God helg utan bok høyrest veldig hypotetisk ut, men det er alltids greit å ta høgde for alle tenkelege alternativ.

Eg les ganske lite krim av ein eller annan merkeleg grunn, men som du er inne på så tykkjer eg hausten passar veldig godt for denne sjangeren. Derfor har eg starta på den andre krimboka for november, og det blei Sønnen av Jo Nesbø. Lovande start på boka. Og medan eg køyrer bil for tida så høyrer eg på The Phantom of the Opera, den er ikkje så verst den heller.

Forøvrig er det meldt møkkaver i helga. Eit godt høve til å teste slagordet om at det ikkje finnest dårleg ver, berre dårlege klede. Og medan eg skriv så stakk den firbeinte nett snuten hitover og gjorde meg merksam på at det er eit hundever, sjølv om det ikkje er bikkjekaldt. Den må eg tenke litt på.

God helg!

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Og det blei Kongens nei. Har kome omlalg 1/4 i veg alt. Moro å vere på flytur og kike på bilete av nedskotne kampfly. Not. Akkurat denne delen var ikkje nøye nok igjennomtenkt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

For min del passar det veldig bra. Kjekt med lesesirkel, men det gjer godt med ei pause innimellom.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Held ein det opp mot Trump og utspelet om mur på Mexico-grensa, så blir kontrasten stor til den komande rebublikanske presidenten.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

I det gamle territoriet hadde demokrater og whigs kjempet om makten. Men i 1855 var det oppstått et nytt parti, som var grunnlagt i Michigan året i forveien og som kalte seg republikanere. Det ga løfter om store fordeler for nybyggerne og ville legge jorden åpen for innvandrende nybrottsmenn uten at den skulle koste en cent. Det ble nybyggernes eget parti.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg las ferdig Margfolket i går kveld. Eit godt val av lesesirkelen, passe utfordrande. Så er eg i gang med Siste brev hjem 1 av Vilhelm Moberg, Kjekke bøker, dette. Reiknar med å vere ferdig med den i løpet av helga.

Då spørs det kva som blir neste bok ut. Eg skal på ei jobb-reise neste veke, og må ha med passe lektyre til dei kjedelige flyturane. Det er ingen nye lesesirkelbøker som er klare, så eg kan velge fritt mellom mine 131 uleste. Det blir truleg ei av desse tre; Sønnen av Jo Nesbø (har lest litt lite krim i år), bind 1 av Dekameronen (har stått for lenge i bokhylla), eller Kongens nei (har også lest for lite sakprosa i år). Loddtrekning, kanskje?

Men no skal eg straks slå av PC'en og kome meg i veg med hunden ein tur.Kanskje finn vi nokre sauer?

God helg!

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Eg las også ferdig boka i kveld. Mykje å tenke på, og min vane tru så heng eg meg opp i ubetydelege detaljer, som f eks at dette musikkstykket i boka omtalast som "la gaza ladra". Skal det ikkje vere dobbelt z?

Mange hugsar nok dette musikkstykket frå filmen A Clockwork Orange. Sjølv så tenker eg på bandet Marillion, stykket er intro til eit live-album dei gav ut på 80-talet. Forøvrig har eg ein teori om at Rossini var usikker på korleis han skulle avslutte overturen, lage 3-4 ulike utkast, og tok like godt med alle saman.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Der var nokre fine doser med humor undervegs, ja. Sjølv likte eg best den passasjen der Brekke kritiserer sitt eige verk, i ein samtale mellom Nils Bayer og Søren Engel:

"Jeg skal gi Dem rett i at disse romanene er noe for fremtiden. Bare det ikke er en slik fortelling der et forlagt brev dukker opp helt til slutt og forklarer hele historien. Slike romaner synes jeg er direkte latterlige."
"Ja, det skal jeg gi Dem rett i, Herr Bayer."

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Brekke skriv sjølv i eit etterord at det i boka er Søren Engel som er lauseleg basert på Thomas Angell.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

De har kanskje lagt merke til denne funksjonen på Bokelskere, der nettsida foreslår bøker som den trur liknar på boka du er inne og ser på. Eg mistenker at algoritmen bak er at det teljast opp felles bøker mellom dei som følger boka, og at bøker som mange har til felles listast opp under "Du vil kanskje også like".

Derfor vart eg lettare overraska då eg, fordomsfri og nyfiken som eg er, klikka meg inn på Forbilde av den kjende bloggaren Sophie Elise Isachsen. Der foreslår Bokelskere at eg kanskje vil like Snømannen og Panserhjerte av Jo Nesbø. Den såg eg ikkje kome.

Jaudå, eg har sjekka. Fleirtalet av bokelskarane som følger Sophie Elise sin bok følger også desse to bøkene av Nesbø. Spørsmålet som plagar meg litt no er; sidan eg likte desse to Harry Hole-bøkene, betyr det at eg også ville kunne like Sophie Elise sin bok?

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Jordskjelv på New Zealand i dag, og i stykket eg las i boka i dag så var det pinadø jordskjelv der også. Snodig samantreff.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Artig med smeden Ferrari. Har ikkje komt dit i boka enno.

