre og klokare enn alle desse normale, ulærde menneska rundt han. Han har ikkje mange venner, men dei han har er nære og gode, og han er også stolt av å være del av den "utvalte" gruppe studenter som utgjer ein slags elite-gruppe, slik dei sjølv ser det. Så her lever han med vener, studier og ei elskerinne. Og så kjem Charlotte Isabel inn i livet hans og snur opp ned på ganske så mykje, fundamentet Jarle har bygd seg i Bergen slår sprekker og han utvikler seg på fleire måter. Forutan å bli litt meir vaksen og mindre sjølvsentrert, startar han også å tvile litt på verdien og viktigheita av dette han vier all tida si på - litteraturen...
Dette er mi fjerde boka av Ahern, og eg er glad eg ga henne ei sjanse til. Eg elska PS I Love You, men så las eg to andre bøker av henne som ikkje falt i smak i det heile tatt. Men i desperat jakt på ei etterlengta feel good - bok, fann eg fram til denne etter ei rekke mislykka og avbrote andre "dameromanar". I denne boka fekk eg det eg ba om, verken meir eller mindre - kliss klass, kjærleik, nokre klisjéar, mykje humor - ofte litt klein... Mykje sjarme og endå meir varme. Eit litt forenkla univers og - forutan dei to hovudkarakterane - ganske grunne personligheiter. Men dette fungerer! Sjølve tematikken - sjølvmord - gjer at boka får ei meining og ikkje berre blir ei fjasete kjærleikshistorie. Det enkle og presise språket, dei vittige hendingane og dei livaktige dialogene gjer at boka får eit lett og lystig preg trass i det alvorlege temaet.
Dette er ei bok å lese når ein vil la seg underhalde, lese for å slappe av og berre koble av litt. Dette er ikkje boka for den som søker eit litterært meisterverk eller noko banebrytande nytt. Denne boka er nok ei såkalla chick-lit-bok, kjærleiksroman, dameroman, ei kosebok. Og til å falle inn under den etiketten, står denne høgt på lista over dei få bøkene som faktisk lukkast i å begeistre meg.
Las halvveg og la boka bort. Forsøkte fleire gonger å fortsette men nei... Eg klarer faktisk ikkje bry meg om korleis dette går. Eg klarar ikkje legge vekk kjensla av at denne boka har samla i hop ein rekke ulike element frå diverse kjente krimbøker og resultatet er ikkje akkurat noko originalt og nytt. Då karakterane også er som kopiert ut av andre bøker og språket heller ikkje begiestrer var det i grunn ikkje noko igjen som fenga meg. Eg meiner... Politifolk og etterforskarar med enten rus/alkohol/pille-avhengigheit og /eller samlivsproblem som etterforsker ein absurd og brutal drapssak samstundes som ymse problem utspeler seg på privaten... Ja og ei politidame med geniale ferdigheiter men med djupe personlige problem.. Nei
. Gje meg noko nytt. Noko eg ikje har lese før. Gje meg karakterer eg kan bli kjend med frå innsida og ut og som eg likar pga den dei er òg ikkje skal berre skal like fordi alt det grusomme dei har opplevd skal trykke på sympatiknappen min... Og gje meg naturlege dialogar som fungerer... Og slutt å herme etter andre kriminalromanar...
No har eg lese denne to gonger og eg liker den endå betre no enn etter føre gong. Verkeleg ei lita perle av ei bok! Nydeleg språk som skapar ei stemning som er til å ta og føle på medan ein leser. Eg følte meg som ein slags flue på veggen her, pakka inn i ei stille og smådyster stemning tilsvarande slik egså føre meg st karakterane ofte hadde det. Liker veldig godt grepet med at fortellesstmma ikkje er direkte delaktig i heile fottellinga men let ho handle om denne venninna si.
Les denne om du vil ha ein , for ein gongs skuld, KORT murakami - fortelling utan for mykje overnaturlige element. Truverdige og liknades karakterar, herlege dialogar, ei perfekt dose filosofi og undring, eit originalt plott... Tematikk tenker eg er einsemd, sakn, kjærleik, sjølvrealisering og også kanskje sjølvrefleksjon.
Og trass i at dette er blandt Murakami sine mindre "absurde" bøker vil ein Murakami-fan likevel finne igjen enkelte typiske murakami-trekk som klassisk musikk, kattar, brønn og måne...!
Og så... Kort om handlinga:
Vi får høyre om ei ung dame som drøymer om å bli forfattar utan heilt å gå det til. Ei dag treffer ho ei sytten år eldre dame og blir forelska. Denne dama er dessverre gift. Likevel blir dei to godt kjende då dei byrjar å arbeide saman. På jobbreise saman i derimot... Då skjer det sakar og ting i det denne unge jenta brått forsvinner. Fortellerstemma tilhøyrer ein mann som er forelska i hovudpersonen, og han vert kontakta når jo forsvinner... Herleg, vakker bok! Gode dialogar, velutvikla karakterar, spennande og originalt plott... Verkeleg ei bok å kose seg med!
