Robert myste mot den tjæresvarte trekirken. Med alle sine tak og vinkler var Borgund stavkirke overveldende. Etasje på etasje. Tak på tak. Tårn og spir. Mørk, mektig og mystisk ruvet kirken mot den blendende sommersolen. Dragehoder snerret mot himmelen. Kristne kors og norrøne fabeldyr side om side. Ornamenter og utskjæringer. Men ingen vinduer, ingen glassmalerier. Bare dette mørke, svarte, innelukkede.
Tom Egeland, Katakombens hemmelighet
Når mora, som er arkeolog, finn eit skrin med eit framand smykke i ei vikinggrav ved Borgund stavkyrkje, er det starten på ei krokete og skummel reise for 14 år gamle Robert. Frå Borgund går turen vidare til Roma, der Robert snik seg ned i dei ukjente katakombene under byen. Her møter han både ein munk og ei ung jente, men ingen trur på møtet hans. Då må Robert finna informasjon på eigi hand. Det er berre det at det er nokon som er ute etter det same som han…
Katakombens hemmelighet går rett inn i sjangeren arkeologi/kodeknekkar-blir-detektiv-ispedd-vitskap,-mystikk-og-religion som Egeland deler med til dømes Dan Brown. Han har til og med henta symbol, bygg og plotelement frå si eigi bok Paktens voktere. Tvisten her er at denne boka er for ungdom, og som so funkar den. Særleg likar eg faktaboksane Egeland har sett inn, og variasjonen i typografi gjer at det vert lett å fylgja dei ulike parallellhistoriane. Men eg synes historien vert i lettaste laget, og samtidig som Egeland introduserer ein heil del store spørsmål vert få av dei særleg diskutert. Den dramatiske slutten verkar òg forhasta, og Robert er kanskje litt treig i oppfatninga? Eg reknar med at sjølv yngre lesarar enn meg skjønnar ein del av plottvistane før hovudpersonen gjer det.
Når det er sagt: som introduksjon til spenning/thriller-sjangeren funkar dette. Og som ein måte å få ungdom interessert i arkeologi, historie og symbol er det òg spanande. Dei treng nok òg å få vita at alle arkeologar ikkje har det so spanande som Robert, eller Egeland sin andre helt, Bjørn Beltø, for den del, men det kan dei få oppdaga seinare. No skal alt Egeland skriv takast med ei klype salt eller tredve når det gjeld å få fakta rett, men so sant ein held tunga beint i munnen og skil den faktiske skildringi av t.d. stavkyrkja frå dei usannsynlege funna av ei vikinggrav rett ved murane, kan det passera. I tillegg var jo denne boki eit must for meg, med stavkyrkja på framsida og ei spanande scene plassert i besøkssenteret eg går i sommardag etter sommardag. Var det sjefen min som gjorde ei gjesteopptreden bak disken, skal tru?
Fyrst publisert her
“You’re doing a what?” she had aksed, when I mentioned the reason I was going to East Carmine.
“A chair census, my poppet,” I had explained. “Head Office are worried that the chair density might have dropped below the proscribed 1.8 per person.”
“How absolutely thrilling. Does an ottoman count as a chair or a very stiff cushion?”
Jasper Fforde, Shades of Grey
Eddie Russett, 20 år og innehavar av ein heil del merits og eit needs humility-badge reiser til East Carmine saman med faren, som er chromaticologist og skal ta over praksisen til Ochre for ein kort periode. Men i East Carmine er ikkje alt like ordna som i resten av the Collective. Det viser seg at Ochre enten tok sjølvmord som fylgja av wrong diagnosis, eller at han døydde chasing the frog. Eller kanskje var det noko heilt anna som skjedde han? Eddie og faren har ein Apocryphical Man på loftet, og the grey dei har som hushjelp har, i tillegg til ein svært vakker nase, både eit vanskeleg temperament og mange hemmelegheiter. Eddie sin Ishihara er nær føreståande, men nokon vil ha han ut av vegen. Eddie mistenker nemleg at nokon i East Carmine did the murder på ein gjennomreisande.
