Eit par av Henrikane og Merry Wives. Eg har ikkje møtt Falstaff skikkeleg enno, men sidan ein annan favoritt er Richard II er Henry IV og V eit naturleg neste steg.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ja, eg såg dei to fyrste i dag, og Ben Wishaw som Richard var flott - eg lurer på korleis han takkar den mørkare delen av rollen i dei to neste episodene. Og so føl Henry IV og V. Las akkurat at dei to siste stykka, Henry VI og Richard III skal komma i løpet av dette året.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Det har kanskje gått inflasjon i forfattarjubilea, og det er berre 2 år sidan førre gong William S. fekk sin eigen fest (sjølv om det er antakeleg 48 år til neste gong). Personleg er eg glad for alle moglegheiter til å feira ting eg likar, og dei siste åra har Shakespeare-fascinasjonen vakse for kvar nye ting eg har sett eller lese. Derfor nyttar eg jubileet til det det er meint til: enno meir fokus! Og, av same grunn, lurer eg på kva bokelskarane vil anbefala av og om The Bard?

Mitt heitaste tips er enkelt: Kong Lear i Edvard Hoem si omsetjing. Det er så ein kan sjå den galne, gamle kongen for seg. (Eg har fleire favorittar, men aller helst håpar eg de har nokre å komma med)

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Å reise åleine kan ha mykje for seg. Det same kan det å reise saman med nokon, om det då ikkje blir ei heil gruppe, som er sterkt å frårå. Det maksimale bør nok vere tre stykke, og to er vel så bra. Det kjem litt an på kven den eine er.

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Ved sida av sex, pengar, fotball og popmusikk er nok reisene det viktigaste.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg veit ikkje om det er så sunt, akkurat, å lese over 400 tettpalla sider med lyrikk i ein jafs, det gjer rare ting med hjernen din, den blir invadert av draugar og stormar og forlis, av bleike barn, av djevlar og huldrer, hestar og lik og voldsomme slagsmål i fylla, og eg veit ikkje om eg nokon gong heilt kjem til å bli meg sjølv att, men eg har iallfall gjort det, og eg kan stå fram med løfta hovud og seie at eg no har lese alle dikta til Sande som er samla mellom to permar.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ein treng berre sei ordet for at ein sann vestlending skal få ei lita tåre i auget. Ferjer. For dette er eitt av dei magiske orda. Eitt av dei som er med på å gjere oss til vestlendingar. Vi har noko fint, tenkjer vi. Noko som dei andre ikkje har. Vi kallar det ferjer. Og mens dei smeller opp stadig nye bruer og trekker stadig fleire ferjer ut av trafikk, så blir dette stadig viktigare for oss. Dei må ikkje ta ferjene ifrå oss! Kva har vi då igjen? Sjølv om vi både tidt og ofte har forbanna ferjene og alt deira vese, når vi akkurat har mist siste ferja ein sein haustkveld, når vi kjem sist i køen og bilen framfor oss er den siste som kjem med når ferja er eit kvarter forseinka og polet akkurat er stengt når vi kjem fram.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Dylan Thomas er bortimot den optimale mytiske forfattar. Han skreiv tekstar som blir hugsa, han var stor i kjeften, han gjorde mykje av seg, og han drakk mykje. Betre kan det på ein måte ikkje bli.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Nettopp det vart trekt fram av kritikarane eg høyrde i går òg. Eg må innrømma at eg ikkje heilt hadde tenkt på det sjølv - for meg handlar fiske sjeldan om matauk uansett (men det er fordi eg aldri får noko).

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg er nok verre landkrabbe enn deg*, og brukte dei fyrste femti sidene på å skremma meg sjølv - og omkringsitjande vener - med skildringar om alt det skumle som lever i havet. Likevel brukte eg berre ei tog- og ei flyreise på denne, og har ein ny favoritt mellom sakprosaforfattarar (eg har lese Hellig jord tidlegare). Nokre svakheiter er det med boka (og etter å ha høyrt fire litteraturvitarar og -kritikarar i samtale om ho i kveld kjem eg aldri til å lesa ho igjen utan eit blikk for det Hemingwayske og freudianske), men det vart underordna lesinga, både på grunn av eit medrivande ytre narrativ, og ei god blanding av fakta og tankesprang. Ei glede, rett og slett.

*men har vore med på å få håkjerring på stong!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Eg har nettopp ferda Havboka av Morten Strøksnes, og vil tilrå den til alle som er viljuge til å høyra på meg for tida. Fleire hakk lenger sør enn Finnmark, men om de tek Hurtigruta nordover passerer de Vestfjorden og Lofoten, der handlinga i denne er. Flott litterær sakprosa med mange lag.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I remember I was standing in the Earls Court Road, in Earls Court, looking up at the Earl's Court Tube Station sign and wondering why the apostrophe was there in the station when it wasn't in the place

Godt sagt! (0) Varsle Svar

October was in the chair, so it was chilly that evening, and the leaves were red and orangeand tumbled from the trees that circled the grove.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

As I write now, it occurs to me that the peculiarity of most things we think of as fragile is how tough they truly are. There were tricks we did with eggs, as children, to show how they were, in reality, tiny load-bearing marble halls; while the beat of the wings of a butterfly in the right place, we are told, can create a hurricane across an ocean. Hearts may break, but hearts are the toughest of muscles, able to pump for a lifetime, seventy times a minute, and scarcely falter along the way. Even dreams, the most delicate and intangible of things, can prove remarkable difficult to kill.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Denne helgi tek eg med meg tre bøker og tek ein dag ekstra juleferie - heim til mamma og pappa der det er nok mat og ved og varme til at å ligga på sofaen og lesa (og spøta) er skikkeleg behageleg etter ei veke med semesterinnspurt. På øyrene har eg den tredje boka om historikarane på St. Mary's, A Second Chance, av Jodi Taylor. I veska har eg Fragile Things av Neil Gaiman, ei samling med noveller og dikt, og Pride and Prejudice and Zombies. Den siste var eit impulskjøp førre helg, og eg kosar meg jo greitt nok - men av adapsjoner og endringar av Jane Austen finst det mange betre alternativ. Heldigvis kan eg bruka den til å kryssa ut film-boksen i leseutfordringa.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg har vore utanlands denne helgi, og har til fulle brukt "bøker kjøpt på ferie tel ikkje"-regelen - med eitt vart det enno trongare i bokhylla enn før... (og nesten overvekt i kofferten - at bøker skal vera so tunge, då!)