Godt mulig den "en annen" var meg. Dette med preferansar kring fottellerstemmer tenker er nok er svært individuelt. Har funnet meg ein del favorittar med tida og det er heilt utruleg kor god ein middelmålig bok kan bli dersom ein likar stemma som fortel. Og... Dessverre er det også motsatt, at ein kan oppleve ein bok som dårlegare enn kva ein kanskje ville gjort om ein las sjølv, dersom ein ikkje klarar å like stemma. Har vel òg funnet ut at det handler om meir enn berre stemme, innleving, stemmebruk ifbm ulike karakterar, volum, og ikkje minst tempo har mykje å seie. =) hugser framleis denne boka lenge etter at eg blei ferdig med ho så det i seg sjølv anser eg som eit teikn på kvalitet og ei historie som har gjort inntrykk. Nettop det med at dette faktisk foregjekk på den tida satte eg stor pris på å lære meir om for eg visste verkeleg ikkje nok om temaet
Jørgen Jæger har eg framleis ikkje lese noko av. Kanskje noko å notere meg bak øyret til neste gong eg vil utforske noko anna innenfor krimsjangeren.
Denne helga fortsetter eg å lese meg gjennom Renbergs Jarle Klepp-serie. Er no nesten ferdig med bok nr 2.: Kompani Orheim. Rekner med å bli ferdig med den ila laurdag. Så er det neste Jarle Klepp-bok som står for tur, med mindre eg tek ei lita pause - og i så fall er det sannsynleg at eg leser Sputnik Sweetheart av Haruki Murakami.
På lydbok har eg den siste veka gått på ein del "smeller" - altså starta på ein god del bøker som eg ender opp med å bryte av fordi dei ikkje heilt har klart å engasjere meg. Mellom anna A Stranger In The House - som var heilt forferdeleg...verkeleg(!!!) både språkleg og plottmessig. Også Ruth Ware si bok The Death of Lrs Westaway kom eg halvvegs i før eg gav ho opp. For gjentakande, for mykje detaljar som ikkje tilføyerr boka noko av kvalitet, overforklaringer og verkeleg tskjei-foring av all info. Til slut no enda eg opp med Uglen av Samuel Bjørk og er helvvegs inn i den no. Har ikkje heilt bestemt meg for kva eg meiner, syntes dåho h
Jeg deler mange av dine tanker her. Har starta på denne boka tre ganger og aldri kom i mål forsøkt både lydbok og vanlig bok. Men nei... Ikke for meg, tydeligvis. Interessant det du seier om buskap, for mange kritiserer Mino - bøkene nettopp p pga buskap og menneskesyn
Takk, då gjer eg det. Trur faktisk den ligger på Storytel som lydbok. Skal gjer den ein sjanse tenker eg =)
I dag blei eg ferdig med Dostojevskij si Forbrytelse og straff som eg har brukt denne veka på å kome meg gjennom. Fantastisk bok!!skjøner godt at den har fått klassikar - status. No ville eg ha noko heilt anna og har derfor starta på Jarle Klepp - serien til Tore Renberg. Skal på forfattarmøte med han i starten av november og tenkte det dermed var ekstra passande å lese desse bøkene no. Hara frå før lese Teksasserien og Du er så lys og har elska alle bøkene hans så langt. Så no gler eg meg til å fordjupe meg ytterlegare i hans litteratur. Litt ekstra gøy når ein sjølv er oppvaksen i Stavanger og kjenner igjen passende handlinga utespelar qseg på
Lydbokmessig har eg nettop starta på "the death og mrs Westaway" av Ruth Ware. Dette er ein typisk psykologisk thriller, vil eg tru - basert på dei to andre bøkene eg kjenner til av same forfattar. Har ikkje likt bøkene sånn veldig godt men opplesaren er svært dyktig og eg er i humør for denne slags bok akkurat no. Lettlest (letthøyrt?), underhaldande, overdra attisk... litt "guilty pleasure", rett og slett. Slikt gjer godt i blandt. Som om eg liksom må nullstille det intellektuelle etter å ha lese Dostojevskij... Hehe
eg vil enten lese boka eller sjå tv-serien som går i desse dagar. Har endå ikkje bestem meg for kva format. Har du fulgt med på serien slik at du kan anbefale den eine over den andre? :)
Har overraskende lest tjue av disse og har omtrent fem eller seks uleste stående på hylla å vente. Mange gode bøker her så nå økter omfanget av "må- lese" - lista betydelig
