Onsdag 10. april kl 19.30 i Gimle, Kong Oscars gate 18. Inngang 50 kr, og alle er hjarteleg velkomne - tenk slik stas det hadde vore om det passa med din Bergenstur!
Ja, her er det ungdomslaget, og me skal få teaterlaget vårt til å spela eit utdrag av si eigi førestilling Hulda= som dei sette opp i fjor, i Hulda-året. Mange takk!
Eg arrangerer ein kveld om Hulda i april i Bergen, der Arnhild Skre skal fortelja om henne. Glad for å lesa at nokon finn det spanande å høyra på - då gler eg meg enno meir til å læra meir om Hulda frå Arnhild, gjennom både biografien og talte ord.
Elles er eg stamgjest på Nynorske litteraturdagar i Aurland kvar haust (vel, so stamgjest ein kan vera når ein bur tre timar unna og har mykje anna på agendaen), og det er alltid kjekt å høyra forfattarar snakka om både sine eigne og andre sine verk. I fjor fekk eg mellom anna eit spark bak for å komma i gang med Ragnar Hovland (att), etter ein hyggeleg - og litt rar - samtale mellom han og Finn Tokvam. Kanskje var det nett det rare, at samtalen hang seg opp litt sjølv mellom to som kjenner kvarandre so godt, som gjorde at eg vart ekstra nysgjerrig og klar til å gyva laus.
“Then Gawan lopped off their heads. One is supposed to have landed in
Clews, right where the Giant’s Head stands today. There’s a rock in
the garden that Mrs. Davies claims is the giant’s head itself.”Theodora Goss, The Thorn and the Blossom. A Two-Sided Love Story
Evelyn, amerikansk utvekslingsstudent, og Brendan, innfødd og utflytt, møtest i ein bokhandel i Clews, Cornwall. Ho har ei siste veke i England, han er heima for sommaren. Dei finn saman gjennom fasscinasjonen for litteratur og historie, og veka verkar som å vera starten på ein klassisk kjærleikshistorie. Men Evelyn blir ikkje verande ut tidi, og det ser ut til at dette er enden på romansen. Heilt fram til dei treffest att ti år seinare, på eit universitet i Amerika der dei begge underviser i litteratur. Men mykje vatn har rent i havet sidan den veka i Cornwall.
Eg valte denne boki av tre grunnar: den er ein kjærleiksroman (-novelette?), den handlar om litteratur, og layouten er ny og ukjent. Boki er nemleg laga som eit trekkspel, altså utan rygg, og kan lesast frå begge sider. På den eine sida er Brendan si historie, på den andre Evelyn si. Eit spanande konsept – men for meg var diverre ikkje konseptet nok til å overskugga andre manglar.
Goss er novelist, og det synes eg kanskje boki ber preg av. Den er kort, berre på vel åtti sider (altså 40 sider per person), men prøver å dekka over eit langt tidsspenn og mange store hendingar i liva til hovudpersonane. Dette gjer at den får eit summarisk preg. I tillegg ligg det potensiale til so mykje meir her, uoppfylt potensiale. A Two-Sided Love Story, undertittelen, viser sjølvsagt til både layouten og til dei to hovudpersonane og det skiftande perspektivet. Men det viser og til parallellen mellom dei to moderne elskande som møter på hindringar og forbannelsen som ramma dronninga Elowan og riddaren Gawan i historia Brendan fortel den fyrste dagen. Denne parallellen kunne eg tenkt meg å sett meir til, for det verkar som det er i dette landskapet Goss er på tryggast grunn – men det er òg det ho berre sovidt rører i overflata på. I tillegg verkar kjærleikshistorien tannlaus – søt, men ikkje noko meir. Det kunne Goss gjort noko med, hadde ho teke seg tid. Då kunne det òg blitt meir interessant å gjera nett det layouten legg opp til – nemleg å lesa ei side av kjærleikshistoria fyrst, og so snu boki rundt.
Men boki, den er fin altså. Fin. Ikkje noko meir.