Det spørs om ikkje det heller er "kjøpmann, landeier, kobberverksdirektør og nyvalgt magistratpresident" (s. 58) Søren Engel som er ein parallell til Thomas Angell, sjølv om Angell døydde 2 år før handlinga i boka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er andre boka på rad av Brekke der eg legg merke til at han legg inn ein liten referanse til andre norske krimforfattarar. I Menneskets natur nemner han to polititenestemenn som heiter Lier og Horst, det er vanskeleg å ikkje knyte dette opp mot Jørn Lier-Horst.

I denne boka så let han eigaren av vertshuset Bukken og Havresekken heite Thomas av Egeland (nemnast første gang på side 51), det kan ikkje vere anna enn ein referanse til forfattarkollega Tom Egeland.

Men kva er greia? Er det berre kollegiale nikk til medforfattarar han er venner med eller kanskje blir spesielt inspirert av, eller stikk det noko anna under? Meiner han t.d. at Egeland er bukk med havresekk i ein eller annan samanheng? Eller kanskje er det berre eg som er for mykje i krimroman-modus nett no?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Har du sett, du posta i same minutt som eg slo på PC'en etter middag. Perfekt timing!

Eg nærmar meg slutten av lesesirkelboka Margfolket, eg held litt igjen for ikkje å bli ferdig for tidleg, så derfor les eg også i Doktor Fredrikis kabinett av Jørgen Brekke. Det gjeng litt for lenge mellom kvar krimbok no for tida, så eg fann ut at eg måtte gjere noko med det.

Du nemner den amerikanske draumen. Det finnest sikkert mange variasjonar over denne, og ein av dei møter vi i Vilhelm Moberg sin utvandrarserie. Eg har dandert dei 8 bøkene i serien utover leseåret 2016, og det er straks tid for å starte på nr. 7 i serien, Siste brev hjem 1.

Forøvrig blir det, som vanleg, ein del hundeliv i helga også.
God Helg!

Godt sagt! (9) Varsle Svar

Takk for lenka (og til Grethe87 for oppdatert lenke). Det blir nok ikkje min favorittsang heller, men artig å ha høyrt denne versjonen.

Sjølv blei eg nyfiken på dette maleriet av Jesusbarnet med hund og katt. Må seie meg samd med hovudpersonen i at eg aldri ville ha gjetta på at biletet skulle forestille Maria, Josef og Jesus.

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg har også hatt litt trøbbel med å få geografien til å henge ihop.

Forøvrig blir det eit og anna wikipedia-oppslag innimellom. Dagens oppslag kom etter at det på side 428 nemnast eit fotografi av nokon med namn Michale Joseph Savage, og på ein måte som antyder at alle bør vite kven det er. Vel, eg visste det ikkje, men etter å ha kika litt på wikipedia-oppslaget forstår eg at dei fleste i New Zealand kjenner til mannen.

skriv bildebeskrivelse her

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Hunden kjem nok til å ta litt tid denne helga også, men ikkje 100% av tida som førre helg. No er eg i fint driv i lesesirkelboka Margfolket, og det spørs om eg må ta fram ei bok i tillegg, slik at eg ikkje kjem i mål før leseperioda er over. Noko lettlest då, i såfall. Muleum, kanskje? Eg innbiller meg i alle fall at den er lettlest.

I tillegg må eg finne fram ei ny lydbok til bilen. The Phantom of the Opera, kanskje? Vi får sjå.

God Helg!

Godt sagt! (8) Varsle Svar

Eg forstod lite og inkje av prologen, det er nok lurt som du seier å lese den på nytt etter kvart.

Forøvrig har eg lest litt om Keri Hulme i kveld, og ho har stadfesta at det bur mykje av forfattaren i hovudpersonen i boka, Kerewin er ein slags ynskje-versjon av Keri. Artig også å lese at forfattaren store deler av året lever eit slags eremittliv ved kysten, ikkje ulikt det Kerewin legg opp til.

Og noko heilt anna; skulle skriftstorleiken på papirboka brått endre seg, så kan det skuldast at ein har mista taket i boka medan ein ligg på ryggen og les.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Blir ferdig med Del I i dag, og ligg såleis ganske nøyaktig på ein lineær leseprogresjon. Det tok meg nokre titals sider å kome inn i boka, men no flyt det fint.

Forfattaren Keri Hulme lar hovudpersonen i boka heite Kerewin Holmes. Ein åpenbar namnelikskap, og det er vanskeleg å ikkje sjå for seg at forfattaren identifiserer seg med hovudpersonen sin.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

"Ennå ein forfattar som er ukjend for meg", tenkte eg då eg såg overskrifta på innlegget. Hyggeleg derfor å oppdage at eg faktisk har lest noko av Beatty, The White Boy Shuffle for 20 år sidan. Artig bok, men det slo meg ikkje som prisvinnarmateriale. Håper Sellout er betre.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

HanneGodemineYvonne JohannesenKjerstiAgnesVariosaLinda NyrudKirsten LundChristofferJan-Olav SelforsTanteMamieTonje-Elisabeth StørkersenIngvild SHeidiBjørg Marit TinholtsomniferumStig TBeathe SolbergKarin BergHeidi BBLeseberta_23Linda RastenNorahLeseaaseBjørg L.Tine SundalVannflaskeHarald KHildeHeidi HoltanEster SAnne-Stine Ruud HusevågToveNicolai Alexander StyveTone Maria JonassenSilje HvalstadIngeborg GJohn LarsenKristin_Sigrid Blytt Tøsdal