Å ås artig! Eg starta på Forbrytelser og straff i går. Ferdig med del I no og likar boka mykje betre enn eg forventa. Einaste som gjer at det tidvis går litt trått er desse Russiske namna som ikkje er så enkle å halde styr på. Gid så fint det ville vore om dei kunne halde seg til eit og same namn gjennom heila boka... :-p "
Begynnelser kan du glede deg til med god grunn - det var mitt første møte med Herr Tiller og eg gjekk umiddelbart til innkjøp av fleire av hans bøker etter å ha lese Begynnelser. Har Innsirklingstrilogien stående på vent her...gleder meg til den! Enn så lenge er debutboka hans, Skråninga, mi favoritt. Anbefaler altså den om du ikkje alt har lese ho
Siden så mange allerede har omtalt denne boka, ser jeg ikke noe poeng i å gjenta det som alt er sagt. Men vil dog understreke og evt påpeke et par ting som fikk meg til å like denne boka. Først og fremst finnes det utallige "slike" bøker - en smågretten hovedperson med mer dybde og følelser enn hva man først tror, et alvorlig tema skrevet med humor og ironi (død, sorg, selvmord...). Mange slike bøker finnes. Det som får denne til å fungere er at forfatteren ikke går for langt, det finnes overdrivelser, jovisst, men de går ikke så langt at det blir tåpelig. I tillegg finnes mange originale trekk her slik at det ikke blir "noe en allerede har lest" ørten ganger før. Det er også mye å kjenne seg igjen i her - enten hos Ove eller i de andre karakterene.
Det er få ting som trekker ned - svært lite, faktisk. Det største "problemet" mitt med boka er at Ove - på femtini år - fremstår som langt, langt eldre og utdatert enn hva nåtidens menn på denne alderen vanligvis er. De fleste femtiniåringer i dag vet å bruke en datamaskin, de vet mer om Internett og henger vanligvis bedre med i samfunnets nåtid. Én bitteliten flise-detalj, som "irriterte" meg litt var skildringen av den sjuårige nabojenta. Hun fremstår som mer fjortis (kanskje 10-11-12 år?) enn som sju... Hun er sarkastisk, hun ruller med øynene og virker svært selvstendig til sju år å være.
Kort oppsumert: Dette er en sann "feel-good"-bok med en herlig miks av humor og alvor - nok alvor til at boka ikke blir fjasete og meningsløs, nok humor til at den ikke blir sort og tung og traust. Enkel og lettlest. Fint og greit språk. Herlige, troverdige karakterer. Skal du lese én humoristisk feel-good-bok så er dette blandt de få jeg virkelig kan stå bak å anbefale
Nettopp ferdig med Murakami... Og så tenkte eg faktisk på Forbrytelse og straff... Den svære kolossen av ei bok som gjer meg nervøs mtp å skulle lese. No som du nemner Little FIRES EVERYWHERE blei valet plutseleg vanskeleg.. Hehe
Planen min er å lese ut Hard-boiled wonderland and the end of The World av Haruki Murakami. Rekner med å bli ferdig i løpet av laurdagen og så er eg svært usikker på kva bok som blir d e neste for det står så mykje bra på hylla og venter.
Vurderer mellom anna
-Den sanne historien om Bobby Brown
-en moderne familie
-lykka er ein sjeldan fugl
-The Housekeeper and the Professor, Yoko Ohawa
-Little Fires Everywhere, Celeste Ng
-Innsirkling, Carl Frode Tiller
Mrs Dalloway
A monster calls, Patrick Ness
Karthago, Joyce Carol oats
4321
The Color Purple, Alice walker
tidenes luksusproblem.... Men trur kanskje eg skal gå laus på Innsirkling, har elska alt anna eg har lese av Tiller så kvifor ikkje..
Lydbokmessig er eg i gang med The Temp av Michelle Frances.. Elska The Girlfriend av same forfattar så hadde høge forventingar. Foreløpig heilt ok.. Boka gjer seg særs godt i lydbokformat så det trekker veldig opp =) ei bok det er enkelt å henge med i og som er underhaldande.. Og akkurat no er det nok
Jeg er så enig! Dette er, i min mening, den dårligste boka om Harry Hole. Heldigvis er den neste og siste, Tørst, mye bedre og de løse trådene fra Politi tas opp igjen. En ting som irriterte meg med Politi var dessuten skrivemåten mot slutten av boka, de siste hundre siden kanskje. Veldig gjentakende skrivestil. "Han satte seg på stolen. Stolen som .... stolen som blablabla" altså at ordet som avslutter en setning blir det første ordet i neste setning. Noe Nesbø ofte bruker uten at det har plaget meg, men i denne boka, og særlig mot slutten, forekommer denne formuleringen hele tiden !!