Theodora Goss er ungarsk-amerikanar, og underviser i litteratur ved Boston universitet. Ho har publisert fleire fantasy-noveller, men The Thorn and the Blossom (2011) er hennar fyrste lenger verk.
(fyrst publisert her)
Eg har endeleg ei helg eg skal bruka berre til lyst-ting, og ingen bør- eller må-ting. Det gjeld lesingi òg - eg skal lesa vidare i Himmelens fange av Carlos Ruiz Zafon. Eg vurderer òg å byrja på ei bok med ein ganske morosam layout, The Thorn and the Blossom av Theodora Goss. Dessutan trur eg det vert litt ikkje-skjønnlitteratur, den siste veka har ein stabel av vil-lesa-bøker hopa seg opp: Tarjei Vesaas sine Dikt i samling, Tid å hausta inn av Bodil Cappelen (om Olav H. Hauge), og Hulda Garborg. Nasjonal strateg av Arnhild Skre er alle klare til å bli påbegynte. I tillegg har eg fyr i peisen og skinn på golvet, so det teiknar til å verta ein strålande mini-vinterferie denne helgi
Jeg kan ennå huske den morgenen da far for første gang tok meg med til
De glemte bøkers kirkegård. Det var en av de første i den lange rekken
av sommerdager i 1945, og vi vandret gjennom gatene i Barcelona som
var fanget under en askegrå himmel og en dampende sol som strømmet
over Rambla de Sankta Monica i en girlander av flytende kobber.Carlos Ruiz Zafón, Vindens skygge
Når Daniel er ti år, tek faren, bokhandlaren, han med til De glemte bøkers kirkegård. Han må lova å aldri fortelja om staden, og får lov til å ta med seg ei bok. Den han vel, grip tiåringen med hud og hår, og Daniel vil berre vita meir – meir om Vindens skygge, og meir om forfattaren Julian Carax. Men i eit Barcelona som enno kjem seg – eller ikkje kjem seg – etter borgarkrig og verdskrig, er det fleire som leitar etter Carax, og fleire hemmelegheiter enn det som godt er som skal nøstast opp.
Vindens skygge er ein kriminalroman med eit mysterie som skal løysast. Det er ein thriller og ein spøkelseshistorie, med mektige menn og ugriplege skuggar. Det er ein historisk roman, både frå vårt perspektiv og frå romanen si samtid, og det er ein kjærleiksroman. Det handlar om kjærleiken til den ein aldri kan få, til den ein skal få, til familie, til litteraturen og til byen. For på mange måtar er Barcelona òg ein aktør i boki, kanskje enno meir no andre gong eg les den og prøvde å navigera i gatene saman med Daniel og hans vener, enn fyrste gong, når eg sat gripen av historia og spenninga.
Den største svakheiten ved romanen er kanskje at det ikkje er heilt klårt for lesaren kva som står på spel. Eg har iallefall problem med å gripa Daniel sin store fasinasjon for Carax til å byrja med – men etterkvart som mysteriet vert meir og meir personleg for Daniel og andre impliserte, vert det det for lesaren òg, som – iallefall viss lesare er meg – sit me hjarta i halsen og skvett til etter kvart som sanninga kjem for dagen. Dei litt pompøse skildringane av stemning og by gjer òg til tider sitt for at ein kan falla av – medan dei andre gonger grip tak og dreg ein inn i eit vått og kaldt og snødekt Barcelona, noko heilt anna enn det ein ser i turistbrosjyrar. At dette er vår nære fortid, er òg med på å gjera miljøet i romanen enno meir medrivande.
Carlos Ruiz Zafón (f. 1964) bur i Barcelona, og ga ut fleire romanar for både unge og vaksne før Vinden skygge (La Sombra Del Viento) i 2001. Etter denne gav han ut Engelens spill, som er ein forløpar til handlingane i Vindens skygge. Nyaste bok i serien, Himmelens fange, kom ut i 2011.