Gav dette lite til inga meining? Frykt ikkje, det finst eit jukseark, her.
Shades of Grey fortel historia om eit dystopia som verkar som eit ordna samfunn. Det har gått over 400 år sidan the something that happened, som forandra samfunnet frå det det ein gong var til det det er no. Alle dei som budde her før, the previous, er vekk, og attende står innbyggarar med fleire spørsmål enn svar. Svara har forsvunne i ein serie leapbacks, der teknologi og informasjon – og skeier – er utrydda. Samfunnet er streingt chromatic, altså bygd opp etter kva fargar ein ser. Øverst på rangstigen står dei lilla, med dei grå nederst av alle. Og inn i dette vandrar altså unge, naive og romantiske Eddie Russet, ein raud med gode framtidsutsikter på ekteskapsmarknaden, og i samfunnet elles. Og Jane Grey, arbeidaren med den flotte nasen.
Dette er ein serie som skil seg litt frå dei andre bøkene til Jasper Fforde. For det fyrste har litteraturen liten til ingen plass, og det er færre openberre parallellar til ting ein har lese før. Det har antakeleg større likskapar med Dragonslayer-serien hans, som vart publisert året etter denne, sjølv om den har større svakheitar enn Shades of Grey. Enten gir ein seg over og lever seg inn i verda til Fforde, eller så står ein på utsida og ristar på hovudet over ein fantasi som har gått berserk. Eg er av dei fyrste.
Jasper Fforde (f. 1961) er forfattar frå Wales. Han debuterte i 2001 med The Jane Affair, fyrste bok i serien om Thursday Next, som er hans mest kjente. Shades of Grey 1: The Road to High Saffron kom ut i 2010. Fforde har elles skrive ungdoms-fantasy-serien The Last Dragonslayer (to av tre bøker publiserte), fantasy-science fiction-nonsense-krim-serien Thursday Next (sju bøker til no) og like absurde Nursery Crimes (to bøker). Fansen ventar i spaning på alle bøkene hans, men særleg Shades of Grey er heftig etterlengta. Rykta seier at det kjem ein forløpar – kanskje, kanskje, til neste år, eller året etter…
Fyrst publisert her
Eit par av mine favorittar, som har vist noko av leselukka, er brevsamlingi 84 Charing Cross Road av Helen Hanff, og brevromanen The Guernsey Literary and Potato Peel Pie Society av Mary Ann Shaffer og Annie Barrows. Litterær Salong av Brit Bildøen som var nemnt her likte eg òg godt, det er ei essaysamling. Eg synes og De glemte bøkers kirkegård-bøkene til Carlos Ruiz Zafon kan passa på lista, iallefall Vindens skygge bar i seg noko av magien ved bøker då eg les den fyrste gong,
Vel, Bjørnson var vel den fyrste norske, 17 år før Hamsun. Men eg veit ikkje om Nobel-prisar kan reknast som grunngjeving åleine, for det er ikkje mange som les Bjørnson lenger, verken innanlands eller utanlands.
Eg gjekk på ein smell både på vennekveld på Ark og mai-sal hjå Norli denne veka, so bokhyllene er atter (vel, enno) fulle av bøker eg ikkje rekk å lesa - særleg sidan vekene er / bør vera fyllt av pensum. Og no tek eg rett og slett ferie og fer til Skottland for ei langhelg. Med i bagasjen skal eg ha med meg En upassende jobb for en kvinne av P.D. James og The Marriage Plot av Jeffrey Eugenides, i tillegg til mi Lonely Planet. Eg er redd for at det vert med fleire bøker heim enn bort....
9.3.88.32.025: The cucumber and the tomato are both fruit; the avocado is a nut. To assist with the dietary requirements of vegetarians, on the first Tuesday of the month a chicken is officially a vegetable.
"You're doing a what?" she had aksed, when I mentioned the reason I was going to East Carmine.
"A chair census, my poppet," I had explained. "Head Office are worried that the chair density might have dropped below the proscribed 1.8 per person."
"How absolutely thrilling. Does an ottoman count as a chair or a very stiff cushion?"