Eg har til òg med lese litt på turen. Eg hadde berre med meg ei bok (fordi eg trassa alt har byrja å verta kjent med meg sjølv), Fragile Things av Neil GAiman. Det er ei samling korttekstar, for det meste noveller - og for det meste litt skumle. Eg hadde òg med meg ei lydbok, som har gjort nettene litt kortare enn planlagt. Eg er heilt hekta på The Chronicles of St. Mary's av Jodi Taylor, som handlar om ei gruppe historikarar som forskar på hendingar i kontemporær tid (ok, dei er tidsreisande). Eg gjekk òg på ein smell og kjøpte Pride & Prejudice & Zombies, som eg kom godt i gang med på flyet heim. Den blir film i år, så kanskje den kan gå på leseutfordringa.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg tenkte at i år skulle eg klara å finna den eine eg kunne svara når ei tante eller kusine på nyårsafta spurte, over kaffikoppar og krullakaker "Ja, kva var det beste du les i år?" Men so viser det seg, i år som tidlegare, at eg har problem med å bestemma meg - og det er vel berre bra det, då viser det seg kanskje at eg les mykje (som eg synes er) godt? Eg har komme ned til ei personleg liste på 10, her er eit utval:

The Slow Regard of Silent Things av Patrick Rothfuss var av dei fyrste bøkene eg las i år. Frå Rothfuss sitt fantasy-univers og berre passande for dei som allereie kjenner forfattarskapen hans, men ein perfekt konfektbit for nett oss.

A Moveable Feast av Ernest Hemingway var basis for Paris-ferien til meg og mamma, i tillegg til at han sette i gang ein ny fasinasjon for litteraturen frå tidleg 1900-tal (ein fasinasjon som diverre ikkje har gitt seg konkrete utslag enno).

The Art of Asking av Amanda Palmer er nok den boki eg kjem til å hugsa best at eg las i år - og kor eg var då eg las ho. Viss det då ikkje er

Svar på brev frå Helga av Bergsveinn Brigisson eg kjem til å hugsa best (flyplassen i Aberdeen).

Carry On av Rainbow Rowell var antakeleg årets overrasking. Kven hadde ant at ei Harry Potter-etterlikning med ein militant rektor, ein trollmann som ikkje kan trylla og ein homofil vampyr kunne vera både so spanande, og so god? Eg tenkte særleg på elevane mine då eg slukte denne, og tenkte "Endeleg nokon som tek ungdom på alvor!"

Godt sagt! (3) Varsle Svar

No har eg rekna saman, og eg klarte det ikkje. Eg tok nok ikkje utfordringa heilt seriøst, og strevde dermed ikkje med å fylla alle hola - men det vart 44 av 50 punkt. Eg har ikkje balt med å lesa nok bøker, men med å lesa rett - i år nærmar eg med 100 (registrerte) leste bøker, men atlså ingen (såvidt eg har oppdaga) utgjevne i mitt fødselsår eller skrivne av ein forfattar med mine initalar, altså. Eg er imponert over dei av dykk som har hatt stå-på-vilje nok til å komma heilt i havn!
Det eg har oppdaga er derimot at eg likte dette litt - særleg når eg ikkje tok det alt for seriøst. Det utfordra lesinga litt, gjorde at eg gjorde eit par andre prioriteringar, vart kvitt noko av det dårlege samvitet, og oppdaga at det var leseopplevingar der òg. Eg har dermed tenkt å prøva meg på neste års utfordring òg.
Oversikt over bøkene eg har lese i denne utfordringa har eg skrive her (ekstern lenkje), so eg legg dei ikkje ut ein gong til her.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg kom nok ikkje heilt i hamn eg heller (eg har ikkje talt opp enno), mest fordi eg ikkje heilt gjekk inn med liv og lyst i det, og dermed ikkje leita aktivt etter bøker til alle kategoriar. Det ser ut til at lista for 2016 krev litt meir aktiv leiting og utval på mange av punkta, men i år trur eg eg har lyst å gjera i det i større grad og. Eg tek gjerne i mot tips på eit par av dei etterkvart.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Å, no gjorde du at eg fekk lyst å lesa The Name of the Wind om att - men eg trur eg skal venta til ein publiseringsdato for tredje og siste bok er klar, elles får eg ein ny runde med ekstrem utolmodigheit (eg har snart, to-tre (fire?) år etter fyrste lesing snart komme over runde ein...)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

ConnieAlice NordliStig THarald KNerakntschjrldAnne Berit GrønbechMarit HøvdePiippokattaTurid KjendlieVioleta JakobsensomniferumKirsten LundRune U. FurbergChristofer GabrielsenTheaJan Arne NygaardIngunn STor-Arne JensenTine VictoriaMarianne_Hanne Kvernmo RyeVannflaskeGodemineSigrid Blytt TøsdalAnita NessIngvild SBeathe SolbergritaolineBookiacJakob SæthreSol SkipnesBente NogvaReadninggirl30mgeAstrid Terese Bjorland SkjeggerudLinda NyrudWenche VargasKatrinGVibeke