(fyrst publisert her)
Eg for heim til opphavet og byrja helgi med å endeleg fullføra Vindens skygge av Carlos Ruiz Zafon. Den har eg drive med sidan eg var heime til jul, trass i at eg har funne den både spennande og lettlest. Og no angrar eg litt på at neste og siste bok, Himmelens fange, ikkje vart med heim...
Men eg har med meg The Perks of Being a Wallflower, so eg trur eg skal få nok å kosa meg med. Og på bussen til og frå høyrer eg fyrste bok i Vampire Academy-serien, eg trengte ein ekstremt lett pause frå Greven av Monte Cristo.
I grabbed my book and opened it up. I wanted to smell it. Heck, I
wanted to kiss it. Yes, kiss it. That’s right, I am a book kisser.
Maybe that’s kind of perverted or maybe it’s just romantic and highly
intelligent.
Junior er 14 år gamal, stammar, lespar, har store føter og stort hovud og er liten elles. Han er ikkje god i sport, har berre èin god ven og teiknar teiknseriar på fritida. Men so vert han noko heilt spesielt – han vert den som forlet reservatet. Han reiser 22 miles kvar veg for å gå på ein kvit skule i ein kvit småby med kvite medelevar og eit basketballag der han kan hevda seg.
Life is a constant struggle between being an individual and being a
member of the community.
The Absolutely True Diary of a Part-Time Indian er ei ungdomsbok om livet til ein moderne indianar, med alle problem og goder det medfører å høyra til ein stamme og eit reservat. Her er det venskap og familie, alkohol, fattigdom, rasisme og dødsfall, ei leiting etter eigen identitet, etter stammen sin identitet – og problem med jenter, slåsskampar og mattebøker. Romanen er fortetta og fortalt heilt frå Junior sitt perspektiv, men stoppar likevel opp kvar gong Junior forklarar lesaren sin litt av opplevinga av å vera (delvis) indianar i Amerika i dag. Eg likar det godt, men eg veit ikkje korleis boki fungerer i ein indiansk eller delt kultur.
Alexie har tidlegare, til dømes gjennom novellesamlinga The Lone Ranger and Tonto Fistfight in Heaven, gitt meg eit innblikk i ein del av mi eigi samtid eg ikkje veit noko om. Det er nett det mange andre påpeikar som ein styrke ved True Diary òg – den gir eit ganske sobert og skarpt bilete av urbefolkinga i Amerika sine levekår i dag, utan å dela ut skuld (eller kanskje skulda like mykje på begge sider), og utan å forherliga den eine eller andre kulturen. Me lærer ofte om 1800-talet, men kva med 2000-talet? Her fyller Alexie eit gap i kunnskapane våre, på same tid som han gjer det med stor respekt, innleving og humor. Junior er indianar, javel, men han er òg fjorten år og amerikanar.
Sherman Alexie (f. 1966) debuterte som poet i 1992, og det fyrste prosaarbeidet hans var novellesamlinga The Lone Ranger and Tonto Fistfight in Heaven (1993). Fyrste roman var ei utviding av temaet og karakterane frå Lone Ranger, i Reservation Blues frå 1995. The Absolutely True Diary of a Part-Time Indian (2007) var den fyrste ungdomsboki til Alexie. Mykje av det han skriv bygger på hans eigen oppvekst på Spokane-reservatet i Washington, mellom anna True Diary, som vert rekna som delvis biografisk. Den fekk prisen National Book Award for Young People’s Literature i 2007, medan lydboki, som eg høyrte og som vert lesen av forfattaren sjølv, fekk pris for beste lydbok for unge av American Library Association i 2008.
(fyrst publisert her)
Eg går inn i ei ny helg - og ein ny månad - med friskt not og store planar, som vanleg. Dessverre blir dei litt skjemma av at eg er student med tidsfrister, so ein del av lesehelgi går nok til pensum og Anna faglitteratur i pedagogikk. Men skjønnlitteraturen er ikkje langt unna, eg skal bruka den som premie desse dagane!