Ein sakførar frå den unge byen San Fransisco seglar heim over Stillehavet midt på 1800-talet. I Belgia på 1930-talet har ein ung komponist forelete familien sin. På 1970-talet kjempar ein journalist på den amerikanske vestkysten for at sanninga kring atomsatsinga i området skal komma fram. Ein gamal forleggar vert heldt mot sin vilje på ein gamleheim i England. I eit framtidig Korea går ei ung jente ut over sine fabrikerte gen-grenser. Ein ung mann kjempar for å overleva i ei post-akopalyptisk verd. Og ingen av dei seks historiane står for seg sjølv, men er vevd inn i kvarandre som instrument som spelar enkeltstemmer, men som saman vert ein heilt symfoni.
Kvar del av boka har sin eigen forteljar, og sin eigen sjanger. Me går frå dagbok via brev til detektivroman og memoarar, til intervju og ei avsluttande munnleg forteljing – og når siste person har fått sagt sist går ein attende i motsett rekkefølgje, slik at romanen vert symmetrisk. Eg høyrte denne som lydbok, og kvar del hadde òg sin forteljar. Dette gjorde polyfonien i romanen enno meir framtredande enn det nok vert i papir-form – opplesing er òg ei tolking, og kanskje særleg av eit slikt verk.
Sjølv om romanen, om ein kan kalla boka det, stiller sentrale spørsmål ved sivilisasjonen sin vekst og fall, om moral og menneskelegheit, er det særleg forteljestilen som sit att hjå meg. Ikkje berre lagar historiane eit symmetrisk mønster, men personar går att, personane les eller høyrer historiane til kvarandre – og nett dette gjer alt både meir truverdig og at ein stille større spørsmål ved same truverdet. Korleis kan ei dagbok lesen av ein brevskrivar som er nemnt i ein detektivroman osb. vera noko anna enn fiktiv? Eller noko anna enn verkeleg? Det høyrest komplisert ut, og det er det – men det er nett det som gjer arbeidet med å lesa denne gjevande. Historiane for seg er ikkje banebrytande, eller spesielt oppløftande, men gjennom Cloud Atlas viser Mitchell at det enno går an å leika med romansjangeren.
Kva heiter novella/noveletta om Bella & Zsadist? Nokon som har tips til kor eg kan finna den? Merkar at sjølv om eg irriterar meg grøn over kor Ward/Bird har tapt seg i dei siste bøkene, klarar eg ikkje gje slepp på desse mannfolka - og det sjølv om eg berre har lese dei i eitt år (jepp, ti bøker på eit par månadar sist sommar...)
Det er frå audible.co.uk, ja, med seks opplesarar. Fall særleg for 2., 5. og 6 - heilt ulike, men gode formidlarar av sine historiar. Det var nok det som gjorde denne boka so spanande.
Eg står på staden kvil, kjennest det som, og det har eg gjort sidan påske. Dvs at om eg får tid skal eg lesar En upassende jobb for en kvinne av P.D. James. Men elles har eg nett ferda ei flott innlesing av Cloud Atlas, og har dermed òg nett byrja på neste lydbok, som er Shades of Grey av Jasper Fforde. Han er ein av mine yndlingsforfattarar, og Shades of Grey den av hans bøker eg har kost meg mest med før - so no gler eg meg til å oppleva den i eit nytt medium. Og det vert nok meir lydbok enn papirbok for meg i helgi - planen er hyttetur, og då pasar det fint med ei lydbok i soveposen eller til frukostoppvasken.
Å, takk for opplysinga! Eg hadde ikkje fått med meg at denne var komen (ei historie eg har venta på i 3-4 bøker...), så i kveld vert det vampyrar istadenfor Vesaas på sengekanten :)
Ja, eg synes òg at den største styrken til denne trilogien (vel, dei to fyrste bøkene) er nettopp forteljarstemma, at historia vert fortalt til tilhøyrarar i hans univers. Dermed er det både framandt for oss "utanforståande" som les, men òg so verkelegheitsnært.
