No har eg sett filmen. Det var i grunnen ein grei filmatisering. Den var drittrist, akkurat som boka. Men det er noko anna å lesa om kjensler enn å sjå dei på film. Trur eg trengte tolkningsrommet mellom orda og biletene i hovudet mitt for å verkeleg forstå og kjenna handlinga. Sat att med så mykje meir etter boka enn filmen. Men er det ikkje ofte sånn?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg les "den lukkede bok" no. Litt irriterande hovudperson, men den er såpass spanande at eg les vidare. Eg forstår meg ikkje heilt på sånne svake kvinneskikkelser som ikkje berre kan seie det dei meiner, og ta det dei vil ha. Håper ho tar kontrollen etterkvart!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Trur ikkje det har så mykje å seia. Seierherrene er jo kjempelang, så det kan jo vera lurt å prøva denne først berre for å sjå om stilen fell i smak! Men eg anbefalar sjølvsagt begge.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Er Nålen og Rebekka-koden i samme gate som Roy Jacobsen? Då må eg kanskje legga dei til på lese-lista mi. Fleire gode forslag?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Den har eg lest. Den var faktisk lang nok!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Fantastisk bok! Sitter igjen med tusen spørsmål, men kanskje det er det som gjer boka så bra. Skulle likevel ynskje at den kunne fortsatt eit par hundre sider til!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg likte og boka kjempegodt. Den er engasjerande på same måte som Drømmehjerte av Samartin syns eg. Eg må kanskje sjå filmen og, viss den er så bra. Plottet egnar seg sikkert som film. Men karakterane blir jo sjeldan det same som ein har sett for seg sjølv.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

På jæren heiter det bås. Nesten det same.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

På jæren seier me jysela jilt(eller skrives det gjilt?) (det tyder veldig kjekt)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Me seier framleis båmbåm! (Det betyr drops)

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg likte og den norske oversetjinga kjempegodt! Utruleg morosam! Og eg syns eigentleg den var ganske lettlest. Det er laga film av boka, og den er bra, men eg syns ikkje filmen får humoren like godt fram som boka. Samstundes vart det ein hjartevarmande film som gav meg noko anna enn boka. Begge var gode på sin måte.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har du lest den siste revejakta? Den er kanskje hakket meir humoristisk enn denne. Likte begge veldig godt. Kan og anbefale sukkersug av Sverre Knudsen. Ikkje heilt det same, men ville plassert bøkene på same hylle. Den er svært engasjerande.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har du lese Norwegian Wood av Murakami? Den er litt meir tradisjonell kan ein seia. Ikkje så mykje av det overnaturlege (som eg hugsar det). Sjølv om personane er mystiske og den har den fantastiske Murakami-stemninga!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er sant! Kurt-bøkene er geniale. Særskild Kurtby der han blir religiøs og byrjar å snakka nynorsk!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg syns begge bøkene var like morosame. Dei beste til Loe. Men eg har ikkje lese Stille dager i mixing part endå.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kjempemorosam bok både for barn og vaksne! Eg var i tillegg på utstillinga av "dyr du skulle ønske ikke fantes" på naturhistorisk museum i Oslo. Det var utruleg morosamt!!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Har ikkje sett filmane, men då skal eg la det vera! Bøkene er kjempebra, spør du meg. Spanande frå første til siste side. Og akkrurat passe drama utanom krim-sakene. Eg blir glad i desse karakterane og interessert i kva som skjer med dei.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne kokeboka har vore mykje brukt i vinter! Super kategorisk inndeling av suppe-typar, og mange enkle variasjonsmoglegheitar. Min favoritt er spinatsuppe!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Dette er ei kjempebra kokebok for studentar! Mange sunne, raske, gode oppskrifter.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg høyrer Harry Potter-bøkene på engelsk lydbok for tida. Og eg må berre seia at opplesaren Stephen Fry er fantastisk flink! Det er nesten like bra som når mor mi las dei første bøkene høgt for meg og syster mi kvar kveld!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundSverreCamillamarithcLilleviGodemineAmanda AAnne Berit GrønbechStig TVegardVanja SolemdalCathrine PedersenAkima MontgomeryIreneleserEivind  VaksvikWencheIngunnJKristinLars MæhlumKjell F TislevollMarenLinda LarsenKari FredriksenLene AndresenAgnesDolly DuckHanneReadninggirl30Beathe SolbergSiv ÅrdalKristine LouisePiippokattaMonica CarlsenPirelliFride LindsethKarin Bergingar hTanteMamieGunillaAnniken Røil