På øyra har eg hatt Greven av Monte Cristo dei siste vekene, men omlag halvvegs har eg gått litt lei - ikkje av historia og skrivemåten, men av opplesaren. Han (John Lee) er flink, men eg treng avveksling. Det får eg ved å lytta til The absolutely true diary of a part-time Indian av Sherman Alexie (forfattaren sjøv les ),som er rørande og opprørande og rå - og gledeleg kort, til ei forandring.
Eg les elles Vindens skygge av Ruiz Zafon, den må ferdast! Spanande, men den har fått kvila litt for lenge. Målet for helgi er å ferda den. På andre sida av den ventar The perks of being a wallflower. I sengi har eg Fifty shades darker, som er lett å sovna til. Dei trengs dei og, av og til...
Spanande prosjekt, men ikkje berre vanskeleg reint teknisk (eller, kva veit vel eg om det?) men og når det gjeld kva liste ein skal ta utganspunkt i. Boki redigert av Peter Boxall, 1001 books you must read before you die, er den mange tenker på når ein snakkar om ei slik liste - men sjølv den er redigert fleire gonger, og inneheld dermed godt over 1001 titlar dersom ein slår saman dei ulike utgåvene. Og mange lister er laga både før og etter, so 1001 bøker kan bli svært mange i det lange løp...
Veker og helger kjem og går, og ingenting går verken inn i eller ut av mine bokhyller, kjennest det som. Eg har enno ikkje sett enden på krigen i Halldis Moren Vesaas si I Midtbøs bakkar (sjølv om det nærmar seg), og mysteriet i Vindens skygge av Zafon er like stort for meg enno. Det som har bevega seg litt er lyttetida. Eg har flytta meg nokre år framover i Greven av Monte Cristo denne helgi - noko som førte til emosjonelle utbrot på bussen tidleg ein søndag morgon. Eg hadde gløymt kor god den boki er! Diverre er semesteret godt i gang, og pensum og dårleg samvit skuggar for koselesingi...
"Her," sa eg, "her set eg oppvaskbalja." - "Hm," sa Tore, "det kan vere bra å vite det, men det kjem ikkje til å få nokon praktisk betydning."
Når Jim Heron kjem ut for ei ulukke på byggeplassen der han jobbar, er det verken perleporten eller den andre staden som ventar på han. Ein grøn plen med fire englar og eit oppdrag kjem i staden. Jim skal redda sju sjeler frå sju dødssynder, og dermed ein gong for alle fri menneska frå undergangen.
Covet (publ. 2009) er fyrste bok om Jim og dei andre falne englande i fylgjet hans. Fyrst på lista over utsette sjeler står Vin diPietro. Vin, som fell pladask for Marie-Terese, som på ingen måte er ukjent hverken med synder eller syndarar. Boki brukar lang tid på å komma til poenget, og det er ikkje før i siste fjerdedel eller deromkring at problema viser seg, og kan løysast. Fyrste del av boki er, slik eg les det, eit samansurium av personar og synspunkt som peikar i ulike retningar. Dei vert samla til slutt, men utan at løysingi forsvarar den forvirra, og forvirrande, introduksjonen. Ideen er grei, men gjennomføringa heller haltande. Det er vanskeleg å sjå føre seg at Ward skriv denne serien parallelt med Black Dagger Brotherhood, som iallefall presenterer eit gjennomtenkt univers – og greie sexscener – og personar med naturlege reaksjonar i høve sin bakgrunn.
(fyrst publisert her)
Eg har byrja året med å byrja på ting - alt for mange ting. Denne helgi skal eg bruka til å avslutta nokre av dei, eller iallefall koma nærmare ei avslutning. Det gjeld òg litteraturen, og eg skal ferda I Midtbøs bakkar av Halldis Moren Vesaas (men då får eg sikkert berre lyst å byrja på Båten om dagen etterpå...) og iallefall nærma meg slutten av Vindens skygge av Carlos Ruiz Zafon. Den er spanande, og sjølv om eg har lese den før hugsar eg lite til ingenting. Men etter den ventar jo siste bok i samlingi, Himmelens fange, so eg kjem vel til å avslutta lesehelgi med like mange påbegynte bøker som då eg gjekk inn i ho, i staden for å gå vidare til dei neste på lista som òg er påbegynte og enno ikkje avslutta...