Då eg for eit par veker sidan spurte bror min om kva han ynskte seg til gebursdagen var svaret kontant: "At han fyren skriv ferdig siste Kingkiller-bok før eg er gjennom The Wise Man's Fear."
Eg har høyrt mykje på lydbøker dei siste åri. Det var ein vanesak, men då eg ein sommar plukka bringebær i nokre veker var det perfekt å byrja å lytta meir, og eg vart godt vant til det. Dei andre tok pause, medan eg sto i mi eigi bringebærverd og lo, bok etter bok. Etterkvart vart det ei heilårsgreie, no høyrer eg lydbok på bussen, når eg går til jobb eller når eg er åleine i bilen. Av og til til oppvask eller liknande, og sjølvsagt til all bærplukking.
Eg synes det passar best med fantasy på lydbok. Det er som om nokon fortel eventyr til ein, som når ein var liten. Men det er òg mykje anna som høver, so sant opplesaren er god. Eg har gitt opp eit par, når eg ikkje klarte å komma på bølgjelengd med opplesaren.
Å høyra ei lydbok og lesa ei papirbok er to ulike ting - i lydboki ligg det allereie ei tolking, nokon har lese den før meg. Men det er ofte spanande, enten når denne tolkinga er lik eins eigi, når den skil seg heilt eller når ein vert merksam på korleis den påverkar deg som lyttar. Dessutan er det jo grueleg praktisk, i alle tilfelle der du ikkje kan ha ei bok i handi.
Eg nyttar audible.co.uk, som eg har sett fleire her. Det er rimeleg (i motsetjing til andre her blir det ikkje meir enn vel ein halvtime lytting kvar dag, so ei bok held nokre veker), og svært praktisk dersom ein nyttar appen. Då slepp ein vegen innom ein pc før boki er lagra på dingsen og klar til å høyrast.
Roberta Teys vert funnen attmed det hovudlause liket av far sin, og innrømmer drapet med ein gong. Likevel er ikkje alt so likefram som det kan sjå ut til, og New Scotland Yard vert kopla inn i etterforskinga. Kriminalbetjent Thomas Lynley vert sett på saka, og saman med seg får han umoglege overkonstabel Barbara Havers. Dei fer til rolege Yorkshire, men ting er langt frå roleg under overflata - verken i Yorkshire eller i liva til Lynley og Havers.
Dette er klassisk britisk krim (reint sett vekk frå at forfattaren er amerikansk), med dei tvistane ein kan venta seg av moderne forfattarar. Romanen kom ut på 80-talet, men er ikkje nemneverdig datert meinar eg. Det vil sei, i dag vil nok mykje krim handla om terror, internasjonale transaksjonar, narkotika og menneskehandel framfor familietragediar og spøkelseshistoriar på bygda i Nord-England, men innan denne settinga, og denne sjangeren, gjer Elizabeth George det skarpt. Ho har i tillegg skapt eit par heltar som gjennom heile boki kjempar for å finna sin plass, og som det tek litt tid å bli kjent med - men kort tid å bli glad i.
Susan Elizabeth George (f. 1949) er frå Ohio, USA. Ho var lærar fram til ho debuterte med Mørkets gjerninger (A Great Deliverance) i 1988. Sidan då har ho gitt ut 17 nye bøker om Lynley, i tillegg til ei handfull andre.
(fyrst publisert her)
To år etter at eventyra i Vindens skygge har utspelt seg, er livet blitt roleg for Daniel Sempere og hans vesle familie. Dei bur over bokhandelen han driv saman med faren, og venen Fermín er selja, løpegut og førebur bryllaup med sin kjære Bernarda. Men ein dag kjem ein ukjent inn i butikken, kjøper ei sjeldan utgåve av Greven av Monte Cristo som han dedikerer til Fermín på fyrste side, og forsvinn att. Det er eit gjenferd frå Fermín si ukjente fortid som har dukka opp att, og som truar bobla dei to mennene og familiane deira har levd i desse åra midt på 1950-talet.
Himmelens fange tek på seg å skulle forklara nokre av mysteria som aldri vart oppklart i Vindens skygge og sidan i Zafón sin andre Barcelona-roman, Engelens spill. Det er eit innblikk i fortida til Fermín, og i framtida til forfattaren frå sistenemnte roman, David Martín. Møtepunktet mellom dei to er det skrekkinngytande fengselet på Montjuic, i den fyrste urolege tida etter den spanske borgarkrigen.
Eg likte Himmelens fange betre enn Engelens spill, som eg aldri fekk skikkeleg tak i temaet eller hovudproblemet i. Men nokon Vindens skygge er det ikkje, og det kjennest som Ruiz Zafón har prøvd seg på ei blanding av lett og vanskeleg, og endt med noko som er verken-eller. Dessutan vert ikkje romanen skikkeleg avslutta, noko han godt kunne ha teke seg plass og tid til, då boki berre er på vel 270 sider, omlag halvparten av lengdi til forgjengarane. Det skremmande er ikkje so skremmande, det vakre ikkje so vakkert og Barcelona ikkje so mystisk som det me veit at Ruiz Zafón kan få til - eller iallefall som han fekk til ein gong i tidi, i Vindens skygge.
Carlos Ruiz Zafón (f. 1964) er frå Barcelona i Spania. Han debuterte som ungdomsbokforfattar i 1993, og hans fyrste bok for vaksne var La sombre de viento (Vindens skygge) i 2001. I 2008 kom oppfylgjaren Engelens spill, og Himmelens fange kom på spansk i 2011, på norsk i 2012. Han planlegg ei fjerde, avsluttande, bok i serien - men det sa han om tredje bok òg...
(fyrst publisert her)
Eg er , som ein gjerne blir når feriar nærmar seg, utslegen av forkjøling, men har i dag klart å kara meg heim til opphavet. Medan forkjølinga står på har eg tenkt å lata skulearbeid ligga, so på nokre måtar håpar eg det vert langvarig. Men sidan eg er ekstremt dårleg til å vera dårleg, so får nok (heldigvis) lysta til å bli frisk overhand. Men so lenge eg ikkje kan høyra og må fram med lommeduken annakvar minutt, skal eg passa på å kosa meg. Med på lasset har eg Himmelens fange av Carlos Ruiz Zafon og The Marriage Plot av Jeffrey Eugenides. Begge har eg drive på med sidan jul, so det kan passa godt å verta ferdig i påsken. Eg har òg teke med meg krim heim, Elizabeth George si fyrste bok om inspektør Lynley var passande nok på sal på Norli, og eg lot meg frista.
Kjøkkenbenkrealisme må passa perfekt ei 8. mars-helg - den set tankane i gang om kva som er viktig hjå oss, nett no, og korleis me priorieterer for å få det slik me sjølv vil ha det, i kvardagsliv, familieliv og jobbliv. Eg les ho på ei flyreise, so gjekk fort i svingane for min del, men var interessant (i tillegg er tanta mi representert, so obligatorisk lesnad i min familie)
Eg har lese (mesteparten) av det du nemner, men det er litt utanfor det storparten av litteraturkunnskapen min dekkar. Men eg driv med Vampire Academy-serien no, kanskje den kan vera noko å prøva? Det er både ein skule, ei tøff jente og vampyrar.
Elles veit eg at syskenbarnet mitt som likte alle dei du nemnte har kost seg med His dark materials-serien av Philip Pullman. Det er jo gjerne ein litt annan sjanger, men kan vera verdt å sjekka ut.
Ann Brashares, som skreiv Sisterhood of the traveling pants i si tid, byrja på ein serie som òg kanskje kan passa. Eg trur fyrste bok heiter My name is Memory. Det er ei kjærleikshistorie med overnaturlege vriar, so vidt eg hugsar.
Einig med deg, Hilde. Åtgaum, derimot, det er eit anna ord for merksemd - atgaum kjenner eg ikkje. I tillegg må det vel vera sjalottlauk, utan -r-. Og glykkje? Det finst ikkje i mi ordliste. Der var nok den godaste Lønning enten litt for rask, eller brukte eit dialektord (eg er ikkje bevandra på Stord), som igjen er noko anna.