Einig med Linn Charlotte under, men du treng ikkje hugsa Isfolket inn og ut for å lesa Heksemesteren. Når det gjeld Lysets rike føl den ganske rett etter Heksemesteren (direkte etter, om eg ikkje hugsar feil), so der kan det vera greitt å ha orden på heksemestarfamilien. Karakterane frå Isfolket som dukkar opp at i Lysets rike får du fort nok taket på.
I 2013 er det det store Språkåret, der me feirer språkleg mangfald i Noreg. Det er lagt til 2013 fordi det i år er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan (i dag faktisk) at Det Norske Teateret spelte si fyrste førestilling. Men sjølv om dette er eit par milepælar for nynorsken, er det ikkje minst gode utgangspunkt for å feira alle språk, og at Noreg har so mange språk, og det er det me skal gjera i språkåret.
I samband med det er eg på leit etter sitat om språk. Det kan vera kva som helst, men i fyrste omgang enten om språk generelt eller om språk me brukar i Noreg. De som er so vellesne, sit de på nokre gode språkord i språkåret?
Eg veit ikkje om eg vil kalla det forsett, men kanskje heller retningslinjer? Og dei kan me som kjent sjå litt laust på... Eg skal, som i år og hausten før - med stort hell, om eg skal sei det sjølv - lesa minst ei ny bok for kvar bok eg les om att. Eg skal prøva å kjøpa færre bøker, særleg av impulskjøp-typen. Eg skal lesa (litt) meir på norsk. Eg skal lesa det som finst i bokhyllene mine, heime, hjå bestemor og bestefar. Og eg skal lesa meir sakprosa - essay, dagbøker, brev - og lyrikk, berre for kosen sin del.
Og so skal eg bryta alle desse retningslinjene i tur og orden...
Andre bok i trilogien om Vassbygdi/a er Kom ikkje inn i mitt hus. Bendik Uføre og Sylvia fortset kampen mellom i- og a-målet, men legg til sides striden for å laga samlekort med nynorske diktarar. Det skapar uro i det bokmålske landet vårt. Ein Duun-demonstrant brenn seg sjølv i protest, utanriksministaren må gå, og jammen slår ikkje bokmålsfolket attende med å gjera ein av sine eigne diktarar til martyr. I tillegg møter Uføre sin største motstand til no, ein bokmålsmann minst like utkropen som Uføre sjølv.
Eg synes Kom ikkje inn i mitt hus fungerer hakket betre enn Når ein først skal skyte nokon. Karakterane er meir sympatiske denne gong, sjølv om den beiske humoren og dei abuserde situasjonane er like bitande som sist. Persongalleriet vert òg noko mindre, og ein vert betre kjent med Uføre, Sylvia og dei andre i Vassbygdi/a. I tillegg er boki på mange måtar ein hyllest til nynorske lyrikarar - det er ikkje utan grunn at Tor Jonsson prydar framsida. Her finn ein sitat, tankesprang og refleksjonar kring dikt og diktarar - og sjølv om for mykje diktlesing kan visa seg å vera skadeleg, er akkurat nok mengd både ynskjeleg og naudsynt.
Der var han nok framme ved den avgjerande skilnaden mellom diktarar og
monster: ordlegging mot øydelegging.
Arnfinn Kolerud, Kom ikkje inn i mitt hus
(fyrst publisert her)
-[...] Dikta får deg til å gjere tankesprang. Eit godt dikt er som dette brettet framfor bukken i gymsalen ... kva heiter det, no ... det som gjer at du kan sprette over?
-Springbrett?
-Ja. Alle som les gode dikt, får slike spenstflater inni seg.
-Eg har ingen kjærast.
-Nei. Men om du les dikt, aukar sjansen